MENY

ishavsmuseet_aarvak___logo.png

Den levde draumen – opning av utstillinga Ragnar Thorseth - Levd Liv del to.

Harald Stanghelle og Ragnar Thorseth
Harald Stanghelle og Ragnar Thorseth

Det var fullt hus på Ishavsmuseet Aarvak 1. mai.
I tillegg til at museet opna for sesongen, var det også duka for storslått opning av den nye utstillinga på museet, andre og siste del av Ragnar Thorseth si utstilling «Levd Liv».

Mens folket fann vegen til utstillinga, spelte Musikklaget Melshorn flott korpsmusikk som ein forsmak på ein høgtidssam opningsseremoni. Barbro Østrem, på vegne av Ishavsmuseet, ønskte alle frammøtte velkomen til den store dagen. Ho fortel at museet har stadig fornyingar, og at denne avsluttande delen på «Levd Liv» er eit verdig punktum for Ragnar Thorseth si fantastiske historie og hans ekspedisjonar. Det er ikkje små bragder han har gjennomført, og det vert presentert på ein fin og profesjonell måte i utstillinga.

Harald Stanghelle, politisk redaktør i Aftenposten og god kamerat av Thorseth, stod for den offisielle opninga. Han synes det var fint at Ragnar går inn i tradisjonen som blir heldt levande på museet. Ragnar er, og har alltid vore, ein individualist som går sine eigne vegar, både som ekspedisjonsleiar, polfarar, eventyrar, journalist og som sunnmøring. Ekspedisjonane hans har eit individuelt preg, og individuelle utgangspunkt, men dei har alle ein raud tråd: eventyret, det å bryte grenser, vise at det som virkar umulig kan gjerast mulig. Stanghelle tok fram Saga Siglar som den mest betydningsfulle ekspedisjonen vitenskapelig. Saga Siglar var den fyrste rekonstruksjonen av handelsskip frå vikingtida, som viste at det var mulig å fare over verdshava. I tillegg til ei enorm eventyrlyst, har Thorseth også ei evne for «timing». Å vere på rett stad til rett tid. Han har knytt ekspedisjonar til jubileumsår, og ikkje minst miljøtoppmøte, og på den måten har han vore med på å synleggjere historiske hendingar for nyare generasjonar.

Stanghelle kalla Thorseth for ein realistisk fantast. Han har møtt mykje motgang, men står i mot. Han har bevist at solide førebuingar gir resultat. I 1969 var Ragnar 21 år gamal, og skulle ro til Shetland. Det var den første ekspedisjonen han la ut på, og det var på mange måtar ein framtidspeikar. Ekspedisjonen betydde mykje for det livet som står utstilt på museet i dag. Roturen var ein draum, ein idé, men også bevis på at Thorseth laga ei bru mellom draum og resultat. 500 år etter at Shetlandsøyene vart gitt vekk til Storbrittania, stod den britiske dronninga og tok i mot Ragnar på kaia då han kom fram. Ho sa ein ting: «You are crazy!» Han angrar i dag på at han ikkje svarte «It takes a fool to know a fool». Men Stanghelle understrekar alvoret i den vellykka ekspedisjonen til Shetland: Ragnar Thorseth var ein av dei få som hadde styrke til å gjennomføre. Viljen var grunnsteinen. Og no er ringen slutta, Ragnar har komt heim. Han får vere med på å opne si eiga utstilling på museum, og går då inn i rekka av norske legender på lik linje med m.a.Thor Heyerdahl. Thorseth er ein av dei få som har evna til å sjå det mogelege i fantasien, og det vidunderlege i det praktiske. Her på Ishavsmuseet kan du sjå den levde draumen. Stanghelle håper utstillinga kan vere med på å inspirere andre, og spesielt til ungdom som treng draumar. Vi har bruk for draumen, seier Harald.

Ordførar i Hareid kommune, Anders Rise, var også på plass under opninga. Han takkar Thorseth for at han valgte å ha utstillinga si på Ishavsmuseet, det betyr mykje for kommuna. Med denne utstillinga beviser han at museet har nasjonal status innan polarhistorie. Rise har også med ei helsing frå tidlegare president på Island, Vigdís Finnbogadóttir, som i lag med Dronning Sonja, var ei stor støtte for Ragnar under Gaya-ekspedisjonen.

Ei så omfattande utstilling som «Levd Liv», treng dyktige personar som står på for å få utstillinga profesjonell og reell. Firmaet som har designa utstillinga er Medicine Head, med Trond Nordahl i spissen. Trond fortel at han var svært skeptisk i starten. Det var lite pengar, men dei skulle Thorseth sjølv få på plass. Etter eit par dagar mottok Trond ein pakke i posten frå Ragnar, boka hans «Den siste viking». Inni stod det: «Trond Nordahl, les og lær. Ragnar.» Kort og godt. Etter to dagar var boka utlest og Nordahl overbevist. Etterkvart kom han oppover for å bo hjå Thorseth, for å verkeleg kome under huda på eventyraren.

Ragnar Thorseth, dagens hovudperson, fortel at å få utstillinga på plass, var omtrent som å kome tilbake til ekspedisjonstida. Han føler seg heime på Ishavsmuseet. Men det har kosta, og det var ikkje alltid like lett å skaffe midlar. Mange sa dei prioriterte barn og ungdom, men Thorseth meinar at denne utstillinga nettopp er for barn og unge. Han håper at mange let seg inspirere, at historia hans får folk til å drøyme sjølv. Ein skal ikkje vere redd for å dra ut i verda, for å drøyme. Men ein treng ikkje ta Nordpolen som fyrste tur, smilar Ragnar.

