MENY

ishavsmuseet_aarvak___logo.png
Svart gull i Brandal City
svart_gull.jpg
ExhibitionsPERMANENT UTSTILLING

I 1916 fekk Peter S. Brandal tilbod om å kjøpe rettigheiter for utvinning av kol i det som seinare vart Kings Bay kull comp. As i Brandal City, eller Ny-Ålesund som staden heiter i dag. Ei eiga avdeling i museet fortel historia om dette, og også om andre polare ekspedisjonar som gikk ut i frå Brandal City og Ny-Ålesund.

Selfangst næringa hadde no (i 1916) etablert seg og dei selde produkta sine i heile Europa. Det var midt under første verdskrig, og selfangarane mangla kol til skutene sine. Situasjonen var uholdbar, og gjorde det nødvendig for selfangarane og sikre seg stabil tilførsel av kol til skutene sine. Dei hadde fleire gongar vore innom Kings Bay på Spitsbergen, og viste at her var det kol å hente. I 1916 fekk Peter S. Brandal tilbod om å kjøpe rettigheitene i Kings Bay, å då var det ikkje tvil. Peter S. Brandal utrusta dei to skutene sine ”Polaris” og ”Signalhorn” og drog av garde til Kings Bay for å undersøke saka. Ekspedisjonen var vellykka og dei retunerte med 300 tonn fyringskull. Han døypte også staden for Brandal City. Peter fann ut at her gjaldt det å handle raskt, og vel heime fikk han overført alle rettigheiter, og Brandal City namnet, til seg sjølv.

Etter ei tid fann han ut at skulle han drive dette vidare måtte han ha med seg fleire driftige personar og meir kapital. Han fekk med seg Michael Knutsen – som også var ishavsredar, Trygve Klausen den dyktige og kompetente advokaten og Trygve Jervell. Rettigheitene vart no overført til eit nytt selskap med namnet; Kings Bay Kull Comp. A/S, og tre år etter skifte staden namn frå Brandal City til Ny-Ålesund. Drifta av selskapet heldt fram med kull utvinning heilt fram til den store ulykka i 1962.

Ragnar Thorseth – Levd Liv
dsc_0010.jpg
ExhibitionsPERMANENT UTSTILLING

Ragnar Thorseth er eventyrar og ekspedisjonsleiar. Han er journalist og formidlar. Og han er sunnmøring og nordmann. Alt dette har forma Ragnar Thorseth til det liv og den draum som vert presentert her. Mange veit at Roald Amundsen flaug over Nordpolen i lag med Umberto Nobile i 1926. Men det er nok færre som hugsar kva den første nordmannen heiter som tok seg fram til Nordpolen på havisen og sette føtene på sjølve polpunktet. Det var Ragnar Thorseth som gjorde det. 

 

 Det er spennvidden i Ragnar Thorseth si livsreise som er det særmerkte ved han som menneske og eventyrar. Som pur ung rodde han åleine over Nordsjøen. 75 år etter Roald Amundsen drog Thorseth gjennom Nordvestpassasjen. Han leia ein ekspedisjon som erobra Nordpolen.

Eit eventyr av ein miljøtur vart gjennomført først til New York, så vidare til miljøkonferansebyen Rio de Janeiro med vikingskipskopien «Gaia». Det store utvandrarjubileet i 1975 markerte Ragnar Thorseth med å segla sjarken «Cleng Peerson» frå Norge til New York.

Ragnar Thorseth var familiemannen som saman med kone og to søner let seg fryse inne på Svalbard i skuta «Havella». Og saman med kona Kari restaurerte og dreiv han i mange år fiskeværet Håholmen.

Forskningsteoretikarane diskuterte om det var mogleg, men med knarren «Saga Siglar» synte Ragnar Thorseth i praksis at vikingskipa kunne kryssa dei store verdshava. Slik fann han sin plass mellom pionerane. Visst har Ragnar Thorseth opplevd og verta møtt med mistru og kritikk. Den lagnaden deler han med andre som går sine eigne vegar. Men han har alltid vore ein realistisk fantast som midt i all draum og utferdstrang har hatt beina planta på bakken – eller i båten.

