Skriv ut

Polarkveld på Ishavsmuseet fredag 17. februar kl. 19.00

Selfangst – et liv for mannfolk

Britt Johansen ved Louise Boyd-varden på Nordaust-Grønland. Miss Boyd brukte bl.a ishavsskuta Veslekari på sine ekspedisjonar
Britt Johansen ved Louise Boyd-varden på Nordaust-Grønland. Miss Boyd brukte bl.a ishavsskuta Veslekari på sine ekspedisjonar

Noreg har lange tradisjonar  og erfaringar som polar- og fangstnasjon. Ser ein bort frå dei reine vitskaplege ekspedisjonane, var det selfangsten i seg sjølv som fekk driftige Sunnmøringar og Nordlendingar til å ruste ut skuter, skaffe mannskap og sette kursen mot ugjestmilde og isfylte farvatn. Selfangsten skapte mange arbeidsplassar på sjø og land, og dei økonomiske ringverknadane var enorme.

Lange erfaringar frå polare områder har også foredragshaldaren som vitjar Ishavsmuseet fredag 17. februar med foredraget «Selfangst – et liv for mannfolk». Britt Johansen, som har forfatta boka med same tittel, har levert ei framifrå bok om folk og fartøy på selfangst. Britt har sjølv fått prøve seg på selfangst som stuert på «Havsel» i Vesterisen i 2005 og 2006.

Britt har ein allsidig bakgrunn, og har dei seinare åra lang røynsle frå polare områder. Etter landbruksskulen dreiv ho foreldregarden i åtte år. Etter dette studerte ho fire år ved dåverande Høgskulen i Bodø (fiske/fangst, akvakultur, leiing og administrasjon) Så vart det ca. 17 år på kontor, noko ho syntest var nok. I 2006 skifta ho jobb til meteorologi- fullmektig på Bjørnøya. Deretter vart det tilsvarande jobb på vêrstasjonen  i Danmarkshavn 76 gr N, nordaustkysten av Grønland i 2007 og 2008. Så vart det to sesongar i Noreg igjen, Jan Mayen okt-mars  2008/-09 og Hopen desember-mai 2009/-10. Sidan har det blitt jobb i vêrtenesta på Grønland i kortare og lengre periodar. (Danmarkshavn, Scoresbysund, Narsarsuaq) Sist sommar var Britt ferievikar i nokre veker i Scoresbysund.   

Transporten til Danmarkshavn skjer i dag med TwinOtter frå Island, men i tidlegare tider var det vanleg å nytte seg av norske selfangstskuter.

Folk og fartøy frå Nordland utgjer brorparten av innhaldet i boka, men fortel også mykje om selfangsten frå andre delar av landet. Ho lar mange av dei tidlegare fangstfolka sjølve fortelje si eiga historie om risikofylte fangstturar og ekspedisjonar, der marginane mellom liv og død ofte kunne vere små. Boka gir også eit inntrykk om korleis det var for dei som sat heime.

Nordområda er i dag i fokus på nye måtar. I foredraget sitt på Ishavsmuseet tek Britt Johansen oss inn i ei historie og verksemd som i dag berre er ein bleik skygge av det som var – norsk selfangst. Ho sveipar i foredraget sitt innom store områder, frå Kvitsjøen i aust til Newfoundland i vest. Britt Johansen er frå Steigen i Nordland, men bur i dag i Bodø der ho har samla ishavshistorie sidan 2002.

Etter foredraget byd Ishavsmuseet på skikkeleg ishavskost med saltkjøt, flesk og erter. Påmelding.