Kunstutstilling i Aarvakhuset

Tone Bjørkli stiller ut oljemaleri på lerret i Aarvakhuset i tidsromet 6. - 22. august.

Tone er inspirert av lyset i nord med touch av dei arktiske kalde og blå nyansar. Ho er fødd i Hammerfest i 1980, flytta seinare til Elverum, der ho gjennomførte videregående utdanning innen tegning, form og farge. Tone flytta i 1999 til London der ho var elev ved London City Guilds School of Art i tre år.  6. august kjem ho til Brandal med salgstutstilling.


Grillkveld på Ishavsmuseet

Fredag 6. august innviterer vi til grillkveld på museet. Det vert grilla og solgt ymse grillmat, kaffi og kaker. Det er Ishavsmuseets Venner som saman med Ishavsmuseet steller i stand dette. Asbjørn Brubakk og Atle Gjerde står for musikalsk underhaldning. Denne dagen blir også kunstutstillinga til Tone Bjørkli opna i Aarvakhuset. Det vert ope museum, og her kan ein mellom anna sjå gamle polarfilmar på storskjerm. Hendinga tek til kl. 19.00

|Mer

Ny Polarbok: "Polarminner" av Ivar Ytreland

Ivar Ytreland har forfatta boka "Polarminner" - fortellinger om et glemt land og yrke. Ivar overvintra på Nordaust-Grønland i 1946-48, og dreiv laksefiske der kvar sommar i åra 1949-51. Han har mange ganger seinare vore tilbake til gamle fangst trakter. I boka gjev han ei god innføring i fangstmannslivet, og den rike historia frå fangstmannsperioden frå 1908-1960. Han har også med mange gode artikklar om ishavsskuter som opererte som ekspedisjonsfarty i omådet. Boka er på 224 sider med mange gode foto. Boka kan bestillast på Ishavsmuseet. kr. 298,- + porto.


Nytt frå Ishavsmuseet

Digitalisering av film og foto.

Ishavsmuseet si store foto og film samling er no lettare tilgjengelig for publikum. Omlag 1500 foto og noko av filmmateriellet ligg no og rullar utan stans på 5 dataskjermar i utstillingane, og på storskjerm i konferanseromet. Her kan ein sette seg ned med kaffi koppen og sjå eldre ishavsfilmar. Dette er eit nytt tilbod til publikum denne sesongen.