MENY

ishavsmuseet_aarvak___logo.png

Ishavsmuseet med spanande samarbeid med Svalbard Museum.

Styreleiar Willy Nesset ved Ishavsmuseet, og Herdis Lien frå Svalbard Museum signerer spanande samarbeidsavtale.
Styreleiar Willy Nesset ved Ishavsmuseet, og Herdis Lien frå Svalbard Museum signerer spanande samarbeidsavtale.

Ishavsmuseet Aarvak er i sterk utvikling og opplever stor interesse frå inn- og utland, og det er med stor glede vi kan offentleggjere at enda eit museum vil knyte seg til vårt polarhistoriske nettverk.

Under ein vellykka polarkveld på Ishavsmuseet fredag 2. november, som hadde fokus på 50 års minne etter Kings Bay ulykka i 1962, vart det signert ein samarbeids avtale mellom Svalbardmuseet i Longyearbyen og Ishavsmuseet på Brandal.

Ishavsmuseet har lenge hatt ein klar intensjon om og lyfte Ishavsmuseet opp på eit enda høgare og breiare nivå både fagleg og kompetansemessig, og det er viktig for Ishavsmuseet å stå fram som ein sentral aktør blant dei polare samlingane i Noreg.

Ishavsmuseet Aarvak ser på dette som viktig musealt arbeid, der formidling, historie, og samarbeid vil ha fokus. Dette er museumsformidling og museumsarbeid på sitt aller beste!  

Denne avtalen styrkar banda mellom desse to musea, og vil vere med på å utvikle musea i ein  felles strategi der det høver for forvaltning, forsking, formidling og fornying.

Vidare skal vi samarbeide i og utvikle det faglege nettverket, styrkje kompetansen og utveksle informasjon mellom dei to musea.

Viktig vert også styrkinga av den historiske dokumentasjonsbasen og styrkje banda mellom dei polare musea i Noreg.

Ishavsmuseet Aarvak er svært nøgde med denne avtalen som vil vere med på å grunnfeste dei planar og mål som museet i Brandal har hatt over tid for å verte ein enda meir sentral aktør i polar Noreg.

Denne avtalen stadfestar også museets grunntanke om formidling av vår viktige polarhistorie, og at vi har sterk fokus på dette.

Saman med vårt tidlegare inngådde samarbeid med Frammuseet i Oslo og Pier 21 i Canada, er vi sikre på at dette vil utvikle museet vårt, og auke interessa for vår historie og styrkje nærheita til vår nære polarhistorie.

Det lyfter statusen til Ishavsmuseet til nye høgder.  Og vi er visse på at dette vil gjere oss sterkare i vår satsing på å få den statusen som Ishavsmuseet fortener.

Og ikkje minst gir det oss kompetanse, djupare kjennskap, og mykje meir innlevelse, forståing og samarbeid i vårt museumsarbeid enn oss kunne ha fått i nokon annan konsolidering .

Dette er ein stor dag for oss ved Ishavsmuseet, og vi vil takke Svalbardmuseet ved leiar Tora Hultgren for dette. Når vi etterkvart har fått koordinert oss, skal det nok kome mykje godt ut av både denne samarbeidsavtalen, og dei dei to tidlegare inngåtte avtalane. Polarsamarbeidet består i dag av Frammuseet, Pier 21, Svalbard Museum og Ishavsmuseet Aarvak.

Ny polarkveld på Ishavsmuseet:

Jan-Mayen, vulkanøya i ishavet.

Beerenberg, Jan Mayen
Beerenberg, Jan Mayen

Årets første polarkveld på Ishavsmuseet har fått tema Jan Mayen. Denne litt mystiske vulkanøya i ishavet. Jan Mayen-kvelden vert fredag 15. februar kl. 18.30

Ishavsmuseet hadde stor suksess med slike temakveldar i fjor, og styrar Webjørn Landmark gler seg til å kome i gang igjen med desse polarkveldane.

Denne gangen er det altså den norske utposten Jan Mayen som skal stå i fokus. Den eldre historia om Jan Mayen er temmeleg usikker. Enkelte historikarar meiner at det var den Irske munken, Brendan, som oppdaga den først i byrjinga av det 6. år hundre. Han kom tilbake frå ei av sine sjøreiser og rapporterte at han hadde funne ei svær svart øy, som var i brann, og at det var ein forferdeleg støy i området. Han trudde han hadde funne inngangen til helvete.

Meir sikkert er det at ishavsøya skulle bli viktig for Noreg seinare.

Øya er oppatt kalla etter nederlendaren Jan Jacobs May van Schellinkhout som besøkte øya i 1614. På denne tida dreiv nederlandske kvalfangarar fleire kval stasjonar på øya.

I byrjinga av 1900-talet var det norske fangstmenn som overvintra på øya for å drive revefangst.

Offisiell Norsk aktivitet kom i 1921 då den første meteorologiske stasjonen vart etablert. Vêrmeldingar frå Jan Mayen er viktig for vêrvarslinga i Noreg, og den norske Nordsjøen, og i 1922 annekterte norsk meteorologisk institutt øya for Noreg. Ved kongelig resolusjon av 8. mai 1929 vart Jan Mayen underlagt norsk suverenitet og ved lov av 27. februar 1930 vart øya erklært som ein del av Kongeriket Noreg.

