Skriv ut

Foredrag og søndagsmiddag på Ishavsmuseet fredag 1. mai:

Med «Minna» på oljeleiting i 1960

minna_foto_trygve_helles_y.jpg

Trygve Hellesøy trudde han skulle fiske då han mønstra på «Minna» av Brandal i 1960. Lite visste han at målet var å sprenge etter olje utanfor Canada. Fredag 1. mai kl. 15.00 kan du høyre han fortelje om denne spesielle turen i 1960.

22 år gamal fant Trygve seg om bord på «Minna» 18. juni det året. Den smidige ishavsseglaren vendte nasen mot Halifax i Canada for nye oppdrag. Sjølv visste ikkje den unge hellesøy-karen kva arbeid han hadde fått seg.

Det byrjar å verte nokre år sidan han var ein aktiv deltakar i oljeeventyret på kanadisk sokkel -nokre år før Noreg fann sitt svarte gull utanfor Vestlandet. Men Hellesøy har god husk, og historiene frå denne turen er mange. Han fortel levande og detaljert om korleis han opplevde både «Minna» og den noko spesielle ekspedisjonen dei vart sende på.

Det var Karl Karlsen og Bernt Marø som kjøpte «Minna» i Canada. Dei flagga fartøyet til Noreg med ein gong. «Minna» kom til Noreg i 1945, og første tida etter krigen var «Minna» i teneste for Finnmarks-kontoret. Skipper var Ingolf Røren, og styrmann Bernt A. Brandal.

I tida 1946-1959 var «Minna» kvar sommar i teneste for Norsk Polarinstitutt på Svalbard og Jan Mayen. Skipper var Ingolf Røren. I 1960 vart «Minna» overført frå Martin Karlsen AS i Brandal til Karl Karlsen i Canada der skuta vart brukt til seismikk, skjellskraping, kvalfangst, selfangst og ekspedisjonar.

Saman med skipper Ingolf Røren brukte Trygve og mannskapet 15 døger frå Ålesund til Halifax. Med ni knop og vind i segla var «Minna» ikkje av den raskaste sorten.

Halifax ligg på halvøya Novascotia. Fem kanadiarar frå Canadian Oil Company vart med oss og saman med dei lasta vi om bord 55 tonn med dynamitt. Dei leita og sprengde med dynamitt i fleire veker. – For meg som var fiskar, var dette heilt forferdeleg. Det flaut opp halvdaud fisk i tusental. Oss sprengte av ladningar heile dagen, seier Trygve.

Fredag 1. mai kan du høyre meir om denne ekspedisjonen då Hellesøy gjestar Ishavsmuseet med foredrag. Trygve Johannes Hellesøy er i dag for tida fungerande sokneprest i Haram og Fjørtoft.

På Ishavsmuseet vert det servering av kjøtkake-middag, kaker og sterk kaffi på ekte ishavsvis heile dagen.