MENY

ishavsmuseet_aarvak___logo.png
Messenemnda Webjørn Landmark, Edel Mari Kvalsvik, Heidi Wingsternes og Oddlaug Brandal gler seg til julemessa.
Messenemnda Webjørn Landmark, Edel Mari Kvalsvik, Heidi Wingsternes og Oddlaug Brandal gler seg til julemessa.

Ny rekordstor julemesse på Ishavsmuseet

Laurdag 19. november kl. 11-17 og søndag 20. november kl. 12-17 er det klart for årets julemesse ved Ishavsmuseet på Brandal. Julemessa på Ishavsmuseet i Brandal har blitt ein flott tradisjon og er godt innarbeidd. Messa i år er fullteikna med heile 55 utstillarar som er på plass med salsstandar blant isbjørn og moskus, over fire etasjar på Ishavsmuseet, og kring ishavsskuta Aarvak.

Ishavsmuseet Aarvak og arbeidsnemnda for julemessa er stolte av å kunne by inn til ny rekordstor julemesse ved Ishavsmuseet. Messa har vorte svært populær, og dessverre var det ikkje plass til alle som ville med i år.

Aarvakhuset er fylt med spanande mat, her vil de finne mykje både av kjøt og fisk, saft, sylte og honning. Frå dekket på ishavsskuta Aarvak kan du mellom anna sikre deg dei flottaste biffane av kvalkjøt, god spekemat og god saft. Fjærli tønnefabrikk syner fram gamle bøtker-kunstar og byr på flotte tretønner.

 

Mat, kunst- og handtverk

Messa på Ishavsmuseet er ei mat, kunst- og handverksmesse der ein legg vekt på det særeigne ved handarbeidet. Alle utstillarane deltek med naturlege og handlaga produkt. Arrangørane legg opp til at messa skal vere mest mogleg variert, og dette syner godt igjen blant dei mange ulike påmelde utstillarane i år.

Ikkje berre kan du gjere ein unik og flott julehandel med alle desse spanande utstillarane, men du kan også kike deg rundt i dei flotte utstillingane som Ishavsmuseet byd fram.

Utstillarane på årets julemesse kjem frå mange kommunar og regionar, og i det høve kan det vere ekstra spanande og vitje messa i år.

Her kan du sikre deg mykje fint handarbeid som strikk, smykke, kaker, lefser, vevnadar bøker, tre-arbeid, handlaga knivar, skinn av sel og sau, røykt sild og laks, spekemat, keramikk, glaskunst, akvarellar, og mange andre artiklar. Klosteret av De Heilage Olav og Profeten Elias byd på heilage lys og gode såper. Vil du sjå kven alle utstillarane er, kan du vitje Ishavsmuseet si nettside.

Levande museum

- Det er svært viktig for oss å ha eit levande museum, og det er ei stor glede å ha messa her. Vi gler oss til tidenes største julemesse i Brandal, seier dagleg leiar for Ishavsmuseet Webjørn Landmark.

Besøkande har også høve til å sjå seg rundt på museet – som stiller med gratis inngang desse dagane. Og elles byd museet på selkjøtgryte eller kjøtkaker, smårettar, og kaker og kaffi på ekte ishavsvis, når du har behov for ei tenkepause i handelen.

I museet si første etasje vil du også finne Polarshopen ved museet som byd på ei av dei største samlingane polarlitteratur i landet.

Legg eit besøk til Brandal desse dagane og sjå kva alle desse utstillarane har å by på. Her kan du gjere unna store delar av julehandelen anten du jaktar julegåver, eller vil unne deg sjølv noko nytt.

Oss treffast i Brandal til helga!

program_messa_2016.pdf
|

Julemesse på Ishavsmuseet 19. og 20. november

Snart er det klart for årets julemesse. Aldri før har så mange meldt seg på til messa, og det er venteliste for å få plass. Heile 53 standar er klare. Sjå oversikt over alle i programmet under her.

program_messa_2016.pdf
|

 
Lutefisk-kveld 4. november

 

Fredag 4. november byr Ishavsmuseets venner inn til lutefisk-kveld på museet.