I 1959 starta NATO å bygge ut LORAN stasjon på øya. Først LORAN-A, så LORAN-C i 1960. Ishavsskuta Polarhav av Brandal med skipper Sigmund Bøe hadde her oppgåva med å frakte mykje av utstyret til Jan Mayen. Fleire av skutene frå vårt område har i ei år-rekkje hatt liknande frakteoppdrag til vulkanøya. Siste anløp på Jan Mayen av skutene her var Polarstar som var innom med utstyr 21. mai 2005.

Noregs nest høgaste fjell ligg på Jan Mayen, Beerenberg, og denne aktive vulkanen har hatt utbrot seks gongar mellom 1732 og 1985. Dei siste utbrota var i 1970, 1973 og 1985.

Det er Svein Ove Flaten frå Ålesund som vitjar Ishavsmuseet med foredrag og film fredag 15. februar. Svein Ove har frå tidleg av hatt stor interesse for denne øya, og fikk stasjonere der som vedlikehaldsleiar i snart to år frå 2006 til 2008. Etter dette har han studert og samla mykje historie som han vil dele med oss denne fredagen. Svein Ove er i dag driftsteknikar på Sunnmøre Museum.

Svein Ove har også med seg Runar Aamelfot som var deltakar på Eco expeditions i 2009  med oversegling frå Moskenes til Jan Mayen. Runar vil vise film og lysbilde av topp stiginga av Beerenberg.

Etter foredraget vert det i kjent stil servert middag, denne gang er det selkjøt-gryte som står på menyen. Påmelding til museet for middag.

Avslutning på Aarvak jubileet:

Førjuls-søndag på Ishavsmuseet.

dsc_0060.jpg

Søndag 2. desember er det førjuls-søndag på Ishavsmuseet. Denne dagen markerer Ishavsmuseet avslutninga på jubileet «Aarvak 100 år».

Ishavsmuseet har lagt bak seg eit jubelår med nye besøksrekordar og eit svært vellukka jubileum for ishavsskuta Aarvak. Markeringa av 100 åringen har føregått gjennom heile året med ulike arrangement der hovudfeiringa var lagt til slutten av august. Søndag 2. desember vert dette avslutta med islender- og termodress-treff på dekket til jubilanten sjølv, nemleg Aarvak.

Ulstein Mannskor deltek med sjømannsviser og eit utdrag av Evert Taube førestillinga som dei nyleg hadde på Sjøborg kulturhus. Kjenner vi dei rett stiller dei alle i passande islendar og lagar god stemning i det mektige Aarvak-huset.

Med i programmet der vert også Barbro Østrem og Harald Knutsen.

Vi rår publikum til å leite fram islendaren og kle seg godt. Vi skal på ishavet, og det er kaldt om bord i Aarvak!

Ishavsmuseet vert ope frå kl. 14.00 med julegåve-sal og sal av brennsnut, kaffi og kaker. Det vert høve til å sikre seg den rykande ferske boka «Soga om Aarvak» som fortel historia til jubilanten.

Kl 16.00 har Brandal Vel arrangement med tenning av julegran i Brandal sentrum, til tonar av Hareid skulekorps. Etter tenninga vert det gått i tog til Aarvak-huset der det ventar varm jule-gløgg. Arrangementet på Aarvak startar kl. 17.00.

Polar-shopen og kafeen på Ishavsmuseet vert ope også etter arrangementet.

Julemesse på Ishavsmuseet 17. og 18. november

Årets julemesse på Ishavsmuseet byr på 30 unike utstillarar. Dette vert ei kunst og handverksmesse der ein legg vekt på det særeigne ved handarbeidet. Museet har fantastiske lokale for ei slik messe.

Det er tredje året at messa er lagt til Ishavsmuseet. Lokala går over tre spanande etasjar, der du vil finne utstillarar blant moskus, isbjørn, selar og ramsalt ishavshistorie.

Det er lagt fokus på spanande utstillarar også frå andre kommunar og regionar, og i det høve kan det vere ekstra spanande å vitje messa i år. Gode tilbod på lokale handverksprodukt som strikk, smykke, kaker, quilting, lefser, bilde, trearbeid, bøker og mange andre artiklar.

Du har også høve til å sjå deg rundt på museet som stiller med gratis inngang desse dagane. Museet har nett opna ei ny og fantastisk utstilling om Ragnar Thorseth, og då er det fint og legge inn god tid til å sjå kva denne utstillinga, og Ishavsmuseet elles har av interessante historier og gjenstandar.

Museet byd på middag, kaker og sterk kaffi på ekte ishavsvis, når du har behov for ei tenkjepause i handelen.

Besøk Brandal desse dagane å sjå kva denne vakre bygda har å by på. Vi kan love at her er noko for ein kvar smak.

