MENY

ishavsmuseet_aarvak___logo.png

Program "Aarvak 100 år"

logo_aarvak_100__r.jpg

Onsdag 29. august kl. 19.00

Ishavsshow med Alex Rosen frå dekk på skuta.

Forhandssal av billettar på www.sjoborg.no og ved Ishavsmuseet. Kr. 250,-

Sals utstilling av isbjørn bilde av og med kunstnar Rudolf Overå i Aarvak-huset onsdag – søndag 11-17

 

Fredag 31. august kl. 19.00

Programkveld Aarvak 100 år frå dekk på skuta.

  • Arild Grimstad
  • Oddbjørn Grimstad
  • Harald Knutsen
  • Ottar Vik
  • Jenny Korsnes
  • Willy Nesset

 

Forhandssal av billettar på www.sjoborg.no og ved Ishavsmuseet. Kr. 150,-

Kl. 20.30 lukka arrangement for innbodne Aarvak-mannskap inne på museet

 

Laurdag 1. september

Ishavsmuseet ope frå kl. 11.00

KNM Hitra ope skip ved museums kaia.

Kl. 17.00 Foredrag av Jan Ingar Hansen, førstekonsulent ved Marinemuseet, Horten. Oscar Wisting, underoffiseren som ofret alt for Chefen - marinens deltagelse ved polarekspedisjonene.  Bill. Kr. 50,-

 

Frå Kl. 18.30 Grillkveld ved museet. Sal av god grillmat. Musikk ved Asbjørn Brubakk og Atle Gjerde.

 

Søndag 2. september

Ishavsmuseet ope frå kl. 11.00. Bill kr. 50,- / 20,-

KNM Hitra ope skip ved museums kaia.

Familiesøndag. Søndagsmiddag, kaffi og kaker.

Aktivitetar for borna: Teikning, hakapik-kasting, lag din eigen båtmodell, etc.

Kl. 15.00 Maria Parr med forteljarstund

Aarvak 100 år: Shetlandsbussen «KNM Hitra» til Brandal

museumsskipet_hitra_fullwidth.jpg

Fredag 31. august klappar KNM Hitra til kai ved Ishavsmuseet, og både laurdag og søndag kan folk gå om bord i «Shetlandsbussen».

Styrar Webjørn Landmark fortel at Ishavsmuseet har hatt samarbeid med Forsvarsmuseet.

Men marinen og ishavsnæringa har hatt mykje samarbeid gjennom generasjoner. Marinen har også vore aktiv i mange polarekspedisjonar heilt tilbake til Amundsen si tid.

 

Laurdag 1. september kl. 17.00 skal førstekonsulent Jan Ingar Hansen ved Marinemuseet i Horten halde foredrag på Ishavsmuseet. Han har blant anna skrive boka «Oscar Wisting – Amundsens betrodde mann», og meiner Wisting var sentral i gjennomføringa av dei store polarekspedisjonane.

Wisting var med Amundsen frå Sørpolen til Latham og han var også blant dei som leita lengst etter Amundsen i 1926.

KNM Hitra vil altså ligge ved kaia til Ishavsmuseet frå fredag til søndag. Hitra er det einaste bevarte minnet som er att frå Shetlandstrafikken under 2. verdskrig. Skipet vart funne att som vrak og restaurert. No seglar det langs kysten for å fortelje den dramatiske historia om trafikken over Nordsjøen.

Hitra var ei gåve frå USA til Noreg for å gjere teneste under marinen sin avdeling på Scalloway på Shetland.

Ei av hovudoppgåvene for den norske spesialavdelinga på Shetland under krigen var å frakte våpen, forsyningar og mannskap til spesialoppdrag på norskekysten, og hente desse og flyktningane tilbake. Storparten av mannskapa som vart sett i land i Noreg tilhøyrde Kompani Linge, og hovudoppgåva deira var å drive opplæring av Milorg-grupper, gjennomføre sabotasjeaksjonar eller arbeide som telegrafistar.

Frå 1940 til 1945 frakta avdelinga 192 mann og 383 tonn militærutstyr over Nordsjøen og til ulike stader på Vestlandet.

Aarvak 100 år:

Alex Rosen med ishavsshow - i sitt rette element!

img_2668.jpg

Onsdag 29. august kl. 19.00 på Ishavsmuseet

Ishavsskuta Aarvak er i år 100 år, og det vert markert gjennom heile 2012 med ulike aktivitetar. Den store jubileumshelga vert frå 29. august til 2. september, og startar med besøk Alex Rosen.