Ishavsskuta Aarvak
aarvak_1917.jpg
ExhibitionsPERMANENT UTSTILLING

Ishavsskuta Aarvak, bygd i Bergen i 1912, står på land i eige hus ved Ishavsmuseet. Aarvak er i dag den eldste igjen verande selfangstskute i Noreg av dei som var spesialbygde for selfangst etter 1900. Aarvak dreiv selfangst, gjekk ekspedisjonsturar, og dreiv fiskeri frå 1912 til 1981 då Ishavsmuseet fekk tatt over den og bygd opp Ishavsmuseet kring skuta. Etter mange ombyggingar på -50 talet, har den  i dag  typisk utsjånad for ishavsskuter som dreiv selfangst i Vest og Aust-isen på 1960 og -70 talet. Ishavsskuta Aarvak minner oss om ei dramatisk, betydeleg og viktig næring i Noreg i førre århundre. Ei næring som også danna grunnlaget for ei vidare norsk offshore og olje historie.

Vart bygd ved Kristian Dekkes skibsbyggeri, Laksevåg ved i Bergen, i 1912. «Aarvak» var bygd for Bergens Sælfangere AS. Fram til andre verdskrig vart ishavsskuter bygde med kutterskrog. «Aarvak» vart bygd med skrog i kryssarfasong. Dette var med på å gjere skuta spesiell alt frå starten av. «Aarvak» var eit av dei første spesialbygde ishavsfartøya på Vestlandet. Som ny var «Aarvak» 90 fot lang, 21.6 fot brei, 10.6 fot djup og fekk ein dampmaskin på 74 ihk frå Laxevaag Maskin & Jernskipsbyggeri. Namnet sitt fikk den truleg frå Norrøn mytologi. Årvak er namnet til den eine av to hestar som dreg sola over himmelkvelingen.

Bertel Chr. Landmark frå Brandal var tilsett som oppsynsmann i byggetida. Han vart også vidare skipper på skuta dei første fire åra før skuta vart seld til Peter S. Brandal i Brandal i 1915. Då tok broren Webjørn Landmark over skipper jobben på «Aarvak».

«Aarvak» vart innkjøpt til Brandal midt i den sterke oppgangstida som ishavsnæringa hadde under den første verdskrig. «Aarvak» fikk fiskerimerket M 8 HD. I dei økonomisk vanskelege tidene mot slutten av 1920-talet og på 1930-talet, skifte skuta eigar fleire gonger. I 1925 vart skuta overførd frå Peter S. Brandal til Peter S. Brandal AS. I 1927 overtok A/S Søndmøre Sælfangere skuta og i 1932 vart den ført over på Peter S. Brandal & Co AS. I 1933/34 er det AS Polarbjørn som rår over skuta. Dette selskapet stod som eigar heilt til skuta vart seld til G.C. Rieber i Ålesund 1968, og fikk fiskerimerket M 81 A. Rieber selde den vidare same året til Odd Bjørklo i Balsfjord. No fekk skuta registreringsmerke T 148 B. Skuta var på fangst i Vestisen eller Austisen kvart år fram til 1981.

«Aarvak» vart ombygd fleire gonger. I 1948 vart dampmaskinen erstatta av ein Crossley dieselmotor på 400 bhk. Skuta fekk ny hekk i Risør i 1950, ny baug i Molde i 1953, og skroget vart forlengd i Tomrefjord i 1956.

I 1964 fekk skuta igjen ny motor, ein Wichmann diesel på 600 bhk, som framleis står om bord. No har skuta desse måla: 112.8 fot lang, 22.8 fot brei, 10.5 fot djup.

Frå 1912 til 1981 var «Aarvak» i samanhengande aktiv bruk på selfangst, sildefiske, sommarfangst i stretet, tråling, bruksvakt og fraktfart. I mange år gjekk den fast for Kongelege Danske Handel på Grønland kvar sommar.

I 1981 var skuta på sin siste tur på selfangst, dette året i Austisen, og dei kom heim med 4471 sel.