Stor buffet med lutefisk og godt tilbehøyr kl. 19.00. Trioen The Harmonies med Jan Brandal, Marianne Karlsbakk og Jonny Johansen spelar utetter kvelden. Arrangementet er ope for alle. Påmelding til museet.

Sel, sild & supe

Sesongavslutning på Ishavsmuseet komande søndag 30. oktober kl. 13-17.

Ishavsmuseet avsluttar ein god sesong, som har hatt høg aktivitet og godt besøk, med sel, sild & supe komande søndag.

Sel, sild & supe var kvardagskost for 100 år sidan på våre kantar. Selfangst og sildefiske var dei viktigaste næringane i fleire ti-år etter 1900. Men selfangst har det nok vore langs kysten vår så lenge det har budd folk her.

På 1500- talet fekk sildefiske i Noreg ikkje lenger berre verdi som ein lekk i naturhushaldet, men no vart det mogleg å fiske langt større mengder fordi ein no fekk salte og utføre silda. Dette kom av at nye handelsinteresser gav betre vilkår for norsk sildefiske enn f.eks i mellomalderen. I 1699 kom vårsilda til Vestlandet og den vart ein stor årleg ressurs fram til omlag midten av 1780-åra. Særleg stor silde-tyngde skal det ha vore nord for Stadt i ein tjue års bolk frå 1736. I Noreg gjekk 1700 talet ut med tomme sildegarn og sildenøter.

Frå rundt 1806 til ca. 1870, hadde vi ein ny rik sildebolk med vintersild. Det var i denne bolken at skøytene vart utvikla og silda kunne takast lenger ut frå land. Dette førte vidare til at sildefiske ved Island vart ei ny stor næring.

Folk i Siglufjordur snakkar ofte om to norske landnåm. Det første då Tormod den sterke tok land i Siglufjordur rundt år 900, og det andre i 1903 då fleire norske fiskebåtreiarar kom med sine fartøy og la grunnlaget for ein stor sildestad i ein liten fjord yst i havgapet. Desse fiskarane kom frå Bergen, Brandal, Bømlo, Espevær, Hareid, Haugesund, Stavanger, Ulsteinvik, Vartdal, Vedavågen, Åkrehamn og Ålesund.

Under første verdskrig var det nesten heilt slutt på sildefiske igjen, men i 1919 tok sildefisket atter fart.

Vi skal ikkje gå så langt tilbake i tid før silda var svært vanleg i kvardagen. Der var sild til fleire måltid om dagen. I Trøndelag klokka kl. 10 stod det første kokte måltidet på bordet med Spekesild, kokte ureinska poteter, og supe. I Møre og Romsdal var det om morgonen kokte poteter og sild med flatbrød til, middagen var poteter og spekesild.

I tidligare tider var det silda som berga fiskarkona og ishavskjerringa til å ha mat på bordet medan mennene var på havet. Sild og havregrynssuppe måtte mette mang ein barnemunn i ei trong hushalding. Sild vert i dag brukt som festmat til både store og små.

Velkomne til buffet med rettar av selkjøt og sild på Ishavsmuseet søndag.

|

Filmframsyning og søndagsmiddag

Søndag 16. oktober kl. 15.00 syner vi film frå ei overvintring med Greve Gaston Micard i Loch Fine på Nordaust-Grønlan med ishavsskuta "Quest" i 1937-38.

I kafeen på museet vert servert fårikål og riskrem kl. 13-17.

Polarkveld om Ishavsfararane på Ishavsmuseet

kjell_kj_r.jpg

Fredag 14. oktober kl. 19.00 er det Kjell G. Kjær som kjem til Ishavsmuseet med føredrag om Ishavsfarerne 1859 – 1909 under Polarkvelden i Hareidsstemna. Frå byssa på museet vert det servert klippfisk.

Kjell Kjær har nett kome med bok om ishavsfararane, og føredraget på Ishavsmuseet vert også ein bokpresentasjon.

