MENY

ishavsmuseet_aarvak___logo.png

Tønna frå "Polaris" koma til Ishavsmuseet

musee.jpg

"Polaris" var den første stål selfangar bygd i Norge, på A.M Liaaen i 1950-51. No er maste topp med tønne koma til Brandal og reist ved sidan av Ishavsmuseet.

"Polarboy" ex "Geo Boy" ex "Aurora" ex "Polaris V" ex "Polaris" (II) vart hausten 2004 opphøgd i Fredrikshavn, Danmark. "Polarboy" har dei siste par åra lagt stille på Skjervøy i Troms etter hard medfart på selfangst i 2002. "Polaris" var den første stålselfangar bygd i Norge på A.M. Liaaen i 1950-51. "Polaris" var også den første som då hadde innebygd og oppvarma tønne, og skuta kunne manøvrerast i frå tønna. Sjølv om skuta har hatt mange ombyggingar og namneskifte, er tønna framleis slik den var originalt. Det vil såleis vere ein unik gjenstand som no er komen tilbake til Brandal og Ishavsmuseet. "Polaris" var tilhøyrande i Brandal til 1972 då Rieber overtok skuta. I 1978 vart den overført til Rieber avd. Canada (Polaris V). I 1986 kjøper Monica Kristensen skuta og den skiftar namn til "Aurora" I 1986/87 var den på sørpolekspedisjon og i 1989/90 på Antarktisekspedisjon. I 1992 vert Eidesvik Supply AS eigar av skuta som no får namnet "Geo Boy". I 2000 blir "Geo Boy" til "Polarboy" og den er igjen klar for selfangst.
20. juli 2004 la "Polarboy", den stolte skute, ut på si siste reis til Danmark for opphogging.

 

Opningstider

April, Mai, September & oktober
Frå 15. april til 20. oktober
Kvardagar 11:00 – 16:00
Laurdag & søndag 12:00-16:00
Juni, Juli & August
Alle dagar 11:00 – 17:00
Inngong Vaksne Kr. 75 / Born Kr. 35


Kontaktinformasjon

Adresse
ISHAVSMUSEET AARVAK
6062 Brandal

Kontakt
Tlf. kontor 70 09 29 00 
Tlf. 70 09 20 04
Mob. 951 17 644
post@ishavsmuseet.no

Design: Osberget ASPowered by: Osberget CMS