MENY

ishavsmuseet_aarvak___logo.png

Velkommen til
Ishavsmuseet Aarvak

Permanent utstilling:
Ragnar Thorseth – Levd Liv

Ishavsskuta Aarvak
– Ei reise i tid

Vi har stort utval
i polarbøker

Nytt frå Ishavsmuseet
Konsert med Sommer trio frå dekk på Aarvak.
Konsert med Sommer trio frå dekk på Aarvak.
Mandag 23. september kl. 19.00Sommer Trio består av felespelar Ingeborg Ulberg Sommer frå Røros i Trøndelag, durspelar, trekkspelar og akkordeonist Marius Berglund frå Skodje i Møre og Romsdal og akkordeonist og trekkspelar Kristina Farstad Bjørdal frå Tennfjord i Møre og Romsdal. Desse tre har spelt sammen i fleire år og dei har for anledningen sett saman eit repertoar som skal vise likskap, skilnadar og tradisjonslinjer mellom bygdedans- og runddanstradisjonen i Trøndelag (med fokus på Rørosområdet) og Møre og Romsdal. Både i Trøndelag og i Møre og Romsdal finn ein ein veldig rik folkemusikktradisjon, og det er mykje nedskrive materiale. På nasjonalt plan har tradisjonen frå Møre og Romsdal ikkje kome så godt fram i lyset, og dette vil Sommer Trio gjere noko med. Sommer Trio vil spele slåttar som er kjende frå før, men vil ha størst fokus på nytt materiale som ikkje er blitt spelt så mykje før. I tillegg vil dei spele tradisjonsstoff frå Røros og som byggjer opp under vandringa musikken har gjort gjennom landet. F.eks er det mange polsar i Trøndelag som har det samme tonespråket som Springarar i Møre og Romsdal, og det er heilt tydeleg at det har opprinnelse i samme melodi. Blant anna vandra Fel-Jakup frå Lom mykje både i Trøndelag og i Møre og Romsdal.  Sommer Trio vil ta med publikum på ei verbal og musikalsk reise som underbyggjer desse tradisjonslinjene. Trioen vil også ta fram heilt nytt lokalt stoff frå Møre og Romsdal frå Stavsetsamlinga, og Jøssvollsamlinga som er ei samling med slåttar som er veldig lite kjent.  Røros har ein veldig godt belyst, dokumentert og mykje spelt folkemusikktradisjon, spesielt  når det gjeld dansetypen pols. Likevel kan ein finne mykje anna stoff frå Røros som er verdt å ta vare på. Det er mykje gode reinlendere og valser fra Røros og mykje av det repertoaret ynskjer Sommer Trio å ta i bruk. Utøverne:  Ingeborg Ulberg Sommer vert sett på som ein av dei aller best i sin tradisjon til å føre vidare denne tradisjonen frå sin heimplass, og har ei rekkje gode resultat på Landskappleik bak seg. Ho er akkurat ferdig med ein master i utøvende folkemusikk på Noregs musikkhøgskule, der ho har hatt fokus på ulike spelestiler i tradisjonene frå Rørostraktene. Ho speler i mange forskjellige grupper med fokus på tradisjonsmusikk og nykomponert folkemusikk.  Marius Berglund er for tida tilsett i ei 40% stilling hos Sunnmøre Museum, der stillinga er oppretta akkurat i den meining å styrke og formidle folkemusikktradisjonen i Møre og Romsdal. Han har i denne stillinga, og ved bachelorgrad på Noregs Musikkhøgskule og Landslinja for folkemusikk på Vinstra, tilegna seg stor kunnskap om dei ulike tradisjonane. Han trakterar akkordeon, trekkspel og durspel på nasjonalt nivå, og har mange medaljer frå NM og DM i Trekkspel på CV-en. I tillegg har han vore med å vunne lagdans