MENY

ishavsmuseet_aarvak___logo.png

Julemesse på Ishavsmuseet

18 og 19. november.

Messa er laurdag ope kl. 11-17 Søndag 12-17

Årets julemesse har heile 54 utstillarar med salsstandar over 4 etasjar, og kring Aarvak, som byd på mykje spanande mat– og handtverksprodukt.

Sikre deg knalltøffe heimelaga julegåver og god julemat!

Sal av middag, smårettar, kaffi og kaker i museumskafeen.

Gratis inngang! Sjå full oversikt av alle utstillarane ved å klikke på lenka her:

program_messa_2017.pdf
|

Lutafisk-kveld

Fredag 3. november innviterar Ishavsmuseets Venner til lutafiskgilde og sosialt samvær på Ishavsmuseet kl. 19.00. Stor buffet med lutafisk og godt tilbehør. Påmelding til Ishavsmuseet.

|

Polarkveld fredag 13. oktober kl. 19.00
Eirik Raudes Land
I spora etter Hallvard Devold og Helge Ingstad

oddvar_svendsen.jpg

Oddvar Svendsen kjem til Ishavsmuseet med foredrag og film fredag 13. oktober kl. 19.00. Nordaust-Grønland var på 1900-talet eit viktig fangstterreng for norske og danske fangstfolk, her stod ein av Noregs arktiske vêrstasjonar, og her blei Eirik Raudes Land til då Hallvard Devold heiste det norske flagg og erklærte området for norsk i 1931. Helge Ingstad blei oppnemnt som sysselmann og i varetok norske interesser fram til Haag-domstolen i 1933 gav Danmark råderetten over heile Grønland.

I denne perioden var det mange fangstfolk frå Brandal, Sula, Hareid, Ålesund, ja heile Sunnmøre som reiste for å overvintre i små fangsthytter i dette terrenget. Peter S. Brandal freista jamvel å okkupere land litt lenger sør for der Devold heiste det norske flagg. Dette gjorde dei for å prøve sikre seg jaktrettar i terrenget som dei heilt i frå 1900 av besøkte for å komplettere selfangsten i danskestredet. Dei jakta både moskus og isbjørn, levande og daud, og dette var økonomisk viktig for dei.

75 år etter anneksjonen reiste historikar Oddvar Svendsen rundt i Nordaust-Grønland saman med okkupanten Devolds barnebarn, filmregissøren Leiv Igor Devold. Svendsens bok Eirik Raudes Land. I sporene etter Hallvard Devold og Helge Ingstad avdekker historiske hendingar i eit område som ein gong stod i sentrum for norske, polare interesser, og den bringe ny kunnskap om Hallvard Devold, økonomen som blei polar eventyrar og nasjonal helt i 1930-åra.

Oddvar Svendsen (f. 1959) er dr. art i historie frå UiT Norges arktiske universitet. Svendsen presentera boka si – ei fortelling om ei reise i tid og rom i Eirik Raudes Land slik det bestod av fangstfolk, eventyrarar og okkupantar. Svendsen viser også filmregissør Leiv Igor Devolds film «My Norwegian Grandfather». Det vert høve til å kjøpe boka.

Det vert middagsservering etter foredraget, og på menyen står sjølvsagt steik av moskus denne dagen. Påmelding ved middag.

|

Polarkveld på Ishavsmuseet 22. september kl. 19.00

«… en del av kongeriket Norge». Korleis Svalbard blei norsk.

arlov_fotokreditt_aa_hojemntnu_.jpg

Thor Bjørn Arlov gjestar Ishavsmuseet fredag 22. september kl. 19.00, og opnar ei ny runde av dei populære polarkveldane. Det er Svalbard som er tema på haustens første polarkveld.

