MENY

ishavsmuseet_aarvak___logo.png

Fårikål og avslutning

Søndag 19. oktober byr Ishavsmuseet på søndagsmiddag med fårikål frå kl. 13.00 til kl. 16.30. Dette vert også siste ordinære dagen museet er vanleg ope denne sesongen. Det er såleis også siste sjans til å sjå utstillinga "Grønland for 100 år sidan" som no står i Aarvakhuset, så skal utstillinga vidare til andre institusjonar.

«Sjølvsagt er det sel!»

Søndag 28. september byr Ishavsmuseet på sel til middag frå kl. 12-17. Ishavsmuseet si alltid så populære selkjøtgryte står sjølvsagt på menyen. Det gjere også «Tornedå» av selbiff med fløtegratinerte poteter og peparsaus a’la blueback, marinert selkjøt i pitabrød og røykt selkjøt i lefse. Fleire delikatesser å prøve seg på her med andre ord.

«Nauta godt!» seier styrar ved Ishavsmuseet Webjørn Landmark om denne menyen. Selkjøt er eit fantastisk godt og mørt kjøt. Selkjøt kan likne litt på kval, men er endå betre og mørare. Kjøtet av årets fangst i Vesterisen var av ypparste klasse og godt stelt av mannskapet på «Havsel» som leverte fangst i Tjørvåg tidligare i år.

Hendinga på Ishavsmuseet denne søndagen markerer avslutninga på ein fin sommarsesong ved museet der besøket av turistar stadig har vore aukande. Landmark opplyser at sesongen ved museet ikkje er heilt over, museet har nemleg valt å forlengje sesongen og den faste opningstida til den 20. oktober. Søndag vert det vist film frå selfangst i undervisningssalen, og det er framleis høve til å sjå vandreutstillinga «Grønland for 100 år sidan» i Aarvakhuset.

 

|

«Et liv i isen»

Polarkveld med Jan Ove Ekeberg 10. oktober kl. 19.00

Jan Ove Ekeberg kjem til Ishavsmuseet fredag 10. oktober
Jan Ove Ekeberg kjem til Ishavsmuseet fredag 10. oktober

Tema på polarkvelden denne gongen er polarkokken Adolf Henrik Lindstrøm.

Det er forfattar og journalist Jan Ove Ekeberg som er foredragsholdar på Ishavsmuseet denne kvelden. Ekeberg har stor interesse for det polare, og har skrive ei framifrå bok om polarkokken Lindstrøm.

Jan Ove Ekeberg har 30 års erfaring som journalist frå fleire aviser, NRK og TV 2. Han har ein mastergrad i statsvitskap frå USA. No leiar han økonominyheitene på TV 2 Nyheitskanalen. I tillegg er han ein dyktig foredragshaldar. Jan Ove Ekeberg debuterte som forfattar med biografien om Gro Harlem Brundtland i 1996. Totalt har han skreve, eller vore medforfattar til, fem biografiar, ein norgesbok, to skjønnlitterære romanar og tre syngespel.

Adolf Henrik Lindstrøm

«Han har ydet de norske polarexpeditioner større & værdifullere tjenester enn noen annen mann.» Det skreiv Roald Amundsen om Adolf Henrik Lindstrøm under oppholdet på Framheim, siste utpost før erobringa av Sydpolen i 1911.

Adolf Henrik Lindstrøm (1866-1939) er den nordmann som har lengst fartstid i Arktis og Antarktis. Han deltok på alle dei store, klassiske polarekspedisjonane med Nansen, Amundsen og Sverdrup. Han var også den første som segla rundt heile det amerikanske kontinentet.

Lindstrøm var en glimrende kokk. Hans «Biff à la Lindstrøm» står fortsatt på mange menyar, og vart i åra rundt første verdskrig servert på alle Grand-hotell i Nord-Europa. I tillegg samla Lindstrøm stein, pressa blomster og preparerte skinn for samtidas fremste naturvitskapsmenn. Og han var ein erfaren sjømann, ein god jeger, skiløpar og hundekjører.

Med sin menneskelige varme og enkle kvardagspsykologi skapte han heimleg atmosfære på dei mest forblåste plassar på jord. Også dei store, nasjonale heltane kom til han med sine syrgjer og bekymringar. Lindstrøms uoppslitelege humør gjennom månadar og år med sprengkulde, mørketid og isolasjon gjorde han svært verdifull ute i isøydet.

Som vanleg er vert polarkvelden avslutta med middag for dei som ynskjer dette. Denne gongen er det naturlegvis «Biff à la Lindstrøm» som står på menyen. Påmelding for mat.

|

Polarkveld fredag 10. oktober kl. 19.00

Foredrag ved Jan Ove Ekeberg. «Et liv i isen», om polarkokken Adolf Henrik Lindstrøm. Polarinteresserte Ekeberg har forfatta mange bøker, men er kanskje mest kjent som nyheitsanker på TV2. Middag etter foredraget.

|

Polarkveld på Ishavsmuseet 26. september kl. 19.00

Bjørn Fredriksen med film frå Jan Mayen på Ishavsmuseet

Polarbjørn lossar utstyr på Jan Mayen
Polarbjørn lossar utstyr på Jan Mayen

Da jeg ankom Hvalrossbukta i Juni 1968, lurte jeg virkelig på hva jeg hadde gitt meg ut på.

Ett års kontrakt i denne ødemarka!?

Men etter kort tid endret dette synet seg totalt. Jan Mayens natur er vill og utilnærmelig. Svarte, skarpe lavaformasjoner stiger mot himmelen. Ikke en busk eller et tre som kan gi ly. Et tynt moselag gir et grønnlig skjær til de åsene der mosen har klart å klore seg fast. Om vinteren prøver stormene med alle midler å blåse alle «inntrengere» til havs. Men de dagene da skyene ikke ligger i bakkehøyde, eller tåka er tykk som suppe, eller snøfokket hindrer en å se fingrene på en utstrakt arm, da er det ubeskrivelig.