Lefsene er baka og lagt i frysaren, kjolar er sydde og alpakkaen har ikkje lenger ull på kroppen. Ulla har blitt til gode lune kragar eller andre plagg vi kan kle oss i.  Årets polarbøker, både lokale og nasjonale, er innkjøpte til museumsbutikken, som elles byd på mange gode julegåver. På messa i år skulle du kunne finne noko for ein kvar smak anten du jaktar julegåver eller vil fornye deg sjølv.

Polarkveld på Ishavsmuseet

50 år sidan den tragiske gruveulykka i Kings Bay, Ny-Ålesund.

Herdis Lien med foredrag på Ishavsmuseet fredag 2. november kl. 19.00

Formidlingsleiar og konservator Herdis Lien på Svalbard Museum vil holde foredrag om Kings Bay samfunnet og ulykka i Estergruva 5. november 1962.

Kulleventyret i Brandal city

Selfangstnæringa hadde i 1916 etablert seg og dei selde produkta sine i heile Europa. Det var midt under første verdskrig, og selfangarane mangla kol til skutene sine. Situasjonen var uhaldbar, og gjorde det nødvendig for selfangarane og sikre seg stabil tilførsel av kol til skutene sine. Dei hadde fleire gongar vore innom Kings Bay på Spitsbergen, og viste at her var det kol å hente. I 1916 fekk Peter S. Brandal tilbod om å kjøpe rettigheitene i Kings Bay, å då var det ikkje tvil. Peter S. Brandal utrusta dei to skutene sine ”Polaris” og ”Signalhorn” og drog av garde til Kings Bay for å undersøke saka. Ekspedisjonen var vellykka og dei returnerte med 300 tonn fyringskull. Han døypte også staden for Brandal City. Peter fann ut at her gjaldt det å handle raskt, og vel heime fikk han overført alle rettigheiter, og Brandal City namnet, til seg sjølv.

Etter ei tid fann han ut at skulle han drive dette vidare måtte han ha med seg fleire driftige personar og meir kapital. Han fekk med seg Michael Knutsen – som også var ishavsredar, Trygve Klausen den dyktige og kompetente advokaten og Trygve Jervell. Rettigheitene vart no overført til eit nytt selskap med namnet; Kings Bay Kull Comp. A/S, og tre år etter skifte staden namn frå Brandal City til Ny-Ålesund. Drifta av selskapet heldt fram med kull utvinning heilt fram til den store ulykka i 1962.

I Kings Bays gruver i Ny-Ålesund har 82 arbeidarar mista livet. Gruvedrifta der vart avslutta etter eksplosjonsulykka i Estergruva 5. november 1962. Ulykka krevde 21 menneskeliv og førte til at regjeringa Gerhardsen måtte gå av.

Fredag 2. november får altså Ishavsmuseet besøk av Formidlingsleiar Herdis Lien ved Svalbard Museum som vil halde foredrag til oss. Dette startar kl. 19.00, og i vanleg stil serverer Ishavsmuseet middag etter foredraget. Billett og middag kr. 200,- Billett kr. 100,-

Påmelding  middag til Ishavsmuseet.

VELKOMEN TIL BRANDAL-KONFERANSEN 2012

Ei Sunnmørsk idékonferanse for selfangstnæringa

Ishavsmuseet Aarvak 25. og 26. oktober

Dei store bestandane av sel er ein lite utnytta resurs, av kvota på 25 000 vaksne dyr, blei det berre fanga 4 prosent av kvota i år.

Brandal-konferansen vil først og fremst sette fokus på potensialet for innovativ nytenking innanfor fangst, produktutvikling og vidareforedling basert på sel som råstoff. Samstundes er auken av sel-bestanden ein trussel for andre næringar som fiskeri og oppdrett. Konferansen vil difor sjå på både moglegheiter og utfordringar som er knytt til ein berekraftig og internasjonal forvaltning av sel-bestandane.

Ishavsskutene har vore ein viktig del av den maritime klyngja på Sunnmøre, der det var utrusta opptil 50 skuter som alle var heimehøyrande i vår region. Mottaksanlegg på land har vi hatt i alle år, og framleis har vi anlegg for skinn og oljeproduksjon. Brandal-konferansen vil difor ta sikte på og synleggjere potensialet for at ei berekraftig skattlegging av dei store bestandane av Grønlandssel igjen kan verte ein liten del av denne klyngja.

Konferansen vert arrangert etter initiativ frå Ishavsmuseet Aarvak, formidling og dokumentasjonssenteret i Brandal, og Polargodt AS i Tjørvåg. Ishavsmuseet på Brandal omfattar blant anna landets største opplevingssenter for selfangst. Foreininga Ishavsmuseets Venner har over 600 medlemmar med unik interesse og kompetanse for selfangstnæringa. Polargodt AS har drive med produktutvikling og produksjon av sel-produkt sidan 1998. Dei er mest kjent for merkevara Polarolje, og har også fleire andre produkt innanfor kosttilskot for menneske og dyr.

For påmelding, ta kontakt med Ishavsmuseet Aarvak innan 19. oktober.