Etter denne turen hadde «Aarvak» trong om ein del fornying, og Odd Bjørklo valde då og kondemnere skuta. Tida hadde no gått forbi treskutene. Lokalhistoriske krefter i Brandal og Hareid, med Henrik Landmark i spissen, greip sjansen til å bevare skuta. Seinare same året overtok Ishavsmuseet skuta og fekk henne verna som kulturminne. Freistinga var og få i stand museum i lasterommet, og bruke «Aarvak» som eit flytande museum. Dette synte seg fort lite eigna. Temperaturar og klimaet i lasterommet var ikkje brukande, og plassen vart elles for alt for liten.

På 1980-talet gjorde skuta mange turar i Sunnmørs fjordane, ut leigd til ymse oppgåver og lag. Over på 1990-talet vart det ei stadig tyngre oppgåve og take vare på skuta, med stadig strengare krav til sikkerheit. «Aarvak» hadde såleis sin siste seglas under Sunnmørsalpane i 1995. No vart krava frå skipskontrollen så omfattande at Ishavsmuseet ikkje makta og kome dei i møte.

I 1998 hadde tilstanden til skuta forverra seg slik at ein måtte ta stilling til vidare vern. Riksantikvaren kunne ikkje finne midlar til i standsetjing, men var villig til å løyve ein million kroner til å sette skuta på land. I desember 1998 vart «Aarvak» sett i dokk ved det nye Ishavsmuseet i Brandal og gjort til ein varig del av museumsanlegget. «Aarvak» er i dag den eldste gjenverande norske ishavsskute av dei som var spesialbygde for selfangst frå 1910 av.

Vernebygget over «Aarvak» vart opna i juni 2009.

Overvintringsfangst på Nordaust–Grønland
fangsthytta_hoelsbu_fra__eirik_raudes_land.jpg
ExhibitionsPERMANENT UTSTILLING

Selfangarar frå Sunnmøre var alt i 1900 inn til kysten av Grønland og fanga. Landet hadde mykje å by på, og dei fanga mykje dyr på desse turane som gjerne var ei forlenging av selfangsten i Vesterisen, og sommarfangsten i Danskestredet. Dei hadde med seg heim både levande og døde isbjørn og moskus alt første turen. Dei forstod at skulle dei få til ei rasjonell drift her, måtte dei gå i land og drive landfangst gjennom vinteren. Etter eit mislukka forsøk med skuta «Idræt» i 1905, vart «Floren» utrusta for overvintring i 1908. Dette vart starten på ein ny og viktig næringsveg. I 1930-åra var det stor aktivitet, og dei prøvde jamvel å okkupere delar av dette området i 1931, og gav det nye landet namnet «Eirik Raudes Land». (Grønlandssaka).

I løpet av dei første åra med selfangst kom sunnmøringane også inn til kysten av Nordaust-Grønland. Dei hadde høyrt at der fanst isbjørn, kvalross, polarrev, polarulv og reinsdyr. Men moskus hadde dei ikkje høyrt om før. Sunnmøringane tok med seg levande moskuskalvar heim for å vise at denne dyrearten fanst på Nordaust-Grønland. Dei hadde utstilling i ei sjøbud i Ålesund for å vise fram levande isbjørn og moskus. Inngangspengane var 5 øre.

Det første forsøket på overvintring vart gjort med skøyta «Idræt» i 1905/06. Men «Idræt» forliste i isen. Neste overvintringsforsøk vart gjort i 1908/09 med skøyta «Floren» og med Severin Liavaag som ekspedisjonsleiar. Liavaag sjølv og ein av mannskapet drukna under isbjørnjakt på isen. I 1909/10 overvintra ein ekspedisjon med skøyta «7de Juni» og med Webjørn Landmark som ekspedisjonsleiar.

Pionerane hadde vist at det var mogleg å overvintre og fangste på Nordaust-Grønland. Overvintringsekspedisjonane vart årvisse. Men den norske aktiviteten i området vekte mishag hos danske styresmakter, som hadde herredømme over området. Det vart konfliktar. Hallvard Devold og fire andre fangstmenn heiste 27. juni 1931 det norske flagget og okkuperte Nordaust-Grønland for Noreg. Dei kalla området Eirik Raudes Land. Danmark klaga saka inn for den internasjonale domstolen i Haag, der Noreg tapte på alle punkt. I 1959 vart all norsk aktivitet på Nordaust-Grønland avvikla. Ishavsskuta «Polarsel» henta heim folk, utstyr og fangst. Ei avdeling i Ishavsmuseet fortel meir om den norske aktiviteten på Nordaust-Grønland. I den avdelinga er det bygd ein kopi av overvintringshytta Hoelsbu som vart oppsett på Nordaust-Grønland i 1930.