Å se Beerenberg strekke sitt mektige vulkankrater til 2277 m høgde, mens sola reflekterer lyset fra snøhvite breer, det kan ikke beskrives. Det må oppleves.

Det er Bjørn Fredriksen sine ord om Jan Mayen.

Bjørn Fredriksen er leiar i Ishavsforeningen Jan Mayen. Han var på Jan Mayen i 13 månader i tida 1968 – 1969 som teknikar på Loran C stasjonen.

I løpet av desse månadane tok han fleire tusen meter super 8mm film samt ei masse foto.

I 2003 starta han arbeidet med å digitalisere filmane sine. Då kom ideen om å prøve å lage ein historisk dokumentar frå JM.

No, etter vel 11 år, viste det seg at det var mogleg. Over 70 bidragsytarar har lånt ut fotos, film og video frå øya. Dette er private og offentlege institusjonar og museum, veteranar frå JM og familiar til dei som har gått bort.

 I vel 2 år satt Fredriksen saman med folk frå Nasjonalbiblioteket i Oslo, og skjøtte saman filmbitane. Den siste filmrullen vart digitalisert i mars i fjor. Han har no laga ein komplett filmdokumentasjon av bygginga av stasjonen frå første spadetak i 1958. Dette inkluderer produksjon av stasjonsmodular hjå Widerøe på Høland og lasting av «Polarbjørn» i Sandvika utanfor Oslo. Lasting av «Polarhav» i Bodø. Overfart til Jan Mayen og lossing i Båtvika.

Dessutan har han med seg korte opptak frå vêrvarslinga si etablering i 1921, via krigsåra og fram til 1958 da LORAN vart etablert.

Fredriksen var god kjenning med Bjarne Brandal, grunnleggar av Ishavsmuseets Venneforeining, og fekk gjennom han mange gode historier om Brandal og Ishavsmuseet. Fredriksen fortel at han i ei årrekkje har hatt lyst å vitje museet på Brandal og gler seg stort til å kome der å vise sine unike historiske filmar.

Etter svært mange førespurnadar består menyen i kafeen etter foredraget denne gongen igjen av saltkjøt, flesk og ertersuppe. Ishavets festbord med andre ord.

Påmelding til museet for middag.                            

|

Familiesøndag 7. september kl. 12-17

Familiesøndag. Aktivitetar for borna i Aarvakhuset. Ragnar Thorseth er på plass med færingen «Brattholm Havila» og fortel om planane om roturen til Shetland i 2015. Film om alle Thorseth sine ekspedisjonar i undervisningssalen. Sal av middag.

Polarkveld fredag 12. september kl. 19.00
Gunnar Myklebust "Ishavet, pelsdyrfangst og vågemot"

Gunnar Myklebust gjestar Ishavsmuseet fredag 12. september
Gunnar Myklebust gjestar Ishavsmuseet fredag 12. september

Gunnar Myklebust er første mann ut i ny runde polarkveldar ved Ishavsmuset denne hausten. Denne polarkvelden er også boklansering frå Samlaget med den rykande ferske boka til Myklebust, Ishavet. Pelsdyrfangst og vågemot.

Gunnar Myklebust er journalist og forfattar. Han har vore utanriksmedarbeidar i NRK, og var i perioden 1993–1997 NRKs korrespondent i USA.

Han har tidlegare skrive boka Tungtvannssabotøren om Joachim Rønneberg.

Ishavet har hatt ei uimotståeleg dragning på nordmenn i fleire hundreår. Ei kald og mektig øydemark som med overveldande prakt og nådelaus natur har lokka generasjonar av eventyrarar og fangstfolk. Villige til å utfordre det ukjente for eit utkome. Eller berre for å oppleve det. I spinkle farkostar eller primitive vinterhytter sette norske fangstmenn livet på spel for draumen om det store varpet. Ishavssoga er full av dramatiske historier om dei som ville og våga, om nyfiken utferdstrong og ufatteleg vågemot. Om dei som lykkast og kom heim, nokre som berre kom heim – og mange som vart igjen der ute.

I boka losar Gunnar Myklebust oss gjennom fleire hundre år med norsk fangsthistorie, frå veidemennene i mellomalderen til den internasjonale kampanjen som knekte norsk selfangst.

Under foredraget sitt i Brandal komande fredag vil han fortelje frå boka og vise ein del av dei mange flotte bilda frå boka. Brandal og Sunnmøre er godt representerte i boka som bør ha stor interesse i vårt område, og finne vegen inn i mange bokhyller denne hausten.

Redaktør i Samlaget, Bente Riise, deltek også under lanseringa.

Det vert rikeleg høve til å kjøpe boka etter foredraget, som byrjar kl. 19.00, på Ishavsmuseet fredag. Og i kjent stil byr museet på god middag etter foredraget. Denne kvelden er det baccalao-buffet med kvit og raud bacalao og heimebaka focaccia brød på menyen. Påmelding til Ishavsmuseet for middagsbestilling.

|

Ishavsmuseet vart for lite

Enorm interesse for polarkvelden med ishavsskuta «Polarbjørn». Dei 180 frammøtte under polarkvelden på Ishavsmuseet fredag fekk med seg to historiske filmar. Opptaka til filmen om bygginga av «Polarbjørn» vart gjort under heile byggeprosessen og syner eit vanvettig arbeid med svære dimensjonar på tømmeret, utan moderne løfteanordningar. Det gjekk med godt å vel 80.000 arbeidstimar til å bygge «Polarbjørn».

