MENY

ishavsmuseet_aarvak___logo.png

"Veslekari" (1)

veslekari_sj_.jpg

 

Få skuter har det vore skrive så mykje om som ”Veslekari”. Skuta som fekk ei lang og spanande fartstid vart bygd av Christian Jensen i Vollen, Asker, i 1918. Ho målte 134 x 27 x 14 fot / 282 brt. og fekk montert ein tosylindra compundmaskin på 357 ihk frå Skiens MV.

 

 

 


Tingar var reiarlaget Winge & Co i Oslo. "Veslekari" vart bygd på same bedding som polarskuta "Maud" og delvis bygd av material som låg att etter bygginga av denne.

"Veslekari" var truleg det mest sterkbygde ishavsfartøy av tre i Noreg, etter polarskutene "Fram" og "Maud". Med sin spesielle, avrunda baug var ho ikkje så lite av ein isbrytar. Skuta var tenkt til både sel og kvalfangar då ho vart tinga under oppgangstider under første verdskrig. Som ein følgje av dårlege konjunkturar etter krigen avvikla Wunge ishavsdrifta i 1927. Elling Aarseth i Ålesund overtok "Veslekari" og registrerte henne i Vartdal med merket M 20 VD. Johan Olsen frå Ålesund vart etter kvart den skipperen som var nærast knytt til skuta.
Selfangst i Kvitsjøen og Vestisen var årlege oppgåver for "Veslekari". I tillegg kom ei rekkje ulike ekspedisjonsoppdrag for både norske og utanlandske oppdragsgivarar. Mest kjende er ekspedisjonsturane for den amerikanske polar og havforskaren Louise A. Boyd. "Veslekari" vart også nytta ved ei rekkje ettersøkings og bergingsaksjonar, m.a. ved ettersøkinga av Roald Amundsen i 1928 og ved evakueringa av mannskapet på Jan Mayen etter jordskjelvet i 1936.

Tidleg under andre verdskrig var "Veslekari" sentral i fleire viktige krigshendingar ved Grønland og Jan Mayen. Særlig ekspedisjonsturane frå Island til Jan Mayen vinterstid var krevjande oppdrag. Skipper på desse turane var Johan P. Brandal. Seinare under krigen var skuta bergingsfartøy i Reykjavik. Mot sutten av krigen tok britiske styresmakter over skuta.

Etter at "Veslekari" fekk montert ein Crossley dieselmotor på 600 bhk var ho i 1949 på sin første fangsttur til Newfoundland. Det var også nettopp på Newfoundland skuta enda sine dagar. Under selfangsten der i 1961 vart "Veslekari" skrudd ned. Mannskapet med skipper Peder A. Brandal i brodden, vart tekne opp av "Polarbjørn" (3).

"Veslekari" er den einaste ishavsskuta som har fått sin eigen biografi. Journalistane Einar S. Ellefsen og Odd Berset gav i 1957 ut boka Veslekari - En forteljing om is og menn.
I både Ålesund og Oslo har restaurantar fått namn etter denne kjende skuta.

 

Opningstider

April, Mai, September og Oktober
Frå 15. april kvar dag 12:00 – 16:00
t.o.m. søndag 22. okt.

Juni, Juli & August
Kvar dag 11:00 – 17:00
Inngong Vaksne Kr. 75 / Born Kr. 35


Kontaktinformasjon

Adresse
ISHAVSMUSEET AARVAK
6062 Brandal

Kontakt
Tlf. kontor 70 09 29 00 
Tlf. resepsjon 70 09 20 04
Mob. 951 17 644
post@ishavsmuseet.no

 

Design: Osberget ASPowered by: Osberget CMS