MENY

ishavsmuseet_aarvak___logo.png

«SELvsagt er det sel!»

Søndag 27. september byr Ishavsmuseet på sel til middag frå kl. 13-17. Stuertane ved museet lovar sel i mange variantar, blant anna så står Ishavsmuseet si alltid så populære selkjøtgryte på menyen. Det gjere også selburger, og «Tornedå» av selbiff med fløtegratinerte poteter og peparsaus a’la blueback. Fleire delikatesser å prøve seg på her med andre ord.

«Nauta godt!» seier styrar ved Ishavsmuseet Webjørn Landmark om denne menyen. Selkjøt er ei fantastisk råvare og eit fantastisk godt og mørt kjøt. Selkjøt kan likne litt på kval, men er endå betre og mørare. Kjøtet er av årets fangst i Vesterisen, var av ypparste klasse av smådyr, og godt stelt av mannskapet på «Havsel», med skipper Bjørne Kvernmo og styrmann Espen Brandal i spissen. Dei leverte fangsten i Tjørvåg tidligare i år.

Det er andre året Ishavsmuseet arrangerer ein slik «selkjøtdag» og i fjor var arrangementet så populært at grytene vart tome. Dette vert det retta på i år, og enda meir sel skal i grytene. Landmark opplyser at sesongen ved museet ikkje er heilt over, museet har nemleg ope kvar dag til den 18. oktober. Søndag vert det vist film frå selfangst i undervisningssalen ved museet.

I år var det berre ei skute på fangst i Vesterisen, «Havsel» frå Alta. Vanskelege forhold gjorde at det vart liten fangst. Tilgangen på kjøt er derfor svært avgrensa, så det er ein eksklusiv meny i Brandal denne dagen!

|

Bacalao & Tapas

Laurdag 29. august frå kl. 19.00 inviterer Ishavsmuseets Venneforeining til bacalao & tapas- kveld på Ishavsmuseet. Det har blitt ei fin tradisjon at venneforeininga inviterer til slike sosiale kveldar for både medlemar og andre eit par gongar i året. Ronald Øvrelid vert med og spelar og syng for oss utetter kvelden. Kokkane våre, Marit og Rolf, lovar eit bugnande tapasbord. Vil du vere sikra plass kan du bestille på tlf 700 92 004. Velkomne.

|

Gudsteneste om bord i ishavsskuta Aarvak søndag 5. juli. kl. 12

Ishavsmuseet og kyrkja i Hareid ynskjer velkomne til søndagsgudsteneste og søndagsmiddag ved Ishavsmuseet i Brandal.

Gudsteneste frå skutedekket vert i år arrangert for femte året på rad, og har såleis vorte ein flott tradisjon. Dei føregåande åra har det møtt mykje folk til denne Gudstenesta. Påmønstra prest er i år Kristian Myklebust, og Ida Teige er organist.

Alt ligg såleis til rette for ei trivelig stund om bord i Aarvak.

Gudstenesta tek til kl. 12.00

Etterpå vert det servert middag med sosakjøt og riskrem, kaffi og kaker.

I andre høgda på Ishavsmuseet vert framvising av filmen om Ragnar Thorseth sine ekspedisjonar. Denne går kontinuerlig på storskjerm i foredragssalen. I fjerde etasje går filmen "Ishavshanda" av Blåst film, og film frå ekspedisjon med "Polarbjørn" til Nordaust-Grønland i 1932. Det skulle vere ei fin anledning å bruke søndagen i Brandal med andre ord.

Velkomne.

Foredrag og søndagsmiddag på Ishavsmuseet fredag 1. mai:

Med «Minna» på oljeleiting i 1960

minna_foto_trygve_helles_y.jpg

Trygve Hellesøy trudde han skulle fiske då han mønstra på «Minna» av Brandal i 1960. Lite visste han at målet var å sprenge etter olje utanfor Canada. Fredag 1. mai kl. 15.00 kan du høyre han fortelje om denne spesielle turen i 1960.

22 år gamal fant Trygve seg om bord på «Minna» 18. juni det året. Den smidige ishavsseglaren vendte nasen mot Halifax i Canada for nye oppdrag. Sjølv visste ikkje den unge hellesøy-karen kva arbeid han hadde fått seg.

Det byrjar å verte nokre år sidan han var ein aktiv deltakar i oljeeventyret på kanadisk sokkel -nokre år før Noreg fann sitt svarte gull utanfor Vestlandet. Men Hellesøy har god husk, og historiene frå denne turen er mange. Han fortel levande og detaljert om korleis han opplevde både «Minna» og den noko spesielle ekspedisjonen dei vart sende på.

