Skriv ut

Polarkveld med foredrag og kvalbiff fredag 9. oktober kl. 19.00

Frå selfangst i nord til kvalfangst i sør

Fredag 9. oktober kl. 19.00 kjem Kjell Tokstad til Ishavsmuseet med foredrag på haustens første polarkveld. I 1997 var Tokstad med og stifta foreininga Øyas Venner, ei venneforeining for Syd Georgia. I 2000 overtok han som leiar av foreininga, ei rolle han fortsatt har.

Foreiningas føremål er å aktivt sørge for at vår kvalfangst-, industri- og kulturhistorie i det antarktiske området blir tatt vare på og gjort kjent.

 Til Brandal kjem han med ein presentasjonen han kallar for «hendingane som førte til etableringa av Grytviken kvalfangststasjon».

Carl Anton (CA) Larsen var fangstmannen som leia og førte «JASON» til Antarktis to gongar. Det var i 1892/93 og 1893/94 med det formål å sjå om det fanst drivverdige kvalforekomstar der nede.

Etter 7 år som styrar av ein kvalfangststasjon i Finnmark, takka han i 1901 ja til å bli skipper på «ANTARCTIC» under Otto Nordenskjølds ekspedisjon til Antarktis og overvintring på Snow Hill.

Det var forliset til «ANTARCTIC» i 1903 som gav stønad til etableringa av Compania Argentina de Pesca (PESCA), selskapet som i 1904 grunnla Grytviken kvalfangststasjon.

 Tokstad sin presentasjon handlar om begge Jason og Antarctic – ekspedisjonane.

 Kjell Tokstad har sjølv fleire gongar vore på Syd Georgia. I 1960 reiste han dit som 15-åring på kvalfangst.

Der vart han verande sesongen 1960/61 på Husvik Harbour som messegut. Då sesongen var slutt reiste han til Grytviken der han overvintra i 1961 og var sesongen 1961/62 som byssegut.

 Etter denne perioden på kvalfangst vart det skulegong og arbeid i Hærens Samband i 7 år. Deretter arbeida Tokstad i nærare 42 år som flyteknisk inspektør i SAS.

Ved tre anledningar, 1999, 2005 og 2013/14, har han vore tilbake på Syd Georgia i foreininga Øyas Venners regi.

 Etter foredraget om etableringa av Grytviken kvalfangststasjon, vil Ishavsmuseets sine stuertar by på middag med kvalbiff med godt tilbehør i museumskafeen. Påmelding til museet ved middag.