Sommaren 2011 var Alex Rosen innom Ishavsmuseet i privat regi. Den store samlinga til museet imponerte Alex, men samtidig imponerte også Alex sjølv med sin store polare kunnskap. Det gikk ikkje lenge før han hoppa inn som "guide" sjølv på museet.

Det er kanskje ikkje så mange som veit at Alex Rosen har studert historie, men dei fleste kjenner han som ein oppdagelsesreisande, også med båt - og nettopp med den bakgrunn vert Ishavsmuseet og skuta Aarvak ei perfekt ramme for eit ishavsshow med Alex Rosen i farta.

Med besøket til Alex vonar Ishavsmuseet å skape engasjement for polarhistoria for eit endå breiare publikum.

Denne totalt ukontrolerte, litt galne mannen med stor humor treng nok ingen lengre introduksjon. Det er nok også stor sjanse for at Alex vil framføre nokre sjølvvalde slagerar i kjent stil, men først og fremst er det Alex med sin smittande latter som står framfor mikrofonen denne kvelden, med sine humoristiske innslag - og med ishavsvri no og då.

Førehandssal av billettar på www.sjoborg.no frå 28.mars.

 

|

Aarvak 100 år: Familiesøndag ved Ishavsmuseet med Maria Parr.

maria_parr.jpg

Søndag 2.september vert det høve til å prøve seg som båtbyggjar, øve deg på skipsknutar, det vert hakapik-kasting og teiknekonkurranse m.m. I høve hundreårsjubileet til Aarvak inviterer Ishavsmuseet til familiesøndag, med fleire spanande aktivitetar. Det vert også høve til å møte Maria Parr, som skal ha forteljarstund ved museet.

Maria Parr er kjend for dei fleste, ho er i dag ein av dei mest populære og profilerte barnebokforfattarane i Noreg. Ho gler seg til å vitje Brandal og Ishavsmuseet, og ser fram til å lese for små og store denne dagen.

Ishavsmuseet ynskjer å nå ut til alle aldersgrupper, og med å invitere til familiesøndag, håper dagleg leiar Webjørn Landmark at mange familiar vil legge turen til museet denne dagen. Her er mykje spennande og lærerikt å sjå også for borna, fortel Landmark.

Det vert også høve til å kjøpe seg søndagsmiddag, kaker og sterk kaffi på ekte ishavsvis.

Same dag inviterer Brandal Vel til skattejakt og fiskekonkurranse, samt historisk vandring på Kvitneset, så det ligg an til ein innhaldsrik dag i Brandal denne søndagen. 

Aarvak 100 år: Programkveld frå dekk på skuta

Ein 100-åring må sjølvsagt feirast, og ishavsskuta Aarvak er ikkje noko unntak! Hovudfeiringa for 100-årsjubileet er lagt til komande helg, og sjølve Aarvak-kvelden er lagt til fredag 31. august kl. 19.00, med 150 inviterte mannskapsmedlemar, alle har vore mannskap på skuta i tida 1945-1968.

Sjølve programkvelden er open for alle interesserte, og vil innehalde både musikalske og historiske perler. Blant anna vil Ottar Vik, som var med skuta i 1956 ta med trekkspelet og spele for oss.

Aarvak vart bygd av Kristian Dekke i Bergen i 1912. Fram til andre verdskrig vart ishavsskuter bygde med kutterskrog. Aarvak vart bygd med skrog i kryssarfasong. Som ny var skuta 90 fot lang, 21,6 fot brei, 10,6 fot djup og fekk ein dampmaskin på 74 ihk.

Aarvak er i dag den eldste igjen verande selfangstskute i Noreg av dei som var spesialbygde for selfangst etter 1900. Aarvak dreiv selfangst, ekspedisjonsvirksomheit og fiskeri frå 1912 til 1981. I 1981 var skuta på sin siste tur på selfangst. Seinare same året overtok Ishavsmuseet skuta og fekk henne verna som kulturminne. I desember 1998 vart «Aarvak» sett i dokk ved Ishavsmuseet i Brandal og gjort til ein varig del av museumsanlegget, og i 2009 vart vernebygget over Aarvak opna.  Etter mange ombyggingar på -50 talet, har den i dag typisk utsjånad for ishavsskuter som dreiv selfangst i Vest og Øst-isen på 1960 og -70 talet. Ishavsskuta Aarvak minner oss om ei dramatisk, betydeleg og viktig næring i Noreg i førre århundre. Ei næring som også danna grunnlaget for ei vidare norsk offshore og olje historie.