 

Kjell-G. Kjær kjem frå Tromsø, og har studert historie ved Universitetet der. Han er forfattar av ei rekkje artiklar i årbøker og i «Polar Record» som vert gjeve ut av Universitetet i Cambridge. Tema i artiklane har vore Ishavet, skip, arktiske ekspedisjonar og fangst.

I dag er Kjær pensjonist med ein lang yrkespraksis frå gassbransjen, der han har arbeida blant anna I Norsk Hydro, seinare i Yara Industrials (nå Yara Praxair) med ansvar for medisinsk oksygen, opplæring av personell og gass-sikkerheit.

I 2012 gav Kjær ut boka Tragedien i Svenskhuset saman med Ulf Aasebø.  I 2016 kom altså boka Ishavsfarerne 1859 – 1909. 

Det er eit imponerande stykke arbeid Kjær har lagt ned i boka si om Ishavsfararane. Med ei enorm liste av kjelder gjev det lesaren ei god moglegheit til å fordjupe seg vidare i historia. Kjær har brukt 12 år på å skrive denne boka, og den bør vere av største interesse for alle som interesserar seg for selfangstsoga og om ekspedisjonar i nordområda.

Selfangstflåten frå Sunnmøre vaks raskt frå 1898 av, og alt i 1906 gjekk Ålesund forbi Hammerfest og Tromsø målt i innført verdi av ishavsprodukt. Årsaka var selfangsten frå Brandal og områda rundt i Danmarkstredet og bottlenosefangsten drive ut frå Ålesund.

Ishavsbygda Brandal

I kapittelet «Brandal, bygda på Sunnmøre som ble Norges selfangsthovudstad» skriv forfattaren om driftige skipperar frå Brandal, som innleia selfangsten frå Møre. Her omtalar han korleis kapital frå handelshus i Ålesund og dyktige fangstmenn frå bygdene på Sunnmøre la grunnlaget for ein industri som kom til å vare i 100 år.

I føredraget sitt på Ishavsmuseet vil Kjell Kjær legge vekt på antall skip og fangsta dyr i 1898 samanlikna med tal på skip og fangstresultat for 1909. Kvifor denne svære utviklinga på Møre?

Vidare vil Kjær greie ut kva ishavsprodukta vart brukte til, og om Ishavet som la grunnlaget for vekst i Vest-Europa og Noreg, valutainntektene og ringverkningane av aktivitetane på Møre: skipsverft, reperbaner, garverier etc.

Han vil også fortelje om utvidingane av fangstfelta frå 1859 til 1909: Svalbard, Novaja Zemlja, Danmarkstredet, Kvitsjøen, Aust-Grønland og Franz Joseph Land.

I tillegg får vi høyre om Møringar på torskefiske ved Svalbard på 1870-1880-talet.

Det vert høve til å få kjøpe signerte bøker etter foredraget. I kafeen på museet står det klippfisk med godt tilbehøyr på menyen. Påmelding for dei som ønskjer middag.

 

|

Selkjøt og Polarstar-film

sliten_nrkmann_stein_rnh_i_med_polarstar_ba.jpg

«SELvsagt er det sel!»

Søndag 25. september er det selkjøtdagen, og Ishavsmuseet byr på sel til middag frå kl. 13-17. Stuertane ved museet lovar sel i mange variantar, blant anna så står Ishavsmuseet si alltid så populære selkjøtgryte  på menyen. Det gjere også «Tornedå» av selbiff med fløtegratinerte poteter og peparsaus a’la blueback. Har du høyrt om kobbalau? Det hadde ikkje vi heller, men søndag kan du også få smake dette. Fleire delikatesser å prøve seg på her med andre ord. Og sjølvsagt med ein slik meny er det sviskegraut til dessert med sterk kaffi til, slik det var på ishavet.

«Nauta godt!» seier styrar ved Ishavsmuseet Webjørn Landmark om denne menyen. Selkjøt er ei fantastisk råvare og eit fantastisk godt og mørt kjøt. Det er svært reint og næringsrikt. Mange kan vere skeptiske til å smake, men når ein først har smakt selkjøt vil alle ha meir, fordi det er så utruleg godt. Selkjøt kan likne litt på kval, men er endå betre og mørare. Kjøtet er av årets fangst i Vesterisen, og var av ypparste klasse.

