Av Johan Ottesen

Ålesund og Brandal var dei dominerande sentra for selfangstnæringa på Sunnmøre. I byen var det eit sterkare innslag av handelsfolk på eigarsida enn på sunnmørsbygdene. I tillegg valde forretningsmenn frå andre stader i landet å stasjonere skutene sine i Ålesund. Dermed var det fleire ishavsskuter på nordre Sunnmøre enn på søre Sunnmøre dei første tiåra med selfangst.I ”Ishavsskuter” fekk vi historia til 43 skuter på søre Sunnmøre. I denne boka får vi historia til dei mange skutene som kom til Ålesund og nærliggjande bygder i pioneråra for den sunnmørske selfangsten.Ishavsskuter II” omtalar i alt 53 selfangstskuter frå sjøsetjing til dei går ut av drift. Og dei fleste skutene avsluttar si historie med forlis på fangstfeltet.