Av Johan Ottesen

Boka fortel historia til fleire av dei mest kjende norske ishavsskutene: ”Veslekari” var i ei årrekkje flaggskuta mellom dei norske selfangarane. Skuta vart sæleg kjend for sine mange ekspedisjonsturar til arktiske farvatn. ”Kvitøy”, under namnet ”Norvegia”, dreiv utforskingsarbeid i Antarktis og var første norske skute som sigla rundt Sørpollandet. ”Polarbjørn”, skuta som alltid kom fram, vil bli hugsa for bergingsaksjonen i Nord-Atlanteren i 1939 og for innsatsen under den andre verdskrigen. Og ”Bratvaag” løyste gåta om kva som hadde hendt med Andrée-ekspedisjonen, som prøvde å nå Nordpolen i 1897.Også dei andre 21 skutene som denne boka omtalar, har si spesielle historie som gir innsyn i ei næring prega av håp om storfangst, men som ofte enda med forlis og magert utbyte.