 

Unik film

Børre Grønningsæter var første foredragshaldar, og han fortalde at det var hans bestefar, Bernhard Grønningsæter, som eigde og dreiv Bolsønes Verft då «Polarbjørn» blei kontrahert ved verftet. Børre sin far Arne, og hans bror Odd, overtok drifta av verftet i 1950. Far til Børre var ein ivrig hobby fotograf. Både bilde og smalfilm. Filmen om bygginga av «Polarbjørn» hadde han filma i si heilhet. Under polarkvelden fredag forhandla Ishavsmuseet og Grønningsæter fram ein avtale som gjer at denne unike filmen vil verte tilgjengeleg for sal på Ishavsmuseet seinare i år.

Børre har vokse opp, og trakka sine barnesko på Bolsønes, og sidan jobba der fram til konkursen i 1984. Filmen om «Polarbjørn» var forresten sakna i mange år. Den blei funne igjen bak ei bokhylle da min far på sine gamle dager skulle flytte i leilighet, fortalte Børre. Vi fekk då filmen spelt over på VHS, og eg fekk min far til å lese inn kommentarane på filmen. Sjølv om reiaren for «Polarbjørn» pruta ganske kraftig då skuta var ferdig vart det igjen eit ganske imponerande prosentvis overskot til verftet.

17 år og mannskap på tredje året.

John Giæver hadde teke turen frå Oslo denne kvelden for å fortelje om siste turen med skuta. John var mønstra som mannskap dei siste tre sommarekspedisjonane med «Polarbjørn», og denne turen var han 17 år. John var også innom ei spesiell hending han fekk vere med på året før.

I 1956 var «Polarbjørn» i område sør for Myggbukta då meldinga om at «Jopeter» var funnen i god behald i ein fjord på Trailøya. Der kom «Polarbjørn» opp i ei rein kappkøyring med den danske marinekutteren «Teisten» for å nå først fram til «Jopeter». Det gjaldt og vere først for å kunne hevde finnarretten. Men det racet tapte «Polarbjørn». Det oppstod ein tilspissa situasjon då dei ansvarlege på «Teisten» med makt ville hindre Giæver og Marø frå og kome om bord i «Jopeter». Det vart mellom anna truga med våpen. Men konflikta løyste seg, og «Melshorn» kom for å slepe «Jopeter» heim.

Forlis

«Polarbjørn» kom i vanskar og forliste i isskruing utanfor Myggbukta på Nordaust Grønland i august 1957. Skuta var då på den årlige avløysingsekspedisjonen for Norsk Polarinstitutt, Arktisk Næringsdrift AS og Hermann Andresens ekspedisjon. John Giæver var ekspedisjonsleiar og Bernt A. Brandal var skipper, maskinsjef var John E. Storøy. Før foredraget fekk Storøy og Giæver igjen helse på kvarandre.

På veg ut av Grønlandsisen fekk «Polarbjørn» melding om at dei måtte snu og gå inn igjen til land og hente ein av overvintrarane som hadde fått problem. Grunna dette vart «Polarbjørn» sterkt hefta og tapte mykje tid. Kanskje var dette med på å forverre situasjonen og dei møtte ein annan is-situasjon på veg ut andre gongen.

Soknepresten filma

På turen hadde dei med fleire passasjerar. Ein av dei var dåverande sokneprest i Ålesund, seinare biskop i Tromsø, Monrad Norderval. Norderval hadde med filmkamera og filma frå forliset. Giæver synte denne filmen på Ishavsmuseet fredag. Ein såg lite dramatikk på filmen. Skuta låg fint i isen og veret var flott. Det som filmen ikkje synte, var at der den låg, skroget pressa inn av isen, tok den inn 45.000 liter vatn i timen. Etter ei tid minka dette til 15.000 liter og pumpene klarte å halde den slik. Men det var ikkje råd å berge skuta, og isen var for teit til at andre kunne kome inn.

Amerikansk redning

Passasjerar og mannskap vart henta ut av eit amerikansk helikopter som var stasjonert på Grønland. Helikopteret var stasjonert i Thule, men vart frakta i eit større transportfly til flyplassen i Mestervig. Helikopteret flaug derifrå og henta folka frå «Polarbjørn» frå isen. Dei måtte flyge tre tura før alle var evakuert inn på land. Ingen fekk ha med meir enn maks fem kilo i helikopteret, men Giæver kunne fortelje at mange hadde lagt på seg veldig mykje før flyturen, i form av å ha på seg tre bukser og sju skjorter.

Før dei gjekk ut frå Brandal hadde John fått lånt eit godt fotoapparat med reiar Peter Karlsen. Dette vart flittig brukt, men då «Polarbjørn» kom i vanskar var det tomt for film. Frå ein av mannskapet på det amerikanske helikopteret hadde Giæver fått ein Kodak positiv fargefilm og fått hjelp til å montere og stille inn kameraet. Giæver fekk ta 36 bilde frå evakueringa, og desse synte han fram fredag. Farge lysbildefilm var heilt nytt, og han måtte sende filmen til utlandet for å få denne framkalla.

Etter foredraget var det heile 90 personar som fekk seg saltkjøt, flesk og erter i museumskafeen. Museumsstyrar Webjørn Landmark er overvelda av den store interessa rundt polarkvelden, men samstundes lei seg for at så pass mange ikkje fekk plass denne kvelden. Men dette er dessverre ikkje noko vi kan gjere noko med, seier han. Ishavsmuseet vart rett å slett for lite denne dagen.

|

NY BOK FRÅ ISHAVSMUSEET: «Soga om Aarvak»

soga_om_aarvak_front.jpg

Ishavsmuseet er ute med bok nr. seks i serien «Skuter av tre – mannskap av jern». «Soga om Aarvak» fortel den spektakulære historia om ishavsskuta Aarvak som fyller 100 år. Hundre år med eventyr, spaning og dramatikk i isen. Historia om dei modige menn som valgte livet på ishavet, og om gutane som nykonfirmerte mønstra på Aarvak. Utan eit snev av tvil i sjela kasta dei loss og reiste ifrå sine kjære.

