Katalog over ishavsskutene

På nettsida til Ishavsmuseet vil du no finne ein link som heiter skutekatalog.

Her vil du finne dei fleste skukter som har delteke i selfangst, og nokre andre skuter som har delteke i polare ekspedisjonar.

Katalogen er på ingen måte komplett,  det vil vere stadige oppdateringar og nye opplysningar vil kome til etter kvart. Fleire skuter kjem også til. Vi har likevel valt å publisere det som no er klart. Mange av skutene manglar enno foto. Dette vil kome, men Ishavsmuseet manglar også foto av mange av skutene i arkivet. Vi set derfor stor pris på om du skulle ha foto av nokon av dei manglande skutene som du vil dele med oss.

Katalogen er søkbar, så det er lett å finne skutene du leitar etter.

Aarvak

Eigar: 1912 Bergens Selfangere A/S 1916 Peter S. Brandal 1927 A/S Søndmøre Sælfangere 1933 A/S Polarbjørn, Brandal 1968 G. C. Rieber 1968 Odd Bjørklo, Balsfjord 1981 Ishavsmuseet Aarvak, Brandal
Heimehamn: Brandal - Balsfjord
Byggeverft: Kristian Dekke, Bergen
Byggeår: 1912

Autumn

Eigar: 1906 I. Austad, Tromsø
Heimehamn: Tromsø
Byggeverft: Grimsby
Byggeår: 1877
Forlist: Forliste i Kvitsjøen 18. april 1929. Mannskap teke opp av Polarbjørn""

Brandal

Eigar: 1911 Sigvald S. Brandal 1919 Peter S. Brandal 1925 A/S Søndmøre Selfangere 1932Peter S. Brandal & Co A/S 1934 A/S Polarbjørn (M. Karlsen) 1968 Martin Karlsen A/S (Alle Brandal) Under 2. verdskrig rekvirert av tyske okkupasjonsmakta
Heimehamn: Brandal
Byggeverft: Knut Skaaluren, Rosendal
Byggeår: 1911

Fryser I

Eigar: 1901 A/S Alekto (v/Trygve Meling), Stavanger 1917 Skibs-A/S Loddings Rederi (Trygve Lodding), Kristiania 1924 D/S A/S Alekto (Fritj. Siegwarth), Tønsberg 1927 D/S A/S Trio (Fritj. Siegwarth, Tønsberg 1928 A/S Obii (Joh. Sætveit), Bergen 1929 Lars Christensen, Tønsberg 1930 Norsk Havfiske A/S (Fr. Siegwart), Tønsberg 1930 Norsk Havfiske A/S (Brødrene Luhr), Tønsberg 1933 Norsk Frysecompani (Hans Tungvaag), Oslo
Heimehamn: Tønsberg - Oslo
Byggeverft: Knut Skaaluren, Rosendal
Byggeår: 1901
Forlist: Forliste 18. april 1934

Gjallarhorn

Eigar: 1916 B. H. Olsvik, Ålesund 1928 A/S Sjøblomsten (Krohn & Jarl Aas, Kristiansund
Heimehamn: Ålesund
Byggeverft: Bolsønes
Byggeår: 1916
Forlist: Forliste i Kvitsjøen 13.april 1929

Herøyfjord

Eigar: 1942 Deutsche Kriegsmarine 1946 Rolf Ervik
Heimehamn: Trondheim
Byggeverft: Akers MV
Byggeår: 1942
Forlist: Forliste vest av Runde 29. april 1949

Jopeter (I)

Eigar: 1912 Peter S. Brandal 1923 A/S Søndmære Selfangere, Brandal (Peter S. Brandal) 1925 Peter S. Brandal A/S, Brandal
Heimehamn: Brandal
Byggeverft: Bolsønes
Byggeår: 1911/12
Forlist: Forliste i Stredet 5. juli 1932

Laura

Eigar: 1868 H. Bjørn, Kragerø ?? A/S Ino, disp. Oluf Bærrum, Kristiania 1890-åra A/S Fridtjof, Magnus K. Giæver, Tromsø 191? Haabet, Stavanger
Heimehamn: Kristiania - Tromsø
Byggeverft: Kragerø
Byggeår: 1868
Forlist: Forliste ved Bjørnøya 1917

Melshorn

Eigar: 1956 K/S A/S Melshorn & Co. (A/S Polarbjørn, Martin Karlsen A/S, Peter Karlsen, Ola Pilskog, Reidar Pilskog, Nils Pilskog) 1981 K/S A/S Melshorn & Co. (Riebers innkjøpskontor, Ålesund) 1983 Gudmund Olden, Lysøysund 1986 K/S A/S Polara, Leinøy (Charles Remø) 1988 Harald Veibust, Eidsnes 1988 Fangst & Fiske A/S (Enok Martinsen), Gratangen 1991 Statens Fiskarbank, Tromsø
Heimehamn: Brandal
Byggeverft: A. M. Liaaen MV
Byggeår: 1956