Frå Barentsz si oppdaging av øygruppa i 1596 og fram til 1920 var Svalbard rekna som terra nullius — herrelaust land. Svalbardtraktaten gav Noreg suvereniteten i 1920 og fem år seinare blei traktaten sett i kraft; Svalbard blei «en del av kongeriket Norge», som det står i lova. Det var ikkje sjølvsagt at Noreg skulle få herredøme over øygruppa. Før 1. verdskrig var det nyttelause internasjonale diplomatiske forhandlingar om «Spitsbergen-saka», som ho blei kalla. I samband med fredskonferansen i Paris kravde den norske regjeringa suvereniteten over Svalbard, og slik blei det altså. Kvifor var dét mogleg i 1920 som var håplaust berre fem år tidlegare?

Dette føredraget skildrar Svalbard si politiske historie og prosessen som førte fram til Svalbardtraktaten av 9. februar 1920 og norsk overtaking 14. august 1925. Han drøftar òg i kor stor mon traktaten sett grenser for norsk styre på øygruppa og korleis dette styret har utvikla seg fram mot våre dagar.

Thor Bjørn Arlov er seniorrådgjevar ved NTNU og førsteamanuensis i historie ved Universitetssenteret på Svalbard, UNIS. Han har gjeve ut ei rekkje bøker og artiklar om arktisk historie, blant andre «Svalbards historie» (2003) og «Den rette mann — historien om Sysselmannen på Svalbard» (2013).

Etter føredraget til Arlov vert det i kjent stil servert middag på museet. Denne gong er det klippfisk med godt tilbehøyr som står på menyen. Påmelding for middag.

|
brobakk002_nf_polarstar_1976.jpg

Polarstar kjem heim!

Laurdag 26. august kjem Polarstar heim etter fleire år med restaurering i Polen.

Ishavsmuseet markerar den store hendinga med variert program frå fredag 25. til søndag 27. august. Meir program kjem.

|
polarstar_-_docking_operation_19_.jpg

Restaureringa av Polarstar, 1. mai kl. 15.00

Noregs første selfangar i stål, den segnomsuste Polarstar, gjekk i desember 2013 til Polen for restaurering. Den 26. august i år kjem skuta heim til Brandal etter snart fire år med iherdig restaurering i Stettin. Det er eit ufatteleg arbeid som har vore gjennomført der i desse åra. Alt i nært samarbeid med Riksantikvaren. Polarstar, denne ishavets kvite og spreke dame, har nett vore i dokk for behandling under vasslinja. Om bord i skuta går arbeidet stadig framover, og ein byrjar så smått og sjå i ein ende på arbeidet. Kva som har vore gjort om bord, og kor omfattande dette arbeidet vart, kan du få sjå og høyre meir om på Ishavsmuseet måndag 1. mai då eigar og ansvarleg for restaureringa av Polarstar kjem til museet for å fortelje og syne bilete frå denne restaureringa. Ishavsmuseet kl. 15.00

I museumskafeen vert det servert middag, og sjølvsagt er det selkjøt på menyen. Selkjøtgryte vert servert kl. 13-17. Vel møtt.

|

Polarkveld med bokpresentasjon, foredrag, boknasild og mjølkesupe på Ishavsmuseet

rolf_hanoa_-_longyearbyen_sykehus.jpg

Fredag 28. april kl. 19.00 er det igjen klart for polarkveld på Ishavsmuseet. Denne gong er det Rolf Hanoa som vitjar Ishavsmuseet med bokpresentasjon og foredraget «Kings Bay 1916-2016. Fra gruvedrift til forskningsbase».

I 2016 var det 100 år sidan Peter S. Brandal fekk tilbod om å kjøpe rettigheitene til kolfeltet i Kings Bay. På forsommaren 1916 sendte han dei to skutene sine «Signalhorn» og «Polaris» på ekspedisjon for å undersøkje feltet nærare. Dei kom attende til Brandal i byrjinga av september med 300 tonn prima kol. Peter S. Brandal fekk overført rettigheitene i september 1916 for kr. 250.000,- Seinare same år gjekk han i kompaniskap med Trygve Klausen, Michael Knutsen og Trygve Jervell om danninga av Kings Bay Kull Comp. A/S

Rolf Hanoa vil drage historia til Kings Bay gjennom desse 100 åra. Hanoa forfatta til 100 års jubileet ei framifrå bok om Kings Bay gjennom desse første 100 åra. Det er denne boka Rolf Hanoa vil presentere denne kvelden. Det vert sjølvsagt mogleg å kjøpe signert bok etter foredraget.

