Skriv ut

Sild på polarkvelden med Jan Johansen 24. april

yksn_y_156_sildefiske_hvalrossen.jpg

Sildefiske er tema når Jan Johansen finn vegen til Ishavsmuseet med foredrag og film fredag 24. april kl. 19.00. Etter foredraget er det sjølvsagt sild på menyen; Boknasild med alt godt av tilbehør.

Sildefisket har truleg blitt drive her i landet i større eller mindre målestokk så lenge det har budd folk her. Og like lenge har det skifta med godår og svartår. Denne uvissa har skapt ei særskild spenning kring sildefisket. Brått kunne rikdomen frå havet bokstavleg tala kome veltande inn til kyststroka våre, med mat og velstand til alle – så lenge godåra varte. Denne «Atlanterhavets Klondyke» likna veldig på originalen i Alaska. Folk kom og tente mykje på kort tid. Sildespekulantane kom og drog enten søkkrike eller heilt brakke.

 På 1500- talet fekk sildefiske i Noreg ikkje lenger berre verdi som ein lekk i naturhushaldet, men no vart det mogleg å fiske langt større mengder fordi ein no fekk salte og utføre silda. I 1699 kom vårsilda til Vestlandet og den vart ein stor årleg ressurs fram til omlag midten av 1780-åra. Særleg stor silde-tyngde skal det ha vore nord for Stadt i ein tjue års bolk frå 1736. I Noreg gikk 1700 talet ut med tome sildegarn og sildenøter.

Frå rundt 1806 til ca 1870, hadde vi ein ny rik sildebolk med vintersild. Det var i denne bolken at skøytene vart utvikla og silda kunne takast lenger ut frå land. Dette førte vidare til at sildefiske ved Island vart ei ny stor næring.

Folk i Siglufjordur snakkar ofte om to norske landnåm. Det første då Tormod den sterke tok land i Siglufjordur rundt år 900, og det andre i 1903 då fleire norske fiskebåtreiarar kom med sine farty og la grunnlaget for ein stor sildestad i ein liten fjord yst i havgapet.

 Ny gullalder

I 1947 starta ein ny gullalder for sildefiske, og det er denne perioden som er tema for Jan Johansen sitt foredrag på Ishavsmuseet. Jan starta med sildefiske i 1951 og var aktiv heilt til 2003. Jan er eit levande fiskerihistorisk leksikon, og historiene frå sildefiske på -50 talet langs kysten vår sit laust. «Vet du?; -I 1954 dro vi opp rundt 11-12 millioner hektoliter sild. E tjente så mye penga at det nesten va tungt å bære!», fortel Jan. I foredraget sitt vil Johansen fortelje om utviklinga han fekk vere med på desse åra. Frå damp til motor, til nylonnot, kraftblokk og radar. Største revolusjonen i sildefiske var utan tvil då Asdicen kom, seier Jan. Han skryt av havforskar Finn Devold som Johansen kallar ein klok mann. Han gjorde mykje godt i denne perioden. Devold tok seg tid til å både høyre på og snakke med fiskarane. I 2015 er det for første gang inngått samarbeid mellom forskarane og fiskarane om forskingstokt for å få til ei betre bestandsmåling av norsk vårgytande sild.

Dei store vintersildfiskeria på Vestlandet utetter 1950-åra vekte internasjonal oppsikt. Den norske regjeringa arrangerte tur for dei utanlandske diplomatane til sildefeltet, og reisebyrå skipa til turar for turistar. Dei dyktigaste notbasane vart den tids kjendisar. Men i 1969 var det stort sett slutt, og vi gjekk over til å fiske lodde og makrell. Makrellen var oppdaga i 1965, fortel Jan. Men så kom det ei ny sildetid igjen frå 1984. Det var enorme sildemengder. 1983-gytinga var like stor i den i 1952.

Jan Johansen har med seg mange historier og også film når han gjestar Ishavsmuseet 24. april.

 Boknasild og mjølkesupe

I tidligare tider var det silda som berga fiskarkona og ishavskjerringa til å ha mat på bordet medan mennene var på havet. Sild og havregrynssuppe måtte mette mang ein barnemunn i ei trong hus halding.

I dag er sild brukt som festmat til både store og små. Etter foredraget til Jan Johansen vert det matauk på Ishavsmuseet, og det er sjølvsagt sild på menyen. Boknasild med kålstuing og poteter med mjølkesupe på havregryn. Silda e`koma! Påmelding for matservering.