”Når storstormen rasar” ISBN 82-91003-02-5 208 sider
Ei bok om fangst og sjøfolk sin harde kamp om tilværet, ein kamp som handlar om å overleve når naturkreftene råkar som hardast. Mot orkan, brotsjø og skruis, der vêrgudane er nådelause i all sin velde. Les om storstormane på ishavet i 1917 og 1952 der til saman 12 skuter og 164 mann kom vekk. Les også om det dramatiske forliset til bil og passasjerferga ”Skagerak” som forliste i Skagerrak i 1966, du får møte igjen Ingrid som var berre 5 år den gongen og vart kasta på sjøen for å bli redda om bord i ein flåte. Les om ishavsskuta ”Asbjørn” sitt forlis i 1970. Du får også lese korleis det var når mannskapet måtte forlate ”Jopeter” i Grønlandsisen i 1955, og korleis det gjekk til når dei året etter fann den igjen.