MENY

ishavsmuseet_aarvak___logo.png

God Jul!!

Ishavsmuseet vil ynskje alle våre besøkande, samarbeidspartnarar og gode hjelparar ei retteleg God Jul og eit fredfylt nyttår.

Vi takkar for all god positiv støtte, dugnadshjelp og gåver i 2011 og ynskjer velkomne tilbake til eit spanande år i 2012.

Treng du å korte ventetida, kan du no finne mange nye spanande bøker i vår nettbokhandel som du finn til venstre på sida her.

Førjuls-søndag med foredrag og nissemarsj!

hallvard_holm.jpg

Søndag 4. desember vert det open dag på Ishavsmuseet med foredrag, nissemarsj, julegåvesal og god middag.

Hallvard Holm gjestar oss med foredrag om Roald Amundsen. Ishavsmuseet markerer slik 100 års dagen for at Amundsen var første mann på Sydpolen. Hallvard Holm er ein fantastisk foredragsholdar  med rike kunnskap om temaet. Foredraget tek til kl. 15.00

Kl. 13.00 vert det nissemarsj i samarbeid med Brandal IL. Museet er ope med sal av middag, kaffi og kaker frå kl. 13.00-17.00

Nytt høve til å gjere gode julegåve kjøp. Mange nye polarbøker i museumsbutikken.

Kronprinsparet sitt besøk på  Ishavsmuseet utsett til våren


Kronprinsen og Kronprinsessa skulle kome  på gjesting til Brandal og Ishavsmuseet laurdag 20. august om ettermiddagen. Dette besøket er utsett til våren på grunn av ugjerningane på Utøya og i Oslo.

Vi kjem tilbake til fleire detaljar seinare.

Teaterframsyning frå dekk på Aarvak. Søndag 23.oktober

87823_thumb.jpg

Med ishavsskuta Aarvak som kulisser byr vi inn til teaterframsyninga HELG.

Søndag 23. oktober kl. 16.00.

Kulissene kunne ikkje vore betre for akkurat dette stykket som omhandlar kystfolket og sildefisket.

For første gang samarbeider dei tre store teatra i midt-noreg om ei framsyning som skal turnere i dei tre fylka. Nord-Trøndelag Teater, Teateret Vårt i Molde og Trøndelag Teater er stolte over å presentere ein norsk urpremiere på eit stykke som forankrar seg i kystfolket og utfordringane deira.

Sund sitt stykke er eit familiedrama kor mange vil kjenne att seg sjølv eller sine. Med røter i trøndersk forteljartradisjon, er dette ei historie om vilkår for folk på kysten, om naturkreftene og ei tid med store omveltningar.

Hendinga tek til i ytre Trondheimsfjord. Gjennom fleire hundre år har sildefisket skapt stor vekst og velstand. Dette året blir silda borte. Det er vårjevndøger i ei tettfolka bygd i Stjørna. I mangel av fangst får basen Bjørn på sildesnurparen Stjørnfjell ei uventa frihelg. Der ventar kona, Margit, og sonen Benjamin.

Billett kr. 200,- førehandssal på Ishavsmuseet og på www.sjoborg.no og ved inngangen. Etter framsyninga vert det middag i museet med sild og selkjøtt på menyen.

Ishavskveld 19. oktober

mai2011_128_vegard.jpg

Tradisjon tru vert det ishavskveld i forbindelse med Hareidsstemna også i år. Onsdag 19. oktober er det klart for ein ny hyggeleg ishavskveld i kjent stil.

Også i år har vi med oss gode programkrefter. Vegard Brandal vil halde foredrag og vise film frå si kryssing av Grønlandsisen tidlegare i år, frå vest til aust, via ei rute som ligg litt nord for ruta som Nansen brukte i 1888. Elles i programmet vert det vakker sang av Silje Brandal og diktlesing av Alv Ottar Folkestad. I kjent stil blir det pratepause med gode kaker og sterk kaffi på ekte ishavsvis. Vi tek til kl. 19.00. Bill kr. 150,- inkl. kaffi og kaker.