Tlf: 700 92 004 eller E-post: post@ishavsmuseet.no

Deltakaravgift kr. 950,- inkludert lunsj to dagar og middag torsdag. I tillegg blir det servert kaffi og kaffimat.

Velkomne til Brandal.

Ishavskveld med Stein P. Aasheim

stein_p_foto_harald_dag_j_llle_norsk_polarins.jpg

I fotspora til Amundsen 100 år etter.

Ishavsmuseet onsdag 17. oktober kl. 19.00

Stein Peter Aasheim er forfattar, fotograf og turmann. Aasheim er kjent frå fleire ekspedisjonar i Himalaya (Trango-ekspedisjonen i 1984 og den første norske bestigning av Mount Everest i 1985), sykkeltur i Sahara, fottur i Ny Guinea, ridetur i Mongolia, ein serie skiturar på Svalbard, Grønland, Sibir og Gobi, og kanoturar i Tasmania, rundt Svalbard og på Nahanni River i Yukon. Han er i dag busett i Isfjorden.

Han var ekspedisjonsdeltakar til Sørpolen frå oktober 2011 saman med Vegard Ulvang, Harald Dag Jølle og Jan-Gunnar Winther. Ekspedisjonen fylgde same rute som Roald Amundsens ekspedisjon følgde i 1911-12 og hadde som mål å komme fram til polpunktet 100 år etter Amundsen.

Stein P. Aasheim held foredrag på den årvisse Ishavskvelden i Hareidsstemna. Elles i programmet i år vert mellom andre Gollj og Gråstein som framleis har høg kvalitet, breitt repertoar og humor. Atle Gjerde har komponert song til Aarvak sitt 100 års jubileum, og vil framføre denne for oss.  Det vert lagt opp til kaffi og pratepause i kjent stil.

Opning av utstillinga Ragnar Thorseth –LEVD LIV.

Hektisk aktivitet før opning av ny utstilling. Utstillingsansvarleg Trond Nordal og dagleg leiar Webjørn Landmark ved scooteren Thorseth hadde til Nordpolen. Foto: Beathe Holstad
Hektisk aktivitet før opning av ny utstilling. Utstillingsansvarleg Trond Nordal og dagleg leiar Webjørn Landmark ved scooteren Thorseth hadde til Nordpolen. Foto: Beathe Holstad

Mange veit at Roald Amundsen flaug over Nordpolen i lag med Umberto Nobile i 1926. Men det er nok færre som hugsar kva den første nordmannen heiter som tok seg fram til Nordpolen på havisen og sette føtene på sjølve polpunktet. Det var Ragnar Thorseth som gjorde det.

Men det er truleg ikkje allment kjent. Det ville Ishavsmuseet gjere noko med. I fjor vinter vende derfor Webjørn Landmark ved Ishavsmuseet seg til Ragnar Thorseth med spørsmål om å lage utstilling på materiell etter turen til Nordpolen sidan det i 2012 også var 30 år sidan dei nådde fram. 

I sommar bestemte Ragnar Thorseth seg for å gi utstyret frå alle ekspedisjonane sine til Ishavsmuseet.

Han har gjort så mykje meir enn turen til Nordpolen, seier dagleg leiar ved Ishavsmuseet Webjørn Landmark.  Det meste av utstyret har til no lege i ein garasje heime hjå Thorseth. No er ting og foto samla i eit eige rom i Ishavsmuseet.  Dermed vert det lettare for alle interesserte å få innsyn i alt det Thorseth har vore med på. Og Ishavsmuseet er ein attraksjon rikare. 

Utstillinga Ragnar Thorseth –levd liv, opna 12. oktober med innbodne gjestar til stades.

Sesongen ved Ishavsmuseet er over for i år, men Webjørn Landmark opplyser at museet vert ekstra ope alle dagar frå den 13. til og med den 21. oktober.

Dei siste dagane har det vore hektisk aktivitet på Ishavsmuseet for å få den omfattande samlinga klar til opninga.

-Eg må presisere at eg vart spurd. Og det synest eg er ei ære. Ja, det er nesten som å få St. Olavs medalje, seier hovudpersonen sjølv.

Thorseth legg til at han trur det er ein god tanke å samle gjenstandane frå ekspedisjonane sine på ein stad. Slik at nye generasjonar kan få eit innblikk i kva han har vore med på.

Og det er sjølvsagt leiinga ved museet samde i.

Til sesongstart 1. mai neste år skal resten av utstyret frå ekspedisjonane til Thorseth vere på plass i museet. Blant effektane blir saker frå den første roturen til Shetland i 1969, turar med Saga Siglar, gjennom Nordvestpassasjen, Nordpolekspedisjonen, overvintringar og mykje anna.

Men først skal første del synast fram den komande veka. Museumsleiinga håpar på godt besøk desse dagane og lokkar også med servering av middag søndagane.