Det var Karl Karlsen og Bernt Marø som kjøpte «Minna» i Canada. Dei flagga fartøyet til Noreg med ein gong. «Minna» kom til Noreg i 1945, og første tida etter krigen var «Minna» i teneste for Finnmarks-kontoret. Skipper var Ingolf Røren, og styrmann Bernt A. Brandal.

I tida 1946-1959 var «Minna» kvar sommar i teneste for Norsk Polarinstitutt på Svalbard og Jan Mayen. Skipper var Ingolf Røren. I 1960 vart «Minna» overført frå Martin Karlsen AS i Brandal til Karl Karlsen i Canada der skuta vart brukt til seismikk, skjellskraping, kvalfangst, selfangst og ekspedisjonar.

Saman med skipper Ingolf Røren brukte Trygve og mannskapet 15 døger frå Ålesund til Halifax. Med ni knop og vind i segla var «Minna» ikkje av den raskaste sorten.

Halifax ligg på halvøya Novascotia. Fem kanadiarar frå Canadian Oil Company vart med oss og saman med dei lasta vi om bord 55 tonn med dynamitt. Dei leita og sprengde med dynamitt i fleire veker. – For meg som var fiskar, var dette heilt forferdeleg. Det flaut opp halvdaud fisk i tusental. Oss sprengte av ladningar heile dagen, seier Trygve.

Fredag 1. mai kan du høyre meir om denne ekspedisjonen då Hellesøy gjestar Ishavsmuseet med foredrag. Trygve Johannes Hellesøy er i dag for tida fungerande sokneprest i Haram og Fjørtoft.

På Ishavsmuseet vert det servering av kjøtkake-middag, kaker og sterk kaffi på ekte ishavsvis heile dagen.

|

Sild på polarkvelden med Jan Johansen 24. april

yksn_y_156_sildefiske_hvalrossen.jpg

Sildefiske er tema når Jan Johansen finn vegen til Ishavsmuseet med foredrag og film fredag 24. april kl. 19.00. Etter foredraget er det sjølvsagt sild på menyen; Boknasild med alt godt av tilbehør.

Sildefisket har truleg blitt drive her i landet i større eller mindre målestokk så lenge det har budd folk her. Og like lenge har det skifta med godår og svartår. Denne uvissa har skapt ei særskild spenning kring sildefisket. Brått kunne rikdomen frå havet bokstavleg tala kome veltande inn til kyststroka våre, med mat og velstand til alle – så lenge godåra varte. Denne «Atlanterhavets Klondyke» likna veldig på originalen i Alaska. Folk kom og tente mykje på kort tid. Sildespekulantane kom og drog enten søkkrike eller heilt brakke.

 På 1500- talet fekk sildefiske i Noreg ikkje lenger berre verdi som ein lekk i naturhushaldet, men no vart det mogleg å fiske langt større mengder fordi ein no fekk salte og utføre silda. I 1699 kom vårsilda til Vestlandet og den vart ein stor årleg ressurs fram til omlag midten av 1780-åra. Særleg stor silde-tyngde skal det ha vore nord for Stadt i ein tjue års bolk frå 1736. I Noreg gikk 1700 talet ut med tome sildegarn og sildenøter.

Frå rundt 1806 til ca 1870, hadde vi ein ny rik sildebolk med vintersild. Det var i denne bolken at skøytene vart utvikla og silda kunne takast lenger ut frå land. Dette førte vidare til at sildefiske ved Island vart ei ny stor næring.

Folk i Siglufjordur snakkar ofte om to norske landnåm. Det første då Tormod den sterke tok land i Siglufjordur rundt år 900, og det andre i 1903 då fleire norske fiskebåtreiarar kom med sine farty og la grunnlaget for ein stor sildestad i ein liten fjord yst i havgapet.

 Ny gullalder

I 1947 starta ein ny gullalder for sildefiske, og det er denne perioden som er tema for Jan Johansen sitt foredrag på Ishavsmuseet. Jan starta med sildefiske i 1951 og var aktiv heilt til 2003. Jan er eit levande fiskerihistorisk leksikon, og historiene frå sildefiske på -50 talet langs kysten vår sit laust. «Vet du?; -I 1954 dro vi opp rundt 11-12 millioner hektoliter sild. E tjente så mye penga at det nesten va tungt å bære!», fortel Jan. I foredraget sitt vil Johansen fortelje om utviklinga han fekk vere med på desse åra. Frå damp til motor, til nylonnot, kraftblokk og radar. Største revolusjonen i sildefiske var utan tvil då Asdicen kom, seier Jan. Han skryt av havforskar Finn Devold som Johansen kallar ein klok mann. Han gjorde mykje godt i denne perioden. Devold tok seg tid til å både høyre på og snakke med fiskarane. I 2015 er det for første gang inngått samarbeid mellom forskarane og fiskarane om forskingstokt for å få til ei betre bestandsmåling av norsk vårgytande sild.