Kulturminnevandring: Segn og sann soge i Brandal

Kulturminnedagen 2011 er søndag 11.september. Dette vert av Ishavsmuseet markert med ei bygdevandring rundt om i Brandal. Harald Knutsen vil guide oss trygt rundt i Brandal i ei løype på omlag 1,5 time.

Ytre BrandalOppmøte vert på Ishavsmuseet kl. 13.00. Turen går ut gjennom Brandal sentrum, til gamle og nye kulturminner, frå tida då bygda hadde både bakar, kafe og slaktar, via eldre industri som guanomylna på slutten av 1800 talet, og enda eldre, Futen sitt brennevinsbrenneri. Alt dette ispedd segner og sann historie frå bygda, som trollet i Bondebakkane. Segn eller sann historie? Etter vandringa vert det sal av søndagsmiddag på museet, kjøttkaker med tilbehør, og kaffi og kaker.

Kulturminnedagen er ein del av European Heritage Days. På initiativ av Miljødepartementet og Kulturdepartementet vart den norske kulturminnedagen markert første gang i 1993, og har sidan 1996 vore fast årleg markering.

Ishavsmuseet og Ishavsmuseets Venner inviterer til grillkveld og konsert.

Red Roosters bluesbandFredag 26. august tenner vi grillane og byr inn til grillkveld og konsert. Grillane er varme frå kl. 18.00, og på menyen finn vi ulike gode grill- rettar.

Kl.20.00 spelar Voldabandet Red Roosters Bluseband opp til konsert i Aarvakhuset. Bandet byr på fengande og svingande blues. Låtutvalet spenner frå kjende artistar som Delbert Mclinton, The Blues Brothers, Allman Brothers, BB King, The Fabulous Thunderbirds m.fl. Vi får høyre noko frå ein kvar smak denne kvelden, og også mest truleg kombinert med mange tørrvittige komentarar frå scena. Bandet består av Vebjørn Vestre (trommer/kor), Per Arne Brandal (gitar), Svein Hunnes (bass/vokal) og Stein Hjelle (gitar/vokal).

Set av fredagskvelden for god mat og god musikk på Ishavsmuseet.

Inngang konsert kr. 150,- Medlemmar av Ishavsmuseets Venner kr. 100,-

|

Gudstjeneste frå dekk på Aarvak

Søndag 3. juli inviterer Ishavsmuseet og Hareid sokn inn til gudstjeneste på Aarvak. 

Om vi ser vekk frå preika som biskop Norderval heldt over skipsradio i Vesterisen i 1952 etter den store ulykka,  er dette truleg første gang ei ishavsskute er arena for ei slik hending, og vi gler oss til denne søndagen. Påmønstra prest er Jens Terje Johnsen. Paul Sandanger leda an sangen. Etter gudstjenesta vil det bli høve til å kjøpe både middag, kaffi og kaker i museet. Vel møtt!

Polarkveld med Mats Forsberg 25. mai

dsc_1955.jpg

Onsdag 25. mai kl. 19.00 er det klart for polarkveld, foredrag og film, med Mats Forsberg. Mats var med på oppstarten av Svalbard Polartravel i 1990. Mats var ekspedisjonsleiar og guide ombord i M/S Polarstar i fleire år. På Ishavsmuseet vil han vise bilder og fortelje meir om denne tida. Han vil også fortelje om ekspedisjonar som han i dag er med på både til Svalbard og Grønland.

Førjulssøndag på Ishavsmuseet

harald_k.jpg

Søndag 5. desember inviterer vi til førjulssøndag på museet. Dette er dagen for julegåveshopping. Johannes Alme held foredrag om boka "Ishavsfolk si erfaring", og Finn Sindre Eliassen fortel frå boka "Is, skuter og folk", Isflaket 10 år. Boksal og signering. Sal av middag, kaffi og kaker. Brandal IL arrangerer Nissemarsj frå museet kl. 13.00.

