MENY

ishavsmuseet_aarvak___logo.png

Om Ishavsmuseet Aarvak

Webjørn Landmark er dagleg leiar for stiftinga, og vil kunne hjelpe deg med spørsmål om historia eller om du vil leige lokaler til møte, kurs eller selskap.
Webjørn Landmark er dagleg leiar for stiftinga, og vil kunne hjelpe deg med spørsmål om historia eller om du vil leige lokaler til møte, kurs eller selskap.

Ishavsmuseet Aarvak er ei sjølveigande stifting med formål og bevare historia frå vår dramatiske sjøfarts-, fangst- og polarhistorie, og å legge til rette for studiearbeid og forsking. 

Stiftinga har tilhald på Brandal der Ishavsmuseet flytte inn i nytt bygg, ei gamal sjøbu frå 1950, i 1998, 100 år etter at den første skuta gjekk ut frå Sunnmøre. Same år vart ishavsskuta ”Aarvak” sett på land i dokk ved sidan av museet. I 2009 vart eit stort fint vernebygg rundt skuta opna.

Stiftinga har til no samla kring 6000 gjenstandar, ca 50.000 foto, og fleire filmar frå polare strøk heilt tilbake til 1924, og eit stadig veksande dokumentarkiv. Mykje av dette er tilgjengeleg for publikum i permanente utstillingar.

Ishavsmuseet har også hand om eit stort skutearkiv som inneheld opplysningar om vel 400 ishavsskuter. Ein viktig del av vårt arbeid er formidling av historia til komande slekter. Såleis har Ishavsmuseet så langt gitt ut seks bøker som omhandlar denne soga. ”Skuter av tre --- Mannskap av jern” 1986, ”På gyngande grunn” 1990, ”I polarisens makt” 1998, "Når storstormen rasar” 2002, "På minnegrunn" 2003, "Soga om Aarvak" 2012 og "Polarstar, Ishavets Grand Old Lady" 2017.

Kontakt oss gjerne om du har spørsmål om skuter eller andre deler av historia. Vi vil så langt det er råd prøve å hjelpe deg.

Ishavsmuseet Aarvak
6062 Brandal
Tlf. 700 92 004 og 700 92 900

Epost. post@ishavsmuseet.no

Ishavsmuseet Aarvak er ei stifting underlagt Stiftelseslova.

 

Opningstider

April, Mai, September & oktober
Frå 15. april til 20. oktober
Kvardagar 11:00 – 16:00
Laurdag & søndag 12:00-16:00
Juni, Juli & August
Alle dagar 11:00 – 17:00
Inngong Vaksne Kr. 90 / Born Kr. 40


Kontaktinformasjon

Adresse
ISHAVSMUSEET AARVAK
6062 Brandal

Kontakt
Tlf. kontor 70 09 29 00 
Tlf. 70 09 20 04
Mob. 951 17 644
post@ishavsmuseet.no

Design: Osberget ASPowered by: Osberget CMS