Rolf Hanoa har gjennom åra hatt stillingar og oppdrag som lege på Svalbard. Han byrja i Kings Bay i 1986, og sidan vart det mange sommarsesongar der. Han er overlege ved Nevrokirurgisk avdeling, Oslo universitetssykehus, og professor i arbeidsmedisin ved Universitetet i Bergen. Hanoa har gjort fleire undersøkingar av gruvearbeidarane sitt arbeidsmiljø, bl.a. Spitsbergen-støvlungesykdommen, sløkkingsarbeidet under brannen i gruve 7 i Longyearbyen i 1988, og eksplosjonsulykka i Kings Bay i 1962.

Etter foredraget vert det servering av boknasild og mjølkesupe etter god gammal oppskrift i museumskafeen. Påmelding ved middag

|

Polarkveld & Boknasild 28. april kl. 19.00

Fredag 28. april kl. 19.00 Polarkveld med Rolf Hanoa. "Kings Bay 1916-2016. Frå gruvedrift til forskingsbase". Boknasild og mjølkesuppe etter foredraget.

Velkomne til sesongopning 23. april

Sesongopning og offisiell opning av dei nye personheisene på museet, ved Oskar Grimstad. Filmen «Ishavskjerringa» på storskjerm, søndagsmiddag i kafeen. Ope 12-17

Polarkveld med torskemølje på Ishavsmuseet fredag 31.mars kl. 19.00

fangst_fisk.jpg

Båtar i Hareid

Johan Ottesen besøker Ishavsmuseet med føredrag fredag 31. mars. Etter føredraget byd Ishavsmuseet på torskemølje i kafeen.

Fiske har vore drive langs kysten vår sidan den første busetnaden. Først langs den nære kyst, men seinare, etter som utviklinga skreid fram, vart fiskefelta stadig utvida til fjernare farvatn.

I mange tiår var Hareid ei av Noregs største fiskeri-kommunar. Fram til kring 1880 hadde åttringen vore einerådande som fiskebåt for dei som dreiv torskefiske. Den siste åttringen som var heimehøyrande i Hareid var på torskefiske så seint som i 1912. Før 1880 hadde mange fiskarar frå Hareid og særskilt Brandal, fått seg plass om bord i skøyter frå Ålesund. Men i 1877 kjøpte Bernt Marø skøyta «Abeline» til Brandal, og i 1879 kom skøyta «Nordeggen». I dei følgjande åra kom det til mange større og mindre dekka båtar. Dei største båtane søkte no ut til nye fiskefelt. «Abeline» vart ein pionerbåt når det gjaldt norsk torskefiske ved Island. Ved hundreårsskifte kom ei mengd med fiskedampskip som var bygde i stål. Den første som kom til Hareid var «Skolma» i 1901. I 1902 kom den første fiskedampbåten som var kontrahert av hareidsfolk, «Brodd». I dag er Hareid ei kommune utan havgåande fiskebåtar.

Johan Ottesen er lokalhistorikar busett i Ulstein kommune. Mest kjent er Ottesen for å ha skrive ei rad bøker med lokalhistoriske tema frå Sunnmøre, særleg om båtar. Han har òg bygd opp ei stor samling av flyfoto gjennom oppkjøp av samlingane til m.a. K. Harstad Kunstforlag, Telemark Flyselskap AS og Norfly AS i 1983. Johan Ottesen si interesse for gamle bilete har gjeve han tilgang også på nokre lokale fotografarkiv.

