Om oss

OM ISHAVSMUSEET AARVAK

Ishavsmuseet Aarvak er ei sjølveigande stifting med formål og bevare historia frå vår dramatiske sjøfarts-, fangst- og polarhistorie, og å legge til rette for studiearbeid og forsking.

Webjørn Landmark er dagleg leiar for stiftinga, og vil kunne hjelpe deg med spørsmål om historia eller om du vil leige lokaler til møte, kurs eller selskap.

Ishavsmuseet Aarvak er eit spesialmuseum innan emnet polar, med hovudfokus på Norsk selfangst og overvintringsfangst.

Ei spanande soge om ishavets sanne heltar, kvardagsheltane, og om ei næring som skulle få så mykje og seie for ein heil nasjon. Selfangst og overvintringsfangst. Mennene som kjempa mot naturkrefter og heimlengsel. Dei som reiste ut 15 år gamle utan tvil i sjela. Skipperar og fangstmenn. Det handla om og overleve, og kanskje oppfylgje ein draum om rikdom. Mange kom ikkje attende, men fekk si våte grav. Det var skuter av tre, og mannskap av jarn.

Stiftinga har tilhald på Brandal der Ishavsmuseet flytte inn i nytt bygg, ei gamal sjøbu frå 1950, i 1998, 100 år etter at den første skuta gjekk ut frå Sunnmøre. Same år vart ishavsskuta ”Aarvak” sett på land i dokk ved sidan av museet. I 2009 vart eit stort fint vernebygg rundt skuta opna.

Stiftinga har til no samla kring 6000 gjenstandar, ca 50.000 foto, og fleire filmar frå polare strøk heilt tilbake til 1924, og eit stadig veksande dokumentarkiv. Mykje av dette er tilgjengeleg for publikum i permanente utstillingar.

Ishavsmuseet har også hand om eit stort skutearkiv som inneheld opplysningar om vel 400 ishavsskuter. Ein viktig del av vårt arbeid er formidling av historia til komande slekter. Såleis har Ishavsmuseet så langt gitt ut seks bøker som omhandlar denne soga. ”Skuter av tre — Mannskap av jern” 1986, ”På gyngande grunn” 1990, ”I polarisens makt” 1998, “Når storstormen rasar” 2002, “På minnegrunn” 2003, “Soga om Aarvak” 2012 og “Polarstar, Ishavets Grand Old Lady” 2017.

Kontakt oss gjerne om du har spørsmål om skuter eller andre deler av historia. Vi vil så langt det er råd prøve å hjelpe deg.

Ishavsmuseet Aarvak

Brandalsvegen 28
6062 Brandal
Tlf.  95 11 76 44

Epost. post@ishavsmuseet.no

Ishavsmuseet Aarvak er ei stifting underlagt Stiftelseslova.