Svært mange har seilt med skuta opp gjennom åra, og den har ein viktig plass i ishavshistoria.

På programkvelden er det skuta og mannskapet som har seilt med den som skal stå i fokus. Derfor har vi etter beste evne sett saman ei mannskapsliste på 150 mann som har segla med Aarvak fram til 1968 og invitert til jubileumsfeiring.

Takk til Kronprinsparet for hyggeleg besøk om bord i Aarvak

Kronprinsparet på vitjing om bord i selfangstskuta Aarvak. Frå venstre: Ordførar i Hareid Anders Riise, Kronprins Haakon, styreleiar Ishavsmuseet Willy Nesset, Kronprinssesse Mette-Marit, dagleg leiar Ishavsmuseet Webjørn Landmark og Fylkesmann Lodve Solholm.
Kronprinsparet på vitjing om bord i selfangstskuta Aarvak. Frå venstre: Ordførar i Hareid Anders Riise, Kronprins Haakon, styreleiar Ishavsmuseet Willy Nesset, Kronprinssesse Mette-Marit, dagleg leiar Ishavsmuseet Webjørn Landmark og Fylkesmann Lodve Solholm.

Gudsteneste på Aarvak 8. juli

dscf2796.jpg

Søndag 8. juli vert det Gudsteneste frå dekk på Aarvak, med Margit Lovise Holte, Paul Sandanger og Knut Selvåg kl 12.00. Søndagsmiddag med sosakjøtt frå kl. 13.00. Kaffi og kaker. I år vert det også sett opp kyrkjebåt frå Hareid til Brandal. Før det kom skikkeleg veg mellom Brandal og Hareid vart båtar frå Brandal av og til nytta som kyrkjebåt frå Brandal til Hareid. No vert det høve til å vere med M/S Hindholmen både tur og retur Hareid / Brandal. Les meir om denne ærverdige båten her: http://www.mshindholmen.no/

billettsal til kyrkjebåten: www.sjoborg.no Strax Bok / Statoil

16. juni - trekkspelkonsert om bord MS Aarvak

frivakt_m_trekkspel.jpg

Trekkspelet vert kalla ishavets instrument, og det er ikkje utan grunn. Trekkspelet har i alle år vore med på ishavet til hyggeleg avkopling til trøtte menn på stille dagar. For ikkje å snakke om når skutene vart liggande faste i isen i kanskje veke etter veke. Laurdag 16. juni kan du få oppleve tonane frå trekkspelet i sitt rette element, på det historiske dekket til ishavsskuta Aarvak.

Denne laurdagen byr Ishavsmuseet deg inn til både konsert og til dans. Åmdal Trekkspelklubb, Åmdal Juniororkester, Ulstein Trekkspelklubb, Odd Arne Halaas, Joakim Nygård Jørve, Vegard Hansen, Lars Håvik og Møregutta skal alle spele på det som kjem til å verte ein storslått konsert. Etter konserten kan du få kjøpt middag, kaffi og kaker inne på Ishavsmuseet.

Og på kvelden spelar Åmdal Trekkspelklubb, Odd Arne Halaas, Vegard Hansen og Lars Håvik opp til dans, også her frå dekket til Aarvak. Konserten startar kl 16.00, og dansen er frå kl 21.00 og utover. Under konserten på dagtid vert det også lagt opp til «allsang frå dekk».

Åmdal Trekkspelklubb vart skipa i 1978 av ein gjeng ivrige trekkspelmusikantar. I dag består klubben av aktive musikarar frå 17-80 år. I 2011 var dei også arrangørar av distriktsmeisterskapet i trekkspel (Noregs trekkspelforbund), og i 2012 vann dei gull i gamaldans. Ulstein Trekkspelklubb vart skipa i 2009, og bestod då av medlemmar av kulturskulen i Ulsteinvik. Seinare opna klubben også for vaksne musikantar, og tel i dag 13 medlemmar i aldersgruppa 10-85 år. Ulstein TK har også vunne fleire prisar, m.a. gull i underholdningsmusikk, og ein av dei yngste i klubben, Joakim Nygård Jørve, tok også fyrsteplassen i klassa for solist t.o.m 11 år.

