Katalog over ishavsskutene

På nettsida til Ishavsmuseet vil du no finne ein link som heiter skutekatalog.

Her vil du finne dei fleste skukter som har delteke i selfangst, og nokre andre skuter som har delteke i polare ekspedisjonar.

Katalogen er på ingen måte komplett,  det vil vere stadige oppdateringar og nye opplysningar vil kome til etter kvart. Fleire skuter kjem også til. Vi har likevel valt å publisere det som no er klart. Mange av skutene manglar enno foto. Dette vil kome, men Ishavsmuseet manglar også foto av mange av skutene i arkivet. Vi set derfor stor pris på om du skulle ha foto av nokon av dei manglande skutene som du vil dele med oss.

Katalogen er søkbar, så det er lett å finne skutene du leitar etter.

7de Juni

Eigar: A/S Elf v/disp S. Th. Sverre, Kristiania 1912 seld til Danmark
Heimehamn: Oslo
Byggeverft: Brevik
Byggeår: 1905

Aarvak

Eigar: 1912 Bergens Selfangere A/S 1916 Peter S. Brandal 1927 A/S Søndmøre Sælfangere 1933 A/S Polarbjørn, Brandal 1968 G. C. Rieber 1968 Odd Bjørklo, Balsfjord 1981 Ishavsmuseet Aarvak, Brandal
Heimehamn: Brandal - Balsfjord
Byggeverft: Kristian Dekke, Bergen
Byggeår: 1912

Admiralen

Eigar: A/S Admiralen, Bergen. (Johan Baumann, Kristiania). Disponert av P. Th. Sandborg A/S Ålesund, driftsleiar G. Puntervold
Byggeverft: Skaaluren
Byggeår: 1906
Forlist: Forlist i Vestisen i 8. eller 9. april 1917 med heile mannskapet på 12 mann.

Alheim

Eigar: 1892 Ole K. Hareide, Elias E. Hareide m.fl. Hareid 1903 Andreas E. Røren og Stin E. Røren, Brandal 1916 H. Koppernæs m.fl. Ålesund
Heimehamn: Brandal
Byggeverft: Bygd av Bø-Iver" i strandlinja på Hareid"
Byggeår: 1892
Forlist: Forlet Ålesund den 1. april 1920 og forsvann i Vestisen med 9 mann

Arctic

Eigar: 1912 A/S Skjærva, Ålesund. (Michael Knutsen)
Heimehamn: Ålesund
Byggeverft: Skaaluren
Byggeår: 1912
Forlist: Forliste i katastrofen i Vestisen 1912 med 12 mann om bord

Arild

Eigar: 1938 Nordmeer Studien-und Reederei GmbH, Hamburg 1950 Brødrene Wilhelmsen (Verner Wilhelmsen) Tromsø 1954 Verner Wilhelmsen P/R, Tromsø 1959 Ivar Hustad, Molde 1961 Statens Fiskarbank avd Ålesund/Molde 1962 P/R Kitak, Bernt A, Brandal og Per H. Brandal, Brandal
Heimehamn: Hamburg - Tromsø - Molde - Brandal
Byggeverft: Beidenflether Werft, Hugo Peterg, Beidenfleth, Tyskland
Byggeår: 1938
Forlist: Skadd i Vestisen 1965. Forliste vest av Runde 7. mai 1965 då pumpene svikta.

Arktos

Eigar: 1919 H.C. Rønnevik, Egil Næsheim m.fl. Haugesund 1923 Dampskipsselskapet Solvang, Haugesund 1924 Frithjof Nagell Nordbø, Haugesund 1930 Bergens Privatbank 1932 Selfangst og Havfiske A/S, Elling Aarseth, Edv. Leira og Peder Andresen Korsfur, Ålesund 1938 A/S Arktos, Martin Karlsen, Brandal 1939 P/R Arktos, Karl Karlsen og Bernt Marø, Brandal
Heimehamn: Haugesund - Ålesund - Brandal
Byggeverft: Skaaluren
Byggeår: 1918/19/20
Forlist: Forliste ved grunnstøyting ved Cape Race 13. sep. 1940 under krigsteneste.

Brandal

Eigar: 1911 Sigvald S. Brandal 1919 Peter S. Brandal 1925 A/S Søndmøre Selfangere 1932Peter S. Brandal & Co A/S 1934 A/S Polarbjørn (M. Karlsen) 1968 Martin Karlsen A/S (Alle Brandal) Under 2. verdskrig rekvirert av tyske okkupasjonsmakta
Heimehamn: Brandal
Byggeverft: Knut Skaaluren, Rosendal
Byggeår: 1911

Brandalingen

Eigar: 1916 Ole S. Brandal, Brandal 1924 Peter S. Brandal, Brandal 1926 A/S Søndmøre Sælfangere, Ålesund (Peter S. Brandal)
Heimehamn: Brandal
Byggeverft: Erik Lindstøl, Søndeled, Risør
Byggeår: 1916
Forlist: Forliste ved Kap Kanin 18. mars 1928