Skriv ut

Klart for ny sesong spanande polarkveldar ved Ishavsmuseet

Samuel Massie kjem til Ishavsmuseet 20. mars
Samuel Massie kjem til Ishavsmuseet 20. mars

Siste åra har Ishavsmuseet hatt stor suksess med ei rekkje interessante polarkveldar ved museet. Ny og gamal polarhistorie har blitt formidla til eit stadig større publikum, og styrar Webjørn Landmark gler seg til å presentere mange interessante namn til polarkveldane denne våren.

Kven var eigentleg først på Nordpolen?

Først ut er Olav Orheim som gjestar museet 30. januar. Orheim er glasiolog og han har leia mange ekspedisjonar både til Arktis og Antarktis. Han tok doktorgrad i glasiologi ved Ohio State University, og vert i dag rekna som ein av verdas leiande isbreforskarar. Orheim byrja først hjå Norsk Polarinstitutt i 1965 som vitskapelig assistent. Seinare var han direktør for Norsk Polarinstitutt i 12 år. Han hadde også ei sentral rolle i oppbygginga av forskings-stasjonen Troll i Dronning Maud Land. Han er også kjent som initiativtakar til Norsk Bremuseum i Fjærland og til opplevingssenteret Polaria ved Polarmiljøsenteret i Tromsø. Orheim har hatt verv som styreleiar for Polaria, Norsk Bremuseum i Sogn, og har i ei årrekkje vore styreleiar i Frammuseet. Til Ishavsmuseet kjem han med foredraget «Kven var eigentleg først på Nordpolen».

Selfangst før og no. 

Bjørne Kvernmo kjem til museet 20. februar. Bjørne starta å drive ishavet i 1973, og er framleis aktiv med meir enn 40 år bak seg på ishavet. I dag er han skipper og reiar for skuta «Havsel». Siste åra har han fanga i Vestisen, men han har erfaring frå alle fangstfelta. I 1990 gav han ut boka «Selfangsten, En utdøende tradisjon?», og han er også kjend frå fleire tv-program der han har vore kjentmann, islos og skipper for mange ekspedisjonar. På Ishavsmuseet fortel han om «Selfangst før og no».

Hald fast!

Samuel Massie kjem til Ishavsmuseet 20. mars. Han er aktuell med boka «Hold fast» som kom på Spartacus forlag i fjor haust. Du kan også sjå Samuel på Tv-Norge i desse dagar aktuell med serien «Berserk». Samuel Massie drog frå eit liv som skuletapar i Bergen og reiste med Jarle Andhøy på den skjebnesvangre ekspedisjonen til Antarktis. Skuta «Berserk» forsvann 22. februar 2011, og året etter returnerte dei for om mulig å finne spor etter sine kameratar. Han har vore med i TV-seriane Sjøsprøyt (NRK), Tangeruddampen og Berserk mot Sydpolen (TVNorge). På Ishavsmuseet vil Samuel fortelje og vise film frå desse ekspedisjonane, og naturlegvis fortelje frå boka si «Hold fast» som det naturlegvis er mogleg å kjøpe å få signert etter foredraget.

Silda e`koma!

Sistemann ut i denne runda med polarkveldar er den kjende sildebasen Jan Johansen. Jan er eit levande fiskerihistorisk leksikon, og historiene frå sildefiske si storheitstid langs kysten vår sit laust. «Vet du?; -I 1954 dro vi opp rundt 11-12 millioner hektoliter sild. E tjente så mye penga at det nesten va tungt å bære!», fortel Jan. Han vaks opp med sildefiske og lærde nok mykje av sin kjente far Harald «Bas» Johansen. Dei store vintersildfiskeria på Vestlandet utetter 1950-åra vekte internasjonal oppsikt. Den norske regjeringa arrangerte tur for dei utanlandske diplomatane til sildefeltet, og reisebyrå skipa til turar for turistar. Aviser og radio følgde nøye med. Dei dyktigaste notbasane vart den tids kjendisar. Jan Johansen har med seg mange historier og gode foto når han gjestar Ishavsmuseet 24. april.