Peter S. Brandal

Det er i dag, 14. desember 2016, 100 år sidan Peter S. Brandal, Michael Knutsen, Trygve Jervel og Trygve Klausen stifta selskapet Kings Bay Kul Comp. AS i Brandal City.

statue av Peter S. Brandal
Statuen av Peter S. Brandal på 100 års dagen for Kings Bay

I byrjinga av august 1916 gjekk Peter S. Brandal rundt i Kongsfjorden på Svalbard og vurderte om han skulle slå til på kjøp av rettigheitene til å drive kolgruve der.

Han hadde fått tilbod frå Høyesterettsadvokat Trygve Klausen som handla på vegne av Ålesund by, som igjen hadde fått tilbod frå Green Harbour Coal Co. om å kjøpe rettigheitene til kolfeltet i Kings Bay.

Så, den 14. august 1916, har Peter S. Brandal bestemt seg. Han fornyar okkupasjonen av Kings Bay, og på anneksjonsskiltet er det hans namn som står sist den dag i dag, anneksjon fornya 14. august 1916. Det var den dagen han bestemmer seg for å satse 250.000,- kroner på rettigheitene til kolfeltet.

I seks veker var han der og planla gruveanlegget og byen sin, Brandal City.

Dei kom attende til Brandal i byrjinga av september. Rettigheitene til kolfeltet vart overført til Peter S. Brandal den 23. september 1916.

Seinare vart desse rettigheitene overført til eit interesseselskap med Peter S. Brandal, Trygve Klausen, Michael Knutsen og Trygve Jervell som den 14. desember 1916 saman danna aksjeselskapet Kings Bay Kul Comp. A/S. I første halvdel av 1920-talet endra byen namnet til Ny-Ålesund.

Peter S. Brandal og Michael Knutsen var sikker på at Kings Bay ville tene landet ein gong i framtida og ofra mykje for å halde selskapet i live. Og dei fekk jo rett til slutt, i dag er Kings Bay i Ny-Ålesund ein verdskjend og viktig forskings-by med 14 forskingsinstitusjonar frå 10 ulike land.

Vi gratulerer Kings Bay AS med jubileet.

Selfangstpioneren Peter S. Brandal vert heidra med statue

Ishavsmuseet har sett i gang arbeid med å få reist ei statue av Peter S. Brandal. Statuen skal få plass ved Ishavsmuseet på Brandal, og skal avdukast i september 2016.

Portrett av Peter S. BrandalDette er då 100 år etter at Peter S. Brandal kom attende til Brandal med 300 tonn kol frå Svalbard med skutene «Signalhorn» og «Polaris». Dette vart starten på kolfeltet han grunnla som Kings Bay Kull Comp. A/S i Brandal City, eller Ny-Ålesund som vart namnet på staden noko seinare.

Dagleg leiar ved Ishavsmuseet, Webjørn Landmark, fortel at museet lenge har hatt ønske om å få reist ei statue for å heidre industribyggar og selfangstpioner Peter S. Brandal. No følte museet at tida var inne, og at det var eit godt høve til å få dette realisert til 100 års markeringa for Kings Bay neste år. Landmark seier at museet er avhengig av gåvemidlar frå både offentlege og private gjevarar, men han har stor tru på at dette skal la seg ordne. Museet set i desse dagar også i gang ei kronerulling til føremålet.

Det er kunstnar Tore Bjørn Skjølsvik som skal lage statuen. Han har tidligare også laga statuen av ishavskjerringa som frå før av står ved Ishavsmuseet.

Peter S. Brandal var sjølvsagt mest kjend for sin grunnleggane og nyskapande innsats for ishavsnæringa, og gjennom heile si levetid la han ned all sin arbeidskraft i denne næringa som han var med og forma og bygde opp frå grunnen av. Han er rekna for å være fremste pioneren på dette området på Vestlandet. Selfangstnæringa på Sunnmøre la på mange måtar grunnlaget for den store maritime industrien som landsdelen framleis haustar frå.

Peter Andreas Sevrinson Brandal var fødd 21.12.1870 i Brandal.

Peter såg raskt at skulle ein få lønsemd i selfangsten så måtte ein satse på skikkelege spesialbygde skuter. Frå 1910 kom så den nye moderne ishavsflåten som var spesialbygde med tanke på selfangst.

Peter var også opptatt av Grønlandssaka, og utrusta eigne ekspedisjonar for å okkupere land på Grønland for å vere sikra framtidige jaktrettar i dette landet som hadde så mykje å by på.

Då Peter Brandal vart konfirmert måtte han ut og tene sjølv. Fiske var det einaste ein unggut kunne take seg til med. 20 år gamal vart han partsreiar i ei lita fiskeskøyte som fekk namnet «Brandal». Med denne skuta var han blant anna skipper på finnmarksturar.