Kom i julestemning med Ishavsmuseet! Ope 12-17. Kanskje kjem nissen også en tur?

Julemesse på Ishavsmuseet 20. og 21. november

dsc_0363.jpg

I samarbeid med fleire lokale aktive damer, byd vi inn til julemesse på Ishavsmuseet. Her blir det mange utstillarar med tradisjonsrikt håndarbeid, heimestrikka, juledekorasjonar og heimbakst. Ishavsmuseet har open julegåve butikk med stort utval i selprodukt og mange gode polarbøker.

Servering av kaffi, kaker og middag. Ope begge dagar 12-17

Boklansering søndag 7. november

forside_isflaketb_324501c.jpg

Boka "Is, skuter og folk" - Isflaket 10 år, er snart klar frå trykkeriet. Søndag 7. november blir det boklansering på Ishavsmuseet med lett underhaldning og god mat.

Boka inneheld eit utval artiklar frå dei første 10 åra med Isflaket. Dei utplukka artiklane handlar ikkje først og fremst om skutene, men om folka som var med dei på selfangst, ekspedisjonar og overvintring.

Boka spenner over eit tidsrom på 100 år. Ho er rikt illustrert med nær 200 foto, og har over 300 sider. Redaktørane i boka, Finn Sindre Eliassen, Magnus Sefland og Gunnar Wiik vil vere tilstades og fortelje. Boklansering kl. 15.00. Ishavsmuseet vil vere ope for matsal kl. 13-17. Vel møtt!

Ishavskveld 20. oktober

ulf.jpg

Tradisjon tru vert det også i år ishavskveld i forbindelse med Hareidsstemna.

I år har vi vore så heldige og fått Ulf Prytz til å besøke oss med foredrag - Med seilbåt til Nord-Svalbard.

Med sin 40 fots båt ISIS seilte Ulf fra Oslo til driviskanten nord av Nordaustlandet på Svalbard sommeren 2009. En praktfull seilas langs den Norske kysten, over Barentshavet med Bjørnøya til Spitsbergen hvor de blant annet gjorde strandhugg i Hornsund, Bellsund, Isfjorden med Longyearbyen, Kongsfjorden, Magdallenafjorden, Raudfjorden og Sorgfjorden før de krysset opp til Sjuøyane.

Ulf Prytz har hatt et svært eventyrlig liv. Til fots, på ski og som klatrer. Han startet Nordnorsk Klatreskole og var turistsjef på Kilimanjaro. Han var pioner med selskapet "Ulf Prytz Adventure Travel" og motor i utviklingen av opplevelsesturismen på Svalbard hvor han bl.a. har hatt både gamle MS Polarstar og nye MV Polar Star i charter. Ulf har også gitt ut boken "Jorden Rundt - On the wild side" med noen av sine beste bilder og historier fra 40 år som eventyrer.

Etter å ha fått en alvorlig sykdomsdiagnose tok Ulf opp seiling og kjøpte seg en Hallberg-Rassy vinteren 2007. Å seile til Svalbard på egen kjøl var en drøm som ble realisert to år senere.

Ellers i programmet har vi musikalske innslag av Ann Katrin Barstad og av Ronald Øvrelid. Harald Knutsen kåserer rundt eit 100 års minne - overvintringsekspedisjonen med 7de Juni til Nordaust-Grønland i 1909-1910. Ishavskvelden tek til kl. 19.00

Grillkveld på Ishavsmuseet

Fredag 6. august inviterer vi til grillkveld på museet. Det vert grilla og solgt ymse grillmat, kaffi og kaker. Det er Ishavsmuseets Venner som saman med Ishavsmuseet steller i stand dette. Asbjørn Brubakk og Atle Gjerde står for musikalsk underhaldning.

