Skriv ut

Polarkveld om «Maud» på Ishavsmuseet 20. september kl. 19.00.

maud_slep_2018.jpg

«Maud», ekspedisjonane, forlis og berging.

«Det er ikke min akt å håne den edle drue. Men allerede nå skal du få føle litt av ditt rette element. For isen er du bygget, og i isen skal du tilbringe din beste tid, og der skal du løse din oppgave. Med vår dronnings tillatelse døper jeg deg «Maud»».

Med desse orda døypte Roald Amundsen si nye polarskute «Maud» på Vollen i Asker sommaren 1917 ved å knuse ein isklump mot baugen. «Maud» var Amundsen si skute, og var bygd for ekspedisjonen gjennom Nordaustpassasjen. Med si lengde på 120 fot og med ein semidiesel på 240 hk vart «Maud» den største av dei berømte polarskutene. Det var båtbyggar Chr. Jensen i Vollen i Asker som bygde «Maud». Etter at «Maud» var sjøsett bygde han på same slippen ishavsskuta «Veslekari», dels på overskotsmateriell etter Amundsen si skute. Korleis ekspedisjonen med Amundsen gjekk i Nordaustpassasjen får vi vite meir om under polarkvelden på Ishavsmuseet fredag 20. september.

Foredragshaldar denne dagen er Jan Wanggaard. Wanggaard har vore prosjektleiar i Tandberg Eigedom som har stått bak prosjektet ««Maud» returns home».

Etter mang ein kamp med drivisen enda «Maud» opp i Cambridge Bay der ho sokk i 1930. I 1990 vert det nedsøkkte vraket etter «Maud» kjøpt av Asker kommune for 1 dollar. Maud Returns Home er eit prosjekt sett i gong av eigedomsfirmaet Tandberg Eiendom AS for å hente «Maud» heim til Vollen og Norge, etter 80 år på havets botn i Nordvestpassasjen ved Iqaluktuutiaq, Canada.

Tandberg Eiendom AS overtok eigaransvaret av «Maud» frå Asker kommune april 2011. Sommaren 2016 vart skroget heva i Cambridge Bay.

Slepet frå Cambridge Bay starta 1. september 2017 då isforholda var gunstige. Slepet overvintra ved Aasiaat på vestsida av Grønland. Vraket vart deretter slept over Atlanterhavet sommaren 2018. 19.august 2018 kjem ho for første og siste gong på besøk til Uranienborg (Roald Amundsens heim) på Svartskog før ho fortsette til Tofte i Hurum der den ligg i påvente av bygging av eit «Maud»-hus i Vollen.

Foredragshaldar Jan Wanggaard vil fortelje og vise film og bilde frå både Amundsens ekspedisjon og arbeidet med hevinga og slepet av «Maud». Vi får sjå og høyre om ein svært så spanande og krevjande jobb.

Etter foredraget vert det servert middag, og denne gong er det biff av sel med fløytepoteter og omnsbakte grønsaker på menyen. Påmelding for middag.