Ishavsbygda Brandal

Rett utanfor Ålesund på øya Hareidlandet, lengst ut mot Breisundet, ligg vesle Brandal med ca 400 innbyggjarar. Bygda er brattlendt og omkransa av høge fjell og høver dårleg til jordbruk. Folket her i bygda har difor alltid livberga seg på havet.

Brandal 1906

I 1898 byrja dei også med selfangst i nordishavet. Far og son Severin og Peter Brandal var skipper på kvar si skøyte som vart forsterka til å gå i is. På vårparten i 1898 stemnde dei ut Breisundet med Minna av Brandal og Nils Liaaen av Ålesund. https://www.ishavsmuseet.no/fortellingar/far-og-son-brandal-starta-selfangsten-fra-sunnmore/

Dei hadde også lag med  «Sleipner» av Ålesund med skipper Jonas Fuglevik. Dette var starten på ein ny næringsveg for Sunnmøre og Vestlandet. Brandal vart etterkvart eit senter for all selfangst og polare – ekspedisjonar frå heile Vestlandet.

Her vart det bygd mottaksannlegg i land for både selprodukt og sildeolje. Fram mot siste verdskrig vaks det fram eit miljø i denne vesle bygda som var eineståande for heile landet. Dei var ikkje berre pelsskinn og selspekk dei tok med seg heim, men dei fanga også levende isbjørn og moskus som dei leverte til dyrehagar rundt om i Europa. Dei hadde moskusar gåande på beite oppe på fjellet, isbjørn i bur på sjøbuene og jamvel ha kvalross symjande under sjøbugolva i påvente av sal. Brandal var heimehamn for til saman 47 ishavsskuter frå starten i 1898 og fram til førebels siste fangsttur i 1998. Polarstar var attende på selfangst i 2005, 2006 og 2007 før det Sunnmørske selfangsteventyret var over.

Polarstar på selfangst 2006

I tillegg kjem skuter frå Hareid og Hjørungavåg, så til saman hadde Hareid kommune 57 ishavsskuter. Alle desse er i dag vekk. Kun to skuter er tekne vare på her i regionen «Aarvak»  frå 1912 som er satt på land ved sidan av museet, og ”Polarstar” den første selfangar bygd i stål i 1948.  Ein 100 års næringsveg er i dag borte. Dei to mottaksanlegga er nedlagde og eit bilopphoggeri har teke over dei to fabrikkane og er i dag den største næringa i bygda.

Lengst nord i Brandal finn ein Kvitneset. Ein fantastisk fiskeplass med fine svaberg. Om storbåra bryt kan det vere farleg og bevege seg på berga, men du vil få ein stor naturopplevelse i alt slags ver her ute i havgapet. Under den andre verdskrig kom den tyske okkupasjonsmakta i land her, og bygde eit stort festnings anlegg på området. Dette er det mange spor av enda, og du kan ta turen inn i bunkersanlegget frå den tida. Ein tur til Brandal kan fint kombinerast med ein tur på Ishavsmuseet og Kvitneset. Kvitneset ligg om lag 2 km nord for Ishavsmuseet. Brandal er også utgangpunkt for mange fine fjellturar. Du kan gå over til Hareid, Ulstein og Flø. Oppe på Skolma har du fin utsikt utover havet.

Kvitneset på Brandal i Hareid kommune i Møre og Romsdal
Kvitneset.

Forlis

Verdens største ishavstragedie i 1777, sør for Scoresbysund. Skuter frå fleire nasjonar vart knuste, og 400 mann miste livet. 100 mann berga liver ved å drive på isen rundt Kapp Farvel. I ei 15 års periode frå 1924 – 1939 forliste det 117 norske ishavsskuter.

Katastrofen i 1917: 7 skuter med 84 mann kom vekk. 6 av skutene var frå Sunnmøre. Les meir om katastrofen i 1917 her: https://www.ishavsmuseet.no/fortellingar/paskemysteriet-i-vesterisen-1917/

Orkan i Atlanterhavet 1939. Fleire skuter forliste. ”Nyken” gjekk ned med 18 mann. ”Polarbjørn” og ”Polaris” berga mannskapet på 18 mann frå ”Saltdalingen”. ”Arktos” var i hardt ver og vart meldt sakna på grunn av radiosvikt. Les meir om forlisa i 1939 her: https://www.ishavsmuseet.no/fortellingar/dramaet-i-nord-atlanteren-1939/

1949

 «Polarbjørn» I brenn opp på feltet. Mannskapet etterkvart overført til «Herøyfjord». Fekk slagside på veg mot Noreg og forliste vest av Runde. ”Flemsøy” og ”Brandal” var av båtane som kom til og fekk berga mannskapet.

ORKAN I VESTISEN 1952

5 skuter med 79 mann gjekk ned. 46 koner og 98 umyndige born miste sin forsørgjar. Av dei 5 skutene var 2 frå sunnmøre ”Buskø” frå Vartdal med 20 mann og ”Pels” frå Tjørvåg med 14 mann. Meir om orkanen i 1952 her: https://www.ishavsmuseet.no/fortellingar/fem-skuter-forsvann-sporlaust-78-mann-omkom/

Påskeorkanen i Vesterisen 1952

NEDTRAPPING

Kvitsjøen slutt i 1939. All norsk aktivitet på Nordaust Grønland etter avtalar avvikla i 1959 Myggbukta meteorologiske stasjon og radio nedlagt. «Polarsel»  av Brandal med skipper Ottar M. Brandal og styrmann Odd Alme henta heim folk og utstyr.

Sommarfangsten i stretet avslutta i 1960. (Fangsten fall bort fordi klappmyssen vart freda om sommaren.

Dei to siste skutene bygde til sunnmøre vart bygde i 1968 og 1970. (”Veslemari” og ”Kvitungen”)

1970 ÅRA

Dei fleste gjenverende eldre treskuter bygde rundt første verdskrig, vart kondemnerte i 1970 –åra. ”Aarvak” var nær 70 år gammal då den vart kondemnert etter siste ishavstur i 1981.
Dei større stålskutene vart selde ut av landet.

SISTE ISHAVSFORLISET VAR  «Veslekari» I 1988

Siste skute frå sunnmøre og Brandal på fangst i Vestisen i 1998 – ”Polarstar”.

I 2005 går «Polarstar» igjen ut på selfangst etter ei pause på 7 år der skuta har gått frå å vere kondemnert til å verte totalrenovert.
Sunnmøre har igjen ei skute på fangst. Totalt er det 7 skuter på fangst i 2005.

Hareid kommune har desse 100 åra hatt 57 skuter på fangst. 47 av desse var heimhøyrande i Brandal. Av desse 57 har 41 av skutene forlist. 9 har blitt kondemnerte, og 2 av dei verna (”Aarvak” og ”Polarstar”) 2 er fortsatt i drift, og 3 er selde til utlandet.