RAGNAR THORSETH – LEVD LIV
Beskrivelse av bilde. Meir enn 20 nye polarbøker er no lagt til i vår polar nettbokhandel. Klikk deg inn på linken til venstre å sjå vårt rikhaldige utval.
Beskrivelse av bilde. Meir enn 20 nye polarbøker er no lagt til i vår polar nettbokhandel. Klikk deg inn på linken til venstre å sjå vårt rikhaldige utval.
ExhibitionsPERMANENT UTSTILLING

Utstillingsbeskrivelse Meir enn 20 nye polarbøker er no lagt til i vår polar nettbokhandel. Klikk deg inn på linken til venstre å sjå vårt rikhaldige utval.

«Soga om Aarvak» fortel den spektakulære historia om ishavsskuta Aarvak som fyller 100 år. Hundre år med eventyr, spaning og dramatikk i isen. Historia om dei modige menn som valgte livet på ishavet, og om gutane som nykonfirmerte mønstra på Aarvak. Utan eit snev av tvil i sjela kasta dei loss og reiste ifrå sine kjære.

Dei hadde berre håpet å halde seg fast i no.

I denne boka kan du lese historiene. Fortalt av dei som sjølv var med Aarvak. Dei som fekk kjenne på kroppen kva det ville seie å vere fangstmann i isen. Dei som opplevde stormane, uvêr, og å sitje fast i skruis. Dei som hadde familier, koner og mødre heime som venta i uvisse på om dei kom attende like heile. Vi får vere med Aarvak på selfangst, sildefiske, trålfiske og sommarekspedisjonar til Grønland.

«Soga om Aarvak» inneheld også dagbøker heilt tilbake til starten i 1912, fram til siste ishavstur i 1981. Vi får vere med på ein seglas gjennom 100 år. Forfattarar i boka er Johannes Alme, Beathe Holstad, Webjørn Landmark, Anna Josefin Jønsson med fleire.

 

 