Takk og GOD JUL!

008.jpg

Ishavsmuseet ønsker alle museumsvenner ei god jul og eit godt nytt år!

Stor takk til alle som har vore med på å gjere 2013 til ein god sesong for Ishavsmuseet.

Takk til alle besøkande som har vore innom museet.

Takk til alle som har ytt bidrag i form av gåvemidlar, sponsormidlar og andre teneste.

Takk for alle spanande gjenstandar og foto vi har fått i år.

Takk til alle som har stilt på dugnad, og stor takk til Ishavsmuseets venneforeining for god støtte og hjelp gjennom året.

Vi gler oss til å ta fatt på 2014 med nye utfordringar og mykje spanande formidling av polarhistorie.

Julemesse ved Ishavsmuseet 16. og 17. november

Frå julemessa 2012
Frå julemessa 2012

Den populære julemessa ved Ishavsmuseet vert i år arrangert 16. og 17. november. Pr. i dag er 37 utstillarar påmelde med standar.

Messa legg vekt på det særeigne ved handarbeid, og du vil finne mange spanande utstillarar med strikk, smykke, quilting, tre-arbeid, hekl og mykje mykje meir i Ishavsmuseet sine tre etasjar.  I år kan du også sikre deg nydelig kvalbiff frå Myklbust hvalprodukt, og mykje god sjømat frå Snorre Sjømat. Hole kjøtt og Humborstad kjøtt er på plass med kjøtprodukt.

I Ishavsmuseet vil du også få servert bacalao og kjøtkaker. Kaker og sterk kaffi på ekte ishavsvis høyrer sjølvsagt med. Legg eit besøk til Brandal desse to dagane å sjå kva alle desse spanande utstillarane kan by på. Her skulle ein finne noko for ein kvar smak. Messa er open laurdag kl. 11-18 og søndag kl. 12-17.

Velkomne for ein triveleg handel. For full oversikt over utstillarane, klikk på linken under her.

2_program_julemesse_2013.pdf

Rekord julemesse med 38 utstillarar og gratis konsert!

pemena.jpg

Det har vore stor pågang med utstillarar i år, og no gler vi oss stort til messa i helga.

På Aarvak kjem Atlantic med god klippfisk og tørrfisk, flott dandert på romluka ombord i skikkelege maritime omgjevnadar!

Her vert det også gratis konsert begge dagane kl. 14.00 med Merete Brandal Godø, Peter Demirov og Nadia Demirova.

Hjarteleg velkomne til ei trivelig julemessa på Ishavsmuseet.

|

Lutafisk-kveld på Ishavsmuseet

Fredag 1. november kl. 19.00 inviterer Ishavsmuseets Venner på lutafisk og sosialt samvær på museet.

Lutafisken vert servert med alt av godt tilbehør som høyrer med. Lutafisk buffet kr. 240,-

Påmelding til Ishavsmuseet tlf 700 92 004, mail webjorn@ishavsmuseet.no

Polarkveld på Ishavsmuseet 16. oktober: Revejegerane på Jan Mayen

Dei skulle fange rev, men enda med å jakte på kvarandre. Onsdag 16. oktober kl. 19.00 er det igjen klart for polarkveld ved Ishavsmuseet. Tradisjon tru er denne kvelden fast onsdagen kvart år i Hareidsstemna. I år er tema for denne populære polarkvelden henta frå ishavsøya Jan Mayen.

Året er 1926. 11 mann er isolert på ei aude øy mellom alt og ingenting. Jan Mayen, vulkanøya i ishavet, er nettopp blitt erklært som norsk territorium. Under det ruvande vulkanfjellet Beerenberg skal dei klare seg gjennom vinteren i tronge, små fangsthytter. Målet er å bli rike på revefangst. Vi følgjer karane gjennom vonbrot, krangel og glede. I desembermørket kjem dei svarte tankane. Snart må den eine røme over fjellet for ikkje å bli slått helselaus. Dei kjem i klammeri om jaktrettane og øydelegg fellene for kvarandre.

Til slutt dreg Hank, cowboyen frå Baltimore, ein Colt .38, klar til å drepe.
Det var selskapet Polarfront Companys med dei tre Ulsteiningane Nils Garnes, Andreas Haakonsholm og Karl Brevik som skulle drive revefangst på ishavsøya denne vinteren. I tillegg hadde dei med seg amerikanaren Henry Joesting. Selskapet vart stifta av nordmennene Hagbart Ekerold og Per Løvfald i Kanada, for å drive revefangst i Arktis. Dette skulle verte einaste ekspedisjonen selskapet utrusta.

Alle kom på skuta "Polarfront" med Oluf Saunes frå Ulsteinvik som skipper og tre andre frå same bygda som mannskap.

Utanom dette laget var det to andre "lag": Meteorologane og ei tre karar som kom utan at nokon visste om dei. Den eine av dei tre, August Hansen, vart forøvrig med dei som reiste til Grønland året etter.

Den erfarne journalisten og forfattaren Ole M. Ellefsen fekk ei skattkiste i fanget i form av fleire dagbøker skrivne av fangstmenn som overvintra på Jan Mayen. Ole M. Ellefsen har mellom anna skrive fleire bøker med maritime tema. Ved hjelp av dagboknotat og historiske undersøkingar har han no skrive boka Revejegerane på Jan Mayen. No kjem han til Ishavsmuseet for å gi oss eit innblikk i korleis den vanskelege kvardagen fortona seg for desse uheldige mennene gjennom vintermørkret. Ellefsen er i dag direktør ved Aalesunds Museum.

