MENY

ishavsmuseet_aarvak___logo.png

"Kitak"

kitak_ex_arild.jpg

 

"Kitak" vart bygd som "Sachsen" i 1938 i Hamburg og vart levert til eit lokalt reiarlag. Skuta vart bygd av tre, hadde måla 78 ft/111 brt og fekk montert ein Deutz dieselmotor på 180 hk.

 

 

 

 

I 1940 var "Sachsen" på selfangst i Vestisen. Mannskapet var tysk, men nøkkelpersonane i fangsten var frå Nord-Noreg. I aprildagane, etter at Noreg vart okkupert av tyske styrkar, møttest dei norske skipperane for å diskuterte situasjonen. Skipperane på dei norske skutene frykta at "Sachsen" skulle gje opp posisjonar for dei norske skutene til tyske stridskrefter. Eitt tema var korleis "Sachsen" kunne uskadeleggjerast. Ulike aksjonsformer vart diskuterte. Eitt av alternativa skal visstnok ha vore at den sterkaste skuta, "Veslekari", med Johan P. Brandal ("Runne-Johan") som skipper, skulle senke "Sachsen" ved påkøyring. Nokon slik aksjon vart ikkje sett i verk, m.a. fordi motforestillingane mot aksjonar var for sterke og fordi "Sachsen" kom seg unna. Seinare under krigen gjorde skuta teneste som vervarslingsfartøy under namnet "Hessen". Rundt 1950 vart ishavsskuta "Sachsen" kjøpt av brødrene Wilhelmsen i Tromsø. Skuta fekk då namnet "Arild" og fiskerimerket T 2 T.

Under dette namnet, og med Werner Wilhelmsen som skipper, var skuta i Vestisen under orkanen i 1952. "Arild" var truleg den skuta som var verst ute av dei som greidde seg gjennom orkanen. Skuta var ille tilreidd då ho kom inn til Island etter orkanen. Då hadde skuta mist over bord ein mann som omkom.
Seinare på 1950-talet fekk skuta etter tur namna "Foynøy" og "Munkøy". Det siste av desse namna hadde skuta då Ivar Hustad i Molde stod som eigar. Då hadde skuta merket M 10 M. Skuta fekk ny baug i 1956/57. I 1962 gjekk skuta gjennom ei større ombygging som også omfatta ny hekk og nytt overbygg. Dette auka dimensjonane på skuta til 95 ft/177 brt. Då vart det også sett inn ein Alpha dieselmotor på 280 hk. Den siste ombygginga vart gjort i samband med at Bernt A. Brandal og Per H. Brandal i Brandal overtok skuta. Då fekk ho namnet "Kitak" og fiskerimerket M 64 HD. Namnet "Kitak" var visstnok eit geografisk namn frå Grønland. Skipper og reiar Bernt A. Brandal ("Runne-Bernt") er elles son til Johan P. Brandal, som i 1940 var utpeika til eventuelt å senke nettopp denne skuta.

"Kitak" enda dagane sine i 1965. På fangst i Vestisen fekk skuta ein lekkasje etter ei isskruing. Skaden var ikkje større enn at dei prøvde å nå heim. Men eit stykke vest av Runde svikta pumpene, og "Kitak" gjekk ned. Følgjeskuta "Eskimo" tok opp mannskapet frå "Kitak" i ein situasjon som var forholdsvis udramatisk.

 

Opningstider

April, Mai, September og Oktober
Frå 15. april kvar dag 12:00 – 16:00
t.o.m. søndag 22. okt.

Juni, Juli & August
Kvar dag 11:00 – 17:00
Inngong Vaksne Kr. 75 / Born Kr. 35


Kontaktinformasjon

Adresse
ISHAVSMUSEET AARVAK
6062 Brandal

Kontakt
Tlf. kontor 70 09 29 00 
Tlf. resepsjon 70 09 20 04
Mob. 951 17 644
post@ishavsmuseet.no

 

Design: Osberget ASPowered by: Osberget CMS