Dei store vintersildfiskeria på Vestlandet utetter 1950-åra vekte internasjonal oppsikt. Den norske regjeringa arrangerte tur for dei utanlandske diplomatane til sildefeltet, og reisebyrå skipa til turar for turistar. Dei dyktigaste notbasane vart den tids kjendisar. Men i 1969 var det stort sett slutt, og vi gjekk over til å fiske lodde og makrell. Makrellen var oppdaga i 1965, fortel Jan. Men så kom det ei ny sildetid igjen frå 1984. Det var enorme sildemengder. 1983-gytinga var like stor i den i 1952.

Jan Johansen har med seg mange historier og også film når han gjestar Ishavsmuseet 24. april.

 Boknasild og mjølkesupe

I tidligare tider var det silda som berga fiskarkona og ishavskjerringa til å ha mat på bordet medan mennene var på havet. Sild og havregrynssuppe måtte mette mang ein barnemunn i ei trong hus halding.

I dag er sild brukt som festmat til både store og små. Etter foredraget til Jan Johansen vert det matauk på Ishavsmuseet, og det er sjølvsagt sild på menyen. Boknasild med kålstuing og poteter med mjølkesupe på havregryn. Silda e`koma! Påmelding for matservering.

|

Polarkveld med Samuel Massie på Ishavsmuseet

samuel_massie_pressefoto.jpg

Samuel Massie kjem til Ishavsmuseet med føredrag fredag 20. mars kl. 19.00. Samuel fortel om livet sitt og turen med Berserk. Samuel Massie drog frå eit liv som skuletapar i Bergen og reiste med Jarle Andhøy på den skjebnesvangre ekspedisjonen til Antarktis. Skuta «Berserk» forsvann 22. februar 2011, og året etter returnerte dei for om mulig å finne spor etter sine kameratar. Målet, før alt gjekk gale, var å plante det norske flagg på Sydpolen. Dei ville heidre Roald Amundsen 100 år etterpå. Bergenseren var aldri i tvil om han skulle bli med Jarle Andhøy attende til Antarktis for å leite etter «Berserk».

Tre veker skulle turen ta. Dagen før dei seglar ut, skriv Samuel eit testament. Han har ikkje mange eignelutar, men i staden skriv han nokre ord til kvar og ein i familien. Til bestefaren, foreldra og sine brør.

Alle skal med, heiter det så fint i Noreg. Men i møte med skulen mista Samuel Massie all glød og sjølvtillit.

Som 16-åring skulka Samuel oftare enn han var på skulen, og kom i politiet sitt søkelys. Først då mor hans gjekk bak ryggen på han og sende inn søknad til Folkehøgskulen 69 grader nord, vart livet hans snudd opp ned. Dette skulle verte tidspunktet da Samuel Massie slutta å vere ein drittunge, og han fann ut at livets vendepunkt kan kome overraskande. For Samuel Massie kom det ei vinternatt, gråtande, iskald og utan sjølvtillit då han måtte gjere opp eld i sitt første bål.

Redninga vart dette året på folkehøgskule og ikkje minst møtet med Jarle Andhøy. To år seinare står han til rors på seglbåten «Berserk» med kurs for Sydpolen. Då skuta og tre av kameratane forsvann, vart livet snudd på hovudet for 18-åringen.

Han er aktuell med boka «Hold fast». Dette er Samuels eiga historie om korleis han fekk att trua på seg sjølv og eige liv. Bodskapen hans er enkel: Kan eg få det til, så kan alle.

Samuel er no aktuell i tv-serien «Jakten på Berserk» på TVNorge. Han er også i gang med fleire andre tv-seriar. Tidlegare har vi sett han i TV-seriane Sjøsprøyt (NRK), Tangeruddampen og Berserk mot Sydpolen (TVNorge). På Ishavsmuseet vil Samuel fortelje og vise film frå desse ekspedisjonane, og naturlegvis fortelje frå boka si «Hold fast» som det også er mogleg å kjøpe å få signert etter foredraget.

Samuel fortel at han aldri var i tvil om å takke ja til Ishavsmuseet då førespurnaden om foredrag kom. Han fortel at han har høyrt mykje spanande om museet frå sin skipper Jarle Andhøy og tidligare Berserk-medlem Alex Rosèn som begge har gjesta museet med føredrag. No gler Messie seg til å få kome til Brandal. Han seier også at han med føredraget sitt ønsker å inspirere andre til å ta eit oppgjer med seg sjølv, sette seg klare mål, og ikkje minst gjennomføre dei.