Seinare kjøpte han, saman med andre, skøyta «Minna» på ca. 56 fot i 1896.

På fisketurane til Troms og på Finnmarkskysten hadde Peter og far Severin lagt merkje til selfangsten som vart driven derifrå og lagt merkje til at desse skøytene oftast kom til land med full last. Han hadde nøye lagt merkje til skøytene deira og kva utstyr dei nytta.

Lysta til eventyr låg i blodet og han bestemte seg for å ruste ut «Minna» til selfangst.

I 1898 reiste han på første turen til Vesterisen. Faren, Sevrin Brandal, reiste same året med skøyta «Nils Liaaen».

Ishavsdrifta frå Sunnmøre var no starta opp, og ho utvikla seg raskt. Det vart ei av dei største næringane på Sunnmøre, og la grunnlaget for mykje framtidig rikdom, velstand og starten av andre maritime næringar.

Berre i Hareid kommune har det vore om lag 50 skuter på selfangst. Desse trengde utstyr, reperasjonar m.m og mange lokale bedrifter hadde sin gullalder som følgje av selfangsten.

Etter ei tid kom også Tjørvåg, Vartdal og Ålesund sterkt med i selfangsten.

I 1900 var Peter og broren Ole med skøytene sine, «Minna» og «Havfruen», inn til Grønlands austkyst og fanga der både kvalross, isbjørn og moskus. Landet hadde mykje å by på av dyr og pelsvare, og få år etter vart starten for ei ny næring her med overvintringsfangst.

Forutan den tradisjonelle fangsten på sel ute i isen, blei det no også fanga på kvalross, moskus og isbjørn nært ved, og delvis inne på land. Moskus og isbjørn var det også attraktivt å forsøke å ta levende for sal til zoologiske hagar.

Lykka fylgjer med Peter desse åra, og han hadde som oftast full last.

I 1911 kjøpte han, saman med broren Sigvald, ei nybygd skute som fekk namnet «Brandal». Same år fekk han «Jopeter» bygd på Bolsønes verft. Skuta fikk namn etter kona Josefine, og han sjølv Peter. Dette var starten på ei rivande utvikling av den moderne selfangsten. Frå den tid slutta han å reise på ishavet sjølv.

I åra no framover utvida han stadig ishavsdrifta, både på hav og land. I 1912 bygde han moderne seloljekokeri og større sjøbuer i Brandal. No kom også den eine nye selfangstskuta etter den andre.

Peter S. Brandal gjekk i brodden for å få bygd eit av de første elektrisitetsverka i landsdistriktet, her på Brandal. Det var i 1912. Verket var på omlag 50hk likestraum.

I krigsåra, spesielt i 1916, vart det store vanskar med å få kjøpe kol til stimbåtane. Dette gjaldt både ishavsskuter og fiskebåtar. Reiarlaget var blitt svartelisa av britiske myndigheiter på grunn av handelsforbindelsar med Tyskland under krigen, og lagra av britisk kol skrumpa raskt inn. Peter vart då klar over at han igjen måtte gå nye vegar. Løysinga vart å søke ein annan stad i Arktis, då Peter i 1916 kjøpte kolfeltet Kings Bay på Svalbard frå gruvemagnaten Chr. Ankers dødsbu.

Selskapet Kings Bay Kul Co. A/S vart stifta i desember same år og anleggsarbeidet med klargjering for drift og bygging av eit lite by-samfunn, verdas nordligaste på 79 grader nord, kalla Brandal City. Litt etter kom det ny og større kapital inn i drifta då Trygve Klausen, Michael Knutsen og Trygve Jervell, alle Ålesund, kom inn på eigarsida. Etter nokre år skifta også «byen» namn til Ny-Ålesund.

Ved sidan av gruvedrifta vart Ny-Ålesund også base for Roald Amundsens polferder med fly og luftskip i 1925 og 1926. Det voks fram eit venskap mellom Brandal og Amundsen. Amundsen var ved eit par høve i Brandal på besøk med Peter, og Amundsen fekk også låne husvære av Brandal i Ny-Ålesund, i dag kjend som Amundsen-villaen, før dei store polferdene i 1925-26. Og då Roald Amundsen kom vekk med flyet Latham i 1928, bidrog Brandal til leiting med to av sine ishavsskuter, betalt frå sin private konto.

Peter bygde store kaier og store sjøpakkhus i Brandal. I 1912 skipa han endå eit selskap og nytt og moderne utstyr vart innkjøpt for selolje og trandamperi. Dette var starten på det som seinare vart Brandal Sildeoljefabrik, den tida den største nord for Bergen. I 1927/28 bygde han ut sildoljefabrikken som produserte sildemjøl og sildolje i 50 år framover.