Ottesen har mykje og ulikt historiske materiale i arkivet sitt. Opptak og registrering av stadnamn og gamle båtar har særleg vore eit interessefelt for Ottesen. Opp gjennom åra har det blitt mange historiske artiklar, og ikkje minst mange framifrå bøker om fiskebåtar og ishavsskuter. Når Ottesen vitjar Ishavsmuseet med føredrag komande fredag er det båtane i Hareid han først og fremst vil presentere.

Etter føredraget set Ishavsmuseet fram ein bognande buffet med fersk torsk, rogn, lever, fiskesuppe og meir til. Påmelding til dei som vil vere med på torskemølje.

|

Komande arrangement på Ishavsmuseet:

Fredag 31. mars kl. 19.00. Polarkveld med foredrag av Johan Ottesen: Båtar i Hareid, om båtane og fiskerikommunen. Torskemølje med fersk torsk, lever, rogn og fiskesuppe. Bill. Foredrag og torskemølje kr. 350,- Kunn foredrag kr. 125,- Påmelding.

Søndag 23. april. Sesongopning av museet, og offisiell opning av den nye heisa på museet, ved Oskar Grimstad. Filmen «Ishavskjerringa» på storskjerm, søndagsmiddag i kafeen.

Fredag 28. april kl. 19.00 Polarkveld med Rolf Hanoa. "Kings Bay 1916-2016. Frå gruvedrift til forskingsbase". Boknasild og mjølkesuppe etter foredraget. Billett foredrag og mat kr. 300,- kunn foredrag kr. 125,- Påmelding.

Måndag 1. mai kl. 15.00 Restaureringa av «Polarstar». Willy Nesset fortel og syner bilde frå restaureringa av «Polarstar» gjennom snart fire år i Polen. Middag i kafeen frå kl. 13-17.

|

Tysdag 21. mars. Filmen «Ishavsblod» og avseilarfest.

Sjøborg kino viser filmen «Ishavsblod» tysdag 21. mars kl. 18.00. Selfangar Espen Brandal frå Brandal er femte generasjons selfangar og har ei av hovudrollene i action-dokumentaren «Ishavsblod». Filmskaparane, «Koko-damene», fortel at dette er ein skikkeleg arktisk, havgåande roadmovie om barske kvinner og menn som trassar uver, kulde og einsemda på ishavet. Filmskaparane har valt seg ut tre hovudpersonar som dei følgjer spesielt gjennom filmen: Espen Brandal, veteranen Bjørne Kvernmo og ein skikkeleg skårunge frå Oslo.

Avseilarfest. Etter filmen på Sjøborg vert det avseilarfest på Ishavsmuseet kl. 20.00. Her vil filmskaparane og selfangar Espen Brandal ta del. På menyen står to retters middag med fiskesuppe og «Tornedå» av selbiff forma i bacon med omnsbakte grønsaker med timian, fløytepoteter og stuertens peparsaus. Knut Selvåg underheld med ishavets instrument, trekkspelet, utetter kvelden.

Fellesbillett på www.sjoborg.no Billett kunn til avseilarfest kr. 325,- ved påmelding til Ishavsmuseet.

|
Polarstar til kai i Stettin
Polarstar til kai i Stettin

Polarstar kjem heim 26. august!

Alle som har kjennskap til selfangst, har eit forhold til Noregs første selfangar bygd i stål. Denne ærverdige gamle skuta har vore gjennom utallige eventyr, på alle hav, og er for mange sjølve symbolet på ishav, fangst, ekspedisjon og andre polare opplevingar.

Polarstar har dei siste godt og vel 3 åra lege i Stettin i Polen til total restaurering i tett samarbeid med Riksantikvaren. No går arbeidet mot slutten, og Polarstar er venta heim helga 25.-27. august. Set av helga! Det vert mykje spanande å sjå og høyre på Ishavsmuseet den helga!

