Skriv ut

Vellukka sesongopning.

Ordførar Anders Riise klipper snora og opnar den nye båthallen. Styreleiar i Ishavsmuseet Trygve Holm passar på at snora er stram.
Ordførar Anders Riise klipper snora og opnar den nye båthallen. Styreleiar i Ishavsmuseet Trygve Holm passar på at snora er stram.

Torsdag 1. mai stod Hareidsordførar Anders Riise for sesongopninga av Ishavsmuseet Aarvak. Nytt av året er mellom anna ein ny båthall, med bord frå ein sunnmørsk ottring på veggen, og ei heilt ny 4. etasje.

Den siste tida har det vore hektisk på Ishavsmuseet, for å gjere klart til den nye sesongen. Det har vore ombyggingar og forandringar i alle etasjene, og i den nye 200 kvadratmeter store utstillinga i første etasje har fem båtar fått plass, i tillegg til mykje anna fangst og fiskeutstyr.

Ordførar Anders Riise var på plass og klipte snora for å erklere den nye båthallen og museet for opna. Riise sa til dei frammøtte at han er stolt over alt som Ishavsmuseet og Hareid kommune har å vise fram frå den tidlegare maritime historia. Riise hadde også med seg skøte på tomtegrunnen der Ishavsmuseet står. Skøta overrekte han til museet som ei gåve frå Hareid kommune.

Nytt av året er også at fjerdeetasje er innreidd og klar til bruk. Her blir det utstillingar og plass til å sjå film, bilete eller blade i historiebøker. Utstillinga om Svalbard er flytta ei etasje opp og blitt utvida med fleire av ishavsøyane. 

Dagleg leiar ved Ishavsmuseet, Webjørn Landmark, fortel at det har vanka mange gratulasjonar frå nøgde besøkande.

-Utstillingane blei svært godt mottatt. Vi har mykje nytt og spanande og vise fram, og det ser ut til at folk har fått med seg det. Eg er overtydd om at satsinga vi no gjer vil løfte museet endå eit steg opp og fram, fortel Landmark.

Før den offisielle sesongopninga fortalde fagkonsulent Håvard Hatløy levande om sunnmørsbåtane, og dei spesielle borda frå ein åttring som no har fått plass på veggen i den nye båthallen.

Borda var i mange år bordkledning på eit naust på Raffelneset, før ein fann ut at det stamma frå ein åttring. Ein åttring var ein av dei mange ulike båttypane sunnmøringane dreiv fiske langt til havs med i generasjonar.