på Landskappleiken. Kristina Farstad Bjørdal har spelt runddansmusikk frå ho var 6 år gamal, og er brennande engasjert i å bevare og formidle folkemusikktradisjonen frå sitt heimfylke. I tillegg til dette har ho snart fullført ei mastergrad i Akkordeon frå Det Kongelege Danske Musikkonservatorium, der ho skriv hovedoppgave om korleis folkemusikktradisjonen i Noreg er linka opp mot akkordeontradisjon og undervisning. Ho spelar i fleire gammaldansgrupper, og turnerer i inn-og utland med blant anna akkordeonduoen Storm Duo (Kristina Farstad Bjørdal og Asta Soffia Thorgeirsdottir).   Inngangsbillett 200 kr  
20.09.19 08:55
Polarkveld om «Maud» på Ishavsmuseet 20. september kl. 19.00.
Polarkveld om «Maud» på Ishavsmuseet 20. september kl. 19.00.
«Maud», ekspedisjonane, forlis og berging.
«Det er ikke min akt å håne den edle drue. Men allerede nå skal du få føle litt av ditt rette element. For isen er du bygget, og i isen skal du tilbringe din beste tid, og der skal du løse din oppgave. Med vår dronnings tillatelse døper jeg deg «Maud»». Med desse orda døypte Roald Amundsen si nye polarskute «Maud» på Vollen i Asker sommaren 1917 ved å knuse ein isklump mot baugen. «Maud» var Amundsen si skute, og var bygd for ekspedisjonen gjennom Nordaustpassasjen. Med si lengde på 120 fot og med ein semidiesel på 240 hk vart «Maud» den største av dei berømte polarskutene. Det var båtbyggar Chr. Jensen i Vollen i Asker som bygde «Maud». Etter at «Maud» var sjøsett bygde han på same slippen ishavsskuta «Veslekari», dels på overskotsmateriell etter Amundsen si skute. Korleis ekspedisjonen med Amundsen gjekk i Nordaustpassasjen får vi vite meir om under polarkvelden på Ishavsmuseet fredag 20. september. Foredragshaldar denne dagen er Jan Wanggaard. Wanggaard har vore prosjektleiar i Tandberg Eigedom som har stått bak prosjektet ««Maud» returns home». Etter mang ein kamp med drivisen enda «Maud» opp i Cambridge Bay der ho sokk i 1930. I 1990 vert det nedsøkkte vraket etter «Maud» kjøpt av Asker kommune for 1 dollar. Maud Returns Home er eit prosjekt sett i gong av eigedomsfirmaet Tandberg Eiendom AS for å hente «Maud» heim til Vollen og Norge, etter 80 år på havets botn i Nordvestpassasjen ved Iqaluktuutiaq, Canada. Tandberg Eiendom AS overtok eigaransvaret av «Maud» frå Asker kommune april 2011. Sommaren 2016 vart skroget heva i Cambridge Bay. Slepet frå Cambridge Bay starta 1. september 2017 då isforholda var gunstige. Slepet overvintra ved Aasiaat på vestsida av Grønland. Vraket vart deretter slept over Atlanterhavet sommaren 2018. 19.august 2018 kjem ho for første og siste gong på besøk til Uranienborg (Roald Amundsens heim) på Svartskog før ho fortsette til Tofte i Hurum der den ligg i påvente av bygging av eit «Maud»-hus i Vollen. Foredragshaldar Jan Wanggaard vil fortelje og vise film og bilde frå både Amundsens ekspedisjon og arbeidet med hevinga og slepet av «Maud». Vi får sjå og høyre om ein svært så spanande og krevjande jobb. Etter foredraget vert det servert middag, og denne gong er det biff av sel med fløytepoteter og omnsbakte grønsaker på menyen. Påmelding for middag.
13.09.19 11:44
Polarnyhende