Det er tredje året Ishavsmuseet arrangerer ein slik «selkjøtdag» og i fjor var arrangementet så populært at grytene vart tome. Dette vert det retta på i år, og enda meir sel skal i grytene. Landmark opplyser at sesongen ved museet ikkje er heilt over, museet har nemleg ope kvar dag ut oktober.

«Polarstar»- filmen med Stein Ørnhøi

Søndag vert det vist film frå selfangst i undervisningssalen ved museet. Det er NRK sin film frå selfangst ved Newfoundland Ishavsmuseet har fått lov å vise denne dagen. Stein Ørnhøi, som då var nyutdanna NRK-journalist, mønstra på «Polarstar» for å vere med å dokumentere Norsk selfangst ved Newfoundlandsfeltet i 1968. Selfangstmotstandarane hadde nett kome på bana med Brigitte Bardot og andre kjendisar i spissen. Stein Ørnhøi ville ut å dokumentere og sjå alle sider av saka. Ørnhøi har tidlegare gjesta museet med foredrag om denne turen. Filmen som syner klargjering, overfart, fangst og levering var vist i tre episodar på NRK i 1968. Denne søndagen viser museet alle tre episodane på til saman 90 minutt. Filmen vert vist kl. 13 og kl. 15.

I år var det berre ei skute på fangst i Vesterisen, «Havsel» frå Alta. Vanskelege forhold gjorde at det vart liten fangst. Tilgangen på kjøt er derfor svært avgrensa, så det er ein eksklusiv meny i Brandal denne dagen!

|

Polarkveld om Søraust-Grønland

john_gi_ver_kjem_til_ishavsmuseet_med_foredra.jpg

Fredag 16. september kl. 19.00

Ishavsmuseet byd igjen inn til ei ny runde med polarkveldar komande fredag. Denne gongen skal vi til søraust-Grønland, og det er John Giæver som tek oss med på tur.

John Giæver jr. er son av den legendariske fangstmann og forfattar John Giæver sr, som overvintra mange år på Grønland.

Første gang Giæver jr. var på Grønland var han 15 år og mannskap på «Polarbjørn». Då den forliste i Grønlandsisen i 1957 var John Giæver jr. mønstra som mannskap. Dette var hans tredje tur som mannskap på sommartur med «Polarbjørn», sjølv om han var berre 17 år denne turen.

I dei seinare år har John hatt fleire reiser i farens fotspor på Grønland og i Antarktis.

John Giæver har trekt fulle hus på Ishavsmuseet ved tidlegare besøk med foredrag. Denne gongen er det altså Søraust-Grønland det handlar om.

Han var sommaren 2013 med den tidligare redningskryssaren M/S «Hagbart Waage» på ein fem vekers tur til Søraust-Grønland.

På byrjinga av 30-talet tilspissa situasjonen på Grønland seg og nordmenn, mellom anna frå Brandal, okkuperte delar av Aust-Grønland. Peter S. Brandal utrusta eigen ekspedisjon i 1932. Meininga var å okkupere land der før Danmark gjorde det og stengde nordmenn ute for fangst. Dette førte til at Danmark klaga okkupasjonen inn for folkerettsdomstolen i Haag, som dømde mot Noreg 5. april i 1933.

I løpet av okkupasjonen vart det oppretta ei rekke norske radio- og meteorologiske stasjonar, mellom anna Brandalsbu, Finnsbu og Torgilsbu.

John Giæver som er ein glitrande foredragshaldar, vil vise film og fortelje om den historiske turen med «Hagbart Waage»,  i same leia, for å sjå etter spor frå dei gamle fangststasjonane i området Skjoldungen – Prins Christiansund. Denne historiske turen til området,  i 2013, gjekk altså 80 år etter dommen i Haag.

Etter foredraget til Giæver vert det servert Biff a’la Lindstrøm i kafeen på museet. Påmelding for dei som vil ha middag og mimre utover kvelden.

|

Program Ishavsmuseet hausten 2016

Kvar torsdag fram til og med 27. oktober (i første omgang), potetball med tilbehøyr kl. 14-18. Nytt høve til å sjå deg rundt i utstillingane.