Polarkvelden på Ishavsmuseet denne dagen vert såleis også ei boklansering av denne spanande soga frå Jan Mayen, med lokal interesse. Det vert høve til å sikre seg boka etter foredraget. Forutan foredrag av Ole M. Ellefsen vert det også musikalske innslag ved Leiv Arne Nydal, Ingfrid Grimstad og Ronald Øvrelid. Alle dyktige lokale musikarar som skulle vere kjende for dei fleste. Og i kjent stil vert det også ei pratepause med servering av sterk kaffi på ekte ishavsvis, og kaker.

Polarkveld med Susan Barr

dsc_0054.jpg

Ernest Mansfield – en av «klondike-tidens» store personligheter på Svalbard på evig jakt etter gull.

Fredag 20. september kl. 19.00 får Ishavsmuseet besøk av Susan Barr som altså vil halde foredrag om Ernest Mansfield.

Det er mange fargerike personligheiter i Svalbards historie som det er bygd myte og mysterier rundt. Mansfield var ein av dei store frå mineralleitingas tid.

Han grunnla marmorbyen Ny-London, tvers over Kongsfjorden frå Ny-Ålesund, og fire av husa derifrå pryder no Ny-Ålesund – dei såkalla London-husa.

Ikkje mykje har vore kjent om Mansfield liv, men debatten rasar framleis om han var ein romantisk draumar eller ein skurk og børs hai. Saman med to medforfattarar har Susan Barr skrive Mansfields biografi.

Ho skal presentere fakta i denne mystiske mannens liv og hans leiting etter gull på tre kontinent.

Susan Barr er etnolog og polarhistorikar og jobbar i dag som seniorrådgjevar i polar-saker hjå Riksantikvaren. Tidligare har ho hatt lang fartstid med Norsk Polarinstitutt. Barr har også forfatta fleire polarhistoriske bøker.

Etter foredraget vert det i kjent stil servert middag ved museet

Familiesøndag på Ishavsmuseet med Christian Wiik Gjerde

christian_wiik_gjerde.png

Søndag 8.september byd Ishavsmuseet inn til familiesøndag. I Aarvakhuset vert det fleire aktivitetar for dei minste der dei mellom anna får prøve seg som modell-båtbyggjar, og delta i teiknekonkurranse m.m. Det vert også høve til å møte Christian Wiik Gjerde som tek del kl 15.00, i konferansesalen. 

Christian er for mange kjend frå NRK radio og også vinnar av Kulturdepartementet sin nynorske journalistpris for sitt arbeid med born.

Christian gler seg til å vitje Brandal og Ishavsmuseet, og ser fram til å underhalde for små og store denne dagen.

Ishavsmuseet ynskjer å nå ut til alle aldersgrupper, og med å invitere til familiesøndag, håper dagleg leiar Webjørn Landmark at mange familiar vil legge turen til museet denne dagen. Her er mykje spennande og lærerikt å sjå også for borna, fortel Landmark.

Det vert vist film frå alle dei spanande ekspedisjonane til Ragnar Thorseth i konferansesalen kl. 13 og kl. 16

Det vert også høve til å kjøpe seg søndagsmiddag, kaker og sterk kaffi på ekte ishavsvis.

Arrangementet er ein del av Brandalsdagane 2013, og same dag inviterer Brandal Vel til skattejakt og fiskekonkurranse, så det ligg an til ein innhaldsrik dag i Brandal denne søndagen. 

Grillkveld på Ishavsmuseet laurdag 7. september

ism_foredrag_kj_kken_div_040.jpg

Ishavsmuseets Venneforeining har årleg hatt grillkveld ved museet, og i år vert denne lagt til Brandalsdagane og laurdag 7. september.  Her blir det grillkveld med musikalsk underholdning. Dyktige kokkar står for sal av god grillmat frå kl. 19.00, og Ronald Øvrelid spelar og syng utover kvelden.

Utsolgt foredrag med Jarle Andhøy på Ishavsmuseet

berserk_1__hjemmebilder_canon_033.jpg

NB: Ny dato: Foredraget med Jarle Andhøy onsdag 4. september er no utsolgt. Vi gler oss over den store interessa til arrangementet.

Onsdag 4. september gjestar eventyrar og ekspedisjonsleiar Jarle Andhøy Ishavsmuseet Aarvak i Brandal med foredrag.

Jarle Andhøy er ein godt kjent seilar og eventyrar med mange ekspedisjonar bak seg. Andhøy kjem frå Larvik. Allereie som 19-åring reiste han ut i verda med ein 27 fots Albin Vega. Seinare har det blitt mange ekspedisjonar både til havs og til lands og fleire bøker og tv-seriar om disse. Sist no i vår med tv-serien «Tangeruddampen».

22. februar 2011 vart Andhøy og resten av mannskapet erklært sakna etter at det vart fanga opp naudsignal frå seglbåten «Berserk». Det vart gjort fleire mislukka forsøk på å få telefon- og radiokontakt med båten, før Jarle Andhøy og 18 år gamle Samuel Massie kom seg i sikkerheit ved Scott-basen i Antarktis.

Jarle Andhøy vil snakke om sine polare ekspedisjonar på Ishavsmuseet. Desse er det fleire av:

Åleine rundt Kapp Horn: Dette var Jarle Andhøys første ekspedisjon. Målet var å segle rundt Kapp Horn utan hjelp frå nokon andre. Amerikaneren David Mercy mønstra på Berserk ved verdens ende, i Sør-Amerika og segla til Antarktis. Deler av seilasen har også blitt filmatisert.

