Av Sigmund Bøe

Sigmund Bøe hadde sin første ishavstur med ”Aarvak” i 1936 og det er denne turen boka startar med. Sidan får du vere med ”Vesterhavet” i 1937-38, med ”Arktos” i den dramatiske overseglinga til New Foundland i 1939, du får vere med på krigsseglas, på forsøksfangst etter sel i Weddelhavet, på selfangst i Vesterisen og Newfoundland, gjennom dramatiske døgn i sydpolisen, korleis det gjekk til når ”Polarstar” skulle hentast heim frå verftet og den vidare historia til skuta, og bygginga og seglas med den nyare og moderne ”Polarhav”. Sigmund har lagt ned eit særleg imponerande stykke arbeid i to av dei største kapitla i boka; om sunnmørsk selfangstsoge og om navigasjon frå oldtid til GPS.