Utstillinga har vorte fantastisk flott, avsluttar dagleg leiar Webjørn Landmark

Utstillinga vert opa laurdag 13. og søndag 14. oktober kl. 12-17. Mandag til fredag 11-16 og Laurdag 20. og søndag 21. oktober Kl.12-17 Søndagsmiddag, kaffi og kaker

Turid Karlsbakk: Gripen av Grønland

 

turid_karlsbakk.jpg

I spora til far 63 år etter

Ishavsmuseet søndag 30. september kl. 15.00

Ved midnatt mellom 13. og 14. juli 1927 la båten Hird frå land i Ålesund med seks fangstmenn om bord. Dei var klare for å erobre ukjende jaktområde på Nordaust-Grønland, og få oppfylt draumane sine om rikdom.

Men alt gjekk ikkje etter planen. Eitt år vart til to, og dei fekk prøve ut eigne grenser både fysisk og psykisk gjennom ugjestmilde møte med vintervêr.

Ein av mennene var Jonas Karlsbakk frå Mauseidvågen. Kvar dag i åra han overvintra i Eirik Raudes Land skreiv han i dagboka si.

Fullskrivne kladdebøker med vêrobservasjonar og dokumentasjon over hendingar. Dette gjev eit levande bilete av kva fangstmennene gjorde på Grønland og korleis dei overlevde i åra frå 1927 til 1930.

I 1990 var dottera, Turid Karlsbakk, så heldig å få vere med eventyraren Ragnar Thorseth på det som vart annonsert som, «ein fotosafari i spora etter dei gamle fangstmennene på Nordaust-Grønland». Dette vart hennar livs seglas.

Turid Karlsbakk frå Ørsta er fødd i 1945. Ho har no skrive boka «Gripen av Grønland» -I spora til far 63 år etter. Boka er rikt illustrert med bilete både frå Jonas og Turid sitt opphald på Grønland.

Søndag 30. september vert det boklansering med foredrag på Ishavsmuseet i Brandal. Turid held foredrag og syner fantastiske bilete frå det spanande landet der nord som hadde så mykje og seie for Sunnmøringane i fangstmannsperioden 1908-1960.

«Grønland gjer noko med deg, den som har vore der vert aldri den same meir», seier Turid.

Søndag 30. september held Ishavsmuseet ope frå kl 12.00 til 17.00 med sal av kaffi, kaker og søndagsmiddag. Ta med familien og kom! Arrangementet markerar også sesongavslutning på Ishavsmuseet som har lagt bak seg ein fantastisk turist-sesong med nye besøksrekordar.

Polarkveld på Ishavsmuseet Aarvak.

polarbj_rn_sydpolen.jpg

Magnar Aklestad – Med Polarbjørn til Sydpolen.

Fredag 28. september kl. 19.00 Middag etter foredraget. Påmelding til museet ved middag


Jubileumsåret til Ishavsmuseet held fram, med mange spennande arrangement utover hausten. No har vi feira jubilanten sjølv, ishavsskuta Aarvak med sine 100 år, og hatt storslått festmiddag for tidlegare mannskap. Mykje program skal det også vere framover, og det neste som står på plakaten er polarkveld på Ishavsmuseet Aarvak 28. September kl 19. Då kjem Magnar Aklestad for å halde foredrag om Polarbjørn sine ekspedisjons-turar til Sydpolen.

Etter foredraget vil det bli middagsservering i første etasje, så det er berre å sette av kvelden.

Magnar Aklestad vert ofte omtala som ein av storskipperane. Magnar har hatt ei lang og allsidig karriere som sjømann, med stor innsats i fjerntliggande og vanskelege farvatn. I dag kan han reknast som ein av dei ishavsskipperane som har hatt flest turar til Sydpolen, og må kunne reknast som nestor blant ishavsskipperane med erfaring frå Antarktis.

Program "Aarvak 100 år"

logo_aarvak_100__r.jpg

Onsdag 29. august kl. 19.00

Ishavsshow med Alex Rosen frå dekk på skuta.

Forhandssal av billettar på www.sjoborg.no og ved Ishavsmuseet. Kr. 250,-

Sals utstilling av isbjørn bilde av og med kunstnar Rudolf Overå i Aarvak-huset onsdag – søndag 11-17

 

Fredag 31. august kl. 19.00

Programkveld Aarvak 100 år frå dekk på skuta.

  • Arild Grimstad
  • Oddbjørn Grimstad
  • Harald Knutsen
  • Ottar Vik
  • Jenny Korsnes
  • Willy Nesset

 

Forhandssal av billettar på www.sjoborg.no og ved Ishavsmuseet. Kr. 150,-

Kl. 20.30 lukka arrangement for innbodne Aarvak-mannskap inne på museet

 

Laurdag 1. september

Ishavsmuseet ope frå kl. 11.00

KNM Hitra ope skip ved museums kaia.

Kl. 17.00 Foredrag av Jan Ingar Hansen, førstekonsulent ved Marinemuseet, Horten. Oscar Wisting, underoffiseren som ofret alt for Chefen - marinens deltagelse ved polarekspedisjonene.  Bill. Kr. 50,-

 

Frå Kl. 18.30 Grillkveld ved museet. Sal av god grillmat. Musikk ved Asbjørn Brubakk og Atle Gjerde.

