Denne boka fortel om 43 båtar med ei særmerkt historie. Det handlar om både ishavsskuter, fiskebåtar, rutebåtar og lastebåtar. Mange av båtane fekk ein dramatisk endskap – dei aller fleste forliste. Somme av dei berre forsvann utan at ein veit skikkeleg kva som hende.

”Faustina” innleidde ein epoke med norsk fiske ved Grønland. Tysk etterretningsteneste kjøpte ”Urd II” og frakta norske flyktningar til Shetland. Mannskapa frå handelsskipa ”Godø” og ”Giskø” møttest på opne havet etter å ha blitt torpederte av tyske ubåtar. Lokale entusiastar kjøpte inn ruteskipa ”Laxen” og ”Grei” og tok opp kampen mot dei etablerte ruteselskapa. Mannskapet på ”Idræt” vart funne på opne havet lenge etter at skuta vart knust i isen. I denne boka kan du lese den spennande historia til desse og mange andre båtar.

Pris kr 298,- + porto