 Rapport undervegs i restaureringa kan ein lese i kvar utgåve av Isflaket frå nr. 4-2013

|

Polarkveld på Ishavsmuseet fredag 17. februar kl. 19.00

Selfangst – et liv for mannfolk

Britt Johansen ved Louise Boyd-varden på Nordaust-Grønland. Miss Boyd brukte bl.a ishavsskuta Veslekari på sine ekspedisjonar
Britt Johansen ved Louise Boyd-varden på Nordaust-Grønland. Miss Boyd brukte bl.a ishavsskuta Veslekari på sine ekspedisjonar

Noreg har lange tradisjonar  og erfaringar som polar- og fangstnasjon. Ser ein bort frå dei reine vitskaplege ekspedisjonane, var det selfangsten i seg sjølv som fekk driftige Sunnmøringar og Nordlendingar til å ruste ut skuter, skaffe mannskap og sette kursen mot ugjestmilde og isfylte farvatn. Selfangsten skapte mange arbeidsplassar på sjø og land, og dei økonomiske ringverknadane var enorme.

Lange erfaringar frå polare områder har også foredragshaldaren som vitjar Ishavsmuseet fredag 17. februar med foredraget «Selfangst – et liv for mannfolk». Britt Johansen, som har forfatta boka med same tittel, har levert ei framifrå bok om folk og fartøy på selfangst. Britt har sjølv fått prøve seg på selfangst som stuert på «Havsel» i Vesterisen i 2005 og 2006.

Britt har ein allsidig bakgrunn, og har dei seinare åra lang røynsle frå polare områder. Etter landbruksskulen dreiv ho foreldregarden i åtte år. Etter dette studerte ho fire år ved dåverande Høgskulen i Bodø (fiske/fangst, akvakultur, leiing og administrasjon) Så vart det ca. 17 år på kontor, noko ho syntest var nok. I 2006 skifta ho jobb til meteorologi- fullmektig på Bjørnøya. Deretter vart det tilsvarande jobb på vêrstasjonen  i Danmarkshavn 76 gr N, nordaustkysten av Grønland i 2007 og 2008. Så vart det to sesongar i Noreg igjen, Jan Mayen okt-mars  2008/-09 og Hopen desember-mai 2009/-10. Sidan har det blitt jobb i vêrtenesta på Grønland i kortare og lengre periodar. (Danmarkshavn, Scoresbysund, Narsarsuaq) Sist sommar var Britt ferievikar i nokre veker i Scoresbysund.   

Transporten til Danmarkshavn skjer i dag med TwinOtter frå Island, men i tidlegare tider var det vanleg å nytte seg av norske selfangstskuter.

Folk og fartøy frå Nordland utgjer brorparten av innhaldet i boka, men fortel også mykje om selfangsten frå andre delar av landet. Ho lar mange av dei tidlegare fangstfolka sjølve fortelje si eiga historie om risikofylte fangstturar og ekspedisjonar, der marginane mellom liv og død ofte kunne vere små. Boka gir også eit inntrykk om korleis det var for dei som sat heime.

Nordområda er i dag i fokus på nye måtar. I foredraget sitt på Ishavsmuseet tek Britt Johansen oss inn i ei historie og verksemd som i dag berre er ein bleik skygge av det som var – norsk selfangst. Ho sveipar i foredraget sitt innom store områder, frå Kvitsjøen i aust til Newfoundland i vest. Britt Johansen er frå Steigen i Nordland, men bur i dag i Bodø der ho har samla ishavshistorie sidan 2002.

Etter foredraget byd Ishavsmuseet på skikkeleg ishavskost med saltkjøt, flesk og erter. Påmelding.

|

Boklansering:
"Fangstmann" ei forteljing frå Ishavet.

fangstmann_framside_0711.jpg

Johannes Alme med bokslepp på romanen sin "Fangstmann" ei forteljing frå Ishavet, onsdag 23. november kl. 19.00 på Ishavsmuseet. Ope museum og servering av brennsnut frå kl. 17.00

Messenemnda Webjørn Landmark, Edel Mari Kvalsvik, Heidi Wingsternes og Oddlaug Brandal gler seg til julemessa.
Messenemnda Webjørn Landmark, Edel Mari Kvalsvik, Heidi Wingsternes og Oddlaug Brandal gler seg til julemessa.