Etter føredraget byr Ishavsmuseet på ishavskost til middag i kafeen med saltkjøt, flesk og erter. Det er førehandssal av billettar til arrangementet for dei som vil vere sikre på å få plass. Billett kan du kjøpe på www.sjoborg.no og i resepsjonen på Ishavsmuseet.

|

Samuel Massie på Ishavsmuseet 20. mars
Førehandssal av billettar

samuel_massie_pressefoto.jpg

Det er stor interesse for polarkvelden med Samuel Massie på Ishavsmuseet 20. mars kl. 19.00. Det er lagt ut billettar til førehandssal denne kvelden.
Billettar får du kjøpe på www.sjoborg.no og i resepsjonen på Ishavsmuseet. Du kan kjøpe billett til føredrag,
og billett til føredrag med middag. På menyen denne dagen står saltkjøt, flesk og erter med alt godt av tilbehør.

|

Selfangst før og no.

bj_rne_kvernmo.jpg

Fredag 20. februar kjem ishavsveteran Bjørne Kvernmo frå Alta til Ishavsmuseet. Bjørne starta å drive ishavet i 1973, og han er ein erfaren fangstmann, skyttar, skipper og reiar, og er framleis aktiv med meir enn 40 år bak seg på ishavet. Han har vore i ishavet med skutene Norvarg, Heimen, Veslemari, Arnt Angel, Harmoni, Polarstar, Polarfangst, Polarboy og Havsel. I dag er han skipper og reiar for skuta «Havsel». Siste åra har han fanga i Vestisen, men han har erfaring frå alle fangstfelta.

Etter 41 år på selfangst kan 2015 bety slutten for ishavsskipper og selfangar Bjørne Kvernmo. Regjeringa Solberg har i år avvikla støtta til denne tradisjonsrike næringa, og då blir det vanskeleg å drive vidare. Då Kvernmo starta på ishavet i 1973 var det framleis rundt 30 selfangstskuter med 500 mann på feltet, og enno var det dei små treskutene som dominerte. Om han bestemmer seg for å gå i isen i år kan han verte åleine skute i ishavet.

I 2014 kom Bjørne og Havsel sørover og leverte fangsten sin i Tjørvåg.

Bjørne fortel at han er imponert over kva Ishavsmuseet har fått til på Brandal, og at han gler seg til å kome tilbake dit med foredrag. Han vil syne både bilde og film under foredraget sitt.

 I 1990 gav han ut boka «Selfangsten, en utdøende tradisjon?». Ei framifrå bok med mykje god selfangsthistorie. Avslutningsvis i boka si tek han eit oppgjer med all hetsen som selfangsten har måtte kjempe med. Etter at ein selfangstinspektør igjen laga rabalder etter 1988 sesongen, var Bjørne ein ivrig debattant i media. Han skreiv også brev til Sveriges Kong Karl Gustav og inviterte han med på selfangst, etter at kongen hadde gått ut og kritisert norsk selfangst og avlivingsmetodar på sel. Om han fikk svar? Det får vi kanskje vite på Ishavsmuseet fredag 20. februar.

Bjørne er også kjend frå fleire tv-program der han har vore kjentmann, islos og skipper for fleire ekspedisjonar.

På Ishavsmuseet fortel han om «Selfangst før og no».

Etter foredraget til Kvernmo inviterer Ishavsmuseet til «Torskemølje» med fersk torsk, lever, kams og rogn i museumskafeen. Påmelding.

|

Ny polarkveld på Ishavsmuseet:

Kven var eigentleg først på Nordpolen?

olav_orheim.jpg

Fredag 30. januar kl. 19 er det klart for årets første polarkveld på Ishavsmuseet. Først ut i denne nye sesongen er Olav Orheim. Orheim er glasiolog og han har leia mange ekspedisjonar både til Arktis og Antarktis. Han tok doktorgrad i glasiologi ved Ohio State University, og vert i dag rekna som ein av verdas leiande isbreforskarar. Orheim byrja først hjå Norsk Polarinstitutt i 1965 som vitskapelig assistent. Seinare var han direktør for Norsk Polarinstitutt i 12 år.

Han hadde også ei sentral rolle i oppbygginga av forskings-stasjonen Troll i Dronning Maud Land. Han er også kjent som initiativtakar til Norsk Bremuseum i Fjærland og til opplevingssenteret Polaria ved Polarmiljøsenteret i Tromsø. Orheim har hatt verv som styreleiar for Polaria, Norsk Bremuseum i Sogn, og har i ei årrekkje vore styreleiar i Frammuseet.

Orheim har vore 17 gongar i Antarktis, derav 10 av gongane som leiar for norske og internasjonale ekspedisjonar. Orheim har sett sterke spor etter seg som initiativtakar og pådrivar for polarforsking, særlig i Antarktis. Han har også vore åtte summarar som forskar på Svalbard og Jan Mayen.