Laurdag 3. september: Avduking statue Peter S. Brandal kl. 15.00

Søndag 11. september: Ope kl. 12-17. Filmframsyning «Til verdens nordligste fiskefelt», fiske og forsking ved Svalbard og Jan Mayen i 1935 og 1936. Søndagsmiddag med lammesteik og omnsbakte grønsaker.

Fredag 16. september: Polarkveld med John Giæver kl. 19.00 med film og foredrag frå ekspedisjon til søraust-Grønland i 2013. Servering i kafeen etter foredraget, på menyen står Biff a’la Lindstrøm.

Søndag 18. september: Ope kl. 12-17. Filmframsyning «En reise til ishavet», på fangst i Vesterisen 1976. Søndagsmiddag med  Dåhjort i kafeen.

Søndag 25. september: «Selkjøtdagen!». Selkjøt er ein fantastisk ressurs, og denne dagen vert selkjøt servert i mange spanande både kjende og ukjende variantar. Filmframsyning: NRK-filmen om Polarstar sin tur på Newfoundland i 1968 med Stein Ørnhøi. (90 minutt). Filmen vert vist kl. 13 og kl. 15

Søndag 2. oktober: Ope museum kl. 12-17. Søndagsmiddag med Kjøtkaker. Filmframsyning: «En tur til Svalbard i 1950» av Per Høst.

Søndag 9. oktober: Ope museum frå 12-17. Søndagsmiddag med sosakjøt. Filmframsyning: Med Polarbjørn til Nordaust-Grønland i 1932. Første flykartlegging på Grønland.

Fredag 14. oktober: Polarkveld med polarhistorikar Kjell Kjær. Foredrag og boklansering «Ishavsfarerne 1859-1909». Servering av klippfisk med godt tilbehøyr i kafeen etter foredraget.

Søndag 16. oktober: Ope museum 12-17. Søndagsmiddag med fårikål og filmframsyning: Med den Franske Greve Gaston Micard på ei overvintring i Loch Fine på Nordaust-Grønland med ishavsskuta «Quest» som han hadde leigd til overvintrings-ekspedisjon i 1937-38.

Søndag 23. oktober: Ope museum kl. 12-17. Familiebuffet med kalde og varme rettar. Omvising i utstillingane kl. 13 og kl. 15.

Søndag 30. oktober: «Sel, sild og suppe». Kvardagsmat i Brandal for 100 år sidan, i dag festmåltid på den finaste restaurant. Sel og sild i ulike variantar, havresupe. Siste ordinære opningsdag på Ishavsmuseet i ein utvida 2016 sesong. Film frå sildefisket.

Fredag 4. november: Lutafisk-kveld med Ishavsmuseets Venner.

Laurdag 19. og søndag 20. november: Julemesse med mange spanande salsstandar.

 

Følg med på www.ishavsmuseet.no og www.facebook.com/aarvak for nærare program.

 

|

Avduking av statue av Peter S. Brandal

Ishavsmuseet heidrar selfangstpioneren og industribyggaren Peter S. Brandal ved å reise statue av han ved museet. Avduking av statue laurdag 3. september kl. 15.00.

Det er Svein Harberg, leiar i Stortingets familie- og kulturkomite, som skal stå føre den høgtidssame avdukinga. Men i programmet er også Ulstein mannskor, Hjørungavåg Brass og ordførar Anders Riise. På museet vert det servert selkjøtgryte og bacalao både laurdag og søndag mellom kl. 13-18.

|

Bacalao & Tapas
Laurdag 27. august kl. 20.00

Under Brandalsdagane byr Ishavsmuseets Venner inn til sosialt samvær med bacalao & tapas laurdag 27. august kl. 20.00. Utetter kvelden vert det konsert med Stig Ulv. Påmelding til museet. Mat og konsert kr. 300,-

|

Ny runde med potetball

Frå torsdag 18. august startar vi opp igjen med den populære "torsdagsballen". Potetball med alt av godt tilbehør i kafeen kvar torsdag kl. 14-18. Ishavsmuseet ope frå kl. 11.00

|

Ishavsmuseet er ope kvar dag frå 11.00 til 17.00. I kafeen finn du nysteikte vafler og kaffi. Velkomen til ein dag blandt moskus og isbjørn

"Signalhorn" har kome på plass i utstillinga "Svart gull i Brandal City".

st_le_signalhorn_rolf.jpg

Skutemodellen av "Signalhorn" har kome på plass i utstillinga "Svart gull i Brandal City". "Signalhorn" var i 1916 avgarde og henta første lasten med kol frå Kings Bay.