 

Søndag 2. september

Ishavsmuseet ope frå kl. 11.00. Bill kr. 50,- / 20,-

KNM Hitra ope skip ved museums kaia.

Familiesøndag. Søndagsmiddag, kaffi og kaker.

Aktivitetar for borna: Teikning, hakapik-kasting, lag din eigen båtmodell, etc.

Kl. 15.00 Maria Parr med forteljarstund

Aarvak 100 år: Shetlandsbussen «KNM Hitra» til Brandal

museumsskipet_hitra_fullwidth.jpg

Fredag 31. august klappar KNM Hitra til kai ved Ishavsmuseet, og både laurdag og søndag kan folk gå om bord i «Shetlandsbussen».

Styrar Webjørn Landmark fortel at Ishavsmuseet har hatt samarbeid med Forsvarsmuseet.

Men marinen og ishavsnæringa har hatt mykje samarbeid gjennom generasjoner. Marinen har også vore aktiv i mange polarekspedisjonar heilt tilbake til Amundsen si tid.

 

Laurdag 1. september kl. 17.00 skal førstekonsulent Jan Ingar Hansen ved Marinemuseet i Horten halde foredrag på Ishavsmuseet. Han har blant anna skrive boka «Oscar Wisting – Amundsens betrodde mann», og meiner Wisting var sentral i gjennomføringa av dei store polarekspedisjonane.

Wisting var med Amundsen frå Sørpolen til Latham og han var også blant dei som leita lengst etter Amundsen i 1926.

KNM Hitra vil altså ligge ved kaia til Ishavsmuseet frå fredag til søndag. Hitra er det einaste bevarte minnet som er att frå Shetlandstrafikken under 2. verdskrig. Skipet vart funne att som vrak og restaurert. No seglar det langs kysten for å fortelje den dramatiske historia om trafikken over Nordsjøen.

Hitra var ei gåve frå USA til Noreg for å gjere teneste under marinen sin avdeling på Scalloway på Shetland.

Ei av hovudoppgåvene for den norske spesialavdelinga på Shetland under krigen var å frakte våpen, forsyningar og mannskap til spesialoppdrag på norskekysten, og hente desse og flyktningane tilbake. Storparten av mannskapa som vart sett i land i Noreg tilhøyrde Kompani Linge, og hovudoppgåva deira var å drive opplæring av Milorg-grupper, gjennomføre sabotasjeaksjonar eller arbeide som telegrafistar.

Frå 1940 til 1945 frakta avdelinga 192 mann og 383 tonn militærutstyr over Nordsjøen og til ulike stader på Vestlandet.

Aarvak 100 år:

Alex Rosen med ishavsshow - i sitt rette element!

img_2668.jpg

Onsdag 29. august kl. 19.00 på Ishavsmuseet

Ishavsskuta Aarvak er i år 100 år, og det vert markert gjennom heile 2012 med ulike aktivitetar. Den store jubileumshelga vert frå 29. august til 2. september, og startar med besøk Alex Rosen.

Sommaren 2011 var Alex Rosen innom Ishavsmuseet i privat regi. Den store samlinga til museet imponerte Alex, men samtidig imponerte også Alex sjølv med sin store polare kunnskap. Det gikk ikkje lenge før han hoppa inn som "guide" sjølv på museet.

Det er kanskje ikkje så mange som veit at Alex Rosen har studert historie, men dei fleste kjenner han som ein oppdagelsesreisande, også med båt - og nettopp med den bakgrunn vert Ishavsmuseet og skuta Aarvak ei perfekt ramme for eit ishavsshow med Alex Rosen i farta.

Med besøket til Alex vonar Ishavsmuseet å skape engasjement for polarhistoria for eit endå breiare publikum.

Denne totalt ukontrolerte, litt galne mannen med stor humor treng nok ingen lengre introduksjon. Det er nok også stor sjanse for at Alex vil framføre nokre sjølvvalde slagerar i kjent stil, men først og fremst er det Alex med sin smittande latter som står framfor mikrofonen denne kvelden, med sine humoristiske innslag - og med ishavsvri no og då.

Førehandssal av billettar på www.sjoborg.no frå 28.mars.

 

|

Aarvak 100 år: Familiesøndag ved Ishavsmuseet med Maria Parr.

maria_parr.jpg

Søndag 2.september vert det høve til å prøve seg som båtbyggjar, øve deg på skipsknutar, det vert hakapik-kasting og teiknekonkurranse m.m. I høve hundreårsjubileet til Aarvak inviterer Ishavsmuseet til familiesøndag, med fleire spanande aktivitetar. Det vert også høve til å møte Maria Parr, som skal ha forteljarstund ved museet.

Maria Parr er kjend for dei fleste, ho er i dag ein av dei mest populære og profilerte barnebokforfattarane i Noreg. Ho gler seg til å vitje Brandal og Ishavsmuseet, og ser fram til å lese for små og store denne dagen.

Ishavsmuseet ynskjer å nå ut til alle aldersgrupper, og med å invitere til familiesøndag, håper dagleg leiar Webjørn Landmark at mange familiar vil legge turen til museet denne dagen. Her er mykje spennande og lærerikt å sjå også for borna, fortel Landmark.