ANDRE UTSTILLINGAR VED ISHAVSMUSEET
Svart gull i Brandal City
Svart gull i Brandal City
I 1916 fekk Peter S. Brandal tilbod om å kjøpe rettigheiter for utvinning av kol i det som seinare vart Kings Bay kull comp. As i Brandal City, eller Ny-Ålesund som staden heiter i dag. Ei eiga avdeling i museet fortel historia om dette, og også om andre polare ekspedisjonar som gikk ut i frå Brandal City og Ny-Ålesund.Selfangst næringa hadde no (i 1916) etablert seg og dei selde produkta sine i heile Europa. Det var midt under første verdskrig, og selfangarane mangla kol til skutene sine. Situasjonen var uholdbar, og gjorde det nødvendig for selfangarane og sikre seg stabil tilførsel av kol til skutene sine. Dei hadde fleire gongar vore innom Kings Bay på Spitsbergen, og viste at her var det kol å hente. I 1916 fekk Peter S. Brandal tilbod om å kjøpe rettigheitene i Kings Bay, å då var det ikkje tvil. Peter S. Brandal utrusta dei to skutene sine ”Polaris” og ”Signalhorn” og drog av garde til Kings Bay for å undersøke saka. Ekspedisjonen var vellykka og dei retunerte med 300 tonn fyringskull. Han døypte også staden for Brandal City. Peter fann ut at her gjaldt det å handle raskt, og vel heime fikk han overført alle rettigheiter, og Brandal City namnet, til seg sjølv. Etter ei tid fann han ut at skulle han drive dette vidare måtte han ha med seg fleire driftige personar og meir kapital. Han fekk med seg Michael Knutsen – som også var ishavsredar, Trygve Klausen den dyktige og kompetente advokaten og Trygve Jervell. Rettigheitene vart no overført til eit nytt selskap med namnet; Kings Bay Kull Comp. A/S, og tre år etter skifte staden namn frå Brandal City til Ny-Ålesund. Drifta av selskapet heldt fram med kull utvinning heilt fram til den store ulykka i 1962.
23.07.14 12:51
Ragnar Thorseth – Levd Liv
Ragnar Thorseth – Levd Liv
Ragnar Thorseth er eventyrar og ekspedisjonsleiar. Han er journalist og formidlar. Og han er sunnmøring og nordmann. Alt dette har forma Ragnar Thorseth til det liv og den draum som vert presentert her. Mange veit at Roald Amundsen flaug over Nordpolen i lag med Umberto Nobile i 1926. Men det er nok færre som hugsar kva den første nordmannen heiter som tok seg fram til Nordpolen på havisen og sette føtene på sjølve polpunktet. Det var Ragnar Thorseth som gjorde det.    Det er spennvidden i Ragnar Thorseth si livsreise som er det særmerkte ved han som menneske og eventyrar. Som pur ung rodde han åleine over Nordsjøen. 75 år etter Roald Amundsen drog Thorseth gjennom Nordvestpassasjen. Han leia ein ekspedisjon som erobra Nordpolen. Eit eventyr av ein miljøtur vart gjennomført først til New York, så vidare til miljøkonferansebyen Rio de Janeiro med vikingskipskopien «Gaia». Det store utvandrarjubileet i 1975 markerte Ragnar Thorseth med å segla sjarken «Cleng Peerson» frå Norge til New York. Ragnar Thorseth var familiemannen som saman med kone og to søner let seg fryse inne på Svalbard i skuta «Havella». Og saman med kona Kari restaurerte og dreiv han i mange år fiskeværet Håholmen. Forskningsteoretikarane diskuterte om det var mogleg, men med knarren «Saga Siglar» synte Ragnar Thorseth i praksis at vikingskipa kunne kryssa dei store verdshava. Slik fann han sin plass mellom pionerane. Visst har Ragnar Thorseth opplevd og verta møtt med mistru og kritikk. Den lagnaden deler han med andre som går sine eigne vegar. Men han har alltid vore ein realistisk fantast som midt i all draum og utferdstrang har hatt beina planta på bakken – eller i båten.
23.07.14 12:50
Ishavsskuta Aarvak
Ishavsskuta Aarvak
Ishavsskuta Aarvak, bygd i Bergen i 1912, står på land i eige hus ved Ishavsmuseet. Aarvak er i dag den eldste igjen verande selfangstskute i Noreg av dei som var spesialbygde for selfangst etter 1900. Aarvak dreiv selfangst, gjekk ekspedisjonsturar, og dreiv fiskeri frå 1912 til 1981 då Ishavsmuseet fekk tatt over den og bygd opp Ishavsmuseet kring skuta. Etter mange ombyggingar på -50 talet, har den  i dag  typisk utsjånad for ishavsskuter som dreiv selfangst i Vest og Aust-isen på 1960 og -70 talet. Ishavsskuta Aarvak minner oss om ei dramatisk, betydeleg og viktig næring i Noreg i førre århundre. Ei næring som også danna grunnlaget for ei vidare norsk offshore og olje