Det har vore drive fangst av sel langs kysten vår i fleire tusen år. Selen var lett å fange og gav mykje næringsrik mat til eit veksande kystfolk, sjølv om det truleg var feittet som var det viktigaste, også den tida.

Feittet frå selen var viktigaste kjelde for oppvarming. Ei god kjelde til lys var det også. Den rike tilgangen på spekk og kjøt var viktig for at kystfolket kunne bo der ute også vinterstid.

Større og sterkare fartøy

Etter kvart som båtane vart større, og med det moglegheita av å segle over større havområde, gjekk ein over til å drive «ishavsfangst». Denne fangsten gjekk stort sett føre seg i Nordisen i området rundt Svalbard, og på Novaja Semlja. Denne ishavsfangsten gjekk i grove trekk ut på at dei fanga alt dei kom over, sel, kval, kvalross, reinsdyr, fugl, dun og isbjørn. Ishavsfangsten gjekk meir over til ein rein selfangst då Sunnmøringane tok til å bygge nye større og sterkare fartøy for selfangst rundt 1910. Og frå no av kan ein seie at denne næringa kom inn i meir systematiserte former. Dei første åra brukte dei fiskeskøytene sine på selfangst. Båtar med berre segl til framdrift og på ei 55- 70 fots lengde.