 

Odd Arne Halaas er ein aktiv mann og ein stor entertainer. Kjent som både musikar og skodespelar. I tillegg til å spele trekkspel og synge, har han også m.a spelt i ”Bør Børson” på Det Norske Teater i Oslo. Odd Arne, som er oppvaksen på Eide, starta å spele trekkspel då han var 13 år og fekk låne naboen sitt gamle Hohner trekkspel. Året etterpå fekk han sin debut som trekkspelar og skodespelar i rolla som førsteelskar i komedien «Skjærgårdsflørt». Han har også tatt fleire gull i distriktsmeisterskap, og eit NM sølv i gamaldans. Musikken hans er allsidig, og han spelar like gjerne i ei kyrkje, på festival eller som her, på dekket til ei ishavsskute. Så det er liten tvil om at nivået på musikarane denne dagen er skyhøgt, og at det kjem til å bli ei mektig oppleving. Aarvak-huset har også ein fantastisk akustikk, og med så mange dyktige musikantar kjem tonane frå trekkspela til å lyfte taket!

 

Ishavsmuseet feirar i år skuta Aarvak, som er 100 år. Dette jubileet vert markert med ulike arrangement gjennom heile året, der i blant denne trekkspelkonserten. Museet har hatt ein rekkje suksessfulle arrangement tidlegare i vår, med fulle hus og publikumsrekord. Vi håpar at mange tek turen til museet denne laurdagen, der du vil få ein historisk konsertopplevelse, og kjøpe deg middag eller kaker. Kanskje kjenner du det rykkar litt i dansefoten også? Kom og dans, på dekk! Sjåast!

Kronprinsparet på vitjing til Ishavsmuseet

Torsdag 24. mai stig kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit i land frå Kongeskipet for å vitje Hareid og Brandal.

På Ishavsmuseet blir kronprinsparet med på ei omvising og mottaking i vernebygget over Ishavsskuta Aarvak. Arrangementet i vernebygget er for spesielt inviterte gjestar, men vi oppmodar folk til å møte og vere med på arrangementet før, under og etter besøket.

Nær 400 på premiera til dokumentaren om "Ishavskjerringa"

Regissørane Hilde Ranheim og Marit Stensby
Regissørane Hilde Ranheim og Marit Stensby

Vi ynskjer å takke alle dei nær 400 som møtte på Ishavsmuseet til premieren til filmen om Ishavskjerringa. Med så fantastisk stort oppmøte måtte filmen visast 3 gonger, og dei to regissørane var strålande nøgde med frammøte. Takk også for tolmodet dei frammøtte viste med oss denne dagen og venta på plass til framsyning. Filmen om Ishavskjerringa kan bestillast  på Ishavsmuseet. Takk for ein fantastisk kveld på museet, og stor takk til Hilde Ranheim og Marit Stensby som laga ein viktig film.

Sjå også

www.ishavsmuseet.blogspot.com

www.facebook.com/aarvak

|

Sesongopning 1. mai

aarvak1.jpg

1. mai opnar vi dørene for en ny sommarsesong på Ishavsmuseet. Frå denne dagen er museet ope alle dager. Denne dagen vert det familiedag med filmframsyning og eventyrstund for dei minste.

Vi opnar dørene kl. 12.00 og serverer middag, kaffi og kaker. På menyen står kjøtkaker/Lindstrømburger med tilbehør, og pølser og chips. Mange fikk ikkje med seg premieren på dokumentarfilmen Ishavskjerringa, og denne vert synt kl. 13 og kl 15. Ann Mari Harkjerr held eventyrstund for dei minste, under 8 år, kl. 14.00

Velkomne til sesongopning!

Polarkveld om Miss Louise Arner Boyd

kameliadamen_miss_b.jpg

Fredag 20. april er det duka for ny polarkveld på Ishavsmuseet. Denne gang er temaet millionøsa Miss Louise Arner Boyd og ishavsskuta "Veslekari" som står i fokus.