historie.Vart bygd ved Kristian Dekkes skibsbyggeri, Laksevåg ved i Bergen, i 1912. «Aarvak» var bygd for Bergens Sælfangere AS. Fram til andre verdskrig vart ishavsskuter bygde med kutterskrog. «Aarvak» vart bygd med skrog i kryssarfasong. Dette var med på å gjere skuta spesiell alt frå starten av. «Aarvak» var eit av dei første spesialbygde ishavsfartøya på Vestlandet. Som ny var «Aarvak» 90 fot lang, 21.6 fot brei, 10.6 fot djup og fekk ein dampmaskin på 74 ihk frå Laxevaag Maskin & Jernskipsbyggeri. Namnet sitt fikk den truleg frå Norrøn mytologi. Årvak er namnet til den eine av to hestar som dreg sola over himmelkvelingen. Bertel Chr. Landmark frå Brandal var tilsett som oppsynsmann i byggetida. Han vart også vidare skipper på skuta dei første fire åra før skuta vart seld til Peter S. Brandal i Brandal i 1915. Då tok broren Webjørn Landmark over skipper jobben på «Aarvak». «Aarvak» vart innkjøpt til Brandal midt i den sterke oppgangstida som ishavsnæringa hadde under den første verdskrig. «Aarvak» fikk fiskerimerket M 8 HD. I dei økonomisk vanskelege tidene mot slutten av 1920-talet og på 1930-talet, skifte skuta eigar fleire gonger. I 1925 vart skuta overførd frå Peter S. Brandal til Peter S. Brandal AS. I 1927 overtok A/S Søndmøre Sælfangere skuta og i 1932 vart den ført over på Peter S. Brandal & Co AS. I 1933/34 er det AS Polarbjørn som rår over skuta. Dette selskapet stod som eigar heilt til skuta vart seld til G.C. Rieber i Ålesund 1968, og fikk fiskerimerket M 81 A. Rieber selde den vidare same året til Odd Bjørklo i Balsfjord. No fekk skuta registreringsmerke T 148 B. Skuta var på fangst i Vestisen eller Austisen kvart år fram til 1981. «Aarvak» vart ombygd fleire gonger. I 1948 vart dampmaskinen erstatta av ein Crossley dieselmotor på 400 bhk. Skuta fekk ny hekk i Risør i 1950, ny baug i Molde i 1953, og skroget vart forlengd i Tomrefjord i 1956. I 1964 fekk skuta igjen ny motor, ein Wichmann diesel på 600 bhk, som framleis står om bord. No har skuta desse måla: 112.8 fot lang, 22.8 fot brei, 10.5 fot djup. Frå 1912 til 1981 var «Aarvak» i samanhengande aktiv bruk på selfangst, sildefiske, sommarfangst i stretet, tråling, bruksvakt og fraktfart. I mange år gjekk den fast for Kongelege Danske Handel på Grønland kvar sommar. I 1981 var skuta på sin siste tur på selfangst, dette året i Austisen, og dei kom heim med 4471 sel. Etter denne turen hadde «Aarvak» trong om ein del fornying, og Odd Bjørklo valde då og kondemnere skuta. Tida hadde no gått forbi treskutene. Lokalhistoriske krefter i Brandal og Hareid, med Henrik Landmark i spissen, greip sjansen til å bevare skuta. Seinare same året overtok Ishavsmuseet skuta og fekk henne verna som kulturminne. Freistinga var og få i stand museum i lasterommet, og bruke «Aarvak» som eit flytande museum. Dette synte seg fort lite eigna. Temperaturar og klimaet i lasterommet var ikkje brukande, og plassen vart elles for alt for liten. På 1980-talet gjorde skuta mange turar i Sunnmørs fjordane, ut leigd til ymse oppgåver og lag. Over på 1990-talet vart det ei stadig tyngre oppgåve og take vare på skuta, med stadig strengare krav til sikkerheit. «Aarvak» hadde såleis sin siste seglas under Sunnmørsalpane i 1995. No vart krava frå skipskontrollen så omfattande at Ishavsmuseet ikkje makta og kome dei i møte. I 1998 hadde tilstanden til skuta forverra seg slik at ein måtte ta stilling til vidare vern. Riksantikvaren kunne ikkje finne midlar til i standsetjing, men var villig til å løyve ein million kroner til å sette skuta på land. I desember 1998 vart «Aarvak» sett i dokk ved det nye Ishavsmuseet i Brandal og gjort til ein varig del av museumsanlegget. «Aarvak» er i dag den eldste gjenverande norske ishavsskute av dei som var spesialbygde for selfangst frå 1910 av. Vernebygget over «Aarvak» vart opna i juni 2009.
23.07.14 12:49

 

Opningstider

April, Mai, September og Oktober
Frå 15. april kvar dag 12:00 – 16:00
t.o.m. søndag 22. okt.

Juni, Juli & August
Kvar dag 11:00 – 17:00
Inngong Vaksne Kr. 75 / Born Kr. 35


Kontaktinformasjon

Adresse
ISHAVSMUSEET AARVAK
6062 Brandal

Kontakt
Tlf. kontor 70 09 29 00 
Tlf. resepsjon 70 09 20 04
Mob. 951 17 644
post@ishavsmuseet.no

 

Design: Osberget ASPowered by: Osberget CMS