Skriv ut

Sesongopning med foredrag og snorklipping 1. mai.

Ishavsmuseet opnar for ny sesong torsdag 1. mai. I år byr vi på mykje nytt, deriblant 200 kvadrat nye utstillingsrom. Museet er denne dagen ope 12-17, med foredrag og høgtidssam opning kl. 14.00.

 

Det har vore hektiske dagar på museet no ei stund med mykje ombyggingar og forandringar i alle etasjane. Største nye utstillinga vert båthallen i første etasje der fem båtar har fått plass. I tillegg til mykje anna fangst og fiskeutstyr. Her har det også blitt plass til borda frå ein ottring som før gjorde nytte som bordkledning på ein naustvegg i Hareid.

Fylkeskonservatoren har påpeika den høge pedagogiske verdien desse båtborda har då den nærast er bretta utover veggen slik at ein ser korleis den har vore, og korleis ressursane har vore nytta til naustvegg.

No når båtborda er monterte opp på Ishavsmuseet vil den tene som formidlingsobjekt for oppveksande generasjonar. Det er også bygd ein modell av ottringen i storleik 1:10 som skal utstillast i samband med ottringeborda. Det er Saxe Bjørkedal som har bygd denne modellen.

Prosjektet har vore eit samarbeid med Hareid kommune, Sunnmøre Museum og Ishavsmuseet.

Fagkonsulent ved Sunnmøre Museum, Håvard Hatløy, seier at desse båtborda har ein svært høg verneverdi, og at det er ei god løysing at desse no vert tekne vare på i museal samanheng på Ishavsmuseet.

Hatløy vil halde foredrag på Ishavsmuseet på opningsdagen 1. mai kl. 14.00 om Sunnmørsottringen.

Det var frå slike ottringar Sunnmøringane dreiv fiske langt til havs i generasjonar, seier han.

Ordførar i Hareid, Anders Riise, vil stå føre den høgtidlege opninga av det nye utstillingsromet etter foredraget til Hatløy. Riise gler seg til opninga og er stolt over alt som Ishavsmuseet og Hareid kommune har å vise fram frå vår tidligare maritime historie.

Men Ishavsmuseet har mykje meir å by på til opninga i år. Nytt er det også i fjerde etasje. Denne etasjen har før vore avstengt for publikum, men er no innreidd og vert opna til sesongen. Her vil det vere både utstillingar, og rikeleg plass for den som vil setje seg ned for å sjå film, bilde og blade i historia.

Utstillinga om Svalbard og Ishavsøyane er flytta ei etasje opp, og er ein del utvida. Ishavsmuseet har hatt stor vekst siste åra, og dagleg leiar for Ishavsmuseet, Webjørn Landmark, gler seg stort til den nye opninga og er overtydd om at desse nye satsingane er med på å løfte museet enda eit steg opp og fram.

 1. mai vil museet vere ope frå 12-17 med kaffi, kaker og god tradisjonell søndagsmiddag. Set av dagen for eit besøk til ishavsbygda.