Berserk mot Nordpolen: Besetninga på Berserk drog frå Oslo, innom Shetland og nordover mot Svalbard og Nordpolen. Alex Rosen som i fjor gjesta Ishavsmuseet med foredrag var mønstra som kokk på denne ekspedisjonen.

Berserk gjennom Nordvestpassasjen: Berserk segla i Nordvestpassasjen i dei norske polarheltane sine fotspor. Før denne turen var Albin Vega skifta ut med ein noko større seglbåt i stål kjøpt på dei vestindiske øyer.

Berserk på sydpolen: Jarle Andhøy saman med fire andre mann drog i februar 2011 på ein ekspedisjon mot Sydpolen.

Med desse ekspedisjonane har Andhøy rita namnet sitt inn i Norsk Polarhistorie, og Ishavsmuseet er svært stolte av å kunne ha han med foredrag om bord i ishavsskuta Aarvak.

Arrangementet er ein del av Brandalsdagane 2013, og i samarbeid med Brandal Vel. Og som Alex Rosen i fjor, får Andhøy æra av å opne Brandalsdagane.

Etter foredraget vert det servert selkjøtgryte i Ishavsmuseet.

Det vert førehåndssal av billettar på www.sjoborg.no

og på Ishavsmuseet.

Gudsteneste om bord i ishavsskuta Aarvak søndag 6. juli.

dscf2795.jpg

Ishavsmuseet og kyrkja i Hareid ynskjer velkomne til søndagsgudsteneste om bord i ishavsskuta Aarvak i Brandal.

Gudsteneste frå skutedekket vert i år arrangert for fjerde året på rad, og har såleis vorte ein flott tradisjon. Dei føregåande åra har det møtt mykje folk til denne Gudstenesta. Påmønstra i år er prest Margit Lovise Holte, og Ida Teige er organist.

Alt ligg såleis til rette for ei trivelig stund om bord i Aarvak.

Gudstenesta tek til kl. 11.00

Etterpå vert det servert middag med sosakjøt, kaffi og kaker.

I andre høgda på Ishavsmuseet vert framvising av den ny-produserte filmen om Ragnar Thorseth sine ekspedisjonar. Denne går kontinuerlig på storskjerm i foredragssalen. I fjerde etasje går filmen "Ishavshanda", og film frå ekspedisjon med "Polarbjørn" til Nordaust-Grønland i 1932. Det skulle vere ei fin anledning å bruke søndagen i Brandal med andre ord.

Velkomne.

Jubelår for Ishavsmuseet

Dagleg leiar Webjørn Landmark er godt nøgd med sesongen 2012
Dagleg leiar Webjørn Landmark er godt nøgd med sesongen 2012

2012 vart ein stor suksess-sesong for Ishavsmuseet. I det første driftsåret utan museumskonsolidering kan museet vise til fleire nye rekordar. Omlag 10.000 menneske var innom dørene til museet i fjor, og dette er ei auke på 75 prosent i høve til 2011 sesongen, og det klart største besøkstalet for Ishavsmuseet nokon gong.

Dagleg leiar Webjørn Landmark jublar over dei gode besøkstala. Det er eit stort tal, og ein viktig milepæl å nå 10.000 besøk på eit år, seier han.

Formidling av historia som Ishavsmuseet syner fram er det viktigaste for oss på museet, og dette har vi lukkast stort med i 2012. Satsinga på foredragskveldar med ulike polare tema har også vore ein stor suksess, og vil halde fram med jamne mellomrom i 2013, lovar Webjørn Landmark.

Ein stor del av auka i 2012 kjem av fleire anløp av turistbussar. Det er svært gledeleg for oss at fleire reiseoperatørar vel å stoppe på Brandal, fortel Landmark. Tilgang til kai ved museet har også gjort det lettare for skyssbåtar å besøke museet med passasjerar frå cruisbåtane som anløper Ålesund.

Den store auka i besøkstal gav også nye omsetjingsrekordar, og museet kan vise til ei omsetjingsauke på 93 prosent i 2012.

Også dette er svært gledelege tal, seier Landmark, som også har stor tru på at 2013 skal verte eit nytt stort år for Ishavsmuseet.

Naturlegvis var jubileet til Aarvak 100 år med på å auke tala for 2012, men også i 2013 skal Ishavsmuseet presentere fleire nyhende med opning av tre nye utstillingar. Deriblant del to av utstillinga Ragnar Thorseth –Levd liv som har opning 1. mai.

Fornying er viktig for Ishavsmuseet, og siste åra har vi skifta ut og fornya mykje av utstillingane. Mykje nytt vil også skje på denne fronten både i 2013 og 2014.

Opning av utstillinga Ragnar Thorseth –LEVD LIV.

Ragnar Thorseth (tv) og Fylkesmann Lodve Solholm under opninga av del 1. Foto: Ingvild Aursøy Måseide/Vikebladet Vestposten.
Ragnar Thorseth (tv) og Fylkesmann Lodve Solholm under opninga av del 1. Foto: Ingvild Aursøy Måseide/Vikebladet Vestposten.

Onsdag 1. mai er det opning av del to av utstillinga Ragnar Thorseth – LEVD LIV. Ishavsmuseet har ope hus frå kl. 12-17. Sjølve utstillingsopninga vil vere kl. 14.00.

