Skriv ut

Selfangst før og no.

bj_rne_kvernmo.jpg

Fredag 20. februar kjem ishavsveteran Bjørne Kvernmo frå Alta til Ishavsmuseet. Bjørne starta å drive ishavet i 1973, og han er ein erfaren fangstmann, skyttar, skipper og reiar, og er framleis aktiv med meir enn 40 år bak seg på ishavet. Han har vore i ishavet med skutene Norvarg, Heimen, Veslemari, Arnt Angel, Harmoni, Polarstar, Polarfangst, Polarboy og Havsel. I dag er han skipper og reiar for skuta «Havsel». Siste åra har han fanga i Vestisen, men han har erfaring frå alle fangstfelta.

Etter 41 år på selfangst kan 2015 bety slutten for ishavsskipper og selfangar Bjørne Kvernmo. Regjeringa Solberg har i år avvikla støtta til denne tradisjonsrike næringa, og då blir det vanskeleg å drive vidare. Då Kvernmo starta på ishavet i 1973 var det framleis rundt 30 selfangstskuter med 500 mann på feltet, og enno var det dei små treskutene som dominerte. Om han bestemmer seg for å gå i isen i år kan han verte åleine skute i ishavet.

I 2014 kom Bjørne og Havsel sørover og leverte fangsten sin i Tjørvåg.

Bjørne fortel at han er imponert over kva Ishavsmuseet har fått til på Brandal, og at han gler seg til å kome tilbake dit med foredrag. Han vil syne både bilde og film under foredraget sitt.

 I 1990 gav han ut boka «Selfangsten, en utdøende tradisjon?». Ei framifrå bok med mykje god selfangsthistorie. Avslutningsvis i boka si tek han eit oppgjer med all hetsen som selfangsten har måtte kjempe med. Etter at ein selfangstinspektør igjen laga rabalder etter 1988 sesongen, var Bjørne ein ivrig debattant i media. Han skreiv også brev til Sveriges Kong Karl Gustav og inviterte han med på selfangst, etter at kongen hadde gått ut og kritisert norsk selfangst og avlivingsmetodar på sel. Om han fikk svar? Det får vi kanskje vite på Ishavsmuseet fredag 20. februar.

Bjørne er også kjend frå fleire tv-program der han har vore kjentmann, islos og skipper for fleire ekspedisjonar.

På Ishavsmuseet fortel han om «Selfangst før og no».

Etter foredraget til Kvernmo inviterer Ishavsmuseet til «Torskemølje» med fersk torsk, lever, kams og rogn i museumskafeen. Påmelding.