Som direktør for Norsk Polarinstitutt stod Orheim for den høgtidssame opninga av det nye Ishavsmuseet i Brandal i 1999, og i 2007 vart han utnemnt til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

Til Ishavsmuseet kjem han med foredraget «Kven var eigentleg først på Nordpolen».

Det synes no klart at korkje Cook, Peary eller Byrd kom heilt fram til Nordpolen. Så mange trur nok at Wally Herbert tok den rekorden, men det er feil, han kom eit år for seint. Så kven kom dit over drivisen i 1968?

Med fallskjermhopp og undervassbåt kom militære frå Sovjet og USA der enda mykje tidligare, som oftast utan mediemerksemd, i motsetning til dei som planta flagget på havbotnen!

I dei seinare åra har det vore ei rekkje svært imponerande fysiske prestasjonar over polisen, også utan støtte, og i vinternatta. Etablering av turistinnkvartering på Nordpolen frå 1993 har vidare ført til eit heilt nytt sett av originale rekordar.

På Ishavsmuseet fredag får vi altså svaret på kven som eigentleg var først på Nordpolen. Etter foredraget vert det i kjend stil servert middag, og denne gangen er det klippfisk med alt godt av tilbehør som står på menyen. Påmelding til museet ved middag.

|

Klart for ny sesong spanande polarkveldar ved Ishavsmuseet

Samuel Massie kjem til Ishavsmuseet 20. mars
Samuel Massie kjem til Ishavsmuseet 20. mars

Siste åra har Ishavsmuseet hatt stor suksess med ei rekkje interessante polarkveldar ved museet. Ny og gamal polarhistorie har blitt formidla til eit stadig større publikum, og styrar Webjørn Landmark gler seg til å presentere mange interessante namn til polarkveldane denne våren.

Kven var eigentleg først på Nordpolen?

Først ut er Olav Orheim som gjestar museet 30. januar. Orheim er glasiolog og han har leia mange ekspedisjonar både til Arktis og Antarktis. Han tok doktorgrad i glasiologi ved Ohio State University, og vert i dag rekna som ein av verdas leiande isbreforskarar. Orheim byrja først hjå Norsk Polarinstitutt i 1965 som vitskapelig assistent. Seinare var han direktør for Norsk Polarinstitutt i 12 år. Han hadde også ei sentral rolle i oppbygginga av forskings-stasjonen Troll i Dronning Maud Land. Han er også kjent som initiativtakar til Norsk Bremuseum i Fjærland og til opplevingssenteret Polaria ved Polarmiljøsenteret i Tromsø. Orheim har hatt verv som styreleiar for Polaria, Norsk Bremuseum i Sogn, og har i ei årrekkje vore styreleiar i Frammuseet. Til Ishavsmuseet kjem han med foredraget «Kven var eigentleg først på Nordpolen».

Selfangst før og no. 

Bjørne Kvernmo kjem til museet 20. februar. Bjørne starta å drive ishavet i 1973, og er framleis aktiv med meir enn 40 år bak seg på ishavet. I dag er han skipper og reiar for skuta «Havsel». Siste åra har han fanga i Vestisen, men han har erfaring frå alle fangstfelta. I 1990 gav han ut boka «Selfangsten, En utdøende tradisjon?», og han er også kjend frå fleire tv-program der han har vore kjentmann, islos og skipper for mange ekspedisjonar. På Ishavsmuseet fortel han om «Selfangst før og no».

Hald fast!

Samuel Massie kjem til Ishavsmuseet 20. mars. Han er aktuell med boka «Hold fast» som kom på Spartacus forlag i fjor haust. Du kan også sjå Samuel på Tv-Norge i desse dagar aktuell med serien «Berserk». Samuel Massie drog frå eit liv som skuletapar i Bergen og reiste med Jarle Andhøy på den skjebnesvangre ekspedisjonen til Antarktis. Skuta «Berserk» forsvann 22. februar 2011, og året etter returnerte dei for om mulig å finne spor etter sine kameratar. Han har vore med i TV-seriane Sjøsprøyt (NRK), Tangeruddampen og Berserk mot Sydpolen (TVNorge). På Ishavsmuseet vil Samuel fortelje og vise film frå desse ekspedisjonane, og naturlegvis fortelje frå boka si «Hold fast» som det naturlegvis er mogleg å kjøpe å få signert etter foredraget.

Silda e`koma!

