MENY

ishavsmuseet_aarvak___logo.png

NYE POLARBØKER

1_a_anlegget.jpg

Har du hugsa å fylle opp med polarbøker til ferien?

Meir enn 20 nye polarbøker er no lagt til i vår polar nettbokhandel. Klikk deg inn på linken til venstre å sjå vårt rikhaldige utval.

VELLUKKA SESONGOPNING

Picture information goes here
Picture information goes here

Ordførar Anders Riise klipper snora og opnar den nye båthallen. Styreleiar i Ishavsmuseet Trygve Holm passar på at snora er stram.
Torsdag 1. mai stod Hareidsordførar Anders Riise for sesongopninga av Ishavsmuseet Aarvak. Nytt av året er mellom anna ein ny båthall, med bord frå ein sunnmørsk ottring på veggen, og ei heilt ny 4. etasje.

Den siste tida har det vore hektisk på Ishavsmuseet, for å gjere klart til den nye sesongen. Det har vore ombyggingar og forandringar i alle etasjene, og i den nye 200 kvadratmeter store utstillinga i første etasje har fem båtar fått plass, i tillegg til mykje anna fangst og fiskeutstyr.

Ordførar Anders Riise var på plass og klipte snora for å erklere den nye båthallen og museet for opna.

Riise sa til dei frammøtte at han er stolt over alt som Ishavsmuseet og Hareid kommune har å vise fram frå den tidlegare maritime historia. Riise hadde også med seg skøte på tomtegrunnen der Ishavsmuseet står. Skøta overrekte han til museet som ei gåve frå Hareid kommune.

Nytt av året er også at fjerdeetasje er innreidd og klar til bruk. Her blir det utstillingar og plass til å sjå film, bilete eller blade i historiebøker.

Utstillinga om Svalbard er flytta ei etasje opp og blitt utvida med fleire av ishavsøyane.

ISHAVSMUSEET VART FOR LITE

Enorm interesse for polarkvelden med ishavsskuta «Polarbjørn».

Dei 180 frammøtte under polarkvelden på Ishavsmuseet fredag fekk med seg to historiske filmar. Opptaka til filmen om bygginga av «Polarbjørn» vart gjort under heile byggeprosessen og syner eit vanvettig arbeid med svære dimensjonar på tømmeret, utan moderne løfteanordningar. Det gjekk med godt å vel 80.000 arbeidstimar til å bygge «Polarbjørn».

Unik film
Børre Grønningsæter var første foredragshaldar, og han fortalde at det var hans bestefar, Bernhard Grønningsæter, som eigde og dreiv Bolsønes Verft då «Polarbjørn» blei kontrahert ved verftet. Børre sin far Arne, og hans bror Odd, overtok drifta av verftet i 1950. Far til Børre var ein ivrig hobby fotograf. Både bilde og smalfilm. Filmen om bygginga av «Polarbjørn» hadde han filma i si heilhet. Under polarkvelden fredag forhandla Ishavsmuseet og Grønningsæter fram ein avtale som gjer at denne unike filmen vil verte tilgjengeleg for sal på Ishavsmuseet seinare i år.

Børre har vokse opp, og trakka sine barnesko på Bolsønes, og sidan jobba der fram til konkursen i 1984. Filmen om «Polarbjørn» var forresten sakna i mange år. Den blei funne igjen bak ei bokhylle da min far på sine gamle dager skulle flytte i leilighet, fortalte Børre. Vi fekk då filmen spelt over på VHS, og eg fekk min far til å lese inn kommentarane på filmen. Sjølv om reiaren for «Polarbjørn» pruta ganske kraftig då skuta var ferdig vart det igjen eit ganske imponerande prosentvis overskot til verftet.

 

Forhånd.12

 

Opningstider

April, Mai, September & oktober
Frå 15. april til 20. oktober
Kvardagar 11:00 – 16:00
Laurdag & søndag 12:00-16:00
Juni, Juli & August
Alle dagar 11:00 – 17:00
Inngong Vaksne Kr. 75 / Born Kr. 35


Kontaktinformasjon

Adresse
ISHAVSMUSEET AARVAK
6062 Brandal

Kontakt
Tlf. kontor 70 09 29 00 
Tlf. 70 09 20 04
Mob. 951 17 644
post@ishavsmuseet.no

Design: Osberget ASPowered by: Osberget CMS