Då Peter S. Brandal i 1916 gjorde den første turen til Kongsfjorden på Svalbard for å finne ut om kolforekomstane der var drivverdige, var «Signalhorn» eit av fartøya. Skipper var Johan P. Brandal.

Denne turen var med på å leggje grunnlaget for gruvedrifta i Ny-Ålesund, eller Brandal City, som var første namnet på staden. Den andre skuta som gikk i lag med «Signalhorn» var ishavsskuta «Polaris» med skipper Bertel Chr. Landmark. Til saman hadde dei to skutene med 300 tonn kol, spadd ut med handemakt.

«Signalhorn» var bygd av tre ved Hans Gravdals båtbyggeri i Opsanger i Sunnhordaland i 1914. Skuta fekk namn etter eit fjell i reiaren Peter S. Brandal si heimbygd.

|
Torsdag 5. mai Kristi himmelfartsdag

Kristi himmelfartsdag serverer Ishavsmuseet potetball i kafeen kl. 13-17. Få også med friluftsgudsteneste på Kvitneset denne dagen.

Søndag 1. mai

Søndag 1. mai er det søndagsmiddag og film i foredragssalen. Filmen som blir vist er: "Polaris" til Grønland i 1932. Servering av svinesteik med tilbehør frå kl 13.00. Museet er ope frå 12.00-17.00.

Foredrag og boknasild under polarkveld på Ishavsmuseet 22. april kl. 19.00

Stein Ørnhøi kjem til Ishavsmuseet 22. april
Stein Ørnhøi kjem til Ishavsmuseet 22. april

Med kamera, headset og hakapik i isen

Det er Stein Ørnhøi som kjem til Ishavsmuseet fredag 22. april kl. 19.00 med foredrag om sin tur med «Polarstar» til Newfoundland i 1968. Foredraget er ei historie om då NRK-TV vart med på selfangst ved Newfoundland. 

Stein Ørnhøi skulle vere kjent for dei fleste av oss. Han sat på Stortinget for SV i to periodar, frå 1977 til 1985, og har jobba for NRK-TV frå midt på 1960-talet. Den seinare tid har han vore politisk ekspertkommentator for både NRK og TV2.

Det var Brigitte Bardot som sendte oss i isen på selfangst, seier Stein Ørnhøi. Då den pelskledde filmdiva - Frankrikes svar på Marilyn Monroe - kasta seg på den internasjonale kampanjen mot selfangst, vart det litt vel mykje for svært mange. I alle fall her i Noreg. Og ettersom det unge norske fjernsynet såg det som ei viktig oppgåve å synliggjere norsk virke og kvardagsliv på ein saklig måte, var det også ei naturlig oppgåve å gi eit nøkternt bilde av kva som verkeleg forgjekk i isen. Den internasjonale kampanjen gav openbart eit lite dekkande bilde av ei næring som var viktig for Sunnmøre og store deler av Nord-Noreg. Det var derfor full støtte frå Fjernsynets leiing då forslaget om å reise på selfangst vart lansert.

NRK-teamet vart påmønstra som vanlege fangstfolk. Det var vist mest praktisk slik, minnest Ørnhøi, når og vist vi skulle møte Canadiske myndigheiter. Ørnhøi vart også imponert over mannskapet si utholdenheit, og rosar dei for kameratskapet dei viste til desse underlege NRK-folka som var overalt og filma i alle merkelege situasjonar. Men vi hjelpte også til med jolling av skinn, seier han.

Det vart laga tre program for fjernsynet etter denne turen, og det første vart vist på NRK i oktober 1968. Dessutan vart det laga eit internasjonalt program, eit konsentrert program som var eit utdrag av desse tre programma vi laga. 

Turen til fangstfelta ved Newfoundland var ei stor investering for det unge norske fjernsynet. Men eg trur alle meinte at det var ei god investering. Programma frå «Polarstar» gjekk rett inn i ein nasjonal og internasjonal debatt om jakt og fangst. Vi fekk vist at norske fangstfolk var dyktige og profesjonelle. Dessutan fekk vi gitt eit bilde av ei viktig norsk næring, seier Ørnhøi, som gler seg til å kome attende til Brandal fredag 22. april.

Etter foredraget vert det servert boknasildmiddag med mjølkesupe i kafeen på Ishavsmuseet. Påmelding til middag. Boknasild har alltid vore populært, og her kan det vere lurt å vere tidleg ute å tinge plass.

|

Sesongopning

Søndag 17. april kl. 12.00 opnar Ishavsmuseet dørene for ny sesong. Denne dagen syner vi film frå ein ekspedisjon med "Polarbjørn" (II) til Jan Mayen og Aust-Grønland kl. 13 og kl. 15. I kafeen vert det servert søndagsmiddag med kjøtkaker & riskrem, kaffi og kaker. Ope til kl. 17.

|

Polarkveld fredag 11. mars kl. 19.00
"Selfangst i nyare tid"

Arild Ulstein med Polarstar i bakgrunnen ved Newfoundland i 1977
Arild Ulstein med Polarstar i bakgrunnen ved Newfoundland i 1977

Arild Ulstein som er selfangar og slaktar gjestar Ishavsmuseet med foredrag komande fredag. Han har erfaring med human avliving både på land og på ishavet. Han var som 20 åring førstereis om bord i «Jan Mayen» i 1968 på ein tur der det meste gjekk gale. Dei var ikkje komne langt av land før ein brottsjø gjorde stor skade på skuta. Seinare på turen var dei sakna i fire døgn, og dramatikken følgde dei til etter dei var komne til lands igjen. Denne turen og mange andre turar på ishavet får vi høyre meir om under foredraget hans på Ishavsmuseet fredag 11. mars kl. 19.

Men han fekk ikkje skrekken av denne første dramatiske turen, og totalt vart det seinare 20 turar på selfangst for Arild Ulstein.

Han har såleis lang erfaring som selfangar på skuter som «Polarstar», «Jan Mayen» «Skår Senior», «Polarsirkel», «Harmoni» og fleire. På Ishavsmuseet denne dagen vil han syne bilde og fortelje frå dei fleste av desse turane. Med sin bakgrunn som slaktar dreg han samanlikningar frå avliving av dyr frå slakteriet til ishavets ville is-øyder. Han samanliknar desse to felta og fortel kvifor hakapiken er den mest humane til avliving av sel, og fungerer på same måte som boltepistolen på eit slakteri. Slakting er inga underhaldning, seier Arild, det har det aldri vore på verken land eller is. Men han brenn for selfangstsaka, sel er ein flott ressurs og han er uroa over utviklinga om ikkje selfangsten får fortsette. Mitt i den hardaste seldebatten i førstninga av 1990-talet deltok han i fleire debatt program på fjernsynet grunna sine erfaringar som fangstmann, slaktar og si interesse for selfangsten.

I dag driv Arild Ulstein Ålesund Havfiskesenter.

 Frå gamalt av gjekk skutene til Vesterisen rundt den 10. mars. Etter foredraget til Ulstein vert det «avseilarfest» i museums kafeen med servering av ishavets festmat; Saltkjøt, flesk og erter. Påmelding til Ishavsmuseet for festmat.

|

Ishavsmuseet årsprogram 2016

Ishavsmuseet Aarvak ynskjer velkomne til eit variert program på museet i 2016. Vi meina å ha eit godt og variert tilbod til både små og store utetter året. Fleire arrangement vil kome til.

 

Fredag 29. januar kl. 19.00

Polarkveld: Per Kyrre Reymert med foredraget Ny-Ålesund - frå gruveby til forskingsbase.

Servering av klippfisk med tilbehør etter foredraget.

Fredag 19. februar kl. 19.00

Polarkveld: Audun Tholfsen med foredrag om "FRAM-2014/15"-ekspedisjonen. Audun Tholfsen dreiv, i lag med Yngve Kristoffersen, med isen om bord i luftputefartøyet «Sabvabaa» frå Nordpolen til Grønland.

Servering av fersk torsk med alt av godt tilbehør

 Fredag 11. mars kl. 19.00

Polarkveld: Arild Ulstein fortel og viser film frå fleire fangstfelt og fleire skuter på selfangst. Bl.a «Jan Mayen», «Polarstar» og «Melshorn».

Servering av saltkjøt, flesk og erter etter foredraget

 Søndag 17. april kl. 13.00

Sesongopning med søndagsmiddag, kaffi og kaker.

Film i foredragssalen, med «Polarbjørn» (II) på ekspedisjon til Jan Mayen og Aust-Grønland.

 Fredag 22. april kl. 19.00

Polarkveld: Stein Ørnhøi med foredraget «Med hakapik og filmkamera i sekken». Stein Ørnhøi var med «Polarstar» som NRK journalist på selfangst i 1968.

Servering av boknasild med tilbehør.

Søndag 1. mai kl. 13.00

Søndagsmiddag og film i foredragssalen, med «Polaris» til Grønland i 1932.

Torsdag 5. mai kl. 13.00

Potetball med alt av godt tilbehør i kafeen, Gudsteneste på Kvitneset.

 Tysdag 17. mai kl. 13.00

Svinesteik og rjomegraut i kafeen.

 Fredag 20. mai kl. 19.00

Polarkveld: polarhistorikar Kjell Kjær frå Vannareid i Troms med foredraget «Ishavsfarerne» om utviklinga i selfangsten frå 1859 til 1909. Kjær har skrive bok med same tittel. I boka har han eit eige avsnitt som heiter: «Brandal, - bygda som ble Norges selfangsthovudstad».

Bacalao-buffet med ulike bacalaotypar i kafeen.

 Torsdag 23. juni kl. 15.00-18.00

Rjomegraut i kafeen.

 Søndag 3. juli

Gudsteneste frå dekk på «Aarvak»

Søndagsmiddag med sosakjøt i kafeen.

 Laurdag 3. september

Markering av Brandal City 100 år. Avduking statue av pioneren Peter S. Brandal. Eige program kjem. Servering i kafeen laurdag og søndag.

 Fredag 16. september kl. 19.00

Polarkveld: John Giæver med film og foredrag frå ekspedisjon til søraust-Grønland i 2013. Servering i kafeen etter foredraget

 Søndag 25. september kl. 12-17

«Selvsagt er det sel»! Middag med selkjøt i mange spanande variantar. Film frå selfangst.

 Fredag 14. oktober kl. 19.00

Polarkveld.

 Søndag 23. oktober frå kl. 13.00

Søndagsmiddag.

 Fredag 4. november kl. 19.00

Lutafisk-kveld. Ishavsmuseets Venner byd inn til etargilde med Lutafisk og alt godt av tilbehør. Meir program kjem.

 Laurdag 19. og søndag 20. november

Julemesse. Den populære og årvisse kunst og håndtverksmessa er opa laurdag kl. 11-17 og søndag 12-17. Middag, kaffi og kaker.

|
Forhånd.1234567...11Neste

 

Opningstider

April, Mai, September & oktober
Frå 15. april til 20. oktober
Kvardagar 11:00 – 16:00
Laurdag & søndag 12:00-16:00
Juni, Juli & August
Alle dagar 11:00 – 17:00
Inngong Vaksne Kr. 75 / Born Kr. 35


Kontaktinformasjon

Adresse
ISHAVSMUSEET AARVAK
6062 Brandal

Kontakt
Tlf. kontor 70 09 29 00 
Tlf. 70 09 20 04
Mob. 951 17 644
post@ishavsmuseet.no

Design: Osberget ASPowered by: Osberget CMS