Sistemann ut i denne runda med polarkveldar er den kjende sildebasen Jan Johansen. Jan er eit levande fiskerihistorisk leksikon, og historiene frå sildefiske si storheitstid langs kysten vår sit laust. «Vet du?; -I 1954 dro vi opp rundt 11-12 millioner hektoliter sild. E tjente så mye penga at det nesten va tungt å bære!», fortel Jan. Han vaks opp med sildefiske og lærde nok mykje av sin kjente far Harald «Bas» Johansen. Dei store vintersildfiskeria på Vestlandet utetter 1950-åra vekte internasjonal oppsikt. Den norske regjeringa arrangerte tur for dei utanlandske diplomatane til sildefeltet, og reisebyrå skipa til turar for turistar. Aviser og radio følgde nøye med. Dei dyktigaste notbasane vart den tids kjendisar. Jan Johansen har med seg mange historier og gode foto når han gjestar Ishavsmuseet 24. april.

|

Førjulssøndag med sosekjøt på Ishavsmuseet

Søndag 7. desember vert det førjulssøndag på Ishavsmuseet. Museet vert ope frå kl. 13-17, og det er god sjans til å kike seg rundt i utstillingane. I kafeen vert det servert søndagsmiddag med sosakjøt og riskrem, kaffi og kaker. Det er eit godt høve denne dagen til å gjere julegåvehandel i museet sin polarshop som har om lag 100 titlar inne med spanande polarlitteratur. Forfattar Johannes Alme er til stades og signerer boka si «Ishavsfolk si erfaring» som nyst kom ut i nytt opplag. Polarshopen freistar også med varme tøfle og sko i selskinn, med mykje meir.

I andre høgda vert det vist film frå Ragnar Thorseth sine mange ekspedisjonar, og i sofakroken i fjerde etasje går filmen «Ishavshanda» laga av Blåst Film.

Oversikt over dei 40 utstillarane for julemessa 2014

Aarvakhuset:

  1. Myklebust havlproduker -Kvalkjøt
  2. Rønnaug Berge Leite -Saft og sylte
  3. Hole Kjøtt -Delikate kjøtprodukt
  4. Sunnmøre Røykeri -Røykte produkt av fisk og kjøt
  5. Leif Sande -Fisk
  6. Kåre Oksavik -Honning
  7. Inger Starheim -Frukt
  8. Johan Runne Brandal -Klippfisk

         Andre etasje

  1. Einar Nedrebø -Treprodukter og rakfisk
  2. Katharina Sophie -Malt porselen
  3. Sissel Midtlid og Signe Bakke -Nunofilting
  4. Heidi Wingsternes -Lefser
  5. Stig Bergmann -Knivar
  6. Oddlaug Brandal -Lestar, vottar m.m
  7. Edel Mari Kvalsvik -Handarbeid
  8. Knut O. Øye (Laurdag) -Treprodukter    Margaret Øvrelid (Søndag)              -Lappeteknikk
  1. Svein Snipsøyr -Handlaga knivar
  2. Anne Lise Aarseth -Keramikk
  3. Unni Rinde -Skrapping

         Konferanserom andre etasje

  1. Torill Johanne Sande -Ull / stoff- englar
  2. Turid T. Knutsen -Malte hobbyprodukt
  3. Marita Skjong -Sølvsmykke
  4. Anette Gaustad -Keramikk
  5. Dina Kolås -Ullbilde
  6. Hilde Bente J. Soleng -Smykke og designtøfler
  7. Judit Refsnes -Glaskunst/bilde
  8. Marianne Sørfonden -Hekla teppe og smykke
  9. Dag Halvard Flakk -Akvarell

         Tredje etasje

  1. Lappelina -Ullfilt produkt
  2. Wenche Haddal -Kvardagsenglar
  3. Ingrid Nordal -Lappeteknikk
  4. Synnøve Riise -Smykker
  5. Ingvill Aarseth -Saudeskinn
  6. May Britt Haukås -Bøker
  7. Wool Mood- Jovita Giske -Ullprodukt av villsau
  8. Herdis Rotevatn -Glasskunst, smykke, bilde
  9. Sophia Meyers Sangen -Produkt av hjorteskinn
  10. Gry Sande -Lys og lykte
  11. Laila Morken -Skinnprodukt

         Fjerde etasje

  1. Ishavsmuseets Venner -Isflaket, bøker m.m
|

Rekordstor julemesse på Ishavsmuseet

Arrangement nemnda for julemessa gler seg til å kome i gong med arrangementet. Webjørn Landmark, Ishavsmuseet, Edel Mari Kvalsvik, Heidi Wingsternes og Oddlaug Brandal.
Arrangement nemnda for julemessa gler seg til å kome i gong med arrangementet. Webjørn Landmark, Ishavsmuseet, Edel Mari Kvalsvik, Heidi Wingsternes og Oddlaug Brandal.

Komande helg, laurdag 15. og søndag 16. november, er det klart for årets julemesse ved Ishavsmuseet på Brandal. Messa i år er heilt fullteikna, og heile 40 utstillarar er på plass med standar blant isbjørn og moskus, over fire etasjar på Ishavsmuseet, og kring ishavsskuta Aarvak.