Miss Boyd var i frå San Rafael i California og arva ei stor formue etter foreldra som var med på det store gullrushet i California frå midten av 1800 talet. Denne formua var det som gjorde det mogleg for Miss Boyd og utruste sju ekspedisjonar til arktiske strok. Det var Vartdal-skuta "Veslekari" som vart Miss Boyd sin store kjærleik, og denne skuta nytta ho i 1931, 1933, 1937 og 1938. Brit Aarseth har lagt ned eit stort arbeid for å samle historia om Miss Boyd, og Brit vil halde foredrag for oss på Ishavsmuseet denne kvelden. Som vanleg vert polarkvelden avslutta med middagsservering, og denne gangen er det igjen selkjøtgryte som står på menyen. Påmelding til Ishavsmuseet for servering.

|

Frammuseet og Ishavsmuseet har inngått samarbeidsavtale

Under ein svært vellykka polarkveld på Ishavsmuseet 25. januar, som markerte starten på eit svært aktivt museumsår 2012, vart det signert ein samarbeidsavtale mellom Frammuseet i Oslo og Ishavsmuseet på Brandal.

PRESS RELEASE

cmip21_immigrationdesk_and_ishavsmuseet.jpg

Martin Karlsen, the ISHAVSMUSEET AARVAK’s ambassador in Halifax, Nova Scotia brings flowers and thanks to our new friends at the CANADIAN MUSEUM OF IMMIGRATION AT PIER 21, Halifax , Marie Chapman, CEO, Carrie-Ann Smith, Chief of Audience Engagement, Martin Karlsen and Fiona Valverde, Director, Marketing, Communications and Development.

The CANADIAN MUSEUM OF IMMIGRATION AT PIER 21 collects, shares and pays tribute to the Canadian immigration story.  

Active museum member, sent on behalf of ISHAVSMUSEET AARVAK, Else Karlsen recently visited the CANADIAN MUSEUM OF IMMIGRATION  AT  PIER  21 in Halifax, Nova Scotia to discuss how each museum could begin sharing resources and collecting materials to enhance both collections. 

Soon www.pier21.ca  will feature a call for contributions from Norwegian-Canadians with a connection to the villages Brandal and Hareid, neighbouring areas and all of Norway as well as stories and images from Norwegian-Canadians with a connection seafaring or seal hunting industries in Canada.

As we know there has been a long and strong connection in the areas of seal hunting and seafaring between Norway and Newfoundland, which neighbours Nova Scotia. Norwegians settled on Canada’s east coast and multiple Norwegian companies established themselves in the seal, whale, and fishing trades.

We at ISHAVSMUSEET AARVAK www.ishavsmuseet.no   are very pleased and proud  to include The CANADIAN MUSEUM  OF IMMIGRATION  AT PIER 21, Halifax in our museum network. There has been and will continue to be a strong connection between Canada and our region here on the west coast of Norway.  We are happy that both parts wish to develop this relationship.

For ISHAVSMUSEET AARVAK it is extremely important to have this opportunity to study the seal hunting history specifically, since we know how important this has been for our two countries. Also important is the fact that many Norwegians settled in Canada.  Now we have the source to help us find out more about all those people and to share our common history on both sides of the Atlantic.

Our polar and artic network now consists of Canadian Museum of Immigration at Pier 21, Frammuseet www.frammuseum.no  and Ishavsmuseet Aarvak.  We look forward to announcing who will be the next museums to join us. Together we are stronger, together we develope, and together we will share all our knowledge and documentation with everyone who visits our websites and our museums.

|

Avseilar-kveld på Ishavsmuseet.

I midten av mars månad var det vanleg for skutene som skulle i Vesterisen på fangst å ruste ut for tur. Denne klargjeringa tok ofte rundt ei veke. Alt av utstyr skulle finnast fram og berast om bord. Utstyret skulle sjåast over og gjerast klart. Sidan siste ishavstur hadde skutene hatt anna aktivitet som sildefiske. Spekktankar, bunkers og proviant måtte på plass. Eit omfattande arbeid, og eit yrande liv på kaiene med så mange skuter som skulle av garde. Ungane klatra i riggen og hadde store forventningar til at deira tur skulle kome. Gamlekarane fann seg stadig ærend ned på kaiene for og sjå til at alt var som det skulle. Stuerten hadde si fulle hyre med å koke kaffi, i tillegg til og sjå til at alt av proviant kom om bord og på rett plass.

Kvelden før avreise var det som oftast «avseilarfest».

Fredag 23. mars frå kl. 19.00 vert det igjen ein «avseilar» i Brandal. Ishavsmuseet byd inn til avseilar-kveld med ishavspresten Monrad Norderval som tema. 

|

ISHAVSKJERRINGANE PÅ LERRET!

 

Marit Stensby og Hilde Ranheim har laga film om ishavskjerringa
Marit Stensby og Hilde Ranheim har laga film om ishavskjerringa

Onsdag 14 mars er det premiere på dokumentarfilmen Ishavskjerringa på Ishavsmuseet Aarvak.