Harald Stanghelle, Ordførar Anders Riise, Ragnar Thorseth, Barbro Østrem og Musikklaget Melshorn deltar under opninga.

På museet vil det vere høve til å kjøpe seg middag, kaffi og kaker.

Mange veit at Roald Amundsen flaug over Nordpolen i lag med Umberto Nobile i 1926. Men det er nok færre som hugsar kva den første nordmannen heiter som tok seg fram til Nordpolen på havisen og sette føtene på sjølve polpunktet. Det var Ragnar Thorseth som gjorde det. 

Men det er truleg ikkje allment kjent. Det ville Ishavsmuseet gjere noko med. I fjor vende derfor Webjørn Landmark ved Ishavsmuseet seg til Ragnar Thorseth med spørsmål om å lage utstilling på materiell etter turen til Nordpolen sidan det i 2012 var 30 år sidan dei nådde fram. 

Ragnar Thorseth bestemte seg for å gi utstyret frå alle ekspedisjonane sine til Ishavsmuseet.

-Han har gjort så mykje meir enn turen til Nordpolen, seier dagleg leiar ved Ishavsmuseet Webjørn Landmark.  No er ting og foto samla i eigne rom i Ishavsmuseet.  Dermed vert det lettare for alle interesserte å få innsyn i alt det Thorseth har vore med på. Og Ishavsmuseet er ein attraksjon rikare. 

-Eg må presisere at eg vart spurd. Og det synest eg er ei ære. Ja, det er nesten som å få St. Olavs medalje, seier hovudpersonen sjølv.

Blant effektane blir saker frå den første ro-turen til Shetland i 1969, turar med Saga Siglar, gjennom Nordvestpassasjen, Nordpolekspedisjonen, overvintringar på Svalbard og mykje anna.

Om Ragnar Thorseth:

Ragnar Thorseth er eventyrar og ekspedisjonsleiar. Han er journalist og formidlar. Og han er sunnmøring og nordmann. Alt dette har forma Ragnar Thorseth til det liv og den draum som vert presentert her.

Det er spennvidden i Ragnar Thorseth si livsreise som er det særmerkte ved han som menneske og eventyrar. Som pur ung rodde han åleine over Nordsjøen. 75 år etter Roald Amundsen drog Thorseth gjennom Nordvestpassasjen. Han leia ein ekspedisjon som erobra Nordpolen.

Eit eventyr av ein miljøtur vart gjennomført først til New York, så vidare til miljøkonferansebyen Rio de Janeiro med vikingskipskopien «Gaia». Det store utvandrarjubileet i 1975 markerte Ragnar Thorseth med å segla sjarken «Cleng Peerson» frå Norge til New York.

Ragnar Thorseth var familiemannen som saman med kone og to søner let seg fryse inne på Svalbard i skuta «Havella». Og saman med kona Kari restaurerte og dreiv han i mange år fiskeværet Håholmen.

Forskningsteoretikarane diskuterte om det var mogleg, men med knarren «Saga Siglar» synte Ragnar Thorseth i praksis at vikingskipa kunne kryssa dei store verdshava. Slik fann han sin plass mellom pionerane. Visst har Ragnar Thorseth opplevd og verta møtt med mistru og kritikk. Den lagnaden deler han med andre som går sine eigne vegar. Men han har alltid vore ein realistisk fantast som midt i all draum og utferdstrang har hatt beina planta på bakken – eller i båten.

LEO HEIDRA KVINNENE UNDER  POLARKVELDEN PÅ ISHAVSMUSEET 8. MARS.

Leo Oterhals leverte flott foredrag. Foto: Gaute Hareide
Leo Oterhals leverte flott foredrag. Foto: Gaute Hareide

Atter ein gong kan Ishavsmuseet notere spengfullt hus i si formidlig av ekte polarhistorie. Med over 150 i salen vart dette ein ny suksess for museet.  Styrar Webjørn Landmark ynskte alle polarvenar velkomne, og gratulerte alle kvinnene i salen med dagen.

Kveldens foredraghaldar var den kjende skribent og foredraghaldar Leo Oterhals fra Aukra. Han trollbatt forsamlinga frå første stund.

Han starta foredraget sitt med å fortelje historier frå sine første besøk i Brandal i møter med dei gamle ishavsskipperane som for eks. Bernt Brandal. Også om sine møter med Henrik landmark. Oterhals lovde å heidre kvinnene bak alle desse polarheltane, som det høver seg på sjølvaste kvinnedagen. Og han starta med Bernt sitt svar då han eingong vart spurd om kven som var helten hans. «Jau, det var mor mi det», svara han Bernt som 15 år gamal reiste ilag med far sin på sin første ishavstur, og mora sto att på kaikanten med sitt ansvar for hus og heim. Det kunne ikkje alltid vere enkelt.

Ny polarkveld på Ishavsmuseet:

Havet og ishavets kvinner.

På sjølvaste kvinnedagen 8. mars er det kvinnene som står i fokus på Ishavsmuseet. Nærare bestemt havets og ishavets kvinner.

Det nærmar seg avseilar datoen for då skutene drog på selfangst i Vesterisen, og under årets avseilarfest på Ishavsmuseet vil fokuset vere på kvinnene som sat igjen heime etter å ha vore aktiv under klargjeringa før mannen kunne reise ut.

Alt av utstyr skulle finnast fram og berast om bord. Eit omfattande arbeid, og eit yrande liv på kaiene med så mange skuter som skulle av garde. Ungane klatra i riggen og hadde store forventningar til at deira tur skulle kome. Gamlekarane fann seg stadig ærend ned på kaiene for og sjå til at alt var som det skulle. Men kvinnene måtte halde seg litt på avstand. Dette var ikkje deira plass.

