MENY

ishavsmuseet_aarvak___logo.png

Nordaust-Grønland

Polar-revfangst frå Nord-Aust Grønland.

Polar-revfangst frå Nord-Aust Grønland.

I løpet av dei første åra med selfangst kom sunnmøringane også inn til kysten av Nordaust-Grønland. Dei hadde høyrt at der fanst isbjørn, kvalross, polarrev, polarulv og reinsdyr. Men moskus hadde dei ikkje høyrt om før. Sunnmøringane tok med seg levande moskuskalvar heim for å vise at denne dyrearten fanst på Nordaust-Grønland.

Det først forsøket på overvintring vart gjort med skøyte «Idræt» i 1905/06. Men «Idræt» forliste i isen. Neste overvintringsforsøk vart gjort i 1908/09 med skøyta «Floren» og med Severin Liavaag som ekspedisjonsleiar. Liavaag sjølv og ein av mannskapet drukna under isbjørnjakt på isen. I 1909/10 overvintra ein ekspedisjon med skøyta «7de Juni» og med Webjørn Landmark som ekspedisjonsleiar. Pionerane hadde vist at det var mogleg å overvintre og fangste på Nordaust-Grønland. Overvintringsekspedisjonane vart årvisse. Men den norske aktiviteten i området vekte mishag hos danske styresmakter, som hadde herredømme over området. Det vart konfliktar. Hallvard Devold og fire andre fangstmenn heiste 27. juni 1931 det norske flagget og okkuperte Nordaust-Grønland for Noreg. Dei kalla området Eirik Raudes Land. Danmark klaga saka inn for den internasjonale domstolen i Haag, der Noreg tapte på alle punkt. I 1959 vart all norsk aktivitet på Nordaust-Grønland avvikla. Ishavsskuta «Polarsel» henta heim folk, utstyr og fangst. Ei avdeling i Ishavsmuseet fortel meir om den norske aktiviteten på Nordaust-Grønland. I den avdelinga er det bygd ein kopi av overvintringshytta Hoelsbu som vart oppsett på Nordaust-Grønland i 1930.

 

Opningstider

April, Mai, September og Oktober
Frå 15. april kvar dag 12:00 – 16:00
t.o.m. søndag 22. okt.

Juni, Juli & August
Kvar dag 11:00 – 17:00
Inngong Vaksne Kr. 75 / Born Kr. 35


Kontaktinformasjon

Adresse
ISHAVSMUSEET AARVAK
6062 Brandal

Kontakt
Tlf. kontor 70 09 29 00 
Tlf. resepsjon 70 09 20 04
Mob. 951 17 644
post@ishavsmuseet.no

 

Design: Osberget ASPowered by: Osberget CMS