MENY

ishavsmuseet_aarvak___logo.png

Ishavsmuseet «Aarvak»

anlegget_flagg.jpg

Ishavsmuseet Aarvak er eit spesialmuseum innan emnet polar, med hovudfokus på Norsk selfangst og overvintringsfangst.

Ei spanande soge om ishavets sanne heltar, kvardagsheltane, og om ei næring som skulle få så mykje og seie for ein heil nasjon. Selfangst og overvintringsfangst. Mennene som kjempa mot naturkrefter og heimlengsel. Dei som reiste ut 15 år gamle utan tvil i sjela. Skipperar og fangstmenn. Det handla om og overleve, og kanskje oppfylgje ein draum om rikdom. Mange kom ikkje attende, men fikk si våte grav.

Ishavsmuseet «Aarvak» vart oppretta i 1981 og har som føremål å ta vare på dei rike tradisjonane på Vestlandet frå selfangst og anna virke i polare strøk. Ishavsmuseet er eit spesialmuseum om emne polar, med fokus på selfangsten, frå heile Vestlandet.

Museet består av den verna ishavsskuta «Aarvak», den eldste gjenverande i sitt slag som i  dag står på land i eige hus ved sidan av museet, og ca. 4000 gjenstandar. Blant desse er ei rekkje utstoppa dyr: moskus, polarulv, polarrev, fire isbjørnar og fleire selar og arktiske fuglar. Museet har også ei stor samling med omlag 20.000 fotos som illustrerar dette miljøet. I tillegg rår museet over Ragnar Thorseth si fotosamling på omlag 25.000 foto.

Museet har også ei omfattande samling arktiske filmar, som av dei frå 1930-åra. Bygningen der samlingane er utstilte vart oppført i 1950-åra og vart brukt til foredling av selskinn og til lagring av utstyr for skutene. Brandal var utgangspunkt for i alt 47 skuter som dreiv verksemd i polare strøk.

Museet vart lagt til Brandal fordi bygda var eit sentrum for selfangst frå Vestlandet frå 1898 av. I Brandal var fabrikkanlegg som tok i mot ishavsprodukta og foredla dei vidare. Skinna vart behandla vidare og spekket vart dampa til selolje.

Då denne næringa var på topp i slutten av 1920-åra, drog 75 ishavsskuter ut frå Vestlandet. Meir enn 1000 mann hadde arbeid i denne næringa. Selfangst var eit farefullt yrke, ofte med livet som innsats. Dei fleste skutene forliste før eller sidan i isskruing eller i uver på overseglingane til fangstfelta. I perioden 1924 – 1939 forliste 115 ishavsskuter. Som oftast vart mannskapa berge. Det var skuter av tre – med mannskap av jern.

1.etasje.jpg

1. etasje

Kiosk/butikk, resepsjon og toalett. Gåvebutikken kan tilby bl.a. selskinnstøfler, selskinnsvestar, selskinnsvesker, kort, T-skjorter og suvenir. Isbjørnen er ei gåve frå sysselmannen på Svalbard.

Her er sett opp eit komplett rorhus som forestiller skuta "Jopeter".

2._etasje.jpg

2. etasje

I andre høgda er det selfangst som er tema. Her finn ein 9 utstoppa selar, fangstbåt, fangstreiskap og våpen. Navigasjonsinstrument og ei radioavdeling. På alle veggane er det mange bilde som illustrerer dette fangstmiljøet. Sunnmøre si tilknyting til Svalbard er det også gjort plass til i ei eiga Svalbard -avdeling. Her finn vi historia til Svalbard i korte trekk, og ein del gjenstandar frå Kings Bay-gruvene i Ny-Ålesund, eller Brandal City som staden først heitte. Eit konferanserom er det og laga plass til. Romet er på om lag 110 m2, og rikt utstyrt med teknisk utstyr. Kapasitet rundt 100 personar.

3.etasje.jpg

3.etasje

Tredje høgda er via overvintringsfangst på Nordaust Grønland. Her er det laga til med oppstøypt terreng frå Grønland. To utstoppa isbjørnar, moskus, polarrev og polarulv er plasserte her. I tillegg til fleire arktiske fuglar. I dette er det og bygt ein kopi i full storleik av overvintringshytta Hoelsbu frå Nord-aust Grønland. Her kan ein gå inn å sjå forholda dei levde og fangsta under.

I eit basseng med vatn flyt modellar av fem ishavsskuter. Fiske var også ei viktig attåtnæring utanom fangstsesongane. Dette var sommarturar etter håkjerring, torskefiske og turar på sildefeltet. Ei avdeling fortel også meir om dette.

Bakkenaustet

Ishavsmuseet har også overtatt eit gammalt naust som sto på museumsområdet. Dette er frå førre århundre. Naustet inneheld ein færing og ein tre-røring. I tillegg kjem vanlig småsjø-utstyr. Dette naustet blir bevart slik det står, og besøkande får også innblikk i dette ved besøk. Dermed har vi også høve til å vise fram dette som også var ein viktig del av det å livberge seg av havet.