Ishavsmuseet Aarvak og arbeidsnemnda for julemessa er stolte av å kunne by inn til ny julemesse ved Ishavsmuseet. Eit aldri så lite jubileum er det også, då messe i år vert arrangert for femte gong. Messa på Ishavsmuseet byr på mange spanande utstillarar i alle museets etasjar. Siste åra har julemessa ved Ishavsmuseet vorte meir og meir populær, og stor pågang av utstillarar gjere at i år er også Aarvakhuset teke i bruk. Her vil de finne mykje god mat av både kjøt og fisk, saft, sylte og honning. Frå dekket på ishavsskuta Aarvak kan du mellom anna sikre deg dei flottaste biffane av kvalkjøt.

Mat, kunst- og handtverk

Messa på Ishavsmuseet er ei mat, kunst- og handverksmesse der ein legg vekt på det særeigne ved handarbeidet. Alle utstillarane deltek med naturlege og handlaga produkt. Arrangørane legg opp til at messa skal vere mest mogleg variert, og dette syner godt igjen blant dei mange ulike påmelde utstillarane i år.

Ikkje berre kan du gjere ein unik og flott julehandel med alle desse spanande utstillarane, men du kan også kike deg rundt i dei flotte utstillingane som Ishavsmuseet byd fram. I museet si fjerde etasje kan du vitje standen til Ishavsmuseets Venneforeining for ein ishavsprat i sofakroken. Her vil det gå ein ishavsfilm eller to på skjermane kontinuerlig, og du vil også finne ishavsforfattar Johannes Alme som vil vere på plass og signere boka si «Ishavsfolk si erfaring». I etasjen under finn de May Britt Haukås som også sel og signerer bøker.

Skulle du trenge eit avbrekk i handelen vil museet by på både bacalao, kjøtkaker, og andre smårettar, i tillegg til kaffi og kaker.

I museets første etasje vil du også finne Polarshopen ved museet som byd på ei av dei største samlingane polarlitteratur i landet.

Utstillarane på årets julemesse kjem frå mange kommunar og regionar, og i det høve kan det vere ekstra spanande og vitje messa i år.

Her kan du sikre deg mykje fint handarbeid som strikk, smykke, kaker, lefser, quilting, bøker, tre-arbeid, handlaga knivar, skinn av både sau og hjort, rakfisk, keramikk, glaskunst, akvarellar og mange andre artiklar.

Du kan få deg kvalkjøt frå Myklebust hvalprodukter, honning frå Birøktarlaget, røyka fisk og kjøt frå Sunnmøre Røykeri, og kjøt til jul frå Hole kjøtt. Frukt, saft, sylte og klippfisk finn du også i Aarvakhuset.

Legg eit besøk til Brandal desse dagane og sjå kva alle desse utstillarane har å by på. Her skulle ein finne noko for ein kvar smak, anten du jaktar julegåver, eller vil unne deg sjølv noko nytt.

Hjarteleg velkomne!

|

Lutafisk-kveld og kåseri

Fredag 7. november kl. 19.00 byd Ishavsmuseets Venner inn til lutafisk-buffet på museet. Lutafisken vert naturlegvis servert med alt av godt tilbehør. Undervegs i måltidet vil Harald Knutsen kåsere om «skjemt og sann soge om lutafisken». Tidlegare i år arrangerte Venneforeininga grillkveld ved museet, og leiar i Ishavsmuseets Venner, Bjørn Røyset, seiar at foreininga vil prøve å skipe til to-tre slike sosiale kveldar i året. Han understrekar at arrangementet naturlegvis er ope for alle, ein treng ikkje vere medlem av foreininga for å melde seg på.

Pris lutafisk-buffet kr. 250,- Påmelding til Ishavsmuseet tlf 700 92 004 / 95 11 76 44 eller mail beathe@ishavsmuseet.no

|

Fårikål og avslutning

Søndag 19. oktober byr Ishavsmuseet på søndagsmiddag med fårikål frå kl. 13.00 til kl. 16.30. Dette vert også siste ordinære dagen museet er vanleg ope denne sesongen. Det er såleis også siste sjans til å sjå utstillinga "Grønland for 100 år sidan" som no står i Aarvakhuset, så skal utstillinga vidare til andre institusjonar.

«Et liv i isen»

Polarkveld med Jan Ove Ekeberg 10. oktober kl. 19.00

Jan Ove Ekeberg kjem til Ishavsmuseet fredag 10. oktober
Jan Ove Ekeberg kjem til Ishavsmuseet fredag 10. oktober

Tema på polarkvelden denne gongen er polarkokken Adolf Henrik Lindstrøm.

Det er forfattar og journalist Jan Ove Ekeberg som er foredragsholdar på Ishavsmuseet denne kvelden. Ekeberg har stor interesse for det polare, og har skrive ei framifrå bok om polarkokken Lindstrøm.