Kvelden før avreise var det ofte «avseilarfest». På årets avseilarfest skal kvinnene fram.

Det er Leo Oterhals som vitjar Ishavsmuseet fredag 8. mars kl. 19.00 med foredrag om havets kvinner. Leo er ein godt kjend forfattar og kunstnar som blei født på øya Gossen i Aukra kommune. Oterhals' forfattarskap dreier seg i hovudsak om norsk kysthistorie, lokalhistorie, fangst og fiske. Han burde vite kva han snakkar om Leo, med 26 utgitte bøker om emnet.

Som ei opptakt til hundreårsjubileet for full kvinneleg stemmerett i Noreg, kom Oterhals i fjor haust med boka «Havlandets kvinner», ei oppfølging av boka «Havets døtrer» som kom ut i 2004.

Begge desse omhandlar sterke kvinner i mannsdominerte kystmiljø. Vi møter kvinner som på tross av tilvære ikkje let seg kue. Dei møttes i foreiningar til oppbyggelse og fellesskap, holdt basar og samla inn pengar til havets kvinner som var i en enda verre situasjon en dei sjølve.

Gjennom sine mange bøker har Oterhals kome tett på historiene om mennene som dreiv selfangst og var med på dei polare ekspedisjonane. Som i f.eks boka «Polhav» der han kjem tett på Sunnmørspionerane, Skjærvakongen, Runne Johan, «Banna-Bjønn», Brødrene Brandal, Pilskog-karane, Schelderup og mange fleire.

Leo Oterhals si interesse for kyst- og polarhistorie vart tidleg vekt. –Som gutunge stod eg og såg på seglskutene som sette loggen for Bjørnsund fyr. Og gjennom eteren kunne eg høyre han Bernt Brandal og han Kristoffer Marø snakke. Dei var mine barndoms heltar, seier Leo.

-Peter S. Brandal var med på å sette eit frø, dei tok seg ein båt, heiste eit segl, reiste til Grønland og Vesterisen – og skapte ei næring. I ei av visene sine spør poeten Jan Eggum «Kvar er alle heltane?», og Leo meinar han har svaret. –Reis til Brandal, gå inn på Ishavsmuseet og studer historia der. Dei verkelege heltane finn de i vår nære polarhistorie.

Avseilarkvelden vert avslutta med skikkeleg ishavskost. På menyen denne fredagen står saltkjøtt, flesk og erter. Påmelding til Ishavsmuseet ved middagsservering. Tlf. 700 92 004 E-post:

webjorn@ishavsmuseet.no

Kvelden startar kl. 19.00. Bill kr. 100,- Bill og middag kr. 250,-

 

 

 

Ishavsmuseet med spanande samarbeid med Svalbard Museum.

Styreleiar Willy Nesset ved Ishavsmuseet, og Herdis Lien frå Svalbard Museum signerer spanande samarbeidsavtale.
Styreleiar Willy Nesset ved Ishavsmuseet, og Herdis Lien frå Svalbard Museum signerer spanande samarbeidsavtale.

Ishavsmuseet Aarvak er i sterk utvikling og opplever stor interesse frå inn- og utland, og det er med stor glede vi kan offentleggjere at enda eit museum vil knyte seg til vårt polarhistoriske nettverk.

Under ein vellykka polarkveld på Ishavsmuseet fredag 2. november, som hadde fokus på 50 års minne etter Kings Bay ulykka i 1962, vart det signert ein samarbeids avtale mellom Svalbardmuseet i Longyearbyen og Ishavsmuseet på Brandal.

Ishavsmuseet har lenge hatt ein klar intensjon om og lyfte Ishavsmuseet opp på eit enda høgare og breiare nivå både fagleg og kompetansemessig, og det er viktig for Ishavsmuseet å stå fram som ein sentral aktør blant dei polare samlingane i Noreg.

Ishavsmuseet Aarvak ser på dette som viktig musealt arbeid, der formidling, historie, og samarbeid vil ha fokus. Dette er museumsformidling og museumsarbeid på sitt aller beste!  

Denne avtalen styrkar banda mellom desse to musea, og vil vere med på å utvikle musea i ein  felles strategi der det høver for forvaltning, forsking, formidling og fornying.

Vidare skal vi samarbeide i og utvikle det faglege nettverket, styrkje kompetansen og utveksle informasjon mellom dei to musea.

Viktig vert også styrkinga av den historiske dokumentasjonsbasen og styrkje banda mellom dei polare musea i Noreg.

Ishavsmuseet Aarvak er svært nøgde med denne avtalen som vil vere med på å grunnfeste dei planar og mål som museet i Brandal har hatt over tid for å verte ein enda meir sentral aktør i polar Noreg.

Denne avtalen stadfestar også museets grunntanke om formidling av vår viktige polarhistorie, og at vi har sterk fokus på dette.

Saman med vårt tidlegare inngådde samarbeid med Frammuseet i Oslo og Pier 21 i Canada, er vi sikre på at dette vil utvikle museet vårt, og auke interessa for vår historie og styrkje nærheita til vår nære polarhistorie.

Det lyfter statusen til Ishavsmuseet til nye høgder.  Og vi er visse på at dette vil gjere oss sterkare i vår satsing på å få den statusen som Ishavsmuseet fortener.

