”I Polarisens makt” ISBN 82-91003-01-7 222 sider

Dramatikken kjem tett i denne boka som markerer 100 års selfangst frå Sunnmøre. Vi blir med seglskuta ”Gunhild” på ishavet i 1908. Vidare om korleis dei vart kapra av og lurte den engelske marinen. Les om ”Aarvak” sin dramatiske tur i 1920 og om korleis dei kom seg lause etter å ha lagt faste oppe på isen i fleire veker. 24 isbjørnar var maten dei vekene. Les om mann over bord i stormen, innesperra åleine i lugaren, korleis dei gjekk klar ei flytande mine, og korleis dei skifta propell i isen. Du får også vere med på skuta ”Riis” sitt forlis i Kvitesjøen.
Bestill boka frå Ishavsmuseet. kr. 248,- + porto