Jan Ove Ekeberg har 30 års erfaring som journalist frå fleire aviser, NRK og TV 2. Han har ein mastergrad i statsvitskap frå USA. No leiar han økonominyheitene på TV 2 Nyheitskanalen. I tillegg er han ein dyktig foredragshaldar. Jan Ove Ekeberg debuterte som forfattar med biografien om Gro Harlem Brundtland i 1996. Totalt har han skreve, eller vore medforfattar til, fem biografiar, ein norgesbok, to skjønnlitterære romanar og tre syngespel.

Adolf Henrik Lindstrøm

«Han har ydet de norske polarexpeditioner større & værdifullere tjenester enn noen annen mann.» Det skreiv Roald Amundsen om Adolf Henrik Lindstrøm under oppholdet på Framheim, siste utpost før erobringa av Sydpolen i 1911.

Adolf Henrik Lindstrøm (1866-1939) er den nordmann som har lengst fartstid i Arktis og Antarktis. Han deltok på alle dei store, klassiske polarekspedisjonane med Nansen, Amundsen og Sverdrup. Han var også den første som segla rundt heile det amerikanske kontinentet.

Lindstrøm var en glimrende kokk. Hans «Biff à la Lindstrøm» står fortsatt på mange menyar, og vart i åra rundt første verdskrig servert på alle Grand-hotell i Nord-Europa. I tillegg samla Lindstrøm stein, pressa blomster og preparerte skinn for samtidas fremste naturvitskapsmenn. Og han var ein erfaren sjømann, ein god jeger, skiløpar og hundekjører.

Med sin menneskelige varme og enkle kvardagspsykologi skapte han heimleg atmosfære på dei mest forblåste plassar på jord. Også dei store, nasjonale heltane kom til han med sine syrgjer og bekymringar. Lindstrøms uoppslitelege humør gjennom månadar og år med sprengkulde, mørketid og isolasjon gjorde han svært verdifull ute i isøydet.

Som vanleg er vert polarkvelden avslutta med middag for dei som ynskjer dette. Denne gongen er det naturlegvis «Biff à la Lindstrøm» som står på menyen. Påmelding for mat.

|

«Sjølvsagt er det sel!»

Søndag 28. september byr Ishavsmuseet på sel til middag frå kl. 12-17. Ishavsmuseet si alltid så populære selkjøtgryte står sjølvsagt på menyen. Det gjere også «Tornedå» av selbiff med fløtegratinerte poteter og peparsaus a’la blueback, marinert selkjøt i pitabrød og røykt selkjøt i lefse. Fleire delikatesser å prøve seg på her med andre ord.

«Nauta godt!» seier styrar ved Ishavsmuseet Webjørn Landmark om denne menyen. Selkjøt er eit fantastisk godt og mørt kjøt. Selkjøt kan likne litt på kval, men er endå betre og mørare. Kjøtet av årets fangst i Vesterisen var av ypparste klasse og godt stelt av mannskapet på «Havsel» som leverte fangst i Tjørvåg tidligare i år.

Hendinga på Ishavsmuseet denne søndagen markerer avslutninga på ein fin sommarsesong ved museet der besøket av turistar stadig har vore aukande. Landmark opplyser at sesongen ved museet ikkje er heilt over, museet har nemleg valt å forlengje sesongen og den faste opningstida til den 20. oktober. Søndag vert det vist film frå selfangst i undervisningssalen, og det er framleis høve til å sjå vandreutstillinga «Grønland for 100 år sidan» i Aarvakhuset.

 

|

Polarkveld fredag 10. oktober kl. 19.00

Foredrag ved Jan Ove Ekeberg. «Et liv i isen», om polarkokken Adolf Henrik Lindstrøm. Polarinteresserte Ekeberg har forfatta mange bøker, men er kanskje mest kjent som nyheitsanker på TV2. Middag etter foredraget.

|

Søndag 7. desember kl. 12-17

Førjuls-søndag.

Tid for ein god julehandel i vår polarbutikk. Aktivitetar, sal av middag, kaffi og kaker.

Forhånd.1234

 

Opningstider

April, Mai, September & oktober
Frå 15. april til 20. oktober
Kvardagar 11:00 – 16:00
Laurdag & søndag 12:00-16:00
Juni, Juli & August
Alle dagar 11:00 – 17:00
Inngong Vaksne Kr. 75 / Born Kr. 35


Kontaktinformasjon

Adresse
ISHAVSMUSEET AARVAK
6062 Brandal

Kontakt
Tlf. kontor 70 09 29 00 
Tlf. 70 09 20 04
Mob. 951 17 644
post@ishavsmuseet.no

Design: Osberget ASPowered by: Osberget CMS