MENY

ishavsmuseet_aarvak___logo.png

Om Ishavsmuseet Aarvak

Webjørn Landmark er dagleg leiar for stiftinga, og vil kunne hjelpe deg med spørsmål om historia eller om du vil leige lokaler til møte, kurs eller selskap.
Webjørn Landmark er dagleg leiar for stiftinga, og vil kunne hjelpe deg med spørsmål om historia eller om du vil leige lokaler til møte, kurs eller selskap.

Ishavsmuseet Aarvak er ei sjølveigande stifting med formål og bevare historia frå vår dramatiske sjøfarts-, fangst- og polarhistorie, og å legge til rette for studiearbeid og forsking. 

Stiftinga har tilhald på Brandal der Ishavsmuseet flytte inn i nytt bygg, ei gamal sjøbu frå 1950, i 1998, 100 år etter at den første skuta gjekk ut frå Sunnmøre. Same år vart ishavsskuta ”Aarvak” sett på land i dokk ved sidan av museet. I 2009 vart eit stort fint vernebygg rundt skuta opna.

Stiftinga har til no samla kring 4000 gjenstandar, ca 5-6000 foto og fleire filmar frå polare strøk heilt tilbake til 1924. Det meste av dette er tilgjengeleg for publikum i permanente utstillingar.

Ishavsmuseet har også hand om eit stort skutearkiv som inneheld opplysningar om vel 400 ishavsskuter. Ein viktig del av vårt arbeid er formidling av historia til komande slekter. Såleis har Ishavsmuseet så langt gitt ut fem bøker som omhandlar denne soga. ”Skuter av tre --- Mannskap av jern” 1986, ”På gyngande grunn” 1990, ”I polarisens makt” 1998, "Når storstormen rasar” 2002, "På minnegrunn" 2003 og "Soga om Aarvak" 2012.

Stiftinga er leia av eit styre som består av;
Trygve Holm - leiar, Harald Knutsen, Ingunn Pettersen, Lars Elling Bjåstad, Sven-Aslak Veiseth, Bjørn Bjørkavåg og Jens Peder Brandal. Webjørn Landmark er dagleg leiar ved stiftinga.

Kontakt oss gjerne om du har spørsmål om skuter eller andre deler av historia. Vi vil så langt det er råd prøve å hjelpe deg.

Ishavsmuseet Aarvak
6062 Brandal
Tlf. 700 92 004 og 700 92 900

Epost. post@ishavsmuseet.noUnder her finn ein ei liste over dei som opprinneleg kjøpte seg andelar i stiftinga Ishavsmuseet Aarvak for å sikre arbeidskapital til bevaring av Aarvak då den kom i museets eige i 1981. Lista er ikkje oppdatert med hensyn til dei som har gått bort eller på rettsleg måte overteke gåvebrevet. Ishavsmuseet Aarvak er ei stifting underlagt Stiftelseslova.

andelshavarar_ishavsmuseet_aarvak.pdf

 

Opningstider

April, Mai, September og Oktober
Frå 15. april kvar dag 12:00 – 16:00
t.o.m. søndag 22. okt.

Juni, Juli & August
Kvar dag 11:00 – 17:00
Inngong Vaksne Kr. 75 / Born Kr. 35


Kontaktinformasjon

Adresse
ISHAVSMUSEET AARVAK
6062 Brandal

Kontakt
Tlf. kontor 70 09 29 00 
Tlf. resepsjon 70 09 20 04
Mob. 951 17 644
post@ishavsmuseet.no

 

Design: Osberget ASPowered by: Osberget CMS