Fredag 6. august inviterer vi til grillkveld på museet. Det vert grilla og solgt ymse grillmat, kaffi og kaker. Det er Ishavsmuseets Venner som saman med Ishavsmuseet steller i stand dette. Asbjørn Brubakk og Atle Gjerde står for musikalsk underhaldning. Denne dagen blir også kunstutstillinga til Tone Bjørkli opna i Aarvakhuset. Det vert ope museum, og her kan ein mellom anna sjå gamle polarfilmar på storskjerm. Hendinga tek til kl. 19.00

|

Kunstutstilling i Aarvakhuset

Tone Bjørkli stiller ut oljemaleri på lerret i Aarvakhuset i tidsromet 6. - 22. august. Tone er inspirert av lyset i nord med touch av dei arktiske kalde og blå nyansar.

 

Ho er fødd i Hammerfest i 1980, flytta seinare til Elverum, der ho gjennomførte videregående utdanning innen tegning, form og farge. Tone flytta i 1999 til London der ho var elev ved London City Guilds School of Art i tre år.  6. august kjem ho til Brandal med salgstutstilling.

Konsert i Aarvak-huset

Laurdag 17. april kl. 19.00 vert det konsert med Vox Virorum og Strings Unlimited i Aarvak-huset. Etter konserten blir det tapasbuffet i Ishavsmuseet.

Torskemølje med foredrag og film

Fredag 5. mars byd Ishavsmuseet inn til torskekveld på museet.

 

Vi startar kvelden med film kl. 18.00, og held fram med foredrag v/Harald Knutsen som fortel om torskefiske.

Kl. 19.00 presenterer Eldar Hareide vin frå Italia, etterfølgt av vår store Torskemølje-buffet som består av: Polarbjørn fiskesuppe, fersk torsk, kams, rogn, lever, smørdampa gulrøtter og brokkoli, sandefjordsmør og flatbrød.

Påmelding innan 4. mars til tlf. 700 92 004 - 95 11 76 44 e-post: post@ishavsmuseet.no

Ishavsmuseet «Aarvak»

isbj_rn.jpg

Vart oppretta i 1981 og har som føremål å ta vare på dei rike tradisjonane på Vestlandet frå selfangst og anna virke i polare strøk. Museet består av den verna ishavsskuta «Aarvak», den eldste gjenverande i sitt slag, og ca. 1600 registrerte gjenstandar. Blant desse er ei rekkje utstoppa dyr: moskus, polarulv, polarrev, tre isbjørnar og fleire selar og arktiske fuglar.

 

Tønna frå "Polaris" koma til Ishavsmuseet

musee.jpg

"Polaris" var den første stål selfangar bygd i Norge, på A.M Liaaen i 1950-51. No er maste topp med tønne koma til Brandal og reist ved sidan av Ishavsmuseet.

Ishavskjerringa avduka

ishavskj_rringa.jpg

Laurdag 18. juni vart skulpturen over Ishavskjerringa avduka ved Ishavsmuseet. Den høgtidlege avdukinga samla mykje folk i eit strålande sommarver. Oleif Eiken, som har stått bak dette store arbeidet, avduka monumentet som er laga av kunstnaren Tore Bjørn Skjølsvik.

 

Forhånd.1...7891011Neste

 

Opningstider

April, Mai, September & oktober
Frå 15. april til 20. oktober
Kvardagar 11:00 – 16:00
Laurdag & søndag 12:00-16:00
Juni, Juli & August
Alle dagar 11:00 – 17:00
Inngong Vaksne Kr. 75 / Born Kr. 35


Kontaktinformasjon

Adresse
ISHAVSMUSEET AARVAK
6062 Brandal

Kontakt
Tlf. kontor 70 09 29 00 
Tlf. 70 09 20 04
Mob. 951 17 644
post@ishavsmuseet.no

Design: Osberget ASPowered by: Osberget CMS