Og ikkje minst gir det oss kompetanse, djupare kjennskap, og mykje meir innlevelse, forståing og samarbeid i vårt museumsarbeid enn oss kunne ha fått i nokon annan konsolidering .

Dette er ein stor dag for oss ved Ishavsmuseet, og vi vil takke Svalbardmuseet ved leiar Tora Hultgren for dette. Når vi etterkvart har fått koordinert oss, skal det nok kome mykje godt ut av både denne samarbeidsavtalen, og dei dei to tidlegare inngåtte avtalane. Polarsamarbeidet består i dag av Frammuseet, Pier 21, Svalbard Museum og Ishavsmuseet Aarvak.

Ny polarkveld på Ishavsmuseet:

Jan-Mayen, vulkanøya i ishavet.

Beerenberg, Jan Mayen
Beerenberg, Jan Mayen

Årets første polarkveld på Ishavsmuseet har fått tema Jan Mayen. Denne litt mystiske vulkanøya i ishavet. Jan Mayen-kvelden vert fredag 15. februar kl. 18.30

Ishavsmuseet hadde stor suksess med slike temakveldar i fjor, og styrar Webjørn Landmark gler seg til å kome i gang igjen med desse polarkveldane.

Denne gangen er det altså den norske utposten Jan Mayen som skal stå i fokus. Den eldre historia om Jan Mayen er temmeleg usikker. Enkelte historikarar meiner at det var den Irske munken, Brendan, som oppdaga den først i byrjinga av det 6. år hundre. Han kom tilbake frå ei av sine sjøreiser og rapporterte at han hadde funne ei svær svart øy, som var i brann, og at det var ein forferdeleg støy i området. Han trudde han hadde funne inngangen til helvete.

Meir sikkert er det at ishavsøya skulle bli viktig for Noreg seinare.

Øya er oppatt kalla etter nederlendaren Jan Jacobs May van Schellinkhout som besøkte øya i 1614. På denne tida dreiv nederlandske kvalfangarar fleire kval stasjonar på øya.

I byrjinga av 1900-talet var det norske fangstmenn som overvintra på øya for å drive revefangst.

Offisiell Norsk aktivitet kom i 1921 då den første meteorologiske stasjonen vart etablert. Vêrmeldingar frå Jan Mayen er viktig for vêrvarslinga i Noreg, og den norske Nordsjøen, og i 1922 annekterte norsk meteorologisk institutt øya for Noreg. Ved kongelig resolusjon av 8. mai 1929 vart Jan Mayen underlagt norsk suverenitet og ved lov av 27. februar 1930 vart øya erklært som ein del av Kongeriket Noreg.

I 1959 starta NATO å bygge ut LORAN stasjon på øya. Først LORAN-A, så LORAN-C i 1960. Ishavsskuta Polarhav av Brandal med skipper Sigmund Bøe hadde her oppgåva med å frakte mykje av utstyret til Jan Mayen. Fleire av skutene frå vårt område har i ei år-rekkje hatt liknande frakteoppdrag til vulkanøya. Siste anløp på Jan Mayen av skutene her var Polarstar som var innom med utstyr 21. mai 2005.

Noregs nest høgaste fjell ligg på Jan Mayen, Beerenberg, og denne aktive vulkanen har hatt utbrot seks gongar mellom 1732 og 1985. Dei siste utbrota var i 1970, 1973 og 1985.

Det er Svein Ove Flaten frå Ålesund som vitjar Ishavsmuseet med foredrag og film fredag 15. februar. Svein Ove har frå tidleg av hatt stor interesse for denne øya, og fikk stasjonere der som vedlikehaldsleiar i snart to år frå 2006 til 2008. Etter dette har han studert og samla mykje historie som han vil dele med oss denne fredagen. Svein Ove er i dag driftsteknikar på Sunnmøre Museum.

Svein Ove har også med seg Runar Aamelfot som var deltakar på Eco expeditions i 2009  med oversegling frå Moskenes til Jan Mayen. Runar vil vise film og lysbilde av topp stiginga av Beerenberg.

Etter foredraget vert det i kjent stil servert middag, denne gang er det selkjøt-gryte som står på menyen. Påmelding til museet for middag.

Avslutning på Aarvak jubileet:

Førjuls-søndag på Ishavsmuseet.

dsc_0060.jpg

Søndag 2. desember er det førjuls-søndag på Ishavsmuseet. Denne dagen markerer Ishavsmuseet avslutninga på jubileet «Aarvak 100 år».

Ishavsmuseet har lagt bak seg eit jubelår med nye besøksrekordar og eit svært vellukka jubileum for ishavsskuta Aarvak. Markeringa av 100 åringen har føregått gjennom heile året med ulike arrangement der hovudfeiringa var lagt til slutten av august. Søndag 2. desember vert dette avslutta med islender- og termodress-treff på dekket til jubilanten sjølv, nemleg Aarvak.

Ulstein Mannskor deltek med sjømannsviser og eit utdrag av Evert Taube førestillinga som dei nyleg hadde på Sjøborg kulturhus. Kjenner vi dei rett stiller dei alle i passande islendar og lagar god stemning i det mektige Aarvak-huset.

Med i programmet der vert også Barbro Østrem og Harald Knutsen.

Vi rår publikum til å leite fram islendaren og kle seg godt. Vi skal på ishavet, og det er kaldt om bord i Aarvak!

Ishavsmuseet vert ope frå kl. 14.00 med julegåve-sal og sal av brennsnut, kaffi og kaker. Det vert høve til å sikre seg den rykande ferske boka «Soga om Aarvak» som fortel historia til jubilanten.