Brandal Motorverkstad

Ved sidan av Ishavsmuseet står ei bygning som tidlegare inneheldt verkstad til mellom anna å overhale fangstbåtmotorar, smi hakapikar m.m. Dei produserte jamvel notbåtar og diverse utstyr. Seinare år har dette bygget tilhørt M. Karlsen AS, som no har gitt det i gåve til Ishavsmuseet. Dette bygget vil no bli sett i stand, og brukt av Ishavsmuseet til utstillingar, lager og verkstad. Mykje av det gamle verktøyet er enno på plass. Dette vil bli ein del av utstillingane, og ein del båtmotorar som museet rår over vil kome på plass her. Ishavsmuseet vil også her få sårt tiltrengt lagerplass og arkiv.

Ishavskjerringa

Sidan Sunnmøringane starta selfangst har der heile tida vore ei dame det har blitt snakka lite om: ishavskjerringa. Ho som alltid sat igjen heime når mannen og ofte både ein og fleire søner reiste på ishavet. Som regel byrja dei på denne farefulle seglasen så snart dei hadde fått prestehanda på seg.

Dei tenkte ikkje så mykje på faren med det, men meir enn ein gong har både far og son kome vekk på same skute. -Dei var sterke, sjølvstendige kvinnfolk. Ofte med store barneflokkar, som heldt styr på det meste medan mennene var på ishavet. Dei hadde ikkje radio som kunne melde ifrå heim korleis stoda var.

Ho som sat heime viste ingen ting frå dei gjekk ut og til skuta kom siglande inn mot heimestrender igjen. Der stod ho, ute på ytste neset og speida etter skuta når den var ventandes heim. Var flagget på heil eller halv stang tru? Ofte kom dei ikkje i det heile tatt. Skuteforlisa var mange og dramatiske. Dei største katastrofane var i 1917 då sju skuter forliste, seks i isen og den sjuande på veg til Grønland. 87 mann kom vekk. Den andre var så seint som i 1952 då det kom vekk fem skuter med 78 mann. 48 koner med 98 umyndige born sat igjen heime utan sin forsørgjar.

Ishavskjerringa hadde ansvaret for heimegard og ofte ein stor barneflokk. Ho rodde også småsjøen for å spe på hushaldinga.

Monumentet over ishavskjerringa står plassert på uteområdet ved Ishavsmuseet på Brandal. Det er kunstnaren Tore Bjørn Skjølsvik som har laga skulpturen som vart avduka 18. juni  i 2005.




ishavskjerringa__black.jpg

Henrik Landmark (1928–1998)

landmark.jpg

Henrik Landmark var eldsjela og drivkrafta bak stiftinga Ishavsmuseet Aarvak. Interesse for dei polare strok var tidleg vekt då han var på selfangst i 1949 og 1950. Elles fekk han inn historia frå onkelen Webjørn Landmark som var mangeårig skipper på blant anna ”Aarvak” og ”Fangstmand”.

Han var også ein av pionerane med overvintring på Grønland. Henrik tok over post tjenesta i Brandal og var postopnar fram til 1996. I lag med andre eldsjeler fekk han verna Ishavsskuta ”Aarvak” då den vart kondemnert i 1981.

Det var Hareid Historielag og Hareid Pensjonistlag som stod bak. Jamvel om det var selfangsthistoria som var hovudinteressa, var han i mange år redaktør for årsskrifta til Hareid Historielag. Etter kvart tok han over huset til onkelen Webjørn Landmark, og innreidde to etasjer til museum. Samlingane vaks fort og huset vart snart for lite.

Såleis byrja ein lang og hard kamp for å få nye lokalar til samlingane. Det vil vere urett å seie at han berre møtte medbør i dette arbeidet. Men han hadde tru på saka og ein ukueleg vilje til å reise eit verdig minnesmerke om kvardagsheltane innan denne næringa. I 1998 stod nye lokalar ferdige og museet flytta inn sommaren 1998. Tre veker før den offisielle opninga døydde Henrik Landmark, nær 70 år gamal.

 

Opningstider

April, Mai, September og Oktober
Frå 23. april kvar dag 12:00 – 16:00
t.o.m. søndag 30. okt.

Juni, Juli & August
Kvar dag 11:00 – 17:00
Inngong Vaksne Kr. 70 / Born Kr. 30


Kontaktinformasjon

Adresse
ISHAVSMUSEET AARVAK
6062 Brandal

Kontakt
Tlf. kontor 70 09 29 00 
Tlf. resepsjon 70 09 20 04
Mob. 951 17 644
post@ishavsmuseet.no

 

Design: Osberget ASPowered by: Osberget CMS