Ny rekordstor julemesse på Ishavsmuseet

Laurdag 19. november kl. 11-17 og søndag 20. november kl. 12-17 er det klart for årets julemesse ved Ishavsmuseet på Brandal. Julemessa på Ishavsmuseet i Brandal har blitt ein flott tradisjon og er godt innarbeidd. Messa i år er fullteikna med heile 55 utstillarar som er på plass med salsstandar blant isbjørn og moskus, over fire etasjar på Ishavsmuseet, og kring ishavsskuta Aarvak.

Ishavsmuseet Aarvak og arbeidsnemnda for julemessa er stolte av å kunne by inn til ny rekordstor julemesse ved Ishavsmuseet. Messa har vorte svært populær, og dessverre var det ikkje plass til alle som ville med i år.

Aarvakhuset er fylt med spanande mat, her vil de finne mykje både av kjøt og fisk, saft, sylte og honning. Frå dekket på ishavsskuta Aarvak kan du mellom anna sikre deg dei flottaste biffane av kvalkjøt, god spekemat og god saft. Fjærli tønnefabrikk syner fram gamle bøtker-kunstar og byr på flotte tretønner.

 

Mat, kunst- og handtverk

Messa på Ishavsmuseet er ei mat, kunst- og handverksmesse der ein legg vekt på det særeigne ved handarbeidet. Alle utstillarane deltek med naturlege og handlaga produkt. Arrangørane legg opp til at messa skal vere mest mogleg variert, og dette syner godt igjen blant dei mange ulike påmelde utstillarane i år.

Ikkje berre kan du gjere ein unik og flott julehandel med alle desse spanande utstillarane, men du kan også kike deg rundt i dei flotte utstillingane som Ishavsmuseet byd fram.

Utstillarane på årets julemesse kjem frå mange kommunar og regionar, og i det høve kan det vere ekstra spanande og vitje messa i år.

Her kan du sikre deg mykje fint handarbeid som strikk, smykke, kaker, lefser, vevnadar bøker, tre-arbeid, handlaga knivar, skinn av sel og sau, røykt sild og laks, spekemat, keramikk, glaskunst, akvarellar, og mange andre artiklar. Klosteret av De Heilage Olav og Profeten Elias byd på heilage lys og gode såper. Vil du sjå kven alle utstillarane er, kan du vitje Ishavsmuseet si nettside.

Levande museum

- Det er svært viktig for oss å ha eit levande museum, og det er ei stor glede å ha messa her. Vi gler oss til tidenes største julemesse i Brandal, seier dagleg leiar for Ishavsmuseet Webjørn Landmark.

Besøkande har også høve til å sjå seg rundt på museet – som stiller med gratis inngang desse dagane. Og elles byd museet på selkjøtgryte eller kjøtkaker, smårettar, og kaker og kaffi på ekte ishavsvis, når du har behov for ei tenkepause i handelen.

I museet si første etasje vil du også finne Polarshopen ved museet som byd på ei av dei største samlingane polarlitteratur i landet.

Legg eit besøk til Brandal desse dagane og sjå kva alle desse utstillarane har å by på. Her kan du gjere unna store delar av julehandelen anten du jaktar julegåver, eller vil unne deg sjølv noko nytt.

Oss treffast i Brandal til helga!

program_messa_2016.pdf
|

Julemesse på Ishavsmuseet 19. og 20. november

Snart er det klart for årets julemesse. Aldri før har så mange meldt seg på til messa, og det er venteliste for å få plass. Heile 53 standar er klare. Sjå oversikt over alle i programmet under her.

program_messa_2016.pdf
|

 
Lutefisk-kveld 4. november

 

Fredag 4. november byr Ishavsmuseets venner inn til lutefisk-kveld på museet.