Det vert også høve til å kjøpe seg søndagsmiddag, kaker og sterk kaffi på ekte ishavsvis.

Same dag inviterer Brandal Vel til skattejakt og fiskekonkurranse, samt historisk vandring på Kvitneset, så det ligg an til ein innhaldsrik dag i Brandal denne søndagen. 

Aarvak 100 år: Programkveld frå dekk på skuta

Ein 100-åring må sjølvsagt feirast, og ishavsskuta Aarvak er ikkje noko unntak! Hovudfeiringa for 100-årsjubileet er lagt til komande helg, og sjølve Aarvak-kvelden er lagt til fredag 31. august kl. 19.00, med 150 inviterte mannskapsmedlemar, alle har vore mannskap på skuta i tida 1945-1968.

Sjølve programkvelden er open for alle interesserte, og vil innehalde både musikalske og historiske perler. Blant anna vil Ottar Vik, som var med skuta i 1956 ta med trekkspelet og spele for oss.

Aarvak vart bygd av Kristian Dekke i Bergen i 1912. Fram til andre verdskrig vart ishavsskuter bygde med kutterskrog. Aarvak vart bygd med skrog i kryssarfasong. Som ny var skuta 90 fot lang, 21,6 fot brei, 10,6 fot djup og fekk ein dampmaskin på 74 ihk.

Aarvak er i dag den eldste igjen verande selfangstskute i Noreg av dei som var spesialbygde for selfangst etter 1900. Aarvak dreiv selfangst, ekspedisjonsvirksomheit og fiskeri frå 1912 til 1981. I 1981 var skuta på sin siste tur på selfangst. Seinare same året overtok Ishavsmuseet skuta og fekk henne verna som kulturminne. I desember 1998 vart «Aarvak» sett i dokk ved Ishavsmuseet i Brandal og gjort til ein varig del av museumsanlegget, og i 2009 vart vernebygget over Aarvak opna.  Etter mange ombyggingar på -50 talet, har den i dag typisk utsjånad for ishavsskuter som dreiv selfangst i Vest og Øst-isen på 1960 og -70 talet. Ishavsskuta Aarvak minner oss om ei dramatisk, betydeleg og viktig næring i Noreg i førre århundre. Ei næring som også danna grunnlaget for ei vidare norsk offshore og olje historie.

Svært mange har seilt med skuta opp gjennom åra, og den har ein viktig plass i ishavshistoria.

På programkvelden er det skuta og mannskapet som har seilt med den som skal stå i fokus. Derfor har vi etter beste evne sett saman ei mannskapsliste på 150 mann som har segla med Aarvak fram til 1968 og invitert til jubileumsfeiring.

Takk til Kronprinsparet for hyggeleg besøk om bord i Aarvak

Kronprinsparet på vitjing om bord i selfangstskuta Aarvak. Frå venstre: Ordførar i Hareid Anders Riise, Kronprins Haakon, styreleiar Ishavsmuseet Willy Nesset, Kronprinssesse Mette-Marit, dagleg leiar Ishavsmuseet Webjørn Landmark og Fylkesmann Lodve Solholm.
Kronprinsparet på vitjing om bord i selfangstskuta Aarvak. Frå venstre: Ordførar i Hareid Anders Riise, Kronprins Haakon, styreleiar Ishavsmuseet Willy Nesset, Kronprinssesse Mette-Marit, dagleg leiar Ishavsmuseet Webjørn Landmark og Fylkesmann Lodve Solholm.

Gudsteneste på Aarvak 8. juli

dscf2796.jpg

Søndag 8. juli vert det Gudsteneste frå dekk på Aarvak, med Margit Lovise Holte, Paul Sandanger og Knut Selvåg kl 12.00. Søndagsmiddag med sosakjøtt frå kl. 13.00. Kaffi og kaker. I år vert det også sett opp kyrkjebåt frå Hareid til Brandal. Før det kom skikkeleg veg mellom Brandal og Hareid vart båtar frå Brandal av og til nytta som kyrkjebåt frå Brandal til Hareid. No vert det høve til å vere med M/S Hindholmen både tur og retur Hareid / Brandal. Les meir om denne ærverdige båten her: http://www.mshindholmen.no/

billettsal til kyrkjebåten: www.sjoborg.no Strax Bok / Statoil

16. juni - trekkspelkonsert om bord MS Aarvak

frivakt_m_trekkspel.jpg

Trekkspelet vert kalla ishavets instrument, og det er ikkje utan grunn. Trekkspelet har i alle år vore med på ishavet til hyggeleg avkopling til trøtte menn på stille dagar. For ikkje å snakke om når skutene vart liggande faste i isen i kanskje veke etter veke. Laurdag 16. juni kan du få oppleve tonane frå trekkspelet i sitt rette element, på det historiske dekket til ishavsskuta Aarvak.

