Ishavsliv
Norske fangstfolk på Grønland
Frode Rogne:
“Vi lever som Robinson Crusoe, alltid jakt, alltid på vakt”. Desse orda sit Jonas Karlsbakk og skriv i dagboka si ein augustkveld i 1927, ein stad bak Grønlands ismurar. Fangstlivet kunne vere både slitsamt, farlig og dramatisk, men også fullt av vonbrot. Stod det dårleg til med eigen fangst, kunne overvintrarane stundom gle seg over at andre gjorde det bra.
Denne underlege samkjensla og det livsnødvendige samhaldet kjem til uttrykk på mange vis i dagbøkene etter dei som var med på ekspedisjonane til dei folketomme områda i “Menneskenes Land”. I denne boka let Frode Rogne fangstmennene sjølve kome til orde med sine treffande kommentarar, kjappe replikkar og augevitneskildringar av dramatiske og kvardagslege hendingar. Boka er også forsynt med mange foto som fangstfolka tok.
Lita skade i smussomslag opp til høgre, elles er boka som ny.