Stor buffet med lutefisk og godt tilbehøyr kl. 19.00. Trioen The Harmonies med Jan Brandal, Marianne Karlsbakk og Jonny Johansen spelar utetter kvelden. Arrangementet er ope for alle. Påmelding til museet.

Sel, sild & supe

Sesongavslutning på Ishavsmuseet komande søndag 30. oktober kl. 13-17.

Ishavsmuseet avsluttar ein god sesong, som har hatt høg aktivitet og godt besøk, med sel, sild & supe komande søndag.

Sel, sild & supe var kvardagskost for 100 år sidan på våre kantar. Selfangst og sildefiske var dei viktigaste næringane i fleire ti-år etter 1900. Men selfangst har det nok vore langs kysten vår så lenge det har budd folk her.

På 1500- talet fekk sildefiske i Noreg ikkje lenger berre verdi som ein lekk i naturhushaldet, men no vart det mogleg å fiske langt større mengder fordi ein no fekk salte og utføre silda. Dette kom av at nye handelsinteresser gav betre vilkår for norsk sildefiske enn f.eks i mellomalderen. I 1699 kom vårsilda til Vestlandet og den vart ein stor årleg ressurs fram til omlag midten av 1780-åra. Særleg stor silde-tyngde skal det ha vore nord for Stadt i ein tjue års bolk frå 1736. I Noreg gjekk 1700 talet ut med tomme sildegarn og sildenøter.

Frå rundt 1806 til ca. 1870, hadde vi ein ny rik sildebolk med vintersild. Det var i denne bolken at skøytene vart utvikla og silda kunne takast lenger ut frå land. Dette førte vidare til at sildefiske ved Island vart ei ny stor næring.

Folk i Siglufjordur snakkar ofte om to norske landnåm. Det første då Tormod den sterke tok land i Siglufjordur rundt år 900, og det andre i 1903 då fleire norske fiskebåtreiarar kom med sine fartøy og la grunnlaget for ein stor sildestad i ein liten fjord yst i havgapet. Desse fiskarane kom frå Bergen, Brandal, Bømlo, Espevær, Hareid, Haugesund, Stavanger, Ulsteinvik, Vartdal, Vedavågen, Åkrehamn og Ålesund.

Under første verdskrig var det nesten heilt slutt på sildefiske igjen, men i 1919 tok sildefisket atter fart.

Vi skal ikkje gå så langt tilbake i tid før silda var svært vanleg i kvardagen. Der var sild til fleire måltid om dagen. I Trøndelag klokka kl. 10 stod det første kokte måltidet på bordet med Spekesild, kokte ureinska poteter, og supe. I Møre og Romsdal var det om morgonen kokte poteter og sild med flatbrød til, middagen var poteter og spekesild.

I tidligare tider var det silda som berga fiskarkona og ishavskjerringa til å ha mat på bordet medan mennene var på havet. Sild og havregrynssuppe måtte mette mang ein barnemunn i ei trong hushalding. Sild vert i dag brukt som festmat til både store og små.

Velkomne til buffet med rettar av selkjøt og sild på Ishavsmuseet søndag.

|

Filmframsyning og søndagsmiddag

Søndag 16. oktober kl. 15.00 syner vi film frå ei overvintring med Greve Gaston Micard i Loch Fine på Nordaust-Grønlan med ishavsskuta "Quest" i 1937-38.

I kafeen på museet vert servert fårikål og riskrem kl. 13-17.

123Neste

 

Opningstider

April, Mai, September og Oktober
Frå 15. april kvar dag 12:00 – 16:00
t.o.m. søndag 22. okt.

Juni, Juli & August
Kvar dag 11:00 – 17:00
Inngong Vaksne Kr. 75 / Born Kr. 35


Kontaktinformasjon

Adresse
ISHAVSMUSEET AARVAK
6062 Brandal

Kontakt
Tlf. kontor 70 09 29 00 
Tlf. resepsjon 70 09 20 04
Mob. 951 17 644
post@ishavsmuseet.no

 

Design: Osberget ASPowered by: Osberget CMS