Skulebesøk

Ishavsmuseet egnar seg for skulebesøk i alle alderstrinn. Våre omvisarar er flinke forteljarar og legg opp omvisinga etter alderstrinna.

Ønsker du materiell tilsendt før besøket kan du ta kontakt med vår skulekontakt Beathe Holstad på mail:beathe@ishavsmuseet.no

Ønskjer du å besøke Ishavsmuseetmed klassa di, kan du ta kontakt med oss for å lage eit opplegg som høver for deg. Konferanseromet vårt høver fint til klasserom, og i første etg. kan ein ta mat-friminuttet.

Ishavsmuseet sin “polarquiz” for mellomskuletrinnet  kan elevane fylle ut under eller etter besøket.

Ein tur til Ishavsmuseet kan gjerne kombinerast med ei utflukt til Kvitneset, om lag 2 km nord for Brandal. Her finn du festningsverk etter Den andre verdskrigen. På Kvitneset er det godt skilta med informasjon over området. Der er gode fiskeforhold og ein fin grillplass.