Kl 16.00 har Brandal Vel arrangement med tenning av julegran i Brandal sentrum, til tonar av Hareid skulekorps. Etter tenninga vert det gått i tog til Aarvak-huset der det ventar varm jule-gløgg. Arrangementet på Aarvak startar kl. 17.00.

Polar-shopen og kafeen på Ishavsmuseet vert ope også etter arrangementet.

Julemesse på Ishavsmuseet 17. og 18. november

Årets julemesse på Ishavsmuseet byr på 30 unike utstillarar. Dette vert ei kunst og handverksmesse der ein legg vekt på det særeigne ved handarbeidet. Museet har fantastiske lokale for ei slik messe.

Det er tredje året at messa er lagt til Ishavsmuseet. Lokala går over tre spanande etasjar, der du vil finne utstillarar blant moskus, isbjørn, selar og ramsalt ishavshistorie.

Det er lagt fokus på spanande utstillarar også frå andre kommunar og regionar, og i det høve kan det vere ekstra spanande å vitje messa i år. Gode tilbod på lokale handverksprodukt som strikk, smykke, kaker, quilting, lefser, bilde, trearbeid, bøker og mange andre artiklar.

Du har også høve til å sjå deg rundt på museet som stiller med gratis inngang desse dagane. Museet har nett opna ei ny og fantastisk utstilling om Ragnar Thorseth, og då er det fint og legge inn god tid til å sjå kva denne utstillinga, og Ishavsmuseet elles har av interessante historier og gjenstandar.

Museet byd på middag, kaker og sterk kaffi på ekte ishavsvis, når du har behov for ei tenkjepause i handelen.

Besøk Brandal desse dagane å sjå kva denne vakre bygda har å by på. Vi kan love at her er noko for ein kvar smak.

Lefsene er baka og lagt i frysaren, kjolar er sydde og alpakkaen har ikkje lenger ull på kroppen. Ulla har blitt til gode lune kragar eller andre plagg vi kan kle oss i.  Årets polarbøker, både lokale og nasjonale, er innkjøpte til museumsbutikken, som elles byd på mange gode julegåver. På messa i år skulle du kunne finne noko for ein kvar smak anten du jaktar julegåver eller vil fornye deg sjølv.

Polarkveld på Ishavsmuseet

50 år sidan den tragiske gruveulykka i Kings Bay, Ny-Ålesund.

Herdis Lien med foredrag på Ishavsmuseet fredag 2. november kl. 19.00

Formidlingsleiar og konservator Herdis Lien på Svalbard Museum vil holde foredrag om Kings Bay samfunnet og ulykka i Estergruva 5. november 1962.

Kulleventyret i Brandal city

Selfangstnæringa hadde i 1916 etablert seg og dei selde produkta sine i heile Europa. Det var midt under første verdskrig, og selfangarane mangla kol til skutene sine. Situasjonen var uhaldbar, og gjorde det nødvendig for selfangarane og sikre seg stabil tilførsel av kol til skutene sine. Dei hadde fleire gongar vore innom Kings Bay på Spitsbergen, og viste at her var det kol å hente. I 1916 fekk Peter S. Brandal tilbod om å kjøpe rettigheitene i Kings Bay, å då var det ikkje tvil. Peter S. Brandal utrusta dei to skutene sine ”Polaris” og ”Signalhorn” og drog av garde til Kings Bay for å undersøke saka. Ekspedisjonen var vellykka og dei returnerte med 300 tonn fyringskull. Han døypte også staden for Brandal City. Peter fann ut at her gjaldt det å handle raskt, og vel heime fikk han overført alle rettigheiter, og Brandal City namnet, til seg sjølv.

Etter ei tid fann han ut at skulle han drive dette vidare måtte han ha med seg fleire driftige personar og meir kapital. Han fekk med seg Michael Knutsen – som også var ishavsredar, Trygve Klausen den dyktige og kompetente advokaten og Trygve Jervell. Rettigheitene vart no overført til eit nytt selskap med namnet; Kings Bay Kull Comp. A/S, og tre år etter skifte staden namn frå Brandal City til Ny-Ålesund. Drifta av selskapet heldt fram med kull utvinning heilt fram til den store ulykka i 1962.

I Kings Bays gruver i Ny-Ålesund har 82 arbeidarar mista livet. Gruvedrifta der vart avslutta etter eksplosjonsulykka i Estergruva 5. november 1962. Ulykka krevde 21 menneskeliv og førte til at regjeringa Gerhardsen måtte gå av.

Fredag 2. november får altså Ishavsmuseet besøk av Formidlingsleiar Herdis Lien ved Svalbard Museum som vil halde foredrag til oss. Dette startar kl. 19.00, og i vanleg stil serverer Ishavsmuseet middag etter foredraget. Billett og middag kr. 200,- Billett kr. 100,-

Påmelding  middag til Ishavsmuseet.

Forhånd.1...45678910Neste

 

Opningstider

April, Mai, September & oktober
Frå 15. april til 20. oktober
Kvardagar 11:00 – 16:00
Laurdag & søndag 12:00-16:00
Juni, Juli & August
Alle dagar 11:00 – 17:00
Inngong Vaksne Kr. 75 / Born Kr. 35


Kontaktinformasjon

Adresse
ISHAVSMUSEET AARVAK
6062 Brandal

Kontakt
Tlf. kontor 70 09 29 00 
Tlf. 70 09 20 04
Mob. 951 17 644
post@ishavsmuseet.no

Design: Osberget ASPowered by: Osberget CMS