Sunnmøre sett frå lufta
foto: Per Eide ; tekst: Johan Ottesen
Bok · Nynorsk · 1996

Opplev Sunnmøre frå lufta. Dei mange bilda i denne boka gir deg eit eventyrleg høve til å sjå det aller meste av Sunnmøre – både det som er kjent og ukjent. Med perspektiv til dels frå ein svært så luftig posisjon, fungerer denne boka også som ein bildeatlas supplert med viktige opplysningar om alle 17 sunnmørskommunane. Dei over 120 nye bilda til Per Eide gir eit fantastisk, spennande oversyn over Sunnmøre frå dei ytste øyar, inn gjennom tronge fjordar og vilt alpelandskap. Saman med eldre flyfoto frå det store arkivet og tekstene til forfattaren Johan Ottesen gir boka eit framifrå innblikk i dagens Sunnmøre og utviklinga siste tiåra.

Bibliotekbok, fint eksemplar