Overvintringsfangst på Nordaust-Grønland

Selfangarar frå Sunnmøre var alt i 1900 inn til kysten av Grønland og fanga. Landet hadde mykje å by på, og dei fanga mykje dyr på desse turane som gjerne var ei forlenging av selfangsten i Vesterisen, og sommarfangsten i Danskestredet.

Dei hadde med seg heim både levande og døde isbjørn og moskus alt første turen. Dei forstod at skulle dei få til ei rasjonell drift her, måtte dei gå i land og drive landfangst gjennom vinteren. Etter eit mislukka forsøk med skuta «Idræt» i 1905, vart «Floren» utrusta for overvintring i 1908. Dette vart starten på ein ny og viktig næringsveg. I 1930-åra var det stor aktivitet, og dei prøvde jamvel å okkupere delar av dette området i 1931, og gav det nye landet namnet «Eirik Raudes Land». (Grønlandssaka).

I løpet av dei første åra med selfangst kom sunnmøringane også inn til kysten av Nordaust-Grønland. Dei hadde høyrt at der fanst isbjørn, kvalross, polarrev, polarulv og reinsdyr. Men moskus hadde dei ikkje høyrt om før. Sunnmøringane tok med seg levande moskuskalvar heim for å vise at denne dyrearten fanst på Nordaust-Grønland. Dei hadde utstilling i ei sjøbud i Ålesund for å vise fram levande isbjørn og moskus. Inngangspengane var 5 øre.

Det første forsøket på overvintring vart gjort med skøyta «Idræt» i 1905/06. Men «Idræt» forliste i isen. Neste overvintringsforsøk vart gjort i 1908/09 med skøyta «Floren» og med Severin Liavaag som ekspedisjonsleiar. Liavaag sjølv og ein av mannskapet drukna under isbjørnjakt på isen. I 1909/10 overvintra ein ekspedisjon med skøyta «7de Juni» og med Webjørn Landmark som ekspedisjonsleiar.

Pionerane hadde vist at det var mogleg å overvintre og fangste på Nordaust-Grønland. Overvintringsekspedisjonane vart årvisse. Men den norske aktiviteten i området vekte mishag hos danske styresmakter, som hadde herredømme over området. Det vart konfliktar. Hallvard Devold og fire andre fangstmenn heiste 27. juni 1931 det norske flagget og okkuperte Nordaust-Grønland for Noreg. Dei kalla området Eirik Raudes Land. Danmark klaga saka inn for den internasjonale domstolen i Haag, der Noreg tapte på alle punkt. I 1959 vart all norsk aktivitet på Nordaust-Grønland avvikla. Ishavsskuta «Polarsel» henta heim folk, utstyr og fangst. Ei avdeling i Ishavsmuseet fortel meir om den norske aktiviteten på Nordaust-Grønland. I den avdelinga er det bygd ein kopi av overvintringshytta Hoelsbu som vart oppsett på Nordaust-Grønland i 1930.