Ishavsskuta Aarvak

Ishavsskuta Aarvak, bygd i Bergen i 1912, står på land i eige hus ved Ishavsmuseet. Aarvak er i dag den eldste igjen verande selfangstskute i Noreg av dei som var spesialbygde for selfangst etter 1900.

Aarvak dreiv selfangst, gjekk ekspedisjonsturar, og dreiv fiskeri frå 1912 til 1981 då Ishavsmuseet fekk tatt over den og bygd opp Ishavsmuseet kring skuta. Etter mange ombyggingar på -50 talet, har den  i dag  typisk utsjånad for ishavsskuter som dreiv selfangst i Vest og Aust-isen på 1960 og -70 talet. Ishavsskuta Aarvak minner oss om ei dramatisk, betydeleg og viktig næring i Noreg i førre århundre. Ei næring som også danna grunnlaget for ei vidare norsk offshore og olje historie.

Vart bygd ved Kristian Dekkes skibsbyggeri, Laksevåg ved i Bergen, i 1912. «Aarvak» var bygd for Bergens Sælfangere AS. Fram til andre verdskrig vart ishavsskuter bygde med kutterskrog. «Aarvak» vart bygd med skrog i kryssarfasong. Dette var med på å gjere skuta spesiell alt frå starten av. «Aarvak» var eit av dei første spesialbygde ishavsfartøya på Vestlandet. Som ny var «Aarvak» 90 fot lang, 21.6 fot brei, 10.6 fot djup og fekk ein dampmaskin på 74 ihk frå Laxevaag Maskin & Jernskipsbyggeri. Namnet sitt fikk den truleg frå Norrøn mytologi. Årvak er namnet til den eine av to hestar som dreg sola over himmelkvelingen.

Bertel Chr. Landmark frå Brandal var tilsett som oppsynsmann i byggetida. Han vart også vidare skipper på skuta dei første fire åra før skuta vart seld til Peter S. Brandal i Brandal i 1915. Då tok broren Webjørn Landmark over skipper jobben på «Aarvak».

«Aarvak» vart innkjøpt til Brandal midt i den sterke oppgangstida som ishavsnæringa hadde under den første verdskrig. «Aarvak» fikk fiskerimerket M 8 HD. I dei økonomisk vanskelege tidene mot slutten av 1920-talet og på 1930-talet, skifte skuta eigar fleire gonger. I 1925 vart skuta overførd frå Peter S. Brandal til Peter S. Brandal AS. I 1927 overtok A/S Søndmøre Sælfangere skuta og i 1932 vart den ført over på Peter S. Brandal & Co AS. I 1933/34 er det AS Polarbjørn som rår over skuta. Dette selskapet stod som eigar heilt til skuta vart seld til G.C. Rieber i Ålesund 1968, og fikk fiskerimerket M 81 A. Rieber selde den vidare same året til Odd Bjørklo i Balsfjord. No fekk skuta registreringsmerke T 148 B. Skuta var på fangst i Vestisen eller Austisen kvart år fram til 1981.

«Aarvak» vart ombygd fleire gonger. I 1948 vart dampmaskinen erstatta av ein Crossley dieselmotor på 400 bhk. Skuta fekk ny hekk i Risør i 1950, ny baug i Molde i 1953, og skroget vart forlengd i Tomrefjord i 1956.

I 1964 fekk skuta igjen ny motor, ein Wichmann diesel på 600 bhk, som framleis står om bord. No har skuta desse måla: 112.8 fot lang, 22.8 fot brei, 10.5 fot djup.

Frå 1912 til 1981 var «Aarvak» i samanhengande aktiv bruk på selfangst, sildefiske, sommarfangst i stretet, tråling, bruksvakt og fraktfart. I mange år gjekk den fast for Kongelege Danske Handel på Grønland kvar sommar.

I 1981 var skuta på sin siste tur på selfangst, dette året i Austisen, og dei kom heim med 4471 sel.

Etter denne turen hadde «Aarvak» trong om ein del fornying, og Odd Bjørklo valde då og kondemnere skuta. Tida hadde no gått forbi treskutene. Lokalhistoriske krefter i Brandal og Hareid, med Henrik Landmark i spissen, greip sjansen til å bevare skuta. Seinare same året overtok Ishavsmuseet skuta og fekk henne verna som kulturminne. Freistinga var og få i stand museum i lasterommet, og bruke «Aarvak» som eit flytande museum. Dette synte seg fort lite eigna. Temperaturar og klimaet i lasterommet var ikkje brukande, og plassen vart elles for alt for liten.

På 1980-talet gjorde skuta mange turar i Sunnmørs fjordane, ut leigd til ymse oppgåver og lag. Over på 1990-talet vart det ei stadig tyngre oppgåve og take vare på skuta, med stadig strengare krav til sikkerheit. «Aarvak» hadde såleis sin siste seglas under Sunnmørsalpane i 1995. No vart krava frå skipskontrollen så omfattande at Ishavsmuseet ikkje makta og kome dei i møte.

I 1998 hadde tilstanden til skuta forverra seg slik at ein måtte ta stilling til vidare vern. Riksantikvaren kunne ikkje finne midlar til i standsetjing, men var villig til å løyve ein million kroner til å sette skuta på land. I desember 1998 vart «Aarvak» sett i dokk ved det nye Ishavsmuseet i Brandal og gjort til ein varig del av museumsanlegget. «Aarvak» er i dag den eldste gjenverande norske ishavsskute av dei som var spesialbygde for selfangst frå 1910 av.

Vernebygget over «Aarvak» vart opna i juni 2009.