Peter var ein sunn optimist og han hadde ein eineståande evne til å leie og sette i gang arbeid, og også få folk til å gjere sitt beste. Han hadde stor tillit blant investorane, som ofte var forretningsfolk frå hovudstaden.

Etter verdskrigen, i åra 1920-23 då krisa gjorde seg gjeldande med stagnasjon i all produksjon så vel på land og hav, då meinte han at ein absolutt burde drive sitt virke til tross for at drifta førde med seg tap.

Han kunne ikkje vere einig i det middelet mot arbeidsledigheit som pessimistane sette høgast: at arbeidstida stadig skulle innskrenkast og at arbeidet skulle fordelest meir i skift og tørn. Han meinte at dette ville føre til økt stans i bedriftene og ingen nye tiltak.

Peter S. Brandal var også en mann som delte av sin rikdom. Etter gode tider under og etter første verdskrig, gav han Hareid kyrkje eit svært kyrkjeorgel i 1919. Nokre år seinare var han også ein av dei største bidragsytarane når nye kyrkjeklokker skulle på plass i same kyrkja. Han hjelpte også fram sine born og svigersøner. Fleire av dei vart også ishavsreiarar. Svigersonen Martin Karlsen bygde seinare opp eit anna av Sunnmøres største ishavsrederi; Martin Karlsen AS.

Peter S. Brandal var medlem av Ishavsrådet og i 1919 vart han utnemnt til Riddar av St.Olavs ordenen 1. klasse for sin grunnleggande innsats for ishavsnæringa.

Han døde 23 mars 1933, og vart 63 år gamal.

Peter S. Brandal (21.12.1870 – 23.03.1933)

Peter Severinsson Brandal var født i bygda Brandal i 1870. Han byrja som fiskar så snart han var ferdig med barneskulen. Berre 15 år gammal hadde han sin første tur som fiskar.

Peter S. Brandal og Michael Knutsen i Ny-Ålesund 1920
Peter S. Brandal og Michael Knutsen i Ny-Ålesund 1920. På trappa til Villaen dei hadde. (Seinare Roald Amundsens hus)

Då han vart 20 år vart han skipper på sluppen «Brandal» som han eigde saman med Lars R. Brandal. Seinare bygde han seg ei ny skøyte som fekk namnet «Minna». Med denne ville han prøve seg på nye felt. Såleis reiste han til ishavet på selfangst i 1898.

Dette var starten på ein ny næringsveg for Brandal, og også for heile vestlandet. Dette skulle vare i omlag 80 år, før selfangsten byrja å gå tilbake. Dette gjorde Peter S. Brandal sitt namn kjent over heile landet. I 1901 drog Peter og broren Ole med skøytene «Minna» og «Havfruen» til nordaust kysten av Grønland for å fangste pelsdyr på land. Peter S. fekk seg etter kvart mange nye skuter. I 1911 bygde han den første spesialbygde ishavsskute «Jopeter». Same år fekk han også «Brandal». No gjekk han på land og vart redar. Et seloljekokeri vart bygd i 1912, og ved bygginga av elektrisitetsverk i 1912 sto Peter S. i spissen. Nye skuter kom til: «Løftingen» i 1914, «Signalhorn» i 1915, «Polaris» og «Aarvak» i 1916 «Brandalingen» i 1917, «Polaric» og «Harald» i 1921. Ein sildeoljefabrikk vart bygd i 1928.

I åra kring første verdskrig, då det var mangel på kol i verda, gjekk han saman med nokre forretningsfolk i Ålesund og starta selskapet Kings Bay Kull Comp. A/S som dreiv med gruvedrift i Ny-Ålesund på Svalbard. (Brandal City som var første namnet på staden). Dei bygde også ein jernbane her, den nørdste i verda, med 5 lokomotiv og 35 vogner. Peter S. var med i styret for Kings Bay frå 1916 – 1933. Fleire år som formann og nestformann.

Gjennom Kings Bay Kull Comp. AS sørgde han for at Roald Amundsen fekk dei beste betingelser i Ny-Ålesund under arbeidet med polarferdene sine i 1925 og 1926. Det vaks fram eit godt venskap mellom dei, og då Roald Amundsen forsvann med flyet Latham i 1928, sende Peter S. Brandal to av sine ishavsskuter av garde for å leite etter han. Peter S. Brandal var medlem av Ishavsrådet og i 1919 vart han utnemnt til Riddar av St.Olavs ordenen 1. klasse for sin grunnleggande innsats for ishavsnæringa