    @ISHAVSMUSEETAAR  
Lasting...

Siste nytt frå Facebook Følg oss på Facebook    

Siste nytt frå Blogspot Følg oss på Blogspot    

9.april 1940

Av Helge Ødegård. 
Vesterissesongen 1940 var eg fangstmann om bord i ”Buskøy” frå Vartdal. Eg var då mellom 16 og 17 år. Dagen den 9. april hugsar eg godt enno. Selfangsten i Vesterisen var ujamn dette året. Dei beste skutene med kraftige maskiner hadde til dels gode fangstar av sel og kviting. Dei gamle skutene med svake stimmaskiner hadde stort sett lite fangst. Då vi kom fram til 9. april hadde vi drive med plukkfangst nokre dagar. Plukkfangst, det ligg i ordet, stort sett å fange enkelt dyr. Det kan variere frå 30-40 til nokre hundre for dag, ja dårlegare dagar kan det bli berre nokre få dyr. Det er mest Blueback som blir fanga slik. Ein går langs iskanten og plukkar dei dyra ein får auge på.


Den 9. april starta som vanleg. Det var vaktskifte kl. seks om morgonen og straks det vart lys nok gjekk førsteskyttaren i tønna og begynte å leite etter Blueback. I slik fangst var det vanleg at skipperen låg til litt før frukost, om lag kl åtte om morgonen. Men denne dagen var skipperen tidleg vaken. Han gjekk til bestikken og slo på radioen på mellombølgja. Normalt skulle der ikkje vere noko på mellombølgja så tidleg på dagen, det var vanleg å lytte på fiskeribølgja. Det måtte vere noko i kveldsnytt 8. april skipperen hadde merka seg.
Eg stod framme ved luka å flådde ein Blueback då eg fekk sjå skipperen kome ut frå styrehuset heilt illraud i fjeset og nedover halsen. Eg lurte på kva det var han var forbanna for, han vart raud i fjeset når han vart sint. Men han skreik ut: ”Det er krig! Tyskarane har gått i land fleire plassar i Noreg”. Han ropte også opp til skyttaren; ”det er krig!”. Eg minnes Sandvik svara; ”krig, ja vel”, så eit par sekund seinare til rormannen, ”kom litt styrbord”. Dette med krig var så uverkeleg, vi fatta det liksom ikkje. Vi fortsette med fangstinga om lag som ein normal dag. Dei som ikkje var opptekne med fangst eller hadde rortørn sat mykje å høyrde på Vigra radio. Enno kan eg ikkje fatte at vi ikkje purra frivakta og fortalde kva som hadde skjedd. Men frivakta vart ikkje purra før til vanleg tid. Fem timar seinare fekk dei vite det. Frivakta tok meldinga vår som ein spøk. Fyrbøtaren vart sint, ”slikt er alt for alvorleg og spøke med” sa han. Ja, fyrbøtaren, han Lars, var litt eldre, var vel midt i 30-åra kan eg tenke meg. Så i forhold til oss 16-17 åringane var han gamal. Lars var nygift, tok krigen tungt og tenkte på dei heime. Denne dagen, den 9. april, gjekk omtrent som ingen ting skulle ha hendt. Eg kan ikkje huske om vi såg den tyske selfangaren ”Sachsen” den dagen, men vi var nok i same farvatn.
Når eg tenker på denne dagen, ja, det blir liksom så rart og uverkeleg kor seint vi vart klar over kva som hadde skjedd. Eg vil nok tru at dei som var eldre oppfatta kva som var skjedd, men den første dagen var det liksom som vi ikkje reagerte i det heile. Då vi fekk frivakt kl 12 gjekk vi til køys som vanleg dei fleste av oss. Skipperen brukte radioen som vanleg. Hadde tyskarane hatt der eit kaperskip hadde dei peila inn heile selfangstflåten på eit blunk. Når det leid ut på kvelden hadde vi samla oss litt og det var mange som forbanna Tyskland og Hitler. Men den 9. april var stort sett ein dag med vanlege vakter og fangsting. Men ein ting var uvanlig denne datoen, skipperen var nesten ikkje i tønna for heile dagen. Det var nok ikkje greitt å vere skipper når slikt hender med kjerring og ungar heime, og ansvar for mannskap og skute.

12.04.15 18:25
Selfangsten ved eit vendepunkt?