Dei hadde berre håpet å halde seg fast i no.

I denne boka kan du lese historiene. Fortalt av dei som sjølv var med Aarvak. Dei som fekk kjenne på kroppen kva det ville seie å vere fangstmann i isen. Dei som opplevde stormane, uvêr, og å sitje fast i skruis. Dei som hadde familier, koner og mødre heime som venta i uvisse på om dei kom attende like heile. Vi får vere med Aarvak på selfangst, sildefiske, trålfiske og sommarekspedisjonar til Grønland.

«Soga om Aarvak» inneheld også dagbøker heilt tilbake til starten i 1912, fram til siste ishavstur i 1981. Vi får vere med på ein seglas gjennom 100 år. Forfattarar i boka er Johannes Alme, Beathe Holstad, Webjørn Landmark, Anna Josefin Jønsson med fleire.

Aarvak tek oss i dag framleis med på eventyr, no som museumsskute ved Ishavsmuseet på Brandal. Ho står der som eit levande minnesmerke over kvardagsheltane som kjempa mot isen og vêrgudane i det kalde nord.

Ho er i dag med på å synleggjere, og fortelje om den viktige historia om selfangstnæringa på Sunnmøre.

KR. 339

Nye polarbøker

Har du hugsa å fylle opp med polarbøker til ferien?

Meir enn 20 nye polarbøker er no lagt til i vår polar nettbokhandel. Klikk deg inn på linken til venstre å sjå vårt rikhaldige utval.

|

Vellukka sesongopning.

Ordførar Anders Riise klipper snora og opnar den nye båthallen. Styreleiar i Ishavsmuseet Trygve Holm passar på at snora er stram.
Ordførar Anders Riise klipper snora og opnar den nye båthallen. Styreleiar i Ishavsmuseet Trygve Holm passar på at snora er stram.

Torsdag 1. mai stod Hareidsordførar Anders Riise for sesongopninga av Ishavsmuseet Aarvak. Nytt av året er mellom anna ein ny båthall, med bord frå ein sunnmørsk ottring på veggen, og ei heilt ny 4. etasje.

Den siste tida har det vore hektisk på Ishavsmuseet, for å gjere klart til den nye sesongen. Det har vore ombyggingar og forandringar i alle etasjene, og i den nye 200 kvadratmeter store utstillinga i første etasje har fem båtar fått plass, i tillegg til mykje anna fangst og fiskeutstyr.

Ordførar Anders Riise var på plass og klipte snora for å erklere den nye båthallen og museet for opna. Riise sa til dei frammøtte at han er stolt over alt som Ishavsmuseet og Hareid kommune har å vise fram frå den tidlegare maritime historia. Riise hadde også med seg skøte på tomtegrunnen der Ishavsmuseet står. Skøta overrekte han til museet som ei gåve frå Hareid kommune.

Nytt av året er også at fjerdeetasje er innreidd og klar til bruk. Her blir det utstillingar og plass til å sjå film, bilete eller blade i historiebøker. Utstillinga om Svalbard er flytta ei etasje opp og blitt utvida med fleire av ishavsøyane. 

Dagleg leiar ved Ishavsmuseet, Webjørn Landmark, fortel at det har vanka mange gratulasjonar frå nøgde besøkande.

-Utstillingane blei svært godt mottatt. Vi har mykje nytt og spanande og vise fram, og det ser ut til at folk har fått med seg det. Eg er overtydd om at satsinga vi no gjer vil løfte museet endå eit steg opp og fram, fortel Landmark.

Før den offisielle sesongopninga fortalde fagkonsulent Håvard Hatløy levande om sunnmørsbåtane, og dei spesielle borda frå ein åttring som no har fått plass på veggen i den nye båthallen.

Borda var i mange år bordkledning på eit naust på Raffelneset, før ein fann ut at det stamma frå ein åttring. Ein åttring var ein av dei mange ulike båttypane sunnmøringane dreiv fiske langt til havs med i generasjonar.

Ishavsveteran Tormod Jensen trekte fullt hus på Ishavsmuseet

tormod_jensen.jpg

145 frammøtte fekk med seg eit foredrag fullt av dramatikk når Tormod Jensen vitja Ishavsmuseet fredag 21. februar.

Hinlopenstredet, Svalbard, 19. juli 1958. Klokka har passert fem om morgonen. Tormod Jensen frå Tromsø, 16 år dette året, har nattevakt om bord på ishavsskuta «Forland». Det er mykje stor is rundt skuta.

Tormod var skuleelev, men om somrane har han teke sommarjobb på Ishavet. Sjølv om Tormod er ung, er det allereie hans andre ishavstur. Seinare skulle det verte 22 turar på ishavet, sommar og vinterfangst. 19. juli 1958 forliste ishavsskuta M/K «Forland» sør for Edgeøya på Svalbard. I tre veker kjempa mannskapet for livet.

 

Turen starta frå Tromsø 26. juni, med stopp i Tromvik før kursen vart sett til Storfjorden vest for Tusenøyane på Svalbard. Det var 7 mann i mannskapet denne turen. Dei vart møtte av mykje is i området som gjorde fangsten vanskelig. Etter som isen slakka opp, vart det fangst på storkobbe og isbjørn.