For første gong på film fortel kvinnene som venta heime mens mennene deira var på fangst i ishavet si historie.

Dokumentarfilmen blir vist på Ishavsmuseet Aarvak i Brandal onsdag 14. mars klokka 19:00. Regissørane og to av dei medverkande vil vere til stede, og etter framsyninga vil det vere mulig å kjøpe filmen på DVD.

Filmen varer 27 min.

|

Fullt hus på Tjørvåg-kveld.

tj_rv_gkveld_jarl_grimstad_p__talarstolen.jpg

Fredag kveld var det duka for Tjørvåg-kveld på Ishavsmuseet Aarvak. Med føredraget ”Ein gong ei ishavsbygd”, om Tjørvåg, trekte Jarl Grimstad og Arnfinn John Klungsøyr Karlsen fullt hus.

 

Med eit frammøte på over 150 personar frå heile Sunnmøre, var det 75 av desse som nytta moglegheita for å få seg ein retteleg ishavsmiddag, Selkjøttgryte etter føredraget. Skal ein tru stemninga rundt bordet var også dette ein fulltreffar for Ishavsmuseet, som er i vinden som aldri før.

|

Brandølingane set ishavsbygda Tjørvåg på kartet:

"Ein gong ei ishavsbygd"

Fredag 24. februar kl. 19.00 byd vi inn til "Tjørvåg-kveld" på Ishavsmuseet. Denne kvelden er det ishavsbygda Tjørvåg som vil stå i fokus. Tjørvåg var heimehamn til 18 ishavsskuter, og det vert dette som er utgangspunktet for foredraget "Ein gong ei ishavsbygd" som Jarl Grimstad vil stå for.

Etter foredraget vert det servert middag med selkjøt-gryte. Dei som ynskjer  middagsservering må melde seg på til: webjorn@ishavsmuseet.no

Vellukka polarkveld på Ishavsmuseet

Onsdag 25. januar var omlag 70 frammøtte samla på undervisningssalen ved Ishavsmuseet i anledning årets første polarkveld, og det som i følgje styreleiaren i museet, Willy Nesset, startskotet på eit aktivt år ved museet.

Året vart starta med direktør ved Frammuseet, Geir O. Kløver, som hadde teke turen til ishavsbygda for å halde foredrag om Roald Amundsen og sydpolekspedisjonen.

Velkomen til årets første POLARKVELD!

geir_klover_foto_frammuseet.jpg

Onsdag 25. januar kl. 19.00. Direktør ved Frammuseet, Geir Kløver, opnar eit rikt museums år i Brandal. Ishavsmuseet vil gjennom heile 2012 ha stort fokus på formidling av polarhistorie, og legg opp til mange spanande arrangement utover året.

Første foredragsholdar onsdag 25. januar vert altså Geir Kløver som er direktør ved Frammuseet i Oslo. Kløver er ekspert på Nansen/Amundsen og dei store polarferder. Han har hatt eit svært så travelt år i høve jubileet i 2011, og reist "verda rundt" med foredrag og arrangement. 17. januar var Kløver ved polarinstituttet på ærverdige Cambridge University, eit institutt som er kalla opp etter Robert F. Scott, og markerte 100-årsdagen for at Scott nådde Sydpolen.

Kløver er ein svært ettertrakta og dyktig foredragshaldar. Onsdag kveld gjestar han Ishavsmuseet med foredraget: Roald Amundsen og sydpolekspedisjonen gjennom mannskapets dagbøker. Foredraget omhandlar Roald Amundsens sydpolekspedisjon, krydra med Amundsens eigne foredrags bilde, samt mannskapets private dagbøker og fotoalbum.

Forhånd.1...67891011Neste

 

Opningstider

April, Mai, September & oktober
Frå 15. april til 20. oktober
Kvardagar 11:00 – 16:00
Laurdag & søndag 12:00-16:00
Juni, Juli & August
Alle dagar 11:00 – 17:00
Inngong Vaksne Kr. 75 / Born Kr. 35


Kontaktinformasjon

Adresse
ISHAVSMUSEET AARVAK
6062 Brandal

Kontakt
Tlf. kontor 70 09 29 00 
Tlf. 70 09 20 04
Mob. 951 17 644
post@ishavsmuseet.no

Design: Osberget ASPowered by: Osberget CMS