Av Webjørn Landmark
Det har vore drive selfangst langs kysten vår i fleire tusen år. Dei første som slo seg ned ute i havgapet, langs ein langstrakt kyst, gjorde truleg dette nettopp for den lette tilgangen til, og store førekomsten som var her av sel. Selen var lett å fange og gav mykje næringsrik mat til eit veksande kystfolk, sjølv om det truleg var feittet som var det viktigaste også den tida. Feittet frå selen var viktigaste kjelde for oppvarming av både telta i steinalderen, og dei første hus som kom opp langs med kysten. Ei god kjelde til lys var det også. Den rike tilgangen på spekk var viktig for at kystfolket kunne bo der ute også vinterstid.
Seinare måtte selfangaren over store hav for å sikre same tilgangen. I nyare tid kom Noreg med i selfangsten med nokre turar frå 1790 av. Det var handelsmann Buck som stod bak desse første turane, men først i 1819 kom starten på det vi kan kalle ein kontinuerleg selfangst frå Noreg. Sven Foyn kom med i selfangsten frå 1846, Tromsø kom snart etter og frå 1898 var Sunnmøringane også kome med. Det var no det for alvor vart satsa på selfangsten. Sunnmøringane forstod raskt at skulle ein få lønsemd ut av fangsten måtte ein i gang med å bygge spesialskuter til selfangsten. Frå 1910 av vaks det fram ein stor flåte med selfangstskuter spesialbygde for selfangst. Det vaks fram ei ny næring som fekk stor økonomisk betyding for heile landet. I Ishavsmuseet sitt fartyregister er det registrert 472 skuter som har gått på selfangst frå Noreg. Legg ein til kva desse skutene har hatt bruk for av utstyr, reperasjonar osv. er det ikkje vanskeleg å sjå kor viktig næringa har vore.
I toppåret 1925 fanga Noreg 400.000 sel. I 1970 var talet 163.000, og ti år etter var det kome ned i 60.000 sel. I 1990 var same talet 15.000 sel, og i 2014 var det fanga knappe 12.000 sel. Sjølvsagt var det i periodar ei overbeskatting på sel, og over tid fekk næringa dårleg rykte og kom under kraftig press frå mange kantar. Dyrevernorganisasjonar verda over gjorde seg gode pengar på å gå i protest mot Norsk og Kanadisk selfangst.  Men hadde næringa fortent dette dårlege rykte? Neppe. Alle som har kjennskap til selfangst veit at sel vert avliva på ein human og god måte. I dag vert selen avliva tre gongar. Først vert det skoten, så slått med hakapiken, for til slutt og verte blodtappa straks.
Slutt på selfangsten?Regjeringa Solberg har bomma, og gir truleg etter for press frå EU og ekstreme dyrevernarar, og avviklar norsk selfangst når dei no kuttar all støtte til denne tradisjonsrike næringa. Det blir då vanskeleg å drive vidare. Vi har ein unik selfangst-tradisjon som med eit pennestrøk er i ferd med å bli nedlagd. Det som er minst like urovekkande er at regjeringa samstundes bidreg til å fjerne det store kompetansemiljøet på drift i arktiske strøk.
I budsjettforslaget er heile støtta til Norsk selfangst borte. I 2014 var støtta på 12 millionar kroner. Selfangstnæringa har siste åra vore driva med 80% statsstøtte, og vert den fjerna er det klart konsekvensane vert store. Det er lite truverdig at det skal vere nasjonaløkonomiske grunnar til å kutte all støtte til selfangst, i eit land som fløymer over av pengar.
-Ein absurd skuffelseDette var orda til selentusiast og innehavar av Polargodt i Tjørvåg, Arnfinn Karlsen, då nyhenda om kutta til selfangsten vart kjend. Karlsen har bygd opp eit komplett og flott anlegg for mottak av selprodukt. I dag det einaste godkjende anlegget i Noreg for mottak av sel. Karlsen seier at det beste nok hadde vore at støtta hadde blitt redusert til 50% statsstøtte. Dette ville ha ført til meir kreativitet og utvikling av nye produkt. Selnæringa er avhengig av at kvaliteten vert auka i alle ledd. Karlsen seier vidare at det er stor marknad for selskinn, spesielt i Austen. Han er godt i gang med å produsere spanande produkt av fangsten på 4100 sel som han tok i mot frå «Havsel» i 2014.
Den største verdien ligg nok i seloljen som er eit fantastisk og ettertrakta produkt i helsekostmarknaden. Seloljen har vist oppsiktsvekkande gode resultat i fleire medisinske studiar. No har Kina også begynt å etterspør selolje, og her er marknaden enorm. Produkt av sel er ein fantastisk ressurs. Ikkje noko anna dyr kan måle seg med ein perfekt steikt og saftig selbiff! På Ishavsmuseet har vi med jamne mellomrom selkjøt på menyen. Dette kan vere både til turistbussar, under polarkveldar og høgtidssame samankomstar. Dette er selkjøt i ulike former, men mest populær er nok stuerten si gryte medbiffstrimlar av sel. «Omega 3 i brun saus», som ein tidligare selfangar sa det.
Selfangstskipper Bjørne Kvernmo på «Havsel» har nyst vore på Ishavsmuseet og helde foredrag. Han fortel at det alt i dag vert drive med små lønningar og idealisme. Vår sterke oppmoding må vere å få attende støtta til norsk selfangst. Og den må vere stor nok til at både selfangar, reiarlag og mottak kan overleve og føre dei rike tradisjonane vidare. Fødselsoverskotet av sel er enormt. Bestanden er i sterk auke, og årleg reknar ein med at det i Vestisen vert fødd om lag 80-90.000 sel. I 2014 fanga tre skuter 11.980 sel samla.
Isflaket har i første utgåve 2015 med ein artikkel frå Mariann Mathisen om «Monumenter over selfangst», ein flott artikkel om «Polsjerna» og «Aarvak», to fartøy som i dag begge er komne på museum og minner om selfangstnæringa si store tid.
Men nye generasjonar treng også selfangarar. Vi treng å vidareføre ein utdøyande kunnskap om eit stolt og viktig yrke, ved å årvisst sende ishavsskuter på fangst. Vi treng å beskatte selbestanden på rett måte, og vi treng dei fantastiske produkta som sel kan gje oss.
God fangst!
05.04.15 11:56
Frå Vesterhavet sitt forlis i 1939