Trass dei vanskelege is-forholda har dei fanga 147 storkobbar og 50 snadd (ringsel). Karane har dessutan skote 27 isbjørn. I bur på dekk har dei to isbjørnungar som skal til Carl Hagenbecks zoologiske hage i Hamburg.

Etter kvart som isen slakna, gjekk MK «Forland» gjennom Heleysundet, eller Orm-hòlet som fangstfolk kalla det. Om morgonen den 19. juli kjem eit stort isfjell drivande og treff MK «Forland». Foten av isfjellet hadde gått inn i maskinromet og det var totalhavari på fartøyet. Det var ikkje tid å sende ut naudsignal, og fartøyet vart forlate. Dei bergar med seg fem Krag-Jørgensen gevær, 500 rifleskot, ei hagle og 100 haglpatroner. Gevær og ammunisjon er viktig. Dei kan skaffe mat når provianten er brukt opp. Dei veit ikkje når og om dei vert berga.

Skipper Werner Wilhelmsen har gjeve ordre om at ingen lenger må gå ned i lugaren. Dersom isen brått slepp taket, vil den skada skuta søkkje som ein stein.

Ein strabasiøs tur over landisen starta, der livbåten vart dregen over isen i 17 timer. Her låg ei hytte som Tormod var kjent med frå året før. Dei låg i den hytta i 11 døgn før dei prøvde å gå nordover i Hindlopenstredet.

Etter 11 døgn, med usikkerheit om det meste, letta isen sopass mykje at dei kan fortsette.

Men kvar skal dei sette kursen? Skipper Werner Wilhelmsen veit at det fins folk lenger nord på Svalbard i høve det internasjonale geofysiske året, er det etablert ein nordisk stasjon i Murcisonfjorden på Nordaustlandet.

For å kome dit må dei gjennom det berykta Hinlopenstredet nordover. Det viser seg umulig. Isen er for kompakt. Dei snur, går i land på Bastianøya og laga seg ein gapahuk i fjøra. Der fyrer dei på eit stort bål som dei vaktar på skift gjennom natta.

Dei planla å ro sørover gjennom Heleysundet. Det vart roturar frå 15 til 29 timer. Mat var det lite av, dei skaut 2 reinsdyr og ein kobbe. Stuerten hadde berga med seg 2 kasse øl samt 50 kg kveitemjøl. Øl brukte han som hevingsmiddel når han baka brød.

Det vert 7. august 1958. 19 døgn har gått sidan «Forland» vart knust av isen. Før eller seinare vil dei nå polakkane i Hornsund, meiner dei. Ingenting tyde på at nokon har starta å leite etter dei.

Når forholda tillèt det, prøvar dei å seile. Men største tida må de ro. Vann-blemme og støle lem blir resultatet.

Den 9. august når dei fram til sør spissen av Svalbard der dei må søkje naudhamn og ta inn i ei hytte på grunn av sterk vind. Maskinisten, Olav Wilhelmsen, kikrar flittig ut glaset. Kanskje kan dei vere heldige å sjå andre fangstskuter eller fiskebåtar der.

Redninga er der ute, men ingenting tyder på at mannskapa er oppmerksame på det forliste mannskapet inne ved land.

Mennene tenner på nytt eit stort bål, men ishavsskodda hindrar sikta. Skipper Werner Wilhelmsen kjem til at dei skal ta seg ut til fiskebåtane sjølve. Dei pakka saman utstyret og ror ut frå land.

– Dersom dei går utan å oppdage oss, er det Bjørnøya neste, seier skipperen.

Lukka var at fiskebåtane heldt seg i ro. Mennene frå «Forland» legger til ved «Andholmen» frå Bø i Vesterålen.

Om bord held ein 15-åring ankervakt medan resten av mannskapet søv ut, utsletne etter fleire døgns fiske. Den unge vakta høyrer bråk langs skutesida, og får brått sjå nokre skitne og fele menn som tek seg om bord. Vakta spring straks ned i lugaren og let att dørene etter seg. Kanskje fordi han trudde det var «hinmannen» sjølv som har skreva over rekka, men kanskje også for å vekke dei andre.

– Vi har eit lite småbruk her inne, fleipa Bjørn Schwenke til den skremte ankervakta.

Det var gått 25 døgn sidan «Forland» forliste. No vert det avtala at Sysselsmannsbåten «Nordsyssel» skal hente karane og få dei til Longyearbyen.

Etterpå kom det fram at ein islos som var på oppdrag for Norsk Polarinstitutt, hadde forsøkt å få i gang ein leiteaksjon etter «Forland».

Etter foredraget vart det ei skikkeleg «torske-mølje» i museums-kafeen, der stuerten hadde laga fleire store gryter med fersk torsk med lever, rogn og kams. Heile 80 personar nytta tilbodet og fekk seg torskemiddag etter foredraget.

Grillkveld med Ishavsmuseets Venner

Ishavsmuseets Venneforeining byr inn til grillkveld på Ishavsmuseet laurdag 23. august frå kl. 19.00

Våre grillkokkar, Silje og Tore Vinjevoll, har mange godbitar på grillmenyen denne kvelden. Ronald Øvrelid står for musikalsk underhaldning utetter kvelden.

|

Populær polarkveld på Ishavsmuseet 31. januar.

Trygve Brandal trekte nær fullt hus då han kom heim til sine eigne i ishavsbygda 31. januar. Med seg hadde han føredraget «Den første moderne fiskeflåten. Skøytetida i Hareid og Ulstein 1800-1900.»

Trygve kalla seg sjølv for ein bortblesen brandøling, oppvaksen i ishavsbygda, no busett i Hjelmeland i Ryfylke, og arbeider som førstekonservator ved Ryfylkemuseet. Trygve opna ei lang rekke polarkveldar som kjem dette året.