Denne laurdagen byr Ishavsmuseet deg inn til både konsert og til dans. Åmdal Trekkspelklubb, Åmdal Juniororkester, Ulstein Trekkspelklubb, Odd Arne Halaas, Joakim Nygård Jørve, Vegard Hansen, Lars Håvik og Møregutta skal alle spele på det som kjem til å verte ein storslått konsert. Etter konserten kan du få kjøpt middag, kaffi og kaker inne på Ishavsmuseet.

Og på kvelden spelar Åmdal Trekkspelklubb, Odd Arne Halaas, Vegard Hansen og Lars Håvik opp til dans, også her frå dekket til Aarvak. Konserten startar kl 16.00, og dansen er frå kl 21.00 og utover. Under konserten på dagtid vert det også lagt opp til «allsang frå dekk».

Åmdal Trekkspelklubb vart skipa i 1978 av ein gjeng ivrige trekkspelmusikantar. I dag består klubben av aktive musikarar frå 17-80 år. I 2011 var dei også arrangørar av distriktsmeisterskapet i trekkspel (Noregs trekkspelforbund), og i 2012 vann dei gull i gamaldans. Ulstein Trekkspelklubb vart skipa i 2009, og bestod då av medlemmar av kulturskulen i Ulsteinvik. Seinare opna klubben også for vaksne musikantar, og tel i dag 13 medlemmar i aldersgruppa 10-85 år. Ulstein TK har også vunne fleire prisar, m.a. gull i underholdningsmusikk, og ein av dei yngste i klubben, Joakim Nygård Jørve, tok også fyrsteplassen i klassa for solist t.o.m 11 år.

 

Odd Arne Halaas er ein aktiv mann og ein stor entertainer. Kjent som både musikar og skodespelar. I tillegg til å spele trekkspel og synge, har han også m.a spelt i ”Bør Børson” på Det Norske Teater i Oslo. Odd Arne, som er oppvaksen på Eide, starta å spele trekkspel då han var 13 år og fekk låne naboen sitt gamle Hohner trekkspel. Året etterpå fekk han sin debut som trekkspelar og skodespelar i rolla som førsteelskar i komedien «Skjærgårdsflørt». Han har også tatt fleire gull i distriktsmeisterskap, og eit NM sølv i gamaldans. Musikken hans er allsidig, og han spelar like gjerne i ei kyrkje, på festival eller som her, på dekket til ei ishavsskute. Så det er liten tvil om at nivået på musikarane denne dagen er skyhøgt, og at det kjem til å bli ei mektig oppleving. Aarvak-huset har også ein fantastisk akustikk, og med så mange dyktige musikantar kjem tonane frå trekkspela til å lyfte taket!

 

Ishavsmuseet feirar i år skuta Aarvak, som er 100 år. Dette jubileet vert markert med ulike arrangement gjennom heile året, der i blant denne trekkspelkonserten. Museet har hatt ein rekkje suksessfulle arrangement tidlegare i vår, med fulle hus og publikumsrekord. Vi håpar at mange tek turen til museet denne laurdagen, der du vil få ein historisk konsertopplevelse, og kjøpe deg middag eller kaker. Kanskje kjenner du det rykkar litt i dansefoten også? Kom og dans, på dekk! Sjåast!

Kronprinsparet på vitjing til Ishavsmuseet

Torsdag 24. mai stig kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit i land frå Kongeskipet for å vitje Hareid og Brandal.

På Ishavsmuseet blir kronprinsparet med på ei omvising og mottaking i vernebygget over Ishavsskuta Aarvak. Arrangementet i vernebygget er for spesielt inviterte gjestar, men vi oppmodar folk til å møte og vere med på arrangementet før, under og etter besøket.

Nær 400 på premiera til dokumentaren om "Ishavskjerringa"

Regissørane Hilde Ranheim og Marit Stensby
Regissørane Hilde Ranheim og Marit Stensby

Vi ynskjer å takke alle dei nær 400 som møtte på Ishavsmuseet til premieren til filmen om Ishavskjerringa. Med så fantastisk stort oppmøte måtte filmen visast 3 gonger, og dei to regissørane var strålande nøgde med frammøte. Takk også for tolmodet dei frammøtte viste med oss denne dagen og venta på plass til framsyning. Filmen om Ishavskjerringa kan bestillast  på Ishavsmuseet. Takk for ein fantastisk kveld på museet, og stor takk til Hilde Ranheim og Marit Stensby som laga ein viktig film.

Sjå også

www.ishavsmuseet.blogspot.com

www.facebook.com/aarvak

|
Forhånd.1...567891011Neste

 

Opningstider

April, Mai, September & oktober
Frå 15. april til 20. oktober
Kvardagar 11:00 – 16:00
Laurdag & søndag 12:00-16:00
Juni, Juli & August
Alle dagar 11:00 – 17:00
Inngong Vaksne Kr. 75 / Born Kr. 35


Kontaktinformasjon

Adresse
ISHAVSMUSEET AARVAK
6062 Brandal

Kontakt
Tlf. kontor 70 09 29 00 
Tlf. 70 09 20 04
Mob. 951 17 644
post@ishavsmuseet.no

Design: Osberget ASPowered by: Osberget CMS