Av Havtor Hofset

Som eldre folk enno kan hugse, var det mykje storm og uvêr første halvår i 1939. Det fekk selfangstskutene på veg til fangstfeltet ved New Foundland merke i slutten av februar. Men også skutene til Vesterisen fekk føling med uvêret litt seinare på våren.

Dei som fekk mest omtale i avisene var newfoundlandsskutene "Polarbjørn" og "Polaris" som redda mannskapet på "Saltdalingen"  og ikkje minst Svenska Amerikalinjens "Drottningholm" som berga mannskapet på "Isfjell" i den forrykande orkanen. Ishavsskuta "Nyken" forliste også, og  alle om bord  miste livet. Skuta som liksom "Saltdalingen" høyrde heime i Gratangen,  hadde eit mannskap på 18.
Vesterisskutene hadde også ein hard tørn på oversiglinga  dette året der tre skuter forliste. Det var to frå Sunnmøre, nemleg "Vesterhavet" frå Brandal og "Vestad" frå Vartdal, og "Heimland I" frå Tromsø. Mannskapet på alle tre skutene vart berga.  Det forliste to skuter til i  stormen. Det var "Polar" og "Vikfjeld". Der gjekk alle mann med.
Om natta 19. mars fekk "Vesterhavet" ein svær brotsjø over seg, skansekledning og fleire rekkestøtter på babord side vart avslegne og dollbordet svikta.  På styrbord side var dekket delvis oppslege. På same side var båtdekket slite laust frå keisinga og hang etter fremste vinkeljarnet. Forriggen var skada. Det oppstod store lekkasjar, sjøen fossa inn i lasterom og maskinrom. Bunkerskola som var i lasteromet kom ned i lensebrønnane og tetta lensesystemet.
Fyrbøtaren Sigmund Brandal dukka ned i lensebrønnen og fekk snudd eller bøygt lenserøret slik at dei fekk lensinga i gong att. Dei kunne no halde det gåande nokre timar til. Men så kom ein ny brotsjø som fylte maskinromet og sløkte fyren på kjelen. Då var det ikkje anna å gjere enn å prøve å forlate skuta. Men det var så dårleg vêr at dei venta til det lysna av dag før dei gjekk frå borde.
Lykka var at "Vesterhavet" hadde fått ny radiosendar dette året. Det same hadde"Flemsøy" som i tillegg hadde peileapparat. Det var det ikkje mange som hadde den gongen. Derfor kunne "Flemsøy" peile inn og finne "Vesterhavet" når dei prata i radioen.
Av skutene som kom til hjelp, var det utanom "Flemsøy" også "Fangsmand" og "Rundø" som tok seks mann kvar. "Flemsøy" tok fire mann.
Av mannskapet på "Vesterhavet" var desse frå våre bygder: Skipper Nils L. Brandal, 1. skyttar Johannes Mur Brandal og fyrbøtar Sigmund Brandal, frå Brandal. Frå Hareid kom maskinist Ole Brobakk og fangstmann Reidar Nesset. Frå Stadtlandet kom fangstmennene Oskar, Bernhard og Johannes Kvernevik.  
08.03.15 18:41

@ISHAVSMUSEET Følg oss på Instagram    

digital_museum.png

 

Opningstider

April, Mai, September & oktober
Frå 15. april til 20. oktober
Kvardagar 11:00 – 16:00
Laurdag & søndag 12:00-16:00
Juni, Juli & August
Alle dagar 11:00 – 17:00
Inngong Vaksne Kr. 75 / Born Kr. 35


Kontaktinformasjon

Adresse
ISHAVSMUSEET AARVAK
6062 Brandal

Kontakt
Tlf. kontor 70 09 29 00 
Tlf. 70 09 20 04
Mob. 951 17 644
post@ishavsmuseet.no

Design: Osberget ASPowered by: Osberget CMS