Polarkveld på Ishavsmuseet 17. januar

«Amundsens pass – polarheltens siste reiser»
Fredag 17. januar kl. 19.00 startar ny sesong med polarkveldar på Ishavsmuseet, denne gang med forfattar Anders Bache.

Anders Bache, arkeolog og fagkonsulent ved Roald Amundsens heim på Svartskog, har unik tilgang til alt Amundsen etterlet seg. I nesten ti år har han undersøkt bildar, dokumenter og andre funn, noko som har gitt ny innsikt i Amundsens liv, menneskjene rundt han og verda dei levde i. Gjenoppdaginga av passet har blitt eit knutepunkt for fleire av dei store oppdagingane dei siste åra.
Amundsens pass
Roald Amundsen brukte sitt siste pass på fleire reiser, men då han reiste heimanfrå for siste gang sommaren 1928, let han det bli liggande heime.
Nesten 100 år seinare er det gjennom tinga han etterlet seg at vi kan forstå historia. Amundsens siste pass er ikkje lenger eit gyldig reisedokument, men ei viktig brikke i det store bildet om Roald Amundsen – ei brikke som ikkje har funne sin plass før no.
Anders Bache kom i 2024 med boka Amundsens pass som skildrar Amundsens siste reiser, frem til han lukka døra til heimen sin og drog ut på ekspedisjonen han aldri kom tilbake frå. Foredraget på Ishavsmuseet 17. januar har boka som utgangspunkt.
Etter foredraget vil det verta servert middag og denne gang er det klippfisk med godt tilbehøyr på menyen.

Billett foredrag og middag kr. 400,-
Kun foredrag kr. 150,-  https://www.ishavsmuseet.no/produkt/foredrag-amundsens-pass/