Fangst langs Grønlands strender, under land og i land, gjekk i starten føre seg som ein plukkfangst.

Desse turane tok til som ein forlenging av fangsten i Danskestredet, og første kjende sommarekspedisjon her var i 1897 då skipper H.C Johannesen med «Gjøa» fanga frå Shannon og sydover.Året etter besøkte skipper Julius Svane bla. Scoresbysund med galeas «Asjö» og skipper Ole Næsø dreiv fangst med jakt «Anna».

Peter S. Brandal var første Sunnmøring som fanga under Grønland

Peter S. Brandal var første Sunnmøring som fanga under Grønland, og han var der kvart år frå 1900-1908. Etter 1900 vart det vanleg at Sunnmøringane også tok kompletteringsfangst under Grønland, og dette året hadde «Minna» med Peter S. Brandal og «Havfruen» med Ole S. Brandal 70 døde og 10 levande isbjørn med heim frå Nordaust-Grønland. I tillegg hadde dei også fleire levande moskuskalvar og jamvel eit år levande kvalross.

Dei hadde høyrt at her skulle vere: isbjørn, kvalross, sel, ulv, polarrev og reinsdyr. Men moskus hadde dei aldri høyrt om før. Den kom heilt overraskande på dei. Dei fanga levande kalvar som dei tok med heim for å syne fram at dette dyret fanst her.