Positiv utvikling for Ishavsmuseet

Eit år går mot slutten og museet kan oppsummere med ei fin auke i besøkstala, og aktivitetar generelt. Det står enno igjen litt før vi når opp til besøkstala for dei to første åra, men dette året har vore det best besøkte på mange år. Det har også vore ei fin auke i besøkande som legg arrangementa sine til museet så som firmaturar, selskap, blåturar og konferansar. Dette er vi svært glade for då vi er avhengig av desse arrangementa for å halde drifta i gang.

Vinterhalvåret er ei stillare periode på museet, og vi får høve til å fokusere meir på dei viktige oppgåvene som registrering av gjenstandar, foto og etterkvart eit stort arkivmateriale. Stor takk til alle som leverer oss gjenstandar, foto og skrifter. Om ikkje alt ser like spanande ut for givarane så kan ein bit her og ein bit der bli ei spanande historie til slutt her på huset. Som for eksempel denne:
I eit telegram frå ei Brandalsskute heim til reiaren står det å lese; Maskinen fusker, maskinisten har tannverk, stuerten har kusma, lyskasteren i uorden, andreskytter har også tannverk. Lens skip, alt vel.

Alt vel. Og då er store delar av mannskapet sjuke? Telegrammet gir oss straks meir meining når dette dukkar opp i arkivet:
Telefonkode mellom Brandalsskuter; Maskinen fusker = har hatt bra fangst. Maskinisten har tannverk = Selen går vestover. Stuerten har kusma = Jeg går vestover. Lyskasteren i uorden = Jeg vil forsøke etter gris. Andreskytter har tannverk = Jeg ligger inne i bukta.
Då var kanskje alt vel likevel då.

I 2005 har både Ishavskjerringa og Polaristønna koma på plass ved museet. Stor takk til alle dei som har jobba med desse prosjekta. Ei stor takk også til Jens Peder Brandal som med sitt store tolmod registrerer gjenstandar på dugnad. Og ei stor takk til alle som har vore med også dette året med dugnadshjelp.
2006 står snart for døra, og vi er i full gang med førebuingane til ny sesong. I 2006 er det 25 år sidan Ishavsmuseet Aarvak vart stifta og \»Aarvak\» kom heim til Brandal. Dette vil bli markert med ei utstilling som opnar 1. mai, \»Ishavsmuseet gjennom 25 år\».