Polarkveld fredag 14. september kl. 19

90 år sidan Amundsen kom vekk.

I juni 1928 reiste Roald Amundsen frå Tromsø med flyet «Latham» i eit forsøk på å finna Umberto Nobile, som var sakna i polområdet. Medan Nobile seinare blei funnen, forsvann flyet og Amundsen. Kva som skjedde er framleis ukjend. Berre to vrakdelar er funne, fiskebåten «Brodd» av Hareid fann ein flottør frå Latham i 1928, og ein reknar med at flyet havarerte nær Bjørnøya. Det er framleis ei gåte kva som skjedde med den erfarne polfararen, men det manglar ikkje på teoriar.

Det er Hallvard Holm som gjestar oss med foredrag om Roald Amundsen og Amundsen si forsvinning.  Amundsen er av våre fremste polarheltar og var som kjent første mann på Sørpolen. Han var også truleg den første som såg Nordpolen då han flaug over med luftskipet Norge i 1926. Andre hevda å ha vore der, men framleis finnest ikkje sikre bevis på dette. Under førebuingane til flyekspedisjonane i 1925 og 1926 budde Amundsen i gruvebyen Ny-Ålesund, som nett då hadde skifta namn frå Brandal City. Her budde han og vart godt kjent med mykje Sunnmøringar med direktørane Peter S. Brandal og Michael Knutsen i spissen. Amundsen fekk disponere direktørboligen til desse karane, og no i seinare år har denne fått namnet Amundsen-villaen.

Hallvard Holm er fødd og oppvaksen på Hareid. Etter 28 år som rektor og skulesjef på Svalbard, flytta Holm til Drøbak hausten 2002. Han er no pensjonist og har som hobby mellom anna å reise, samle polarlitteratur og å halde foredrag om Svalbard og om våre to største polarheltar, Nansen og Amundsen. Dessutan har han i fleire sesongar vore guide og gjesteforelesar på ekspedisjonscruise om bord i fleire norske og utanlandske fartøy både langs Norskekysten, i Kvitsjøen, rundt Svalbard og Jan Mayen, og både på Aust- og Vest-Grønland.

Holm har heldt fleire kurs i lokalhistorie i Longyearbyen og har dei siste åra hatt som hobby å holde fordrag om Svalbard, Nansen og Amundsen. Han var tidlegare aktiv med hundespann og villmarksopplevingar, og begynte tidleg som guide på Svalbard. Han har også dei seinare åra vore med å laga mykje videodokumentasjon om Svalbard si historie.

Hallvard Holm fortel at han under oppveksten på Hareid nærast vart opplærd til at Amundsen ikkje var nokon hyggeleg person. Eit syn han har måtta endra i vaksen alder. -Eg har stor respekt for Roald Amundsen, seier Holm i dag. Dagbøkene frå deltakarar på ekspedisjonane, særskilt til Sørpolen, fortel om ein hyggeleg og svært dyktig mann. Truleg den dyktigaste på planlegging. Også Hallvard Devold i boka «Polarliv» skryt mykje av Amundsen.

Holm har alltid hatt interesse for det polare og har fordjupa seg i denne fasinerande historia.

-Eg har ei stor samling av polarlitteratur, ei samling som stadig veks etter besøk i «all verdens» antikvariat, seier Holm.

Etter foredraget til Hallvard Holm på Ishavsmuseet denne fredagskvelden vert det servert bacalaobuffet, kvit og raud, med godt tilbehøyr i museumskafeen. Påmelding for middag. Velkomne!