For meir enn 30 år sidan studerte han historie i Bergen. Han skreiv då hovudoppgåva «Frå fjørestein til fjerne farvatn». Det var denne som var utgangspunktet for føredraget på Ishavsmuseet denne fredagen.

125 personar hadde løyst billett for å høyre Brandal fortelje om skøytetida i Hareid og Ulstein.

Brandal tok føre seg ei periode på om lag 40 år der utviklinga blant fiskarane i Hareid og Ulstein var stor. Det var skøytetida. Overgangen frå Sunnmørsåttringen til større og dekka fartøy.

I 1880 var det 79 båtar i Hareid og Ulstein. 21 frå Hareid og 58 frå Ulstein. 20 år seinare var dette noko endra. No var det 27 i Hareid, 13 i Brandal og berre 7 i Ulstein.

Trygve fortalde vidare at fiskarane frå Hareid og Ulstein på ingen måte var fattige. Dei gjekk gjerne i saman og investerte. Samstundes som at dei var fiskarar, var dei også eigarar av båtane sine.

Sunnmøre var i ei særstilling og hadde ein svært moderne fiskeflåte. Likevel var forlisa mange og dramatiske. Eit av dei Trygve fortalde om var skøyta «Perlen» frå Brandal som gjekk ned med 9 mann i 1887. Den forliste alt på jomfruturen. Berre tre av mannskapet vart seinare funne att.

Etter foredraget var det lang kø fram for middagsbuffeen. Over 70 av dei frammøtte sikra seg klippfisk med alt av tilbehør som avslutning på ein fin kveld på Ishavsmuseet.

 

|

Sesongopning med foredrag og snorklipping 1. mai.

Ishavsmuseet opnar for ny sesong torsdag 1. mai. I år byr vi på mykje nytt, deriblant 200 kvadrat nye utstillingsrom. Museet er denne dagen ope 12-17, med foredrag og høgtidssam opning kl. 14.00.

 

Det har vore hektiske dagar på museet no ei stund med mykje ombyggingar og forandringar i alle etasjane. Største nye utstillinga vert båthallen i første etasje der fem båtar har fått plass. I tillegg til mykje anna fangst og fiskeutstyr. Her har det også blitt plass til borda frå ein ottring som før gjorde nytte som bordkledning på ein naustvegg i Hareid.

Fylkeskonservatoren har påpeika den høge pedagogiske verdien desse båtborda har då den nærast er bretta utover veggen slik at ein ser korleis den har vore, og korleis ressursane har vore nytta til naustvegg.

No når båtborda er monterte opp på Ishavsmuseet vil den tene som formidlingsobjekt for oppveksande generasjonar. Det er også bygd ein modell av ottringen i storleik 1:10 som skal utstillast i samband med ottringeborda. Det er Saxe Bjørkedal som har bygd denne modellen.

Prosjektet har vore eit samarbeid med Hareid kommune, Sunnmøre Museum og Ishavsmuseet.

Fagkonsulent ved Sunnmøre Museum, Håvard Hatløy, seier at desse båtborda har ein svært høg verneverdi, og at det er ei god løysing at desse no vert tekne vare på i museal samanheng på Ishavsmuseet.

Hatløy vil halde foredrag på Ishavsmuseet på opningsdagen 1. mai kl. 14.00 om Sunnmørsottringen.

Det var frå slike ottringar Sunnmøringane dreiv fiske langt til havs i generasjonar, seier han.

Ordførar i Hareid, Anders Riise, vil stå føre den høgtidlege opninga av det nye utstillingsromet etter foredraget til Hatløy. Riise gler seg til opninga og er stolt over alt som Ishavsmuseet og Hareid kommune har å vise fram frå vår tidligare maritime historie.

Men Ishavsmuseet har mykje meir å by på til opninga i år. Nytt er det også i fjerde etasje. Denne etasjen har før vore avstengt for publikum, men er no innreidd og vert opna til sesongen. Her vil det vere både utstillingar, og rikeleg plass for den som vil setje seg ned for å sjå film, bilde og blade i historia.

Utstillinga om Svalbard og Ishavsøyane er flytta ei etasje opp, og er ein del utvida. Ishavsmuseet har hatt stor vekst siste åra, og dagleg leiar for Ishavsmuseet, Webjørn Landmark, gler seg stort til den nye opninga og er overtydd om at desse nye satsingane er med på å løfte museet enda eit steg opp og fram.

 1. mai vil museet vere ope frå 12-17 med kaffi, kaker og god tradisjonell søndagsmiddag. Set av dagen for eit besøk til ishavsbygda.

|

Ishavshanda – filmpremiere + Konsert med Gabriel Fliflet og Jorunn Marie Kvernberg

I ei banebrytande vestnorsk filmsatsing har brørne Are og Sturla Pilskog i samarbeid med Ishavsmuseet Aarvak laga kortfilmen Ishavshanda, ein kunstfilm som utforskar korleis ver, vind og hardt arbeid formar hendene våre. I tillegg til å gå tett på hendene til fleire tidlegare fangstmenn, har dei to filma drivisen frå isbrytar og helikopter. Dette er ei poetisk og vakker reise inn i eit ”handskap” som har vore spesielt for Sunnmøre og resultatet kan du altso sjå den 25 april kl. 20.00 på Ishavsmuseet.

Etter filmen vert det servert middag, selkjøtgryte og kvelden vert avslutta med konsert med Gabriel Fliflet og Jorunn Marie Kvernberg. Det er begrensa med plass på middag og konsert, så påmelding til Ishavsmuseet i god tid kan vere lurt. Billett filmpremiære kr. 50,- Film, middag og konsert kr. 300,- Påmelding tlf 700 92 004 - webjorn@ishavsmuseet.no

|

Stor interesse for dagens polarkveld

Polarbjørn ved forliset. Foto: John Giæver
Polarbjørn ved forliset. Foto: John Giæver

Det er no utsolgt for billettar på middagsserveringa etter foredraget. Polarkveld på Ishavsmuseet 21. mars kl. 19.00 Ishavsskuta «Polarbjørn» (II) bygging og forlis.


Ishavsmuseet byd igjen inn til polarkveld, fredag 21. mars kl. 19.00. Denne gongen er det ishavsskuta «Polarbjørn» (II) som er tema. Skuta fekk eit kort men spanande liv før den forliste i isen utanfor Grønland i 1957.
«Polarbjørn» (II) vart bygd ved Bolsønes verft i Molde i 1950. Heile tida skuta eksisterte hadde ho kvar sommar dei faste avløysingsekspedisjonane til Jan Mayen og Nordaust- Grønland.

På desse fangstekspedisjonane var som regel John Giæver ekspedisjonsleiar. «Polarbjørn» forliste i isskruing utanfor Myggbukta på Nordaust Grønland i august-september i 1957. Skuta var då på den årlige avløysingsekspedisjonen for Norsk Polarinstitutt, Arktisk Næringsdrift AS og Hermann Andresens ekspedisjon. John Giæver var ekspedisjonsleiar og Bernt A. Brandal var skipper. På turen hadde dei med nokre passasjerar. Ein av dei var dåverande sokneprest i Ålesund, seinare biskop i Tromsø, Monrad Norderval.

Det vert to foredragshalderar på Ishavsmuseet denne kvelden. Først ut er Børre Grønningsæter som skal fortelje og vise film om bygginga av «Polarbjørn». Hans bestefar, Bernhard Grønningsæter, eigde og dreiv Bolsønes Verft då «Polarbjørn» vart kontrahert. Far til Børre, Arne, og hans bror Odd, overtok drifta av verftet i 1950. «Polarbjørn» vart såleis tinga hjå Børre sin bestefar, og overlevert av hans far.
I tillegg var Børre sin far en ivrig hobbyfotograf. Difor har vi i dag ein fantastisk historisk film om bygginga av «Polarbjørn». Filmen syner heile byggeprosessen, frå første tømmerstokk kjem til verftet, til ferdig skute. Børre har både vakse opp på verftet, og hatt eit langt arbeidsliv der. Seinare har han jobba med å take vare på verftet si historie. «Polarbjørn» fekk ei levetid på berre sju år.

Då den forliste i Grønlandsisen i 1957 var John Giæver jr. mønstra som mannskap. Dette var hans tredje tur som mannskap på sommartur med «Polarbjørn», sjølv om han var berre 17 år denne turen.

Første gang Giæver var der var han 15 år og mannskap med sin far og nasjonale legende, John Giæver senior. John vil fortelje og vise bilde og film frå forliset. Sjølv hadde han med nytt godt kamera for å take bilde, men sokneprest Norderval hadde og med filmkamera og filma frå forliset. Denne filmen har Ishavsmuseet seinare fått digitalisert og John Giæver vil fortelje til filmen under foredraget. John har også vore tilbake til Aust-Grønland ved fleire høve, sist i 2013. Han er ein glitrande forteljar, og historiene set nok laust når han får fortelje frå Grønlandsisen.

Etter foredraget står det skikkeleg ishavskost på menyen denne kvelden. Tradisjon tru i mars månad og utseglar-tid for Vesterisskutene, byd museet på saltkjøt, flesk og erter. Påmelding til Ishavsmuseet ved middag.

|

Nytt ISFLAK ute til jul.

forside_4_13.jpg

Isflaket nr. 4-2013 er kome ut, og alle som abonerer på dette bør ha det i posten før julekvelden ringer inn. Er du ikkje medlem kan du melde deg og få dette nummeret + heile 2014 for kr. 250,- send ein mail til webjorn@ishavsmuseet.no

"Julenummeret" av Isflaket er på 76 sider, og av innhaldet kan nemnast:

Ragnar Thorseth fortel om turen til Nordpolen som første nordmann i 1982.

Asle Johansen fortel i ein artikkel at Arktisk Canada kunne ha vore norsk området.

Hjalmar Bjørkavåg skriv om ein tur til Kvitsjøen i 1928 der tapet av skuter vart stort dette året.

Professor Bjørn Berland var i 1959 med selfangstskuta «Brandal» på fangst i Danskestredet, og bidreg her med ein flott artikkel om observasjon av Håkjerring.

Frå ishavsskipper Bjørne Kvernmo har vi med ei beretning om selfangsten med «Havsel» i 2013.

Fjerde og siste del av dagboka til Adolf Brandal om overvintringa på Nordaust Grønland er også med.

Vi kan også lese om at Blåst Film og Ishavsmuseet har eit samarbeid om filmen «Ishavshanda», og dei faste spaltene Frå arkivet og Frå samlingane er også med.

For å få litt julestemning, har vi henta fram ein artikkel frå Hermann Andresen som fortel om si første jul på Grønland, og den siste 10 år seinare.

Polarkveld med Tormod Jensen på Ishavsmuseet 21. februar.

Mannskapet i ferd med å forlate "Forland".
Mannskapet i ferd med å forlate "Forland".

Ishavsskuta Forlands forlis og berging ved Svalbard i 1958. 19. juli 1958 forliste ishavsskuta M/K «Forland» sør for Edgeøya på Svalbard. I tre veker kjempa mannskapet for livet. Høyr historia frå ein av dei som var om bord!

 

Ishavsveteran og maskinist Tormod Jensen frå Kvaløya ved Tromsø var fangstmann på M/K Forland i 1958. Tormod Jensen har 22 turar på ishavet, sommar og vinterfangst.

Fredag 21. februar gjestar han Ishavsmuseet på Brandal med foredrag.

Første året han var på sommarfangst ved Svalbard var som 15 åring, i 1957. Året etter, i 1958, reiste han med MK «Forland» av Tromsø. MK «Forland» vart bygd i 1938 og var 63,5 fot.

Turen starta frå Tromsø 26. juni, med stopp i Tromvik før kursen vart sett til Storfjorden vest for Tusenøyane på Svalbard.

Det var 7 mann i mannskapet denne turen. Dei vart møtte av mykje is i området som gjorde fangsten vanskelig. Etter som isen slakka opp, vart det fangst på storkobbe og isbjørn. Ei binne vart skota og 2 levande isbjørnungar vart tatt om bord og sett i bur på dekk. Til saman då dei forliste hadde dei 15 sekkar med dun, 27 isbjørnskinn, og 180 stk. storkobbe. Etter kvart som isen slakna, gjekk MK «Forland» gjennom Heleysundet, eller Orm-hòlet som fangstfolk kalla det. Om morgonen den 19. juli kjem eit stort isfjell drivande og treff MK «Forland». Foten av isfjellet hadde gått inn i maskinromet og det var totalhavari på fartøyet. Det var ikkje tid å sende ut naudsignal, og fartøyet vart forlate.

 Ein strabasiøs tur over landisen starta, der livbåten vartdregen over isen i 17 timer. Her låg ei hytte som Tormod var kjent med frå året før. Dei låg i den hytta i 11 døgn før dei prøvde å gå nordover i Hindlopenstredet. Dei viste at det låg ein forskingsstasjon her. På grunn av is- forholda måtte dei snu tilbake til hytta. Dei planla å ro sørover gjennom Heleysundet. Det vart roturar frå 15 til 29 timer. Mat var det lite av, dei skaut 2 reinsdyr og ein kobbe. Stuerten hadde berga med seg 2 kasse øl samt 50 kg kveitemjøl. Øl brukte han som hevingsmiddel når han baka brød.

 Korleis det gjekk etter at dei kom til Sørkapp kan du få vite meir om på polarkvelden ved Ishavsmuseet 21. februar.

Etter foredraget vert det som vanleg middagsservering, og denne fredagen byd museet inn til ei skikkeleg «torske-mølje». Denne fredagen er det nemleg fersk torsk med kams, rogn, lever m.m som står på menyen.

Påmelding til Ishavsmuseet tlf 70092004 mail webjorn@ishavsmuseet.no for dei som ynskjer middag.

|

Polarkveld 31. januar:

trygve_brandal.jpg

Trygve Brandal vert årets første foredragshaldar i ei rekkje på 4 polarkveldar våren 2014.

Den første polarkvelden vert fredag 31. januar kl. 19.00. Trygve vil halde foredrag om; «Den første moderne fiskeflåten. Skøytetida i Hareid og Ulstein 1800-1900.»

Trygve Brandal er utflytta brandøling, no busett i Hjelmeland i Ryfylke, og arbeider som førstekonservator ved Ryfylkemuseet.

For over 30 år sidan skreiv han ei hovudfagsoppgåve i historie om omleggingstida i fiske- og fangstnæringa i Hareid og Ulstein frå 1880 til 1920. Det er stoff frå denne som er utgangspunkt for føredraget hans på polarkvelden på Ishavsmuseet fredag den 31. januar.

Føredraget har tittelen "Den første moderne fiskeflåten. Skøytetida i Hareid og Ulstein 1880-1900."   Det bemerkelsesverdige ved Hareid og Ulstein i dei to første tiåra av 1900-talet var framveksten av dei mange fiskedampskipa og selfangstskutene her. Med sine 36 slike farty i 1920 hadde bygdene her ei oppsiktsvekkjande plassering i norsk kystnæring.

I føredraget sitt vil Brandal konsentrere seg om forhistoria til denne utviklinga. For før overgang til dampdrivne fiskedampskip og fangstskuter var der ei førebuingstid, eit første trinn i utviklinga, og det var overgang frå opne båtar til dekka seglfarty, til skøyter. Denne overgangen er i stor grad føresetnad for den kraftige veksten i dampdrvine fiske- og fangstbåtar som kom utover etter 1900. Skøytetida er som ein ouverture, eit preludium, til det som skulle kome, dei mange dampbåtane, som sette Hareid og Ulstein i ei særstilling på kysten. Det er denne første moderniseringa av fiskeflåten, skøytetida, som vil vera temaet for polarkvelden. Du får høyra om seilskutene, eigarane og fiskarane, om fiskeria dei dreiv og forlis som skjedde. Det mest dramatiske forliset var skøyta "Perlen" av Brandal, som forliste i torskefisket på sunnmørskysten i 1887, med heile sitt mannskap på ni mann.

I kjent stil vert det servert middag etter foredraget for dei som ynskjer dette. Denne gangen er det det klippfisk med tilbehør som står på menyen. Påmelding til tlf 700 92 004 / webjorn@ishavsmuseet.no ved bestilling av middag.

|
Forhånd.12345678910Neste

 

Opningstider

April, Mai, September & oktober
Frå 15. april til 20. oktober
Kvardagar 11:00 – 16:00
Laurdag & søndag 12:00-16:00
Juni, Juli & August
Alle dagar 11:00 – 17:00
Inngong Vaksne Kr. 75 / Born Kr. 35


Kontaktinformasjon

Adresse
ISHAVSMUSEET AARVAK
6062 Brandal

Kontakt
Tlf. kontor 70 09 29 00 
Tlf. 70 09 20 04
Mob. 951 17 644
post@ishavsmuseet.no

Design: Osberget ASPowered by: Osberget CMS