MENY

ishavsmuseet_aarvak___logo.png
Ingen vare(r) i din handlekurv
gå til kasse > 
Mini handlevogn
Tom handlekurv
Handlevogn
Tom handlekurv
ANDRE BØKER FRÅ VÅR NETTBUTIKK
PolarstarIshavets Grand Old Lady
PolarstarIshavets Grand Old Lady
Av Gunnar Myklebust, Johannes Alme og Webjørn Landmark -Han va’ litt grapsen. Så nøktern var veteranskipperen Kristoffer Marø etter å ha bakka med den nye skuta Polarstar i fleire døgn i uvêret utanfor Færøyane, på veg heim med full last på jomfruturen til Newfoundland i 1949. -Litt grapsen, men ikkje slik at det gjorde noke’.Det var turar då skuta stupte mot djupet i monsterbølgjene og mannskapet kjende seg «rimeleg sikker på at no fekk oss sjå han Gamle-Erik». Turar der det rulla og slingra så kompasset rista laus og stuerten song religiøse songar og forkynte at no måtte dei alle tenke på sin Gud – til lakonisk svar frå fangstfolka at jojo, men «oss får no prøve og kome oss gjønå desse sjøane først…»   Gjennom 70 år har slingreskuta Polarstar kome seg gjennom alle sjøar. Ho var den første norske selfangaren bygd i stål. Kristoffer Marø og Martin Karlsen hadde ideen alt før andre verdskrigen. Det gjekk ti år før skuta var klar for selfangst. Det mangla ikkje på åtvaringar frå dei som sverja til tre. Polarstar fekk skeptikarane til å teie. «Polarstar – Ishavets Grand Old Lady» har smakebitar frå skutas lange virke i og utanfor fangstsesongen. Dette er ikkje ein biografi over skuta gjennom 70 år, men levande skildringar frå mange spennande oppdrag, fortalt av dei som var med. Her er mykje kjærleik og dramatikk, eventyrlege minne og småpikante avsløringar. I tillegg til meir enn 50 turar på selfangst, på Newfoundland og i Vesterisen, har Polarstar hatt populære år som sysselmannsskute, forskingsfartøy og turistbåt, frakta blåbær og agnsild, vore på oljeleiting og isbjørnteljing, frakta dynamitt i Mellom-Amerika og fotografert undervasskablar i Atlanteren. Her er det historier om helikopterkrasj i bakmasta og forskarar som ikkje respekterte privatlivet til elskande kvalross.   Boka er rikt utstyrt med mange tidlegare upubliserte bilete. No er den første stålskuta blitt den siste. Etter restaureringa i Polen vil ho segle som eit varig minne om ei stolt nasjonal næring. 70 år gammal er Polarstar igjen kledd i si ungdoms drakt og like sjødyktig som nokon gong.  Star’en. Finnst det eit finare kjælenamn?
20.12.17 09:52
Pris KR. 398 Antall 62
Marit Karlsen Brandal:GRÅHUKENFangst og Ferie på 80 grader nord
Marit Karlsen Brandal:GRÅHUKENFangst og Ferie på 80 grader nord
Marit Karlsen Brandal og Steiulf Smith-Meyer overvintra i ei gamal hytte på Gråhuken nord på Svalbard i 1982/83. Med seg hadde dei hunden Rabben og utrustning for eitt år. I mørketida dreiv paret revefangst på tradisjonelt vis, og hadde mesteparten av tida isbjørnar i nærleiken. I den lyse årstida jakta dei sel for matauk og beredte selskinn slik eskimoane gjer det. Mange besøkande kom innom hytta sommarstid, både med båt og helikopter. Boka skildrar også mange hytter dei var innom i Wijdefjorden og Woodfjorden, i tillegg til opplevingar frå området 20 år etter då Marit og Steinulf var på Gråhuken med dei tre borna.
19.12.17 13:45
Pris KR. 298 Antall 25
Frode Rogne:IshavslivNorske fangstfolk på Grønland
Frode Rogne:IshavslivNorske fangstfolk på Grønland
"Vi lever som Robinson Crusoe, alltid jakt, alltid på vakt". Desse orda sit Jonas Karlsbakk og skriv i dagboka si ein augustkveld i 1927, ein stad bak Grønlands ismurar. Fangstlivet kunne vere både slitsamt, farlig og dramatisk, men også fullt av vonbrot. Stod det dårleg til med eigen fangst, kunne overvintrarane stundom gle seg over at andre gjorde det bra. Denne underlege samkjensla og det livsnødvendige samhaldet kjem til uttrykk på mange vis i dagbøkene etter dei som var med på ekspedisjonane til dei folketomme områda i "Menneskenes Land". I denne boka let Frode Rogne fangstmennene sjølve kome til orde med sine treffande kommentarar, kjappe replikkar og augevitneskildringar av dramatiske og kvardagslege hendingar. Boka er også forsynt med mange foto som fangstfolka tok.
19.12.17 13:32
Pris KR. 228 Antall 8
Alexander Wisting:Otto Sverdrup - Skyggelandet
Alexander Wisting:Otto Sverdrup - Skyggelandet
Han ledet tidenes norske landoppdagelse i en polar dødsferd. Da Norge for første gang gjorde seg bemerket som oppdagernasjon, var Otto Sverdrup Fridtjof Nansens viktigste mann. Som kaptein på Fram utviklet han ferdigheter som gjorde ham til en selvstendig oppdager og polarforsker.  Sverdrups virke strekker seg over hele den norske polare gullalderen, fra 1888 til 1930, og hans anonyme posisjon i skyggen av Nansen og Amundsen er en historisk urett. Gjennom tidenes norske landoppdagelser og dramatiske redningsaksjoner i Arktis reddet han liv og leverte viktige forskningsresultater. Men utenfor isen ble triumf til tragedie. Etter annen verdenskrig er det skrevet lite om Sverdrup. Denne nye biografien baserer seg på en grundig gjennomgang av førstehåndskildene fra skikkelsene omkring Otto Sverdrup og hovedpersonen selv.  
19.12.17 13:25
Pris KR. 449 Antall 20

 

Opningstider

April, Mai, September og Oktober
Frå 15. april kvar dag 12:00 – 16:00
t.o.m. søndag 22. okt.

Juni, Juli & August
Kvar dag 11:00 – 17:00
Inngong Vaksne Kr. 75 / Born Kr. 35


Kontaktinformasjon

Adresse
ISHAVSMUSEET AARVAK
6062 Brandal

Kontakt
Tlf. kontor 70 09 29 00 
Tlf. resepsjon 70 09 20 04
Mob. 951 17 644
post@ishavsmuseet